dvergålegras i etne€¦ · 4 for nausta; funna som blei gjort i andre delar av osvåg, i bukter...

17
Dvergålegras i Etne Sluttrapport Anders Lundberg August 2017

Upload: lyhanh

Post on 27-Aug-2018

223 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Dvergålegras i Etne

Sluttrapport

Anders Lundberg

August 2017

2

Samandrag

Den sterkt trua og prioriterte arten dvergålegras blei funne i store mengder i Osvåg i Etne i juni og august 2017. Tre mindre førekomstar blei også funne i Bekkjavik. I Osvåg blei det funne to populasjonar i Vågen (bukta inst i Osvåg) og ein populasjon i Engelsgjerd. Til saman dekkjer dei tre populasjonane eit areal på om lag 2,5 mål. Dei tre populasjonane inngår i ein og same metapopulasjon (storpopulasjon). Dei er geografisk skilde, men har genetisk kontakt og bidrar til genetisk variasjon, dvs. større grad av robusthet. Om ein av dei tre blir skada eller forsvinn, vil det få negative konsekvensar for dei andre. Det betyr at om ein populasjon forsvinn, er det stor risiko for at også dei to andre forsvinn. I Hordaland har dvergålegras vore kjent frå ni lokalitetar, men berre fire av desse er i dag intakte (Huglo, Strandebarm, Tysnes og Etne). Av desse fire er det berre to (Huglo og Etne) som har god økologisk tilstand, dei to andre (Strandebarm og Tysnes) er små og i tilbakegang. Den nasjonale handlingsplanen for dvergålegras har som målsetting å halde oppe levedyktige populasjonar av arten i Norge, og dei to førekomstane på Huglo og i Etne er avgjerande for å oppnå dette. Som eit ledd i å sikre arten og naturtypen han inngår i ei levedyktig framtid, fekk dvergålegras i 2015 status som prioritert art, vedtatt av Kongen i statsråd, dvs. av Regjeringa. Det gir arten ei særskild sikring gjennom ei eiga forskrift som skal sikre at dvergålegras kan takast vare på på lang sikt. Uttak i form av fjerning eller plukking er forbode, og det same er inngrep eller tiltak som kan skade eller øydeleggje førekomstar. Det planlagde Gjersvik naustområde ligg 50-70 meter frå førekomsten i Engelsgjerd. Stranda i Gjerdsvik er grunn og smal, og for å få ei tenleg hamn her må det gravast og fyllast ut. Både graving, utfylling og seinare bruk av båtar med propell vil gjere at førekomsten av dvergålegras i Engelsgjerd sannsynlegvis vil forsvinne. Det vil heller ikkje vere ei god løysing å flytte naustområdet nordover, vekk frå Engelsgjerd, då dette vil kome i konflikt med førekomsten av dvergålegras i Vågen. Gjerdsvik naustområde er planlagt med 20 naust over eit areal på 8,4 mål. Eit potensielt avbøtande tiltak kunne vere å gjere utbygginga mindre, men det vil ikkje løyse problemet. Graving, utfylling og bruk av båtar med propellar vil uansett påverke dvergålegras i Engelsgjerd negativt. Dei velutvikla undervassengene i Osvåg, særleg i Gjerdsvik, er mellom dei mest velutvikla og komplette i Hordaland. Her finst dvergålegraseng, ålegraseng, skruehavgraseng og småhavgraseng. I tillegg finst arten smalålegras. Undervassengene har ein særs viktig funksjon ved å ta opp overskot av gjødsel og anna utslepp slik at sjøen blir reinare. Vedtaket om utbygging i Gjerdsvik blei tatt på sviktande fagleg grunnlag, utan om det var undersøkt i felt om det kunne finnast artar eller naturtypar som ville kunne påverke saka. Når det no er komen fram ny kunnskap, må saka vurderast på ny.

3

Innleiing

Osvåg er ein søraustleg del av Etnefjorden. Strendene langs fjorden blei undersøkte tre dagar i slutten av juni og to dagar i august 2017. Føremålet var å sjekke om det kunne finnast dvergålegras i området. Alle buktene og vikene rundt heile Osvåg blei sjekka. På nordsida blei den nordaustlege delen som lokalt blir kalla Vågen undersøkt. Vidare vestover på nordsida blei også dei andre buktene undersøkt: Eiriksvik, vika mellom Sponanes og Hidlesnes, vika vest for Hidlesnes og, heilt i vest, Naustvik. På sørsida av Osvåg blei alle vikene frå Ve i vest til Gjerdsvik undersøkte: vika innanfor Veaholmen, vika innanfor Melandsholmen, vika mellom Sanes og Helgaskjer, vikene utanfor garden Osvåg, Engelsgjerd, Gjerdsvik og Grytestranda. Kort sagt blei alle langrunne strender i heile fjorden undersøkte. Det blei funne tre populasjonar av dvergålegras: to i Vågen og ein i Engelsgjerd. Funna er sensasjonelle, for dvergålegras er ei sjeldsynt art som berre er kjent frå nokre få stader i Noreg. Tre mindre førekomstar av dvergålegras blei også funne i Bekkjavik.

Oversiktskart over Osvåg. Alle vikene blei undersøkt i juni og august 2017.

Bakgrunnen for at det blei leita etter dvergålegras i området er planar om å byggje 18 naust i Gjerdsvik. Planane blei godkjende av Etne kommunestyre 15. desember 2016. Vedtaket blei påklaga av naboar i Gjerdsvik. Dei peika m.a. på at kunnskapsgrunnlaget var mangelfullt i høve til biologisk mangfald. I ettertid tok kommunen i samarbeid med Fylkesmannen initiativ til at det burde undersøkjast om dvergålegras kunne finnast i området. Denne rapporten er ei oppsummering av funna som blei gjort. Det blir her lagt vekt på funna i og ved planområdet

4

for nausta; funna som blei gjort i andre delar av Osvåg, i bukter utan dvergålegras, vil bli gjort greie for i ein kommande rapport.

Gjerdsvik naustområde

Reguleringsføresegnene for Gjerdsvik naustområde viser avgrensinga av naustområdet og omtalar arealbruken. Det er lagt opp til bygging av 18 + 2 naust og småbåthamn med tilhøyrande kaiar og parkeringsplass. Det er smalt mellom Gamlevegen og sjøen, og for å få plass til anlegget må det fyllast ut i sjøen. Planområdet utgjer 8,4 mål, og lengda langs sjøen er om lag 130 m. Planområdet er vist i figuren under.

Kart over den planlagde Gjerdsvik småbåthamn.

5

Dvergålegras – ein sterkt trua og prioritert art

Dvergålegras er ein av dei mest sjeldsynte artane i Noreg. Han er raudlista og rekna som sterkt trua (EN). I raudlista av 1998 blei dvergålegras vurdert som sårbar (VU), men oppdatering av kunnskapsgrunnlaget viste at mange av dei kjende førekomstane i Noreg hadde forsvunne, og det er bakgrunnen for at raudlistevurderinga blei skjerpa ved seinare revisjon. I 2015 fekk arten status som prioritert art, vedtatt av Kongen i statsråd, dvs. av Regjeringa.

Innføringa av kategorien prioritert art er eit av Regjeringa sine nye virkemiddel for å stoppe tapet av biologisk mangfald i Norge. Det tar sikte på å ta vare på artar og naturtypar i ikkje-verna område. Berre artar som er rekna som trua på Raudlista kan få status som prioritert art, men status som trua gir ikkje automatisk status som prioritert art. For å få status som prioritert art, må trua artar som er potensielle kandidatar vurderast etter nøye fastsette prinsipp. Eit viktig element i vurderinga av dvergålegras, er den nasjonale Handlingsplanen for

dvergålegras (Zostera noltei) i Noreg som blei utarbeidd i 2010 (Lundberg 2010). Handlingsplanen er seinare følgt opp med årleg overvaking, sist rapportert i 2016, og arten sin status er samanfatta i ein oversiktsartikkel i 2013 (Lundberg 2013). Der kom det fram at dvergålegras er kjend frå 23 lokalitetar i Noreg, man at berre 13 av desse var intakte og at så mange 10 var forsvunne. Det betyr at 43 % av dei kjende førekomstane i Noreg har gått ut. Seinare er arten også funnen på Tysnes. Saman med funna i Etne, betyr det at dvergålegras no er kjend frå 15 lokalitetar i Noreg. Det gjer arten til ein av dei sjeldnaste og mest sårbare artane i landet.

Arten er i Noreg kjend frå Østfold, Vestfold, Rogaland og Hordaland. Ei slik utbreiing tilseier at arten er ein sørleg, varmekjær art. Han er elles kjend sørover til Middelhavet, og finst også i Svartehavet og Kaspihavet. Førekomstane i Noreg er dei nordlegaste i verda.

Dei viktigaste trugsmåla

Som nemnt har dvergålegras hatt ein markert tilbakegang i Noreg, jamvel om det framleis finst store og flotte førekomstar. Dei viktigaste årsakene til tilbakegangen er utbygging og andre tiltak (Lundberg 2013). Det gjeld utfylling, vegbygging, hamneutbygging, mudring og andre tekniske inngrep. I gjennomgangen av dvergålegras si utvikling og noverande status i Noreg, samanfatta Lundberg (2013) at dvergålegras ikkje er ein robust plante. Rotsystemet er grunt, og det blir lett rive opp av graving, drenering, propellar og ankring. Mudring og/eller utfylling og bygging av småbåthamner i nærleiken av dvergålegras-førekomstar er ein dårleg kombinasjon, var ein hovudkonklusjon i den nasjonale oppsummeringa (Lundberg 2013).

Dvergålegras i Osvåg

Som nemnt innleiingsvis blei dvergålegras under feltarbeid i juni og august 2017 funne tre stader i Osvåg. Dei to største førekomstane ligg på begge sider av bekkeutløpet i Vågen.

6

Dvergålegras trivst i salt- og brakkvatn, og det er typisk at han unngår bekkeutløp med ferskvatn. Årsaka er ikkje at dvergålegras ikkje trivst i ferskvatn. Ingen karplanter krev salt, heller ikkje dvergålegras. Årsaka er at rennande vatn ved bekkeutløp grev vekk sand og leire omkring røtene til dvergålegras som dermed blir rive laus. Propellar frå småbåtar har same effekten, dei virvlar opp sedimentet og dvergålegras forsvinn. Bekkeutløpet er grunnen til at førekomsten i Vågen er delt i to delpopulasjonar, skilt av djupålen frå bekken. Dei to delpopulasjonane har eit areal på 1055 m2 (vestre delpopulasjon) og 1440 m2 (austre delpopulasjon). Det er ein relativt stor førekomst, stor nok til at me kan vurdere han som klart levedyktig.

Den tredje førekomsten blei funne ved Engelsgjerd, om lag 500 m sør for den sørlegaste førekomsten i Vågen. Den dekkjer eit areal på 100 m2, og med høg dekning, stort sett 100 %. Den høge dekninga viser at arten trivst, man arealet gjer han til særs sårbar.

Arealet av dei tre populasjonane av dvergålegras blei målt både i juni og i august. Det var vesentleg større i august enn i juni. Dette var venta, då dvergålegrasengene er betre utvikla i august enn i juni. Arealet som er nemnt her er frå august.

Dei tre førekomstane i Osvåg høyrer til den same metapopulasjonen (storpopulasjonen). Dei er geografisk skilde, men har genetisk kontakt. Tre populasjonar i eitt område er gunstig for å halde oppe genetisk variasjon, noko som er ein føresetnad for overleving over tid. Jamvel om førekomsten i Engelsgjerd er mindre enn dei to andre, er han viktig for å sikre genetisk variasjon i metapopulasjonen. Om den skulle forsvinne, vil det svekke førekomstane i Vågen. På sikt kan det bidra til at også dei forsvinn.

Velutvikla dvergålegrasenger, som i Osvåg, har viktige funksjonar i det marine miljøet. Dei har evne til å ta opp overskot av næring, om utsleppa ikkje er for store. I Osvåg er konsentrasjonane ikkje større enn at dvergålegrasengene nøytraliserer og gjer sjøvatnet reinare. Saman med ålegras og skruehavgras dempar dvergålegras bølgjer og set ned stranderosjonen. Det er sannsynleg at trenden med sterkare og meir frekvent ekstremver vil halde fram, og dvergålegras vil derfor bli meir viktig i åra framover. Dvergålegrasengene er også habitat for mange små marine organismar, inkludert viktige artar som rekeyngel. Jamvel om dvergålegrasengene er dominert av ein art, dvergålegras, er naturtypen artsrik, og han spelar ei sentral rolle i det marine miljøet.

7

Dvergålegras veks i fjørevekslingssona i Vågen, på begge sider av utløpsbekken.

Velutvikla dvergålegraseng i Vågen, på fin sandbotn.

8

Oversiktskart som viser utbreiinga av dvergålegraseng og einskildførekomstar av dvergålegras i Osvåg. Kartet viser også tre andre viktige naturtypar i området.

9

Vågen

Namnet Vågen er her brukt om den langgrunne stranda inst i Osvåg. Dei to førekomstane av dvergålegraseng i Vågen er heller tette og dei er begge tydeleg avgrensa mot det som omgir dei. Dvergålegras veks helst aleine, men i delar av området finst også småhavgras. To mindre førekomstar av dvergålegras, kvar om lag 1 m2 store, finst heilt inst i bukta. Botnen i området er dominert av finsand og leire, eit substrat som passer godt for dvergålegras. Stranda er langgrunn, og store flater blir tørrlagt ved fjøre sjø. Det er også noko som passar dvergålegras godt.

I overgangen mellom sjø og land er det eit velutvikla belte av havstarr. Plantene er om lag 1 m høge, og felta er særs tette med 100 % dekning. Havstarrengene dannar ei fin avgrensing mot dyrka mark i bakgrunnen. Dei har nok også ein viktig økologisk funksjon ved at dei tar opp overskot av gjødsel frå dyrka mark, slik at dette ikkje sig ut i sjøen. Havstarrengene i Vågen er delt i tre delpopulasjonar, til saman 1260 m2. Evna dei har til å ta opp overskot av gjødsel gjer dei til særs viktige for å betre kvaliteten på sjøvatnet i Osvågen.

Velutvikla havstarreng i Vågen.

Både dvergålegrasengene og havstarrengene bidrar til å dempe bølgjeslag og dermed kysterosjon. Dei har ein viktig funksjon, og dei utfører dette arbeidet heilt gratis. Føresetnaden er at dei får vere intakte og ikkje blir påverka av graving og utfylling.

10

Lokal utbreiing av dvergålegras og havstarreng i Vågen.

11

Engelsgjerd – tett førekomst av dvergålegras

Førekomsten av dvergålegraseng i Engelsgjerd er som nemnt om lag 100 m2 stor. Førekomsten er tett og til saman er det mange hundre planter her. Den økologiske tilstanden er god, med grøne, friske planter og ubetydeleg påvekst av algar. Her finst det også ein annan raudlista art, nemleg ein liten koloni av fiskemåke, som hekkar i området.

Tett førekomst av dvergålegras i Engelsgjerd.

Blad av dvergålegras frå Engelsgjerd, med det karakteristiske hakket i enden.

12

Gjerdsvik – regionalt sjeldsynte artar og undervassenger som reinsar

I Gjerdsvik er den øvre delen av stranda dominert av småstein og grus, men lenger ute i sjøen er det fin sand. Eit større felt på landstranda er dominert av den regionalt sjeldsynte underarten fjordskjørbuksurt Cochlearia officinalis ssp. norvegica. Underarten er endemisk (stadeigen) for Norge og Nord-Russland. Det er det einaste område i verda denne underarten er kjent frå. I Norge er han talrik i Nord-Norge, men blir meir sjeldsynt mot sør. Førekomsten i Etne er den sørlegaste som er kjent i heile verda. I Artskart er det kjent tre innsamlingar av fjordskjørbuksurt frå Etne, to frå 1862 og ein frå 1920. Førekomsten i Gjerdsvik er den einaste som er kjent i nyare tid. Under synfaringa mi i Etne juni og august 2017 blei han berre sett i Gjerdsvik og Engelsgjerd. På nasjonalt nivå er fjordskjørbuksurt ikkje raudlista, men om ein hadde hatt regionale raudlister i Norge, ville denne truleg vore raudlista.

Underarten skil seg frå vanleg skjørbuksurt Cochlearia officinalis ssp. officinalis på fleire måtar. Rosettblada er rombeforma, avlange eller eggforma, ikkje nyreforma som hos vanleg skjørbuksurt. Stengelblada hos fjordskjørbuksurt har kileforma grunn, mens dei på vanleg skjørbuksurt går noko rundt stengelen. Blomstrane hos fjordskjørbuksurt er noko større enn hos vanleg skjørbuksurt. Skulpene er store og avlange, ikkje runde som hos vanleg skjørbuksurt. Også smaken er forskjellig. Vanleg skjørbuksurt har skarp reddiksmak, mens fjorskjørbuksurt smakar sprø, grøn salat og er full av C-vitaminer.

Fjordskjørbuksurt er ein viktig del av det biologiske mangfaldet i Etne. Han er med på å gjere Etnenaturen til noko særmerkt samanlikna med mange andre kommunar i Hordaland. Han er vel verd å ta vare på.

I beltet utanfor fjordskjørbuksurt i Gjerdsvik er det ei velutvikla 3-4 m brei sone med høvringstang Fucus ceranoides, på småsteina strand. Arten er ein typisk brakkvassart, og derfor er han så godt utvikla her. I sjøen utanfor veks det mengder av den sjeldsynte arten skruehavgras Ruppia cirrhosa. Arten er knytt til beskytta brakkvatn. Førekomsten i Gjerdsvik er stor og tett, av dei største og mest velutvikla eg har sett på Vestlandet. Eit søk i Artskart viser fleire kjende førekomstar i Hordaland. Eit påfallande trekk er at alle funn er gamle, frå perioden 1874-1943, berre nokre får funn er gjort seinare. Det har samanheng med at arten har hatt ein markert tilbakegang i fylket, noko som skuldast at mange fjordar og bukter har blitt forureina. Skruehavgras har evne til å ta opp gjødsel på avvegar, men berre til ei viss grense. Slik situasjonen er i dag, har skruehavgras god evne til å nøytralisere sig og utslepp. Saman med skruehavgras veks det også smalålegras Zostera angustifolia i Gjerdsvik.

Kvaliteten på sjøvatnet i Osvåg har blitt vesentleg betre dei siste tiåra. Fleire lokale informantar har lagt merke til at tangbelta har kome tilbake og at det er mindre grønalgar (forureiningsindikatorar) i sjøen enn før. Dette stemmer med mine observasjonar. Dei velutvikla tangbelta langs strendene i Osvåg er ein god indikator på at vasskvaliteten er god. Det kan ha samanheng med at det er betre gjødselhandtering i dag enn tidlegare og at det er betre kontroll med silosaft. Framleis er det tilsig av overskot av gjødsel til vågen, men dei velutvikla undervassengene gjer sitt til å nøytralisere dette. Dei tar opp overskot av nitrogen, og omdannar det til friskt og grønt plantemateriale slik at sjøen blir rein og fin.

13

På litt djupare vatn finst det velutvikla ålegrasenger, dominert av ålegras Zostera marina. Desse finst frå vel 1 meters djup ned til 3-4 meters djup, nokre stader også djupare. Også desse tar opp store mengder nitrogen frå gjødsel i overskot, og bidrar til at vasskvaliteten i Osvågen har blitt langt betre. Derfor er det viktig at undervassengene med skruehavgras og ålegras i Gjerdsvik blir tatt vare på og ikkje blir reduserte eller øydelagt av graving og utfylling.

I Gjerdsvik er det ei intakt og viktig sonering, som dette: havstarreng-fjordskjørbuksurt-høvringstang- skruehavgraseng-ålegraseng. Undervassengene med skruehavgras og ålegras er betre utvikla her enn mange andre stader i Hordaland. Dei har ein viktig økologisk funksjon med å dempe bølgjeslag, hindre kysterosjon og reinske sjøvatnet. Den viktigaste funksjonen til ålegrasengene, særleg når dei er så tette og velutvikla som i Osvåg, er deira evne til å fange karbon. CO2 er som kjent den viktigaste årsaka til drivhuseffekten, og det er overskot av CO2 både i atmosfæren og i havet. Norske undervassenger med ålegras bind rundt 50.000 tonn CO2 per år (Gundersen et al. 2011; Lundberg 2015). Ålegrasengene i Osvåg er så store og tette at dei er ein betydeleg bidragsytar til dette. Det er derfor særs viktig at dei får vere intakte og ikkje blir øydelagt av graving og utfylling.

Stranda i Gjerdsvik med fjordskjørbuksurt (til venstre) og belte med høvringtang som har vakse fram etter at fjorden er blitt mindre forureina. I sjøen like utanfor er det tett førekomst av skruehavgras og, på djupare vatn, velutvikla ålegraseng. Stranda er grunn og frå naturen si side ikkje eigna for småbåthamn utan graving og utfylling.

14

Lokal utbreiing av dvergålegraseng i Engelsgjerd og skruehavgraseng og fjordskjørbuksurt i Gjerdsvik. I sjøen utanfor skruehavgrasengene er det store, velutvikla ålegrasenger.

15

Dvergålegras i Bekkjavik

Under synfaringa i Etne i 2017 blei det også funne dvergålegras i Bekkjavik. Det blei funne tre små førekomstar, kvar på om lag 1 m2, sjå kartet under. Førekomsten her er altså langt mindre enn i Osvåg. Førekomsten i Bekkjavik gjorde at eg også søkte etter arten i andre delar av Etnefjorden. Eg leitte både ved utløpet av Etneelva og langs strendene utover mot Børkjeneset. Der fant eg ingen dvergålegras. Ved utløpet av Etneelva er det nok for sterk straum (dvergålegras har grunne røter og blir fort rive laus). Strendene utover mot Børkjenes er for bratte til at det blir utvikla langgrunne strender av den typen dvergålegras trivst på.

I Bekkjavik veks dvergålegras like ved store undervassenger dominert av småhavgras Ruppia

maritima. Desse er særs velutvikla i området Bekkjavik-Sæbøvika.

Førekomstar av dvergålegras i Bekkjavik.

16

Dvergålegras og småbåthamn går ikkje i lag

Dvergålegras er ikkje påvist innanfor planområdet for Gjerdsvik naustområde. Likevel er lokaliseringa av nausta og småbåthamna problematisk. Avstanden til dvergålegras-førekomsten i Engelsgjerd er om lag 50 m, 70 m om ein ikkje reknar med dei to sørlegaste nausta og brygga utanfor. I oppsummeringa av årsakene til dvergålegras sin tilbakegang i Norge, kom det fram at utfylling i strandsona, graving, propellar og anna mekanisk slitasje er viktige grunnar (Lundberg 2013). Ein avstand på 70 m er lite i denne samanhengen, og dersom naustområdet blir realisert med lokalisering i Gjerdsvik, er det stor fare for at dvergålegras-førekomsten i Engelsgjerd vil forsvinne. Det same skjedde i Sævarhagsvikjo på Stord etter at det blei bygd småbåthamn like ved dvergålegras-førekomsten der. Avstanden frå førekomsten av dvergålegras i Sævarhagsvikjo til den næraste delen av småbåthamna er om lag 200 m. Også andre stader i landet har det vist seg at dvergålegras går tilbake eller forsvinn der det blir etablert småbåthamner. Det ser dessverre også ut til å gjelde den nyoppdaga førekomsten på Tysnes. Han har gått markert tilbake dei siste åra, etter at det blei bygd småbåthamn like ved. I år, i 2017, er det mindre dvergålegras på Tysnes enn det har vore registrert nokon gong. Dette er sjølvsagt særs urovekkjande.

Konfliktar mellom sårbar natur og nye småbåthamner er også kjent frå andre delar av landet. Eit døme er planane om mudring og utviding av Guslandrønningen småbåthamn i Larvik, like ved ein stor førekomst av dvergålegras i Hummerbakkfjorden. Søknaden om mudring blei avslått av Fylkesmannen, og småbåteigarane er no innstilte på å søke etter alternativ lokalisering.

I løpet av dei siste åra er det opparbeid mykje kunnskap om årsakene til at dvergålegras har gått så myke tilbake, både nasjonalt og i Hordaland. Ei viktig årsak til dette er nye småbåthamner som blir etablerte i eller ved førekomstar av dvergålegras. Det er ein klar og tydeleg samanheng mellom bygging av småbåthamner og forsvinning av dvergålegras. Dette må ein ta omsyn til når nye framlegg om småbåthamner kjem opp. Det tilseier at Gjerdsvik naustområde ikkje må byggjast der det er planlagt. Det vil ikkje hjelpe å dempe omfanget og byggje færre naust og brygger. Graving, utfylling og båtpropellar vil uansett påverke dvergålegrasengene negativt og gjere ein sårbar naturtype ennå meir sårbar.

Dersom førekomsten i Engelsgjerd forsvinn, vil det gjere den genetiske variasjonen i metapopulasjonen i Osvåg mindre. Dei to førekomstane i Vågen blir dermed bli mindre robuste og meir sårbare med fare for forsvinning. Med den kunnskapen me i dag har om verknadene av etablering av småbåthamner i nærleiken av dvergålegrasenger, tilseier dette at Gjerdsvik naustområde ikkje blir realisert.

Lokalisering av naust mot Grytestranda er ingen god ide

I rapporten som samanfatta registreringane mine i Etne frå juni, tok eg til orde for at det burde vurderast om Gjerdsvik naustområde kunne flyttast 100 m nordover. Etter registreringane i Osvågen i august viser det seg at dvergålegrasengene i Vågen har ei større utstrekning enn det

17

som kom fram i juni. Flytting av nausta mot Grytestranda vil dermed kome i konflikt med dvergålegrasengene i Vågen.

Røynsle med bruken av Naturbase

Konsulentfirmaet som utarbeidde framlegg til reguleringsplan for Gjersvik naustområde brukte Naturbase som del av utgreiinga. Det er heilt etter boka. Naturbase er Miljødirektoratet sin database som gir kartfesta informasjon om utvalde natur- og friluftsområde i Norge. Kartet er digitalt og kommunale planleggjarar, konsulentar og andre som brukar kartet kan zoome inn på det området dei vil sjekke, og sjå om det ligg inne informasjon som kan ha konsekvensar for utforming av lokale planar. Databasen gir ei samla, nasjonal oversikt over viktige natur- og friluftsområde i Norge. Derfor er det viktig at han blir brukt, slik konsulentfirmaet som utarbeidde framlegg til reguleringsplan for Gjerdsvik naustområde gjorde.

Når det er sagt, er det eit anna moment som alle som brukar Naturbase må vere observante på. Dersom det ikkje finst informasjon om viktige førekomstar i eit område i Naturbase, er ikkje det det same som at det ikkje er viktige førekomstar i eit område. Det viser dette dømet til fulle. Naturbase inneheld informasjon som til ei kvar tid er kjent, men om eit område ikkje er undersøkt med tanke på den og den naturtypen, kjem dette ikkje fram i databasen, jamvel om ein bestemt naturtype likevel skulle finnast der. Lærdomen er at dersom ein har mistanke om at det kan vere viktige naturtypar i eit planområde under utgreiing, bør ein sjekke i felt. Dersom eit konsulentselskap føler dei ikkje har eigen kompetanse på det aktuelle feltet, bør ein kontakte eit fagmiljø som har det for å få saka sjekka. På den måten vil ein spare tid og pengar, og unngå unødvendige frustrasjonar både mellom sakshandsamarar og utbyggjarar.

Litteratur

Gundersen, H., Christie, H., de Wit, H., Norderhaug, K.M., Bekkby, T. Og Walday, M.G.

2011. Utredning om CO2-opptak i marine naturtyper. NIVA Rapport 6070, 2010. 25 s.

Lundberg, A. 2010. Handlingsplan for dvergålegras (Zostera noltei) i Noreg. DN-rapport 2010, 1. 22 s.

Lundberg, A. 2013. Dvergålegras Zostera noltei i Noreg. Utbreiing, økologi, tilstand og tiltak. Blyttia 71: 97-114.

Lundberg, A. 2015. Ålegrasenger i Bergen. Utbredelse, tilstand, verdi og trusler. 123 s.

Lundberg, A. 2016. Oppfølgjing av handlingsplanen for dvergålegras i Norge. Oversikt over alle kjente forekomster av dvergålegras i Norge og deres status. 61 s.