aldri fred å få

20

Upload: det-norske-samlaget

Post on 23-Jul-2016

235 views

Category:

Documents


5 download

DESCRIPTION

Andre boka om Dagny og Belinda. Av Ingunn Røyset.

TRANSCRIPT

Page 1: Aldri fred å få
Page 2: Aldri fred å få

1

Aldri fred å få ferdig.qxd_mat 01.07.15 11:08 Side 1

Page 3: Aldri fred å få

Ingunn Røyset

Aldri fred å få

Roman

SamlagetOslo 2015

Aldri fred å få ferdig.qxd_mat 01.07.15 11:08 Side 3

Page 4: Aldri fred å få

Dødeboka ferdig_a 20.01.14 15.45 Side 6

Page 5: Aldri fred å få

1

– Dritbaby!Eg held meg for øyra, men eg høyrer det likevel.

Kvifor må sånne skitungar skrike så fælt? Det er lystute, sjølv om det er natt. Snart midt på natta, ser eg påtelefonen min. Ikkje eingong om natta kan den skit -ungen halde stilt. Det vart ein gut, sjølvsagt. Så heldigkunne eg ikkje vere at når mamma endeleg skulle hababy, så vart det ei veslesøster. Nei da, såpass flaks gårdet ikkje an å ha.

Han kom altfor tidleg også. Eg rakk nesten ikkje ågle meg til å bli storesøster, så måtte mamma på sjuke-huset.

Broren var så liten at han heldt på å døy med detsame han vart fødd. Det er derfor mamma har vore påsjukehuset så lenge. Ho og babyen kom ikkje heim før igår. Og då fekk eg ikkje halde han eingong. Han skreikheile tida. Pappa lurte på om det var noko med magen.

Det er noko med magen, min mage. Eg har ete formykje sjokoladepålegg. Det har blitt slik no når mammahar budd på sjukehuset, med Kjartan. Han skal heite

5

Aldri fred å få ferdig.qxd_mat 01.07.15 11:08 Side 5

Page 6: Aldri fred å få

Kjartan, den skrikarungen! Dei klarte ikkje å finne eitverre namn. Eg har ikkje fortalt noko om det på skulen.Eg har sagt til Stine at han ikkje har fått noko namnenno.

Stine har ei veslesøster. Ho er lita og søt og smilernår ho ser meg. Ho har ein bror også. Han er ikkje søt.Han går i klassa under oss.

Dei bur like ved brua, men vi går ikkje i lag til sku-len. Pappa køyrer meg. Eg har ikkje sagt noko om atdet går an å gå heile vegen.

Eg snakkar ikkje om gamle dagar med pappa. Hanberre ler og tøysar med meg. Eg prøvde å forteljemamma om krigen med det same eg kom heim frågamle dagar, men ho berre strauk meg over panna ogsa at eg hadde drøymt. Etterpå var ho så trøytt, heiletida. Og så reiste ho på sjukehuset og kom ikkje heimigjen. Ikkje før i går.

Men eg og mormor snakkar om det. Vi snakkar mykjeom gamle dagar. Vi har vore der, begge to. I krigen.

Både mormor og eg veit kor skummelt det er å sitjei ein mørk potetkjellar når du ikkje anar om bombenevil treffe deg, eller ein båt ute på sjøen. Og kor rar dublir i magen når du ser ein mann i uniform kome motdeg. Eller så er det fordi du har ete rå brødskive til fru-kost, berre fordi det ikkje er noko anna å ete.

Vi veit korleis morfar såg ut då han var liten, både

6

Aldri fred å få ferdig.qxd_mat 01.07.15 11:08 Side 6

Page 7: Aldri fred å få

eg og mormor. Og at han var fin når han smilte. Vikjenner Belinda også. Det er bestevenninna vår.

No må eg klare meg med Stine. Eg har ikkje vore igamle dagar fleire gongar, ikkje etter at eg vart bra igjenav øyreverken. Det stikk i øyra mine berre av og til.Mamma masar om at eg må gå med hue. Ho veit ikkjeat det berre er vondt fordi tyskaren slo meg. Han sintemed støvlane.

Eg vil ikkje tilbake. Når eg legg meg om kvelden, iden gamle skuvsenga eg har arva etter mormor, passareg på å ikkje tenke på krigen. Eg kan kome dit igjen.Spesielt når eg har sjokoladesmak i munnen, det varsånn eg kom dit sist. Eg berre vakna, og så var det krig.Eg var mormor i gamle dagar. Eg måtte ha på megkleda hennar på skulen. Ein veldig rar skule. Det varnokon som mobba der også. Spesielt nokon som heit-te Guldis og Perry.

Det er ikkje så lett å la vere. Eg tenker ofte på olde-far og oldemor. Og Kalla, som vart morfaren min dåhan vart gammal. Det er heilt sprøtt å tenke på. Og såhar eg ofte sjokoladesmak i munnen.

Eg har vore mykje hos mormor når mamma har vorepå sjukehuset. Eg har sprunge over marka til huset hen-nar. Mormor har alltid sjokoladepålegg i skuffa, og såkan ho mange historier. Dei fleste har ho fortalt før, menav og til fortel ho ei ny. Ei som eg aldri har høyrt før.

7

Aldri fred å få ferdig.qxd_mat 01.07.15 11:08 Side 7

Page 8: Aldri fred å få

Men eg har sagt til henne at eg berre vil høyre slikesom endar godt. Vi snakkar ikkje om Rikka meir. Dåbegynner eg alltid å gråte.

Eg vil ikkje tenke på eksplosjonen og metallbitanesom regna ned over oss. Eg vil ikkje tenke på Rikka ogkor redd ho måtte vere, rett før steinen trefte henne imagen. Eg kan aldri meir klappe Rikka.

Stine kan klappe kattane sine. Ho har til og med to.Men dei er ikkje like fine som Rikka var. Det er ingensom er så fin som Rikka.

– Snufs.No er det nokon som går oppe på loftet, på sove-

rommet til mamma og pappa. Eg høyrer det er han, påstega. Han går slik som han gjekk i går kveld, rundt iring, med babyen liggande på armen. Så liten er han.Men han vræler høgt, han der Kjartan.

Det er ikkje berre fordi han hyler, det er vanskelegå sove, eg tenker på krigen kvar kveld no. At eg ikkjeskal tenke på han. At eg ikkje må vakne og vere i gamledagar igjen. Heldigvis er det lyst ute. Sola er utanforvindauget mitt når eg legg meg. Det er varmt, sjølv omoldemor ikkje har lagt ein oppvarma stein i senga mi.Eg veit kvar oldemor er no. Eg har sett gravsteinen påkyrkjegarden, med namnet hennar og oldefar sitt.Gravsteinen til morfar har eg også sett. Det er rart åtenke på at Kalla er død.

8

Aldri fred å få ferdig.qxd_mat 01.07.15 11:08 Side 8

Page 9: Aldri fred å få

Belinda er levande, men ho bur langt vekke. I Finn-mark. Eg klarer ikkje å lese kva ho skriv i breva tilmormor, det er for mange krøllar på bokstavane. Deihar blitt venner igjen, og no skriv dei brev til kvarandre.På papir.

Mormor fortel meg når det er noko spennande. Idag vart ho heilt still då ho las.

– Store mi tid! sa ho.– Kva er det? spurde eg.Då begynte mormor å fortelje. Først var det den for-

teljinga eg kunne frå før, den om faren til Belinda somlevde i skjul som engelsk agent under krigen, med einradiosendar han sende meldingar med til London. Hanvart oppdaga og måtte rømme, men alle som hjelpte hani Noreg, var tatt av tyskarane, slik at han låg og ventapå ein båt frå Shetland som aldri kom, og heldt på åsvelte i hel. Men det gjekk bra. Det var fordi Belinda,Kalla og eg ikkje klarte å ro heilt til England, men istaden hamna på akkurat den øya faren til Belindavar.

Og så sa eg at mormor godt kunne hoppe over denneste delen av historia, den med at eg rota det til. Fordet gjekk bra til slutt, det gjorde det. Faren til Belindaredda seg over til England, og alle jubla då han komtilbake til Noreg etter krigen, men akkurat der begynteden nye historia.

9

Aldri fred å få ferdig.qxd_mat 01.07.15 11:08 Side 9

Page 10: Aldri fred å få

– Han hadde det ikkje så greitt etter krigen, hanAmmen.

Det er det faren til Belinda heiter.– Ja, han er død no, sa mormor.Han også.– Men då han levde, hadde han så mykje mareritt

om natta at han ropte høgt, skriv Belinda.Mormor såg ned i brevet.– Og så sa han ting, slikt som var vanskeleg å forstå.Ho las høgt.– «Han snakka om ei kasse eller kiste frå den tida

han låg i skjul i Noreg. Det var litt vanskeleg å forstå.Han var litt uklar på slutten, han far. Men han fekkikkje ro for den kista. Det var det siste han bad megom, at eg måtte leite henne opp og ta henne derifrå.Hadde eg berre visst kva han meinte.»

Det stod ikkje noko meir. Berre at Belinda skullekome og besøke mormor snart, om helsa heldt. Mendet skriv Belinda i kvart brev. Ho har ikkje kome enno.

Eg veit ikkje kva han Ammen meinte, eg heller. Meneg hugsar han hadde mange tunge kasser med seg dådet var krig. Kanskje det var ein skatt i ei av dei? Dåtrur eg eg veit kvar eg skal leite.

Det er stilt på loftet no. Pappa har slutta å gå. Det eringen lydar, anna enn bølgjene som slår mot fjørestei-

10

Aldri fred å få ferdig.qxd_mat 01.07.15 11:08 Side 10

Page 11: Aldri fred å få

nane. Der nede ligg båten, den gamle til oldefar. Pappahar sagt vi skal ta han ut og fiske når det blir vår. Hanveit ikkje at eg har vore på tur i han alt, mykje lengerenn ut til Fludene.

Stine trudde ikkje på det, at eg har rodd heilt ut tilSkorpa. Eg angrar på at eg fortalde henne det. Eg erredd ho skal seie til dei andre i klassa at eg er ei sånnsom finn på ting. Derfor har eg ikkje sagt noko meirom gamle dagar. Eg kjenner dei ikkje enno, alle i klas-sa mi. Eg har ikkje gått der så lenge. Det er i alle fallein normal skule, utan utedo.

Nei, det må eg ikkje tenke på, eg må ikkje tenke pågamle dagar i det heile. Eg må tenke på båtturen, minog pappa sin. Eg skal spørje han i morgon tidleg, omvi kan dra på fisketur. Kanskje han har tid då.

– Ææææææææææææææææ!Eller eg kan spørje Stine.

11

Aldri fred å få ferdig.qxd_mat 01.07.15 11:08 Side 11

Page 12: Aldri fred å få

2

– Båttur?Stine ser ut som om ho ikkje forstår kva eg meiner.– Ja, med ein sånn som ligg på sjøen og du kan ro

med, fram og tilbake.Eg viser med hendene.– Ro?Eg lurer på om ansiktet til Stine kunne sett enda rarare

ut viss eg hadde fortalt at det var ein gong eg hadde tenktå ro heilt til England, eg og Kalla og Belinda.

Stine har ikkje tenkt seg ut på sjøen. Eg blir medhenne inn. Veslesøstera hennar er der. Ho smiler og pei-kar på meg.

– Da!– Dagny, rettar eg.– Da, seier ho.Broren hennar er her også. Eg veit han heiter Anton.

Han sit framfor TV-en med nettbrettet sitt. Han ser ikkjeopp.

– Kva skal vi halde på med? spør eg.– Veit ikkje, seier Stine.

12

Aldri fred å få ferdig.qxd_mat 01.07.15 11:08 Side 12

Page 13: Aldri fred å få

Ho seier ofte det, men ho var den einaste som spurdeom eg ville vere med i det første friminuttet den førstedagen på den nye skulen. Denne skulen er ny, med rulle -stolrampe utanfor og do inne. Dei andre i klassa miveit ikkje kor heldige vi er som slepp å tørke oss i rumpamed avispapir.

Eg veit kva eg har lyst å gjere. Eg skubbar til sidesblendingsgardinene og ser ut på sjøen.

– Slutt, seier Anton. – Eg ser ingenting.Han kikar ikkje opp frå nettbrettet sitt.På TV-en ler dei høgt.Katten ligg i ein ring og seier ingenting. Eg klappar

han. Veslesøstera kjem bort og klappar han, ho også.Så skvett ho.

– Kva i søren? seier Anton.Det er heilt stilt. Mora har slått av TV-en. No går

ho bort og dreg vekk gardinene også. Anton held segfor auga, så lyst blir det.

– Legg vekk det nettbrettet, eller så kastar eg det ido, seier mora.

Stemma hennar er høg.– Mamma, då, seier Stine.Mora er raud i ansiktet, men ho seier ikkje noko

meir. Ho berre løftar opp veslesøstera og går ut avrommet. Like etterpå kjem ho inn igjen. No har ho påseg jakke.

13

Aldri fred å få ferdig.qxd_mat 01.07.15 11:08 Side 13

Page 14: Aldri fred å få

– Har de ikkje lyst ut? seier ho.– Ut? seier Stine.

Vi står utanfor huset og ser på når mora ryggar utbilen. Veslesøstera vinkar i baksetet.

– Kva skal vi halde på med? seier eg.– Veit ikkje, seier Stine.Eg veit.Vi går i lag bortover til brua. Anton går bak oss.– Er det sant! spør Stine. – At det finst ein skatt der?Eg har ikkje sagt alt. Berre at det finst ei kiste ein

stad, ei kiste med ein skatt frå gamle dagar. Eg seierikkje at eg kanskje har vore med og løfta den kista.

Her må det vere. Det står eit hus klin inni der stienbrukte å starte. No er det ingen sti her, berre tett med tre.

– Eg veit ikkje om det er her han gløymde igjenkista. Det kan vere ein annan stad også, seier eg. – Menvi kan sjå i hòla først, ho er nærmast.

– Går det ikkje an å køyre dit? spør Anton.Eg ser på han.– Har du aldri vore der? Veit du ikkje kvar Ormeura

er?Når eg seier det, høyrer eg at eg liknar på Kalla.

Det ser ikkje ut som det er nokon som har vore der,ikkje på lenge. Eg finn ikkje stien før eg er langt ned-

14

Aldri fred å få ferdig.qxd_mat 01.07.15 11:08 Side 14

Page 15: Aldri fred å få

over langs elva. Eg er ikkje sikker på at det er ein stieingong, før eg ser Lisjebrua. Steinen ligg over elva sliksom han skal ligge. Det er berre å gå over.

Anton klagar heile vegen. Han seier han er våt påføtene. Eg kjenner eg er kald på beina, eg også, menno er vi der snart. Steinane har ikkje ramla lenger sidansist. Dei ligg på same staden, men det har kome mangefleire tre.

Kvar er den plassen han gøymde seg, faren til Belin-da? Der han hadde radioen sin og vi kunne sjå nestentil England.

– Sjå, ropar Stine. – Ei hòle.Ho står innimellom to steinar, men det er ikkje der.

Det er ikkje skikkeleg tak over. Det må vere lengernede. Kan det vere her? Eg må under denne steinen.

– Er det farleg? spør Stine.Eg ser geværet når ho seier det. Inni meg. Eg ser for

meg korleis geværet pressa på kåpa mi, rett nedanforden øvste knappen. Eg hugsar trykket av den harde kan-ten mot brystet, og dei tyske støvlane rett framfor meg.

– Nei, seier eg. – Dette er ikkje farleg.Eg bøyer meg og kryp, med den store steinen heng-

ande over meg. Den som har ramla ned frå fjellet forlenge sidan. Når eg kan sjå framover igjen, er eg der,inne i hòla. Det er svart, med berre ein sprekk ut tilhavet og himmelen.

15

Aldri fred å få ferdig.qxd_mat 01.07.15 11:08 Side 15

Page 16: Aldri fred å få

3

– Det er ekkelt her, seier Anton.Han er inne i hòla, han også. Saman med meg og

Stine.– Det luktar.Anton løftar opp foten sin. Eg kjenner at det luktar,

eg også.– Æsj, du har trakka i sauebæsj.Stine hyler.– Du har det på hendene også. Ikkje ta på meg!Når begge to har sprunge ut av hòla, kan eg sjå litt

betre. Det var her han budde, faren til Belinda. Heilttil tyskarane kom og han måtte rømme igjen.

Det er liten plass her inne, men det var her han hadderadioen sin. I ei kasse. Han pakka han berre ut når hansende meldingar. Han Ammen hadde fleire andre kasserogså.

No ser eg ingenting som liknar på krigen, sjølv omdet er vanskeleg å sjå i krokane. Eg trur det der borte ersauebæsj. Dei er runde og små. Saueperler, sa Kalla. Hanog eg hjelpte faren til Belinda med å gøyme ting. Det

16

Aldri fred å få ferdig.qxd_mat 01.07.15 11:08 Side 16

Page 17: Aldri fred å få

gjekk så fort at eg ikkje hugsar heilt kvar vi gjorde avdet. Det er i alle fall ingenting her inne. Eg kryp gjennomopninga ut til Stine og Anton. Dei ser ikkje på sjøen, deiser på skoen til Anton. Det er sauebæsj på han enno.

– Kva er eigentleg i den kista? spør Stine.– Veit ikkje, seier eg.Eg veit kva som var i nokre av kassene. Radioen, og

så var det nokre med våpen i. Det hugsa eg Kalla kviskra.Eg seier det ikkje høgt no heller.

Vi leitar litt i Ormeura. Det er ingenting mellom stei-nane. Berre nokre ròtne fjøler. Dei kan vere frå krigen.

– Det er over 70 år sidan, seier Stine.Eller dei kan vere litt nyare.Vegen ned gjennom Ormeura er ikkje nokon snar-

veg, i alle fall ikkje når Anton klagar.– Eg er svolten.Han syter når han må klatre over steinane også.

Heile tida.Nede ved naustet finn eg nøkkelen. Eg veit kvar han

er. Det er berre å stige på ein stein og hekte han av spi-karen han heng på under taket. Nøkkelen er stor og rus-ten. Han passar til den vesle døra på sida av naustet.

Det var ingen kasser i Ormeura, tyskarane fann nokalt som var gøymt der. Dei fann til og med det hemme-lege geværet til faren til Kalla. Då er det berre ein stadskatten kan vere. Ute på Skorpa.

17

Aldri fred å få ferdig.qxd_mat 01.07.15 11:08 Side 17

Page 18: Aldri fred å få

Den øya finst, sjølv om det er lenge sidan krigen. Holigg der ute på havet enno, litt utanfor Fludene. Denfiskeplassen pappa vil vise meg når han får tid.

Og viss han får ut båten. Det er mykje rot her inne inaustet, men eg ser ein båt under alt tauet og fiskesnøra.Der er jakka til oldefar. Den kjenner eg igjen. Det var denfaren til Belinda lånte då tyskarane kom og han skullelate som han var ein vanleg far som var ute og rodde.

Det er eigentleg ikkje så vanleg at fedrar er ute ogror. Eg har aldri sett pappa gjere det.

– Er det der du er? Du må hugse å seie ifrå når du gårnokon stad, seier pappa.

Vi har gått opp heile sjøvegen for å be pappa hjelpeå ta ut båten, men det nyttar ikkje å spørje han no.Han trillar Kjartan fram og tilbake på steinhellene fram-for gamlehuset. Eg ser berre barnevogna, men eg høy-rer skrikinga.

– Kvar er mamma?– Ho ligg og kviler seg litt.Kjartan sluttar ikkje å skrike. Pappa trillar barne-

vogna opp på bilvegen og går utover, forbi postkasse -stativet. Det er heilt stilt ved gamlehuset.

Stine og Anton står ved sida av meg. Anton ser påspelet på telefonen sin.

– Eg er svolten, seier han.

18

Aldri fred å få ferdig.qxd_mat 01.07.15 11:08 Side 18

Page 19: Aldri fred å få

Vi får skive av mormor, med sjokoladepålegg på. Stineog Anton får lov å ete det sjølv om det er måndag. Deter påskeferie enno.

– Det er lenge sidan den båten har vore på sjøen,seier mormor.

Ho har ikkje vore nede ved naustet på lenge. Det erså tungt å puste i motbakkane, seier mormor. Det synestAnton også.

– Men han er liten og lett å ro, den båten. Han pappafór aldri lenger enn ut på Fludene med han, seier ho.

Eg ser på henne.– Bortsett frå når han hadde eit viktig ærend ein

annan stad, seier mormor.Vi ser på kvarandre og veit.Men eg har ikkje tid til at mormor skal snakke om

oldefar og krigen no. Eg må høyre meir om skatten tilBelinda.

– Kva trur du er i den kista, mormor?– Er det gullmyntar i henne? spør Stine.Anton stoppar å spele på telefonen.– Ja, det har eg lese om i avisa, seier eg.Mormor får aviser av papir i postkassa. Eg les dei,

sjølv om eg ikkje går på utedo lenger.– Dei måtte springe og gøyme gullmyntane i Noregs

Bank då tyskarane kom, elles hadde han Hitler tatt altsaman.

19

Aldri fred å få ferdig.qxd_mat 01.07.15 11:08 Side 19

Page 20: Aldri fred å få

Eg ser på mormor.– Ikkje sant, mormor?Mormor nikkar.– Kanskje dei gøymde gullet ute på Skorpa? Bak

sommarfjøsen? seier eg.– Eg trur no helst det er noko som kom frå England,

seier mormor. – Noko som faren til Belinda hadde medseg.

– Noko fint som Belinda skulle få? spør eg.Eg tenker på den fine dokka tyskaren hadde kjøpt

til jenta si. Ho som budde i Tyskland og var død, slikat Belinda fekk dokka i staden. Den dokka vart sprengdi lufta saman med toppen av huset til Kalla.

– Ja, det er ikkje godt å vite, seier mormor.Ho set sjokoladepålegget ned i skuffa igjen.– Berre pass på å setje nygla i båten.

20

Aldri fred å få ferdig.qxd_mat 01.07.15 11:08 Side 20