helse på 1/2010

28
Helse Fonna / Årgang 2 / nr. 1 - 2010 6-årige Runar Botn frå Utsira og familien var så fornøgd med barneavdelinga ved Haugesund sjukehus at han kom tilbake med ein hummar som takk for god omsorg. Side 16-17 Fornøgd gut ga hummar som takk

Upload: helse-fonna

Post on 19-Mar-2016

239 views

Category:

Documents


4 download

DESCRIPTION

Første utgåve av Helse på i 2010.

TRANSCRIPT

Page 1: Helse på 1/2010

Helse Fonna / Årgang 2 / nr. 1 - 2010

6-årige Runar Botn frå Utsira og familien var så fornøgd med barneavdelinga ved

Haugesund sjukehus at han kom tilbake med ein hummar som takk for god omsorg.

Side 16-17

Fornøgd gut ga hummar som takk

Page 2: Helse på 1/2010

Helse Fonna [email protected] LarsenHaakon Nordvik (der anna ikkje er oppgitt)ABACUS Kommunikasjon ASHaugesund Bok & Offset AS69.000

ansvarleg utgiver: e-post til redaksjonen:

Tekst:Foto:

layout:Trykk:

opplag:

Visste du at...?• Helse Fonna har 3200 tilsette• Omsett for 2,2 milliardar kroner• Helse Fonna skal gi spesialisthelsetenester til ei befolkning på 169 000 fordelt på 19 kommunar• Helseekspressen går alle kvardagar tur/retur Haugesund-Stord-Bergen• Dei 32 ambulansane våre kjører over 1.000.000 kilometer årleg• 27 800 sjukehusopphalv i 2009• 13 105 dagkirurgiske operasjonar• 98 000 konsultasjonar på dei somatiske poliklinikkane• 2 277 fødslar• Pasientar innen psykiatri har vore 46 860 døgn på sjukehus i 2009• 54 753 konsultasjonar på dei psykiatriske poliklinikkane

Kari ugland, adm

. dir

Vi er stolte over å kunne presentere andre nummer av Helse På. I dette bladet finn du nokre av dei mange gode historiene pasientane våre kan fortelje om. I Helse Fonna arbeider vi heile tida for å oppfylle vår visjon om å fremme helse og livskvalitet. Slik håper vi det blir fleire gode historier.

Kari Uglandadm. dir.

Beste helsing

Helse pÅ! er eit magasin frå Helse Fonna HF som blir distribuert i Helse Fonna sitt pasientområde.

Bestill plass på kjørekontoret: ring 52 73 26 65

Planlagde reiser med Helseekspressen bør ein bestille så tidleg som mogleg. Seinast kl. 15 dagen før avreise. (Gjeld ikkje helg).

Frå Haugesund sjukehus kl. 07.30Aksdal kl. 07.50Haukås kl. 08.10Føyno kl. 08.30Leirvik hurtigbåtterminal kl. 08.45Stord sjukehus kl. 09.00Sandvikvåg kl. 09.40Halhjem kl. 10.25Framme Haukeland kl. 11.15

ruTeplan Frammøte seinast 10 minutt før avgang.

Frå Haukeland kl. 14.30Halhjem kl. 15.30Sandvikvåg kl. 16.10Leirvik hurtigbåtterminal kl. 16.45Stord sjukehus kl. 16.55Føynå kl. 17.10Haukås kl. 17.40Aksdal kl. 18.05Framme Haugesund kl. 18.20

For å lukkast med vår visjon, må vi kunne sjå langt framover. Derfor har vi no arbeidd eit heilt år med å lage ein plan for korleis Helse Fonna skal kunne gi eit godt helse-tilbod til deg dei neste åra.

Då førre nummer av Helse På! kom ut, var vi midt i dette arbeidet. No er resultatet klart: «Plan somatikk» peiker ut retninga for Helse Fonna fram mot 2020. Som namnet tyder, gjeld planen det somatiske tilbodet. Det vil seie dei tenestene som tar seg av den fysiske helsa til deg og meg. Takk vere eit godt samarbeid med tilsette, brukarar og representantar frå kommunane har vi fått ein god og heil-

skapeleg plan. «Plan somatikk» er ute på høyring fram til 24. mars.

Helse Fonna skal gje trygge og nære helse- tenester innan dei vanlegaste lidingane. Befolkninga vår blir stadig eldre, med dei helserelaterte utfordringane det kan føre med seg for den enkelte. Derfor er det viktig for oss å gje eit godt helsetilbod til eldre og folk med kroniske sjukdommar - nær der dei bur.

Helse Fonna skal oppretthalde dagens sjukehusstruktur. Vi legg behandlings-tilboda vi kan til dei mindre sjukehusa, og sentraliserer dei vi må. Det tyder at ein

ikkje alltid må reise for å få behandling. Helse Fonna vil prioritere ambulante tenester, det vil seie at spesialisten kjem til pasienten, ikkje omvendt.

Eg håper du vil sette pris på dei gode pasienthistoriene du no skal få lese, og at det kjem mange konstruktive innspel til «Plan somatikk».

leiaren

3

Page 3: Helse på 1/2010

innHald

Er du sjukemeld, eller står i fare for å bli sjuke-meld? Helse Fonna kan gi deg behandling innan 30 dagar. Mange pasientar er blitt behandla og fleire av desse er allereie attende i jobb. Kontakt din fastlege og spør om Raskare Tilbake. Dette tilbodet gjeld sjuke-husa i Haugesund, Stord og Odda og dei psykiatriske sjukehusa i Helse Fonna.

Om du ønskjer å bli blodgivar, ring: 908 81 111 og legg igjen namn og telefonnummer, så vil vi ta kontakt med deg. For meir informasjon om det å vere blodgivar, sjå: www.helse-fonna.no

Psykisk helsevern i Helse Fonna har ein informasjonstelefon, der alle som har spørsmål kring psykisk helse kan ringe. Ingen spørsmål for store, ingen spørsmål for små.T: 52 73 42 00open kvardager kl 13 - 15e-post: [email protected]

Gi blod!

Vi treng fleire blodgivarar informasjonstelefon psykisk helse

Diabetes hindrar ikkje eit aktivt liv ……………....................................... 4-5

Born med diabetes får hjelp og oppfølging ……………................. 6-7

Sterke brystsmerter? Ring 113! ……………................................................. 8-9

I betre form enn før hjarteinfarktet …..........…………........................ 10-11

Odda sjukehus er hjarteflink ……………....................................................... 12

KOLS-pasientar vert rehabiliterte ……………........................................... 13

Forverring av KOLS kan førebyggast ……………............................ 14-15

KOLS-kurs ga pasient nytt og aktivt liv ……………....................... 16-17

Takksam gut ga legen hummar i gåve ……………......................... 18-19

Utan laboratoriet stansar sjukehuset …………….......................... 20-21

Trygg Rygg gjer ryggen trygg ……………............................................... 22-23

100-åring får ny rolle i psykisk helsevern …………….................. 24-25

Valen – ikkje lenger asyl, men sjukehus ……………........................... 26

Valen sjukehus – fantastisk arbeidsplass ……………........................ 27

Meir stoffmisbruk, fleire får psykisk liding ……………..................... 28

4-5

10-11

16-17

22-23

24-25

3

Page 4: Helse på 1/2010

god Hjelp bidreg Til eiT normalT liV

Marthe Johanne fekk diagnosen diabetes på 10-årsdagen, men:

4

Page 5: Helse på 1/2010

Fungerer godT: Familien Mehus/Tangedal har lært seg til å leve med at yngstejenta har ein livsvarig

sjukdom. Frå venstre mor Laila Mehus, Marthe Johanne, far Torgeir Tangedal og syster Malene.

Teikna på at yngstejenta i familien Tangedal/ Mehus på Stord kunne ha diabetes type 1 var dei vanlege: Oftare tørst enn før, behov for meir hyppige besøk på do og stadig meir sliten. På 10-årsdagen for tre år sidan vart mistanken bekrefta av legen. – Det var greitt å få vite kva det var, seier Marthe Johanne. På Haugesund sjukehus vart ho inn-lagd på barneavdelinga, der ho budde i to veker saman med mor. Far var òg med, men reiste heim på ettermiddagane til eldstedotter Malene. På sjukehuset sitt lærings- og meist-ringssenter fekk familien opplæring i korleis ein kan leve eit mest mogeleg normalt familieliv med eit familiemedlem som har ein livslang sjukdom.

ogsÅ oppFØlging– Vi er svært godt fornøgd med opp- læring og oppfølging frå sjukehuset. Her var det spesialutdanna diabetessjuke- pleiarar, sosionom, kosthaldsekspert og andre fagfolk, fortel foreldra, Laila Mehus og Torgeir Tangedal.– Det verka som dei hadde eit gjennom-tenkt opplegg og vi lærte mykje. Vi fekk mange tips og gode råd om korleis vi skulle meistre den nye familiesituasjonen. Dette gjaldt ikkje minst at vi alle lærte oss rett dosering av insulin. Seinare er familien følgt opp ved besøk på lærings- og meistringssenteret nokre timar tre gonger i året. Her har dei fått del i ny kunnskap og utveksle erfaringar i grupper saman med andre familiar med diabetesborn. – Denne oppfølginga er nyttig og noko vi set pris på, seier foreldra.

Marthe Johanne brukte insulinpenn det første året. Dei to siste åra har ho hatt insulinpumpe. Den er som ein mobil- telefon av storleik. Marthe Johanne har ho i bukselomma. Derifrå går ein tynn leid-ning som fører insulin til underhudsvevet på magen. Insulin er naudsynt ettersom kroppen ikkje produserer dette viktige hormonet når ein har diabetes. Pumpa er innstilt på rett mengde insulin, men ved mål-tider pumper Marthe Johanne litt ekstra sjølv.

aKTiV idreTTsjenTeI tilegg må ho få målt blodsukkeret seks til åtte gonger i døgeret. Det skjer ved at Marthe Johanne stikk seg i fingeren og får fram ein bloddråpe, som raskt vert analy-sert. Når ho søv om kvelden før foreldra har lagt seg, er det dei som måler – ved å stikke jenta i ei tå. Dersom blodsukker-mengda avvik frå det normale, kan det skuldast at Marthe Johanne har ete eller trena for mykje. Psykiske tilhøve kan òg verke inn – til dømes spenning eller noko ein gruer seg til. Dersom det er for lite blodsukker, må Marthe Johanne ete litt. Er mengda for stor, må ho matche dette med å ta ei ekstra mengd insulin. Marthe Johanne er ei aktiv idrettsjente. Fire-fem gonger i veka driv ho enten med symjing eller trener i fri-idrett, der ho sikter seg inn på mellomdistansane i løp. – Eg er jo ikkje sjuk, så lenge eg får insulin, seier Marthe Johanne, men eg må sjølvsagt ta forholdsreglar. Eg legg att insulinpumpa i garderoben når eg driv med symjing og andre fysiske aktivitetar. Pumpa kan vere fråkopla i eit par timar om gongen. Dessutan treng eg mindre insulin når eg er fysisk aktiv, fortel ho.

allTid rosiner med segFor å førebygge føling, der lågt blod- sukker fører til at ein blir sliten, sveittar og får konsentrasjonsvanskar, har Marthe Johanne alltid med seg eit effektivt bote-middel: Rosiner. Ein neve rosiner verkar raskt og gjer underverk. Familien hadde eit sunt kosthald også før Marthe Johanne fekk diabetes. Dei driv mykje med idrett og friluftsliv alle fire. Skiturar frå hytta på Hovden og fot-turar i heimleg Stord-miljø vert gjennom-ført som før. Familielivet er som hjå familiar flest. I det heile har familien lært seg til å leve med at eit medlem har ein livslang sjukdom. Det har dei både Helse Fonna og seg sjølv å takke for.

Ho kunne nok ha ønskt seg noko anna nytt på 10-årsdagen sin enn å få vite at ho hadde diabetes. Men takk vere opplæring og opp-følging frå Helse Fonna og god støtte frå skulen, idrettslaget, venekrinsen og ikkje minst familien, lever Marthe Johanne Mehus eit nokså normalt liv for ein 13-åring.

bloddrÅpe: Eit lite stikk i fingeren, og så får Marthe Johanne målt blodsukkeret.

54

Page 6: Helse på 1/2010

Kvart år får 10-15 barn og ungdommar i Sunnhordland, Hardanger og på Hauga-landet diagnosen diabetes. Då står eit tverrfagleg team av spesialistar klar ved Haugesund sjukehus for å gje familien opplæring til å meistre den nye kvardagen. På barneposten er det to barnelegar, fire barnesjukepleiarar, ernæringsfysiolog og sosionom med særleg kompetanse til å lære barn og familie til å leve med ein kronisk sjukdom. I teamet er det også fagfolk frå barne- og ungdomspsykiatrisk seksjon ved sjukehuset.

lÆre Å sTiKKe seg sjØlVDesse fagfolka følgjer barn og familie gjennom opplæringa. Sjukepleiar legg saman med lege ein plan for to vekers opphald på sjukehuset. Det vert gjeve lettfatteleg informasjon om kva diabetes er, men det meste av opplæringa går på praktiske forhold. Ettersom heile familien må tilpasse seg ein ny kvardag, er det heilt naudsynt at foreldra er med. Barnet må lære å stikke seg sjølv – både for å måle blodsukkerinnhald og for å tilføre insulin. Det same må foreldra

lære seg. Det er viktig å vite kva maten består av for å rekne ut innhaldet av karbohydrat. Ut frå dette blir dosen av insulin bestemt.

mÅling aV blodsuKKer aVgjerandeBarnet lærer seg å sette insulin på seg sjølv. Like viktig er det at foreldra lærer det. Det hender barn ned til to års alder får diabetes, og då seier det seg sjølv at foreldra må stå for alt det praktiske. Insulin blir gitt gjennom sprøyter til å begynne med, men etter kvart går mange over til pumpe. Blodsukkernivået vert målt før kvart måltid når ungen føler, eller når foreldra ser at noko er på gang. Då gjeld det å til-føre insulin dersom blodsukkernivået er for høgt – eller mat, dersom det er for lågt. Poenget med måling av blodsukker og utrekning av karbohydrat i maten er å få den rette tilførselen av insulin, slik at blodet får den rette insulinbalansen. Diabetes er ein alvorleg sjukdom, men dei det gjeld kan leve greitt med denne lidinga – såframt dei klarer å styre blod-

sukkeret. Dette er alfa og omega – og krev presisjon og struktur.

rÅd om KosTHald og reTTerDiabetes 1 er ingen livsstilssjukdom, men ei liding som ein ikkje heilt sikkert veit årsaka til. Ettersom kroppen då ikkje produ- serer insulin, må det naudsynte insulin- hormonet tilførast utanfrå – så lenge ein lever. Ernæringsfysiologen gir som kosthalds- ekspert råd om matstell. Sunt kosthald er viktig. Innhaldet av karbohydrat kan ein rekne ut ved hjelp av enkle tabellar, men dette vert etter kvart ei treningssak. Til dømes veit ein kva to brødskiver med margarin og kvit ost inneheld, og så vert insulinet dosert etter det. Sosionomen gir informasjon og prak-tisk hjelp i høve til trygderettar, økono-miske tilhøve og forsikringar. Mange foreldre har spørsmål om kva slags retter barnet har til oppfølging i barnehage og skule. Dei vaksne treng òg vegleiing i høve til eigen arbeidssituasjon under og etter sjukehusopphaldet.

Når eit barn i Helse Fonna-området får diabetes, står eit lag av fagfolk klar til å hjelpe. Barnet og familien blir opplært til å meistre ein ny livssituasjon og lære seg til å leve mest mogeleg normalt – sjølv om eit familiemedlem har fått ein livslang sjukdom.

Klar til å hjelpe når eit barn får diabetes

diabeTesTeam For born: Deler av diabetesteamet

ved Haugesund sjukehus, frå venstre: ernæringsfysiolog Eli Moksheim, sosionom

Astrid Kinn Bjørnøy, sjukepleiar Merete Schmidt, overlege Heiko Bratke, sjukepleiar Margareth Worre Bårdsen, overlege Grete Vigemyr og

sjukepleiar Turid Gabrielsen. Med i teamet er også klinisk sosionom

Silje Thune Lien og sjuke-pleiar Solfrid Kalstø.

6 7

Page 7: Helse på 1/2010

Det tar tid for ein familie å tilpasse seg ein ny kvardag etter at eit familiemedlem har fått stilt diagnosen diabetes. Ofte tar det eit år for å venne seg til dei ulike situasjonane som årets syklus fører med seg. Alt er meir komplisert enn før og må planleggast. Barnet og familien sine akti-vitetar må tilpassast krava til å meistre ein ny livssituasjon. Helse Fonna skriv ikkje frå seg ansva-ret etter to vekers opplæring. Etter to veker blir familien beden om å møte til oppfølging – slik at lege og sjukepleiar kan kjenne seg trygg på at familien klarer seg på eiga hand. Deretter blir barn og foreldre innkalla til kontroll kvar tredje

månad fram til barnet er 18 år. Slik kan familien få svar på spørsmål og sjuke-huset sjå at familien meistrar dette i kvar-dagen. Når barnet har ein kronisk sjukdom, er det ikkje berre råd frå fagpersonar som er viktig. Det er også svært nyttig å få høyre korleis andre foreldre opplever og meis-trar situasjonen. Ein av dei fire årlege kontrollane er gruppekontroll, som barne-posten arrangerer i samarbeid med lærings- og meistringssenteret. Her samlast foreldre og barn i kvar sine grupper og gjennom-går alderstilpassa emne. Nettverkskurs er eit anna tilbod ved lærings- og meistringssenteret ved Hauge-

sund sjukehus. Her kan foreldre invitere med seg dei som har ansvar for barnet i barnehage, skule og fritid når mor og far ikkje er til stades. I løpet av eit par kvelds-timar får dei opplæring, slik at kvardagen vert tryggare for alle. Diabetes er ein sjukdom som ein ikkje kan ta ferie frå. Sjukdomen krev svært mykje av både barnet og familien. Derfor ser ein at familiemedlemmer, venner, barnehage og skule som engasjert stiller opp for å avlaste familien betyr svært mykje for born med diabetes og familiane deira.

oppFØlging Til 18 År

Det seier Sølvi Heimestøl. I tillegg til å ar-beide som astma- og allergisjukepleiar og koordinator ved lærings- og meistrings-senteret, er ho leiar for prosjektet ”Gode pasientforløp i barneseksjonen”.– Vi arbeider med å utvikle og systema-tisere utredning, behandling og oppføl-ging av dei største pasientgruppene som kjem til oss i barneseksjonen. Det kan til

dømes vere diabetes, epilepsi eller astma. Ved å arbeide med dette, kan vi sikre at barn og foreldre får mest mogeleg lik og føreseieleg behandling. Samstundes kan ein gjennom behandlinga fange opp indi-viduelle forskjellar. Målet er i samarbeid med barn og føresette å gi rett behand-ling og oppfølging til rett tid, understrekar Sølvi Heimestøl.

– I Helse Fonna følgjer vi barn med diabetes gjennom heile oppveksten og fram til 18 års alder. Det er viktig at dei møter eit kvalitetssikra opplegg som er tilpassa dei ulike fasane av barne- og ungdomsalderen. Det har vi stort fokus på i barneseksjonen.

diabetes-born vert følgt opp

oppFØlging: Born med diabetes vert følgt opp heilt til dei fyller 18 år,

fortel Sølvi Heimestøl

6 7

Page 8: Helse på 1/2010

beTre diagnose: Hjartespesialistane ved Haugesund

sjukehus under opplæring på den nye ultralydmaskinen. Her er lege i spesialisering

Håkon Johansen øvingsobjekt for overlege Saied Nadirpour medan overlegane Kjell Waage og Gunnar Nyland (t.h.) følgjer nøye med. Den

nye maskinen gjer at data som bildet gir kan analyserast på ein betre måte. Dette gir ikkje berre meir nøyaktig diagnose, men hjelper

også til med til dømes å velje riktig pacemaker for pasientar som

treng det.

10 minutt sterke brystsmerter bør undersøkast straks– Får du akutte og sterke brystsmerter i kvile, bør du straks kontakte telefon 113 for å bli undersøkt – om smertene varer i 10 minutt eller meir. Dersom det ikkje er akutt, men bryst-smerter som du ikkje har hatt tidlegare, bør du kontakte fastlegen, som eventuelt får ordna med rask sjekk på poliklinikken på sjukehuset eller hos spesialist. Dei som blir akutt sjuke, må derimot ringe 113 og be om ambulanse straks. Det er viktig å kome til behandling snarast råd, før hjartemuskelen blir skada unødig.

FramsTeg: Denne ultralydmaskinen kan gi

tredimensjonale bilete, noko som gir legane høve til å

utvikle sikrare diagnosar og dermed ei endå betre

medisinsk behandling.

8 9

Page 9: Helse på 1/2010

Råda kjem frå overlege Kjell Waage ved Haugesund sjukehus. Han er ein av sjuke- huset sine tre spesialistar i kardiologi, det vil seie sjukdomar som har med hjarte- og karsystemet å gjere. Sjuke- huset opna i fjor ein ny kardiologisk poli-klinikk for meir effektiv diagnostisering av hjarte-pasientar. Kapasiteten er også auka. Nyleg tok sjukehuset i bruk ein ny hjarte-ultralydmaskin. Den gir langt betre bildekvalitet enn det gamle utstyret. Dette gir meir informasjon om korleis hjartet fungerer, slik at det kan stillast ein meir presis diagnose. Waage forklarar: – Hjartepasientar er ei stor pasient-gruppe. Ved Haugesund sjukehus tek vi hand om 3 600 polikliniske pasientar kvart år. 2 100 pasientar blei innlagt i fjor. Vi både diagnostiserer og behandlar. Ultralyd er eit godt utstyr for å sjå på sjølve hjartefunksjonen og om det er hjartefeil eller feil ved hjarteklaffane. Arbeids-EKG (elektrokardiogram) er eit anna hjelpemiddel for å påvise hjarte-krampe (angina pectoris). Då set vi pasi-enten på ein ergometersykkel med stigande belastning og så ser vi om EKG endrar seg. Dette er eit brukbart verktøy. I tvilstilfelle kan vi òg foreta ei isotop- undersøking. Då tar ein bilete med gamma- kamera av korleis isotopen fordeler seg i hjartet. Dette kan hjelpe oss med å få svar.

uliKe TYpar HjarTesjuKdom– Kva er dei hyppigast førekomande hjarte- sjukdomane?– Det er hjarteinfarkt, angina, rytme- forstyrringar og hjartesvikt. Hjarteinfarkt oppstår når blodforsyninga til deler av

hjartet blir oppheva. Dette skaper oksygen- mangel, som kan gje skade og føre til at deler av hjartevevet døyr. Høg alder, røyking, høgt kolesterol, diabetes, høgt blodtrykk og mangel på mosjon er blant årsakene til infarkt. Angina pectoris er det medisinske uttrykket for hjartekrampe, noko som er eit teikn på utilstrekkeleg blodtilførsel til hjartemuskulaturen. Ein får vondt i brystet når ein strever hardt, men får ikkje nokon varig skade på hjartet slik ein får ved infarkt. Rytmeforstyrring – til dømes forkammer- flimmer – inneberer at hjartet pumper unormalt raskt eller seint og ofte ujamt. Nokre av desse forstyrringane kan vere alvorlege, mens andre typar er heilt ufarlege. Hjartesvikt ligg i namnet: Det kan vere svikt i sjølve hjartet eller hjarteklaffane. Det vert tyngre å puste. Ofte hovnar beina opp. Nokre får òg angina.

bYpass og paCemaKer– Kva er behandlinga?– Når det gjeld angina, er det snakk om å endre livsstil: Røykestopp, mosjon, sunnare kosthald og medisinar. Mange vert vist til Haukeland eller Stavanger universitetssjukehus. Her kan det vere snakk om å utføre utblokking eller by-pass. Det siste vil seie å hente ei åre frå pasientens legg og bruke den til å lede blodet inn til hjartet forbi tronge eller tette årer. Dersom det er feil ved hjarte-klaffene, blir det operert inn nye klaffar. Ved rytmeforstyrring får pasienten medi-kament dersom hjartet slår for fort. Går

det derimot for sakte, kan det verte naud-synt å operere inn pacemaker – ein om lag 3x4 cm metallboks som gir elektriske impulsar til hjartet, slik at det slår når det skal. Pacemakeren vert operert inn under huda på framsida av brystmuskelen. Haugesund sjukehus utfører alle desse operasjonane i Helse Fonna. I 2008 var talet 108, noko som er høgt i norsk samanheng.

eigen ”HjarTesKole”Ved infarkt er utsiktene gode – om ein kjem raskt til sjukehus. I mange tilfelle er utvegen å blokke årer, det vil seie at det vert ført materiale inn i åra slik at ho får attende sin normale dimensjon – og dermed evne til å transportere blod på normalt vis. Slik behandling blir anten utført på Haukeland eller ved Stavanger universitetssjukehus. Haugesund sjukehus tek årleg imot 450 infarktpasientar. 70 av dei treng rask utblokking innan 90 minutt og vert sende akutt med helikopter til Stavanger. Resten får primært undersøking og behandling på Haugesund sjukehus. Mange av dei vil også trenge utblokking, men med noko mindre hast. Vår oppgåve blir å stabilisere pasienten og stille korrekt diagnose, seier Waage.– Vi utfører òg kontroll av lokale pasien-tar som er operert ved andre sjukehus. Sjukehuset har også eigen ”hjarteskole”. Her tilbyr vi kurs i å meistre eigen sjuk-dom. Her er det nemleg viktig å ha kunn-skap.

8 9

Page 10: Helse på 1/2010

TrYgT aT HjarTeHjelp FinsT i odda

– Det er trygt å vite at vi har eit godt hjartemiljø ved Odda sjukehus og at god kompetanse fins lokalt. Tryggleik er svært viktig når ein er sjuk. Hjartespesialistane stiller diagnosar, og saman med sjukepleiarane hjelper dei deg på beina att. Dette er førsteklasses folk. Personalet her er englar.

Den som seier dette er Magnar Sandvold, tidlegare hjartepasient og no leiar av Landsforeningen for hjerte- og lungesyke (LHL) sitt lokallag i Odda. For seks år sidan fekk han hjarteinfarkt. Det byrja med sure oppstøyt, som etter kvart òg gav sterke magesmerter. Legen trudde òg at det var noko gale med magen og sende Sandvold til Odda sjukehus for å undersøke magesekk og tarmar. Det vart teke EKG (elektrokardiogram, hjelpe-middel for å undersøke hjarte) og ein såg straks kva som feila pasienten: Magnar Sandvold hadde fått hjarteinfarkt.

uTbloKKing pÅ HauKeland – Eg vart lagt inn på Odda sjukehus og fekk medisinsk behandling før eg vart frakta med helikopter til Haukeland universitetssjukehus. Der vart eg lagt på bordet og såg på ein monitor korleis legane gjekk inn i ei blodåre i lysken og førte instrumenta sine gjennom blod-årene og like opp til hjartet. Det var spanande å følgje med på. I ei av kransårane var det ein blodpropp som hindra blod-omløpet. Den vart blokka opp for deretter

å setje inn ein stent, det vil seie ein sylin-derforma netting som verkar som forska-ling, slik at blodåra held seg open, fortel Magnar Sandvold.

Trening uTan rØYK– Etter ein dag på Haukeland kom eg attende til Odda sjukehus og vart liggande ei vekes tid for å sjå til at eg ikkje fekk lungebetennelse eller andre komplikasjonar. Eg følte meg utsliten. Fysioterapeuten fylgde meg på dei første korte spaserturane frå senga. Etter eit par dagar klarte eg meg på eiga hand. Seinare gjekk eg trap-pene ned og tok heisen opp. Etter kvart gjekk eg trappene opp òg. Seinare fekk eg ein månad opphald på Krokeide – LHL sitt rehabiliteringssenter utanfor Bergen. Der fekk eg kunnskap om det å leve med hjartesjukdom, trening og rett kosthald. Slik fekk eg bygd meg opp att. Heime igjen fylgde eg opp det eg lærte på Krokeide. Røyking og feit mat var det slutt på, men mosjon vart det mykje av.

inspirerande sjuKeHus– Det avgjerande var at eg fekk god opp-følging av Odda sjukehus. Der gjekk eg på hjartekurs for å få meir kunnskap om hjartesjukdomen min. Fysikalsk behand-ling fekk eg òg. Eg hadde nesten dagleg kontakt med sjukehuset. Dette gav meg både inspirasjon og tryggleik. Tre månader etter infarktet var han attende på jobb i Odda kommune, der han mellom anna steller med hjelpemiddel og tryggleiksalarmar – først i 50 prosents stilling, eit halvår seinare i full jobb. Og her har han tenkt å halde fram:– Eg har det betre no enn før infarktet. Tobakken kontrollerer meg ikkje lenger. Eg går tur kvar dag – frå halvannan til to timar om dagen, utan å kjenne noko som helst, bortsett frå glede over at den 61 år gamle kroppen fungerer godt. Eg driv intervalltrening der rask gange i motbakkar blir avløyst av rolegare tempo. Eg har budd i Odda i 34 år, men det er først no etter infarktet at eg er blitt kjent med om-gjevnadene og det fine turterrenget vi har her. Der går eg dagleg og har det kjekt, seier Magnar Sandvold.

10

Page 11: Helse på 1/2010

aVgjerande: Oppfølginga frå Odda

sjukehus var avgjerande for at Magnar Sandvold kom attende i full jobb igjen etter hjarteinfarkt. Han går lange turar kvar dag og

kjenner seg i betre form no enn før han vart sjuk.

10 11

Page 12: Helse på 1/2010

– Vi er hjartegode– Når ein hjartepasient kjem på sjukehus, er det viktig å ha kunnskap og kompetanse til å skilje sjukdomane frå kvarandre. Smerter i brystet kan vere symptom på 22 ulike sjukdomar. Hjarteinfarkt er ein av dei. Eg meiner Odda sjukehus er god på å stille rett diagnose når det gjeld hjartesjukdomar. Vi er hjartegode, seier lege Davood Javid. Han er spesialist i kardiologi, det vil seie sjukdomar som har med hjarte og blod-årer å gjere. I akutte tilfelle blir det tatt blodprøver og EGK-prøver (EKG er for-

korting for elektrokardiogram, som viser korleis det står til med hjartet). Det blir òg gjort undersøkingar med ultralyd og røntgen av hjarte og lunger. – Odda sjukehus har på mange om-råde like stor kompetanse som større sjukehus når det gjeld å diagnostisere hjartesjukdomar. Vi bruker avanserte metodar som ikkje er i ålmenn bruk utan-for sjukehusa, seier dr. Javid.– Pasientar som har angina (hjartekrampe) blir utgreidd her. Ut frå diagnosen, utført med EKG og ultralyd og pasienten si historie, blir det avgjort om pasienten skal behandlast med medikament eller bli vist til Haukeland universitetssjukehus for operasjon.

– Dei som har hjarteinfarkt, blir som regel sendt rett til Haukeland. Men det kan òg vere pasientar som blir liggande her. Sjukdomen blir stabilisert med lege-middel og så ser vi korleis det går. Ved hjartesvikt, det vil som regel seie at hjartet er svekka etter eit infarkt, så blir det ordna med medikament. Det same gjeld rytmeforstyrring – når hjartet slår for fort. I tilfelle hjartet går for sakte, blir pasienten sendt til Haugesund sjukehus for å få operert inn pacemaker. Vi følgjer opp pasienten med mellom anna ved å kontrollere pacemakeren, seier kardiolog Davood Javid.

spesialisTar: Tre indremedisinarar ved Odda

sjukehus. Frå venstre: Kardiolog Khaled Dagsta, kardiolog Hans Nilsson og spesialist i generell indremedisin

Tomasz Tomkowics.

12 13

Page 13: Helse på 1/2010

Kronisk obstruktiv lungesjukdom, for-korta til KOLS, er ein samlediagnose for ei rekke nærståande kroniske sjukdomar som fører til redusert lungefunksjon. KOLS blir ofte utløyst av langvarig irritasjon og påverknad av luftvegane. Tobakksrøyking er den mest vanlege årsaka. Også opphald i forureina luft i lengre tid kan føre til KOLS, særleg når ein oppheld seg der lufta inneheld mine-ralstøv og metallhaldige gassar. Det blir rekna med at røyking er årsak i fire av fem KOLS-tilfelle. Kjenneteikna på KOLS er at pasienten er kortpusta – i starten helst ved fysisk

aktivitet, seinare òg ved mindre påkjen-ningar, hjå enkelte til og med når dei kviler. Ein hostar mykje, har auka produksjon av slim og får lungebetennelse oftare enn andre. Når lungene er mindre effektive, blir oksygenopptaket mindre og ein blir derfor fortare trøytt og mindre uthaldande. KOLS er ein kronisk sjukdom, som kan definerast som ein stadig aukande for-snevring i luftvegane. Dette lar seg ikkje snu. Røykeslutt er den viktigaste behand-linga. I tillegg kjem KOLS-rehabilitering, noko som er godt dokumentert og som reduserer sjukehusinnlegging, lunge-

infeksjonar og pusteproblem. Behand-linga gir med andre ord betre livskvalitet. I tillegg er best mogeleg behandling med medikament av stor betyding for så langt råd er å stabilisere sjukdommen. Fysisk trening, fysioterapi, ergoterapi og pusteøvingar gjer det lettare for pasi-enten å leve med sjukdomen. Helse Fonna har eit eige opplegg for rehabilite-ring av KOLS-pasientar.

dette er KolS

Hindre ForVerring: Regelmessig fysisk trening gjer det lettare å leve med KOLS

og førebygge at sjukdomen forverrar seg. På Helse Fonna sitt rehabiliteringskurs får

KOLS-pasientar opplæring i å drive med øvingar på eiga hand. Her er det

fysioterapeut Marit Jacobsen Åsheim som er instruktør.

12 13

Page 14: Helse på 1/2010

Pasientar med KOLS-diagnose vert tilvist til lærings- og meistringssenteret (LMS) frå poliklinikkar og fastlegar. Teamet ser gjerne at fleire med KOLS ber fastlegen sin om å få komme til senteret ved Hauge-sund sjukehus, som tek imot pasientar frå heile Helse Fonna-området. Mange KOLS-pasientar isolerer seg i heimen. Tung pust og svekka fysikk bidreg òg til at mange held seg heime. Slik kjem dei inn i ein vond sirkel.

brYTe Vond sirKel– Det er nettopp denne vonde sirkelen vi forsøker å bryte ved å invitere til kurs, slik

at KOLS-pasientar kan lære seg å meistre situasjonen på eiga hand, seier overlege Sverre Fluge, spesialist i lungemedisin som saman med overlege Knut Skaug, fysioterapeut Marit J. Åsheim og sjuke-pleiarane Anita Sampson og Tove Alsaker utgjer ein del av KOLS-teamet ved lærings- og meistringssenteret. Teamet har 10 års erfaring med å arrangere lungerehabiliteringskurs for KOLS-pasientar. Gruppa av fagfolk består av legar, fysioterapeut, sjukepleiarar med spesialutdanning i lungesjukdommar, ernæringsfysiolog, farmasøyt, sosionom og uroterapeut. Ein tidlegare kursdeltakar

er også med for å gi informasjon om kva som er viktig å halde fram med når kurset er gjennomført.

moTiVasjon er naudsYnTKOLS-pasientar blir inviterte til eit fem veker langt program ved lærings- og meistringssenteret to dagar i veka. Det er åtte-ti deltakarar på kvart kurs. Målet med kurset er å redusere symptoma, betre livs-kvaliteten og auke evna til å delta i dagle-glivets aktivitetar. Rehabiliteringsprogrammet vert til-passa den einskilde pasient sine behov og føresetnader. Det gir auka tryggleik for

KOLS er ei livslang liding, men trening og rett matstell kan førebygge at sjukdommen forverrar seg. Helse Fonna sitt KOLS-team hjelper årleg til med at minst 70 pasientar kan få eit lettare liv.

Kols-forverring kan førebyggast

enKle ØVingar: Fysioterapeut Marit Jacobsen Åsheim er med i

Helse Fonna sitt KOLS-team, som arrangerer kurs der mellom anna enkle

øvingar i gymnastikksal står på programmet.

14 15

Page 15: Helse på 1/2010

den kronisk sjuke å få auka kunnskap om korleis kvardagen kan handterast. Motivasjon er viktig. Mange med KOLS-diagnose vert passive. KOLS-teamet oppfordrar dei som har fått diag-nosen, og som enno er i arbeid, om å søke plass på lungerehabiliteringskurs.

Trening leTTar liVeTPasientane trener styrke og kondisjon kvar kursdag – ikkje berre i treningsrom saman med fysioterapeut, men òg ved å spasere og gå tur. Treninga går føre seg i grupper. – Mange trur at dei ikkje kan trene lenger og får ei aha-oppleving når dei får det til, fortel fysioterapeut Marit J. Åsheim. Det er lettare for KOLS-pasientar å meistre livssituasjonen dersom dei kan trene seg til betre fysisk form. Ved å styrke til dømes lårmuskulaturen vert det lettare å gå. Trening reduserer også tung pust, slik at ein kan vere meir aktiv med den lunge-kapasiteten ein trass alt har. Pasientane vert også opplært i rett pusteteknikk. Det er mykje som kan lærast, også rett matstell. Folk med alvorleg KOLS-liding blir lett brotne ned fysisk. Mange mistar

matlysta og går ned i vekt. Dei tapar muskelmasse og det blir vanskelegare å bevege seg. Eit fornuftig samansett kost-hald bidrar til at dei kan bygge seg opp att. Pasientar blir motiverte til å legge på seg. Hyppige, men små måltider med energirik mat gjer godt.

ein sTad Å Vende segLærings- og meistringssenteret motiverer

pasientane til å halde fram med fysisk trening når dei kjem heim att – og dei fleste gjer det. Fleire kommunar, som til dømes Karmøy og Haugesund, har gode treningsopplegg leia av fysioterapeut for å aktivisere KOLS-pasientar etter fullført lungerehabiliteringskurs.– Mange KOLS-pasientar føler seg ofte åleine. Ved å delta på rehabiliteringskurs vert ein kjent med andre som har same diagnose. For mange er det svært nyttig å utveksle erfaringar med folk som slit med det same problemet. Ved å delta på kurs via LMS blir ein kjent med fagfolk som kjenner til sjuk-domen. På den måten får ein også nokon å vende seg til med spørsmål og usikre kjensler etter gjennomført kurs.– Målet vårt er at di betre du kjenner din eigen sjukdom, di betre meistrar du din eigen livssituasjon. Du skal lære deg til å vite kva du tåler og kvar du må sette grenser, seier lungesjukepleiarane Tove Alsaker og Anita Sampson. Dei som vil vite meir om lungerehabi-literingskurs, kan søke på www.helse-fonna.no eller www.mestringssenteret.no

Trim nYTTar: Aktiv bruk av ergometersykkel er eit godt tiltak for KOLS-pasientar som vil førebygge at sjukdommen forverrar seg, men elles kan mykje bli oppnådd med enkle hjelpemiddel, fortel f.v. sjuke-pleiar Tove Alsaker, fysioterapeut Marit Jacobsen Åsheim, overlege Sverre Fluge og sjukepleiar Anita Sampson.

14 15

Page 16: Helse på 1/2010

I ein alder av 47 fekk han diagnosen KOLS, bømlingen Odd Bjarne Hovland. Han vart uførepensjonert og innstilte seg på eit liv i passivitet. Men så fekk han plass på Helse Fonna sitt lærings- og meistringssenter i Haugesund. Der vart han motivert til å lære seg å leve med sjukdommen og ikkje la seg slå ut. No er han i gang med eit lite firma.

Gnisten tilbake– og eit nytt liv

– Du kan trygt skrive at eg etter opphaldet i Haugesund ikkje berre fekk gnisten til-bake, men også eit nytt liv, seier Odd Bjarne Hovland i ein samtale med Helse På! heime i Langevåg.

TobaKK og sVeisegass– Medarbeidarane ved lærings- og meist-ringssenteret var fantastisk flinke med meg. Vi hadde mykje gymnastikk og anna fysisk trening, ikkje minst med tanke på korleis eg sjølv skulle halde meg i form når eg kom heim att. Like viktig var den psykiske påverknaden. Helse Fonna-folka tente gnisten i meg att. Eg fekk att opti-mismen og fekk eit nytt syn på livet. Opp-haldet ved sjukehuset gjorde at eg gjekk frå natt til dag. Eg vart motivert til ikkje å la meg slå ut av sjukdommen, men leve best mogeleg med den. Eg tør ikkje tenke på kva tilstand eg hadde vore i dersom eg ikkje hadde fått denne sjansen, seier Hovland. 53-åringen har arbeidd som sveisar og platearbeidar i verkstadindustrien i heile sitt liv. Før han vart uførepensjonert, arbeidde han som vaktmeister i Eidesvik Offshore ASA etter å ha fått vondt i eit kne

og ikkje kunne halde fram i industrien. Hovland rykte heilt til KOLS-diagnosen vart stilt. Han var rett nok ingen stor- røykar. Ei pakke rulletobakk heldt i fem dagar. Det vart 10 sigarettar om dagen, men i kombinasjon med avgassar frå sveisinga var det meir enn nok. Det var på den tida ikkje så mykje fokus på verne- utstyr ved sveising som i dag.

liV i moTbaKKe – Eg merka at noko var gale ettersom eg vart så fort trøytt. Eg var heilt gåen etter ein arbeidsdag. Eg fekk også lungebeten-nelse rett som det var. Humøret vart også påverka. Eg vart frustrert og rasande på meg sjølv fordi eg ikkje lenger dugde til noko, fortel Odd Bjarne Hovland. Medisinane verka ikkje og i 2006 vart eg uførepensjonert. Etter undersøking på Haugesund sjukehus var årsaka klar: Eg hadde fått KOLS. Eg opplevde livet som å gå i ein motbakke med nase og munn gjenklistra og så puste gjennom eit suge-rør. Men så fekk eg høyre om lærings- og meistringssenteret. Der fekk eg i tillegg til motivasjon og fysisk trening også dei rette

medisinane. Dei gjer at oksygenopptaket i kroppen no er så bra at eg ikkje treng sur- stoffapparat. Lærings- og meistringssenteret gjorde også noko med det indre i meg.

sÅ normalT liV som mogelegEg vil gjerne arbeide så langt kreftene rekk og har starta mitt eige enkeltpersons- føretak – Bømlo Transport og Rep/Service. Med varebilen hentar og bringer eg ting for folk. Eg driv òg med litt mekking, som til dømes å sette i stand motorsager og grasklipparar. Gamle mopedar tek eg òg hand om. Det er kjekt å ha noko å aktivi-sere seg med. Eg prøver å leve eit normalt liv, men kondisjonen er ikkje det den ein gong var. Eg blir fort sliten. Uthaldet er ikkje som før, men eg har tilpassa meg røyndomen – at eg har KOLS. Den blir eg aldri kvitt, men daglege medisinar og mosjon gjer at eg kan leve med sjukdommen. Eg klagar ikkje. Livet kunne ha vore så mykje verre – om det ikkje var for at eg vart pasient ved Helse Fonna sitt lærings- og meist-ringssenter og fekk ny livsgnist og eit nytt liv, seier Odd Bjarne Hovland.

KOLS-ramma bømling nøgd med rehabilitering:

16

Page 17: Helse på 1/2010

i aKTiViTeT: Odd Bjarne Hovland har lært

seg til å leve med KOLS. Han brukar ergometersykkelen kvar dag (til venstre).

Hovland likar å vere i aktivitet. Han mekkar i den vesle verkstaden sin og har òg starta

firmaet Bømlo Transport og Rep/Service.

16 17

Page 18: Helse på 1/2010

Det seier Trude Irene Botn frå Utsira. I hummarsesongen i haust troppa ho og sonen Runar opp på barneavdelinga med ein levande hummar som 6-åringen hadde fiska sjølv. Hummaren var uttrykk for Runar og familien si takksemd for den behandlinga han fekk som pasient. Det fall seg nemleg slik at overlege Heiko Bratke lurte på kva Runar interes-

serte seg for. Og då svaret var hummar- fiske, sa Bratke for spøk at ved eit passande høve måtte Runar ta med ein hummar til han òg.

KriTisK siTuasjonRunar tok overlegen på ordet og stilte på barneavdelinga med mor, ein eldre bror – og ein høgst levande hummar. Bratke

var på ferie den dagen, men hans kollega Grete Vigemyr tok imot hummaren på vegne av avdelinga, som sytte for at skal-dyret vart kokt og fryst til Bratke kom heim att. Det var i romjula i 2008 at Runar vart sjuk. Familien trudde først det var for-stopping sidan guten var stinn og opp-blåst. Dei kontakta lege for sikkerheits skuld.

– Vi er full av takksemd for den haldninga Runar vart møtt med då han var pasient ved barneavdelinga på Haugesund sjukehus. Der var ikkje Runar eit nummer i rekka, men ein liten gut som trong omsorg og oppfølging.

Hummar som takk for at personalet bryr seg

18 19

Page 19: Helse på 1/2010

Hummar som TaKK: 6-årige Runar Botn med sjølvfiska hummar, som i overlege Heiko Bratkes fråver vart teken imot

av overlege Grete Vigemyr. Til stades var også (frå venstre) mor Trude Iren, sjukepleiar Elin Margareth Ytreland, sjuke-

pleiar Anne Valen Westre og Runars to år eldre bror Markus.

Derfrå bar det til Haugesund sjukehus, der det vart fastslått at Runar hadde svulst på den eine nyra. Og ikkje nok med det: Svulsten hadde nesten vakse saman med levra og hjartet. Situasjonen var kritisk. Runars indre organ sto i akutt fare for å kollapse. Følgjene kunne bli fatale.

oppFØlging i HaugesundDerfor gjaldt det å reagere raskt – og det vart det. 27. desember var diagnosen klar på Haugesund sjukehus. 28. desember vart han overført til Haukeland universitets-sykehus. 29. desember kom han til Riks-hospitalet, der Runar 30. desember fikk sin første dose cellegift. Den virka nokså momentant. 6 kilo væske ble borte frå bukhola på halvanna døgn. Men den kreftangripne nyra måtte fjer-nast. Det vart ein stor operasjon for ein

liten gut. Operasjonen var vellukka, men behandlinga var ikkje over med det. Runar vart ført tilbake til Haukeland for meir cellegift- og strålebehandling. Seinare vart han overført til Haugesund sjukehus for oppfølging og endå meir cellegiftbehand-ling. Ein stor fordel ved å bli behandla på eit sjukehus nær heimstaden er at barna kan bu heime i lengre periodar mellom kurane. Slik var det òg med Runar.

personale som brYr segIkkje før 19. august var Runar heime att – kreftfri. Sidan har det gått bra med han. Runar har byrja på skulen og han har fått tilbake håret som vart borte under kreft-behandlinga. Guten er som før. Berre det lange operasjonsarret frå brystet og ned-etter magen til ut på sida av buken vitnar

om han har hatt ein stor operasjon og ei alvorleg liding. – Runar var innforstått med at sjuk-dommen var alvorleg, men forsto kanskje ikkje rekkevidda heilt ut. Vi har mykje å takke barneavdelinga ved Haugesund sjukehus for, seier Trude Iren Botn. – Avdelinga er ikkje større enn at per-sonalet kan ha merksemd til kvar pasient. Runar var ikkje eit nummer i rekka, men eit lite barn som trong omsorg og opp-muntring. Det fekk han. Vi er imponerte over dei haldningane som personalet møtte oss med. Legar og pleiepersonale viste at dei bryr seg og gjerne vil hjelpe til. All ære til barneavdelinga, som hjelpte til med å få Runar frisk og kjekk tilbake att, seier Trude Iren Botn.

god beHandling: Runar og Trude Iren Botn frå

Utsira tilbake på Haugesund sjukehus, der Runar fekk så god behandling og

merksemd at han møtte opp for å takke på sin spesielle måte.

18 19

Page 20: Helse på 1/2010

laboraTorieT – sjuKeHuseTsiTT HjarTe

40 000 i mÅnaden: Trine Båtsvik Grov er leiar for

laboratoriet ved Stord sjukehus. Utan eit velfungerande laboratorium vil eit

sjukehus stanse. Laboratoriet på Stord utfører 40 000 analysar

kvar månad.

20

Page 21: Helse på 1/2010

”Utan bilen stansar Noreg” fortel Lastebileigarforbundet. Tilsvarande kan seiast om laboratoriet si betyding for eit sjukehus. Laboratoriet er sjukehuset sitt hjarte.

– Medisinske laboratorium er grunn-leggande for all diagnostisering. Utan laboratorium ville sjukehusa stanse, seier klinikkdirektør Tomas Jonson, som er sjef for diagnostisk terapeutisk klinikk i Helse Fonna, og dermed ansvarleg for mellom anna laboratoria i helseføretaket. – Eit velfungerande laboratorium er eit fundament for all diagnostisering og medisinsk behandling, anten det dreier seg om indremedisin, kirurgi eller psyki-atri. I det siste tilfelle trengs til dømes analysar for å utelukke at sjukdom kan ha kroppslege årsaker. Laboratoria står sentralt også i pri-mærhelsetenesta. Halvparten av alle prøvane som vert analysert kjem frå fast-legane. Dermed nyt heile helsetenesta godt av sjukehuslaboratoria, understrekar Tomas Jonson.

Helse Fonna har laboratorium for medisinsk mikrobiolog ved Haugesund sjukehus. Dette er eit medisinsk fagfelt som tek for seg mikroorganismar som bakteriar, virus, sopp og parasittar. Dyrking og artsbestemming av bakteriar er viktig i samband med infeksjonar. Laboratorium for medisinsk biokjemi fins ved sjukehusa både i Haugesund, Odda og Stord. Sistnemnde har også an-svar for laboratoriet ved Valen sjukehus.

40 000 analYsar i mÅnaden Trine Båtsvik Grov er leiar for labora- toriet ved Stord sjukehus. Denne eininga har 16 tilsette. 15 av dei er bioingeniørar og den sekstande helsesekretær. Labora-toriet er bemanna (eller rettare sagt bekvinna – ettersom alle 16 er kvinner) heile døgeret, 365 dagar i året.

– Vi føler oss som ein integrert del av Stord sjukehus og inga utanforliggande eining. Laboratoriet arbeider i nærkontakt med dei behandlande avdelingane og dermed kjem vi også tett på pasientane, fortel Trine Båtsvik Grov. – Vi analyserer kroppsvæsker som blod, urin og leddvæske, av og til også avføring. Analysane blir ikkje berre gjort for at legane kan stille rett diagnose, men også for å overvake at behandlinga verkar. Vi handsamar om lag 4 000 prøvar kvar månad. Kvar prøve krev gjerne ei mengd analysar, slik at vi utfører rundt rekna 40 000 analysar i månaden. Halv-parten av oppdraga kjem frå legekontor utanfor sjukehuset. Vi analyserer det legane har bestilt og melder resultatet tilbake så snart analysen er klar. Labora-toriet vårt har som oftast klare analyse-svar raskare ferdig enn dei fleste større sjukehusa.

Hjelp For legane– Dei fleste prøvane er blodprøvar, som kan analyserast i mange variantar. Vi har her på Stord eit repertoar på om lag 50 ulike analysar. Ved sjukdom er det slik at enkelte stoff lek ut i blodet eller påverkar mengda av bestemte stoff i blodet. Det er mykje å finne ut, men vi analyserer berre på bestilling. Det går fram av be-stillinga frå legen kva vi skal vere på jakt etter i ein blod- eller urinprøve. Vår opp-gåve er å finne ut det legane er usikre på, slik at pasienten får rett diagnose og behandling. – Kva skjer når til dømes ein blod-prøve kjem til laboratoriet? – I mange tilfelle går glaset med blod-prøven rett i maskinen. Nokre gonger må blodet koagulere først og deretter sentrifugerast. Analysen skjer automa-tisk. Ein pipette tek opp små mengder frå glaset og maskinen analyserer innhal-det ut frå den bestillinga legen har gjort. Etter ein times tid resultatet klart. Analyser av avføring blir gjort i sam-band med mistanke om smittsame infeksjonar, diaré osb.

masKinane blir oVerVaKa– Urinprøvar kan påvise antistoff. Det vil seie at kroppen skil ut stoff i sjølvforsvar

mot infeksjonar. Ved å analysere desse antistoffa, kan legen klarlegge kva slags sjukdom det dreier seg om. Antistoff i urin kan analyserast hjå oss. Vi sender ulike antistoffpåvisningar i blod til Hau-keland universitetssjukehus. Dit og til laboratoria på Haugesund sjukehus sender vi også andre typar prøver som vi ikkje har utstyr for å handtere sjølve og som det ikkje hastar med.

Vi har også poliklinikk tilknytt labora-toriet. Dit kjem det mange ulike pasientar både frå legar ved Stord sjukehus, frå andre sjukehus og frå primærlegar i dis-triktet. Prøvane derfrå vert analysert av oss på laboratoriet på vanleg måte.

pasienTar Kan bu Heime– Dette er ofte regelmessige blodprøvar av kreftpasientar som blir behandla med cellegift. Vi tar prøvar, analyserer dei og sender svaret til vedkomande lege på Haukeland. Det gjeld å sjå om pasienten tåler behandlinga. Slik kan pasientar i Sunnhordland bu heime og sleppe å reise til Bergen for å ta blodprøvar. Eit moderne laboratorium er datastyrt, men maskinane er ikkje sjølvgåande og ufeilbarlege. Medarbeidarane kontrollerer med sin biofaglege kompetanse kvart analyseresultat som maskinane sender til dataskjermen før resultatet blir for-midla til legen. – Vi kontrollerer oss sjølve mot andre laboratorium i heile Norden, slik at arbeidet vårt blir kvalitetssikra, under-strekar Trine Båtsvik Grov.

mesT blod: Dei fleste prøvene som vert analysert er blodprøver, men også andre kroppsvæsker blir undersøkt.

ber om sVar: Datastyrte maskinar gir svar på dei spørsmåla som legane vil ha svar på. Personalet overvakar det heile.

20 21

Page 22: Helse på 1/2010

Kurs moT Vond rYgg

KViTT rYggplagene: Stein Solheim deltok på Trygg

Rygg-kurs ved Stord sjukehus for eit år sidan og er heilt kvitt ryggplagene sine.

Her studerer han ein ryggsøylemodell saman med behandlingsteamet. Frå venstre: fysioterapeut Anne-Cecilie

Bergesen Vatle, fagsjukepleiar Hilde Sørvik og idrettspedagog

Hilgjerd Molnes.

22

Page 23: Helse på 1/2010

Trygg Rygg er eit tilbod for folk som har vondt i ryggen og der plagene ikkje går over av seg sjølv. Etter eit kurs på to korte dagar kan pasienten verte i stand til å meistre situasjonen. Poenget er å gi tryggleik, slik at ryggen ikkje lenger er til hinder for aktivitet og arbeid.

Det er eit tverrfagleg team ved Stord sjukehus som står for rehabilitering av pasientar i heile Helse Fonna-området. Sidan starten for fire år sidan har meir enn 500 pasientar med ryggplager fått opplæring til sjølvmeistring. Tilbodet er det einaste i sitt slag på Vestlandet. Trygg Rygg er ikkje aktiv behandling, men opplæring basert på forsking og dokumenterte resultat. Etter tilvising frå fastlegen kjem pasienten først til indivi-duell undersøking hos overlege Åsmund Ekroll, som er spesialist i fysikalsk medi-sin og rehabilitering. Deretter tek dei andre i teamet over. Det er fysioterapeut Anne-Cecilie Bergesen Vatle, fagsjukepleiar med mastergrad i folkemedisin Hilde Sørvik, og idrettspedagog Hilgjerd Molnes.

opplÆring Til aKTiViTeTPasientane vert samla i grupper på seks til åtte deltakarar, som ein dag får teore-tisk undervisning om korleis ryggen er bygd opp og om dei ulike diagnosane for ryggplager. Dette blir gjort for at pasien-tane skal bli meir bevisste på kva som

gjer at dei plagast med ryggen og kva som kan gjerast for å meistre lidingane. Andre dagen er delt mellom teori og gruppeaktivitetar der deltakarane får opplæring i rørsler og øvingar som set dei i stand til å leve med plagene. Det skjer i gymnastikksalen gjennom ulike aktivitetar, tøying og avspenningsøvingar. Pasientane får etter tre veker også tilbod om ein individuell oppfylgjande samtale. Mykje nytt er skjedd innan forsking på ryggplager dei seinare åra. Før fekk folk med skiveutgliding beskjed om å ta det med ro. No er rådet det motsette: Vær i aktivitet! Mange held seg i ro av frykt for ikkje å bli verre, medan dei heller burde halde seg i aktivitet. Dei som er fysisk aktive kjem seg raskare tilbake enn dei som ikkje er det. Erfaringane og tilbakemeldingane er jamt over svært gode. Mange gir uttrykk for at det er synd at dei ikkje vart tilvist til Stord sjukehus tidlegare. Langt frå alle fastlegar er klar over dei gode rehabilite-ringsresultata.

deT Hjelper Å ForsTÅ46-årige Stein Solheim frå Stord hadde 20 behandlingar hos fysioterapeut og kiropraktor då han fekk Trygg Rygg- opplæring. – Ikkje eit vondt ord om desse fagfolka, men behandlinga deira hjelper ikkje alle. På Stord sjukehus fekk vi sakleg informa-sjon og opplevde at personalet snakka med oss, ikkje berre til oss. Det er til stor hjelp å forstå korleis ryggen fungerer. Det gir tryggleik. Eg har ikkje lenger otte for å gjere bestemte ting.– Kursdagane på Stord sjukehus var til avgjerande hjelp. Eg har ikkje merka noko til plagene etter kurset. Det er svært viktig å være bevisst på lidingane sine, seier Stein Solheim, som deltok på Trygg Rygg-kurset for eit år sidan. Trygg Rygg er eit enkelt opplegg. Når erfaringane er så gode, tyder det på at slagordet ”Det enkle er ofte det beste” kan gjelde i helsesektoren òg.

2322

Page 24: Helse på 1/2010

Slik beskriv journalist Sjur Tjelmeland til-høva i tidlegare tider. Valen sjukehus i Kvinnherad er 100 år i år og Tjelmeland har førd jubileumsboka i pennen. ”I det trygge huset” er tittelen på boka, som er ei annleis jubileumsbok. Boka skildrar sjukehuset gjennom omtale av pasientar, intervju med tidlegare pasien-tar og med fagfolk på sjukehuset. Dermed har boka vorte personleg og direkte. Valen vart starta som asyl. I dag er Valen eit sjukehus. Psykiatrien har utvikla seg kolossalt på 100 år – frå rein oppbevaring

av menneske som ikkje kunne fungere i eit ope samfunn og til i dag der pasientane får behandling av høgt kvalifiserte fagfolk. Asylet utvikla seg til sjukehus. Synnøve Solbakken har permisjon frå stillinga si som psykisk hjelpepleiar ved Valen sjukehus så lenge ho er ordførar i Kvinnherad. Ho er oppteken av at sjuke-huspersonalet må sjå einskildmennesket i kvar pasient. Alle har eit potensial for å få det betre. Slik er det på Valen, der godt skolerte medarbeidarar med lang erfaring er opptekne av individuelle opplegg ut frå

kvar enkelt sine føresetnader. – Valen sjukehus går inn i jubileumsåret med så mykje godt i seg at eg ikkje fryktar for sjukehuset si framtid, seier Synnøve Solbakken. Psykolog Bjørn Ree har arbeidd på Valen i over 30 år og omtaler Valen som eit moderne sjukehus. – Mykje ligg til rette for at sjukehuset vil halde fram med å vere ein topp institusjon. Valen har høve til å spesialisere seg endå meir og få spisskompetanse på viktige område. Aukande stoffmisbruk gjer at stadig fleire

– Å kome på Valen var noko av det verste som kunne skje eit menneske. ”Han har vore på Valen!”. Ryktet var som eit stempel i panna, noko det ikkje var lett å bli kvitt. Den som var psykisk sjuk, vart i tidlegare tider gøymd vekk i familien så lenge det var råd. Når sjukdomen herja som verst og foreldre eller andre pårørande ikkje lenger rådde med den sjuke, vart pasienten sendt til Valen.

Valen i Hundre

24

Page 25: Helse på 1/2010

blir psykisk sjuke. Valen har mange føre-setnader for å kunne gjere behandling av slike pasientar til eit spesialområde, seier Bjørn Ree. Jubileumsboka er berre eitt av fleire tiltak i høve 100-årsjubileet, som vert markert på ulike måtar gjennom jubileumsåret. Sjå intervju med Sjur Tjelmeland, Synnøve Solbakken og Bjørn Ree på dei neste sidene.

JubileumsbokaHelse Fonna markerer Valen sjukehus sitt 100 års jubileum med å utgi jubileumsboka: “I det trygge huset - Valen sjukehus gjennom hundre år”.

Boka fortel om livet innanfor dørene på Valen sjuke-hus og set fokus på mange av pasientane si oppleving av Valen.

Bestill boka her: www.helse-fonna.no Selges også i resepsjonen på Valen sjukehus.Tilsette i Helse Fonna får 25% rabatt.

pris kr. 399

Valen-TilKnYTT: Ordførar Synnøve Solbakken, psykolog Bjørn Ree (i midten) og journalist

Sjur Tjelmeland har på ulikt vis ei tilknyting til Valen sjukehus.

2524

Page 26: Helse på 1/2010

Valen sjukehus vart grunnlagd for 100 år sidan som Valen asyl. Asyl tyder tilfluktsstad og slik var namnet dekkande: Valen var ein stad for oppbevaring av folk som ikkje klarte seg på eiga hand. På desse hundre åra har Valen gjennomgått ei grunnleggande endring. Valen er ikkje lenger eit asyl, men eit sjukehus der sjuke menneske får medisinsk behandling.

Asylet vart sjukehus

Journalist Sjur Tjelmeland i Kvinnheringen har skrive jubileumsboka med tittelen ”I det trygge huset”. I det ligg at Valen skulle skape tryggleik i urolege sinn med det mål at pasientane òg kunne bli trygge nok på seg sjølve til å fungere utanfor sjukehuset. Tjelmeland har ikkje skrive ei tradisjonell historisk framstilling med bruk av styre-dokument og offentlege utgreiingar som kjelder. Han har i staden dukka ned i gamle pasientjournalar for å skrive om tidlegare tiders pasientar. Mange vart verande der livet ut. Og så har han intervjua nolevande pasientar som har vore og er på Valen, nokre av dei er utskrivne. Intervju med fag-folk er det òg. – Kvifor denne forteljeteknikken, Sjur Tjelmeland? – Det er for å komme folk nærare inn på livet. Eg har valt å skrive om menneske og deira liv, ikkje om saker. Slik har eg prøvt å teikne eit verbalt bilete av Valen gjennom 100 år ved å la pasientlagnader spele hovud- rolla.

arbeid som TerapiValen byrja som asyl, ein stad å vere. Her fekk pasientane hus, mat og omsorg. Valen var eit stort gardsbruk, der pasientar som var i stand til det deltok i gardsarbeidet.

Mange gjorde manns jobb ute, medan andre var sengeliggande. Konrad Lunde, som var direktør i 41 år frå 1925 til 1966, hadde stor tru på arbeidsterapi. For han var det viktig å få folk i arbeid, ute som inne. På 1930-talet vart sjokk teke i bruk som behandlingsform – først ved bruk av medi-kamentet cardiazol og seinare som elektro-sjokk. Medikament vart teke i bruk i noko omfang først etter 2. verdskrig. Då fekk pasientar som trengte det beroligande middel. Pasientane fekk det betre med seg sjølve og kunne i mange tilfelle bu utanfor institusjonen. Gjennom åra er det utvikla stadig betre medisinar, som òg har mindre biverknader.

godT Fagleg miljØ– Kva med forholdet mellom pasientar og personale? – Det er heilt annleis no enn før. På det meste hadde Valen 500 pasientar, no er det færre enn 75. Fram til 1970-talet var Valen ein stad pasientar budde i store delar av livet. Det var mest ikkje kommu-nale tilbod. For folk som ikkje kunne ta vare på seg sjølve eller hadde familie som kunne hjelpe til, var Valen einaste tilbodet. Med langt færre pasientar og fleire fag-folk, vart tilhøvet til pasientane annleis.

Det vart etter kvart innført samtaleterapi – først som prat over kaffikoppen utan å kalle det terapi, seinare i strukturerte og formelle former. På 70-talet kom dei første psykologane til Valen og etter kvart også sosionomar. Saman med psykiatrane og pleiepersonale med lang erfaring, skapte dette eit heilt annleis og betre grunnlag for medisinsk behandling av sjuke menneske. Valen har eit svært godt fagleg miljø.

TÅlmod og omsorgseVnePasientane bur langt betre no enn før, då det kunne vere opptil 60 pasientar i kvar etasje og 12 senger på kvar sovesal. Eit lite nattbord var det einaste private. No har alle einerom med bad, toalett og rom for private ting. Velferds- og aktiviseringstilboda er langt meir omfattande og varierte. Utviklinga av Valen – frå asyl til sjuke-hus – er eit spegelbilete av samfunnet utan for. Hit kom, og kjem, folk frå alle samfunns- lag. Mange er reflekterte menneske, som har fått det vanskeleg i livet og som treng hjelp til å kome seg på beina att. Eg beun- drar personalet på Valen for deira omsorgs- evne og tålmod. Dei tilsette møter pasientane med respekt – og det verkar, seier Sjur Tjelmeland.

pasienTar ForTel: Journalist Sjur Tjelmeland lar tidlegare pasientars lagnader og nolevande pasientar og tilsette

fortelje historia om Valen sjukehus gjennom 100 år.

26 27

Page 27: Helse på 1/2010

KValiTeT: Ordførar og psykiatrisk

hjelpepleiar Synnøve Solbakken har vore med på ei utvikling der behandlings-tilbodet på Valen sjukehus er vorte mykje

betre. Ho meiner Valen har kvalitetar som gjer at ein ikkje treng å

frykte for sjukehuset si framtid.

– Vi mÅ sjÅ KVar einsKild

synnøve solbakken er ordførar i Kvinnhe-rad med permisjon frå Valen sjukehus, der ho har vore tilsett i 28 år som psykia-trisk hjelpepleiar. Ho omtaler sjukehuset som ein fantastisk arbeidsplass.

– I psykiatrisk helsestell er det avgjerande viktig å sjå kvar einskild pasient. Dei er sjuke, ja vel, men mange av dei har res-sursar. Dei syng, teiknar, skriv dikt og skriv bøker. For personalet er det naudsynt å sjå kva potensial den einskilde pasienten har og så legge til rette eit individuelt behandlingsopplegg ut frå kvar enkelt sine føresetnader og det ein kan meistre, understrekar Synnøve Solbakken.

beHoV For Valen sjuKeHus– Og det meiner eg blir gjort på Valen. Her er det eit svært dyktig personale med lang erfaring. Valen har alt det som skal til for å utvikle endå betre behandlingstil-bod. Det har sine sider å sentralisere psy-kiatrisk omsorg til byane. Pasientar flest har det betre på landet, der ein i vakker natur og roleg miljø kan få eit betre liv og friskne til ved hjelp av fagleg god behand-

ling. Behovet for rusomsorg er veksande, og på landet er ikkje risikoen for tilbake-fall så stor som i byane. Eg vonar det blir utvikla og etablert eit nytt tilbod for rus-avhengige psykiatriske pasientar på Valen. Valen er eit moderne og godt drive sjuke- hus. Behandling utanfor sjukehuset er bra for nokre og mindre bra for andre – i alle høve dei som manglar nettverk og familie. Mange blir verande åleine og ein-same. Derfor trengs Valen for å gi om-sorg og tryggleik. Det siste er svært viktig for vellukka behandling.

oppmoding Til aKTiViTeT– Sjukehuset har endra seg mykje i dei åra eg har vore tilsett – frå sjukehus til del av helseføretak under Helse Vest-paraplyen. Behandlinga er mykje betre enn før. Det har vore ei rivande utvikling av nye medi-kament. Forholdsvis færre enn før er inn-lagd med tvang. Det blir gjort avtale med pasienten om frivillig innlegging. I den grad det er mogeleg, får pasienten også høve til å påverke behandlinga. Dette er ei utvikling til det betre. Det vert lagt langt meir vekt på motiva-

sjon enn før. Pasientane vert stimulert og oppfordra til å aktivisere seg. Det gjeld å feste blikket og få nye inntrykk og andre tankar i hovudet.

FrYKTar iKKje FramTida– Aktivitetstilbodet har vorte mykje betre på desse åra. Det er òg viktige tiltak for å få gjort pasientar friskare. Det vert gjennom-ført langt fleire turar og reiser enn før. Det er mykje opp til pasientane sjølve å delta i aktivitetar. Mange vil gjerne vere i fred for å få ro, men det er ikkje alltid til beste for den sjuke. Sjølvvalt er ikkje alltid velvalt. Det er lettare enn tidlegare å gå på skule. Tapt skulegang kan kompenserast. Personalet er flinke til å legge til rette for utdanning som samsvarer med den eins-kilde sine behov. Valekrossen skule gir pasientane eit løft. Valen sjukehus går inn i jubileumsåret med så mykje godt i seg at eg ikkje fryktar for sjukehuset si framtid, seier ordførar og psykiatrisk hjelpepleiar Synnøve Sol-bakken.

26 27

Page 28: Helse på 1/2010

spissKompeTanse:

Aukande misbruk stiller psykisk

helsevern overfor nye utfordringar.

Psykolog Bjørn Ree meiner Valen sjuke-

hus har gode føresetnader til å utvikle

medisinsk spisskompetanse på

dette området.

Det er psykolog Bjørn Ree som seier dette. Han har arbeidd på Valen sjukehus sidan 1978 og var i 25 år sjefpsykolog. Då Folgefonn distriktspsykiatriske senter vart skilt ut som eiga eining, fylgde Ree med og har dei siste åra leia poliklinikken både på Valen og på Odda sjukehus. Han har framleis ein del med døgnpostane på Valen å gjere.

beTre oppFØlging – Korleis har Valen sjukehus endra seg på dei 31 åra du har vore her? – For det første arbeider vi nå på to nivå: Valen sjukehus og Folgefonn distrikts-psykiatrisk senter. Den desentraliserte behandlinga i Helse Fonna-området har gjort at talet på pasientar som er innlagde på Valen sjukehus er gått ned frå 300 då eg kom hit og til i overkant av 50 i dag. Tidlegare var det mange som vart buande her, sjølv om aktiv behandling var avslutta. Det var ikkje noko fagleg grunnlag for å behalde dei som pasientar, men kommu-nane mangla tilbod. Bygningsstandarden på Valen er også mykje betre. No kan pasientane trekke seg tilbake og ha eit privat liv på sitt eige rom. Behandlingsmessig er det skjedd endingar i bruken av medikament. Medisinane er

blitt betre og har færre biverknader. Sam-stundes blir medisineringa betre kontrollert og fylgd opp enn tidlegare.

meir spesialisering– Og så er det blitt fleira psykologar? – Ja, og psykologane er likestilt med psykiatrane, bortsett frå det som har med legemiddel og kroppslege sjukdomar å gjere. Nå er også psykologar kome i leiar-posisjonar. Sjølve psykologstudiet er endra frå det meir forskingsbaserte til å bli meir klinisk og pasientretta. Dermed er psykisk helsevern ein attraktiv arbeids-plass for psykologar. Dette gir meir profe-sjonalisering og auka spisskompetanse. Psykologane har ulike rollar. Samtale- terapi er kanskje den viktigaste, men testing av evner og personlege føresetnader er òg ei viktig oppgåve.– Valen sjukehus i framtida?– Sjukehuset har fått høve til å spesiali-sere seg. Tryggleiksposten tar hand om dei det er vanskelegast å ta hand om. Her er det pasientar som treng langt tid på å kome seg. Dei må få tid og rom til å utvikle seg og alle passar ikkje inn i standardi-serte opplegg. Her møter pasientane eit godt kvalifisert og omsorgsfullt personale.

auKande sToFFmisbruKLangvarig rusmisbruk gir stadig meir skræmande psykiske verknader. Vi får inn 20-åringar som har vore rusmisbrukarar i fem-seks år. Slike pasientar krev langvarig og omfattande behandling – og meir res-sursar. Langvarig rusmisbruk kan utvikle psykiske lidingar som ikkje slepp taket. Årelang bruk av hasj gir alvorlege skader. Vi har hatt til behandling fleire hasjmis-brukarar som har vorte psykotiske eller fått anna alvorleg personlegdomsforstyrring.Aukande stoffmisbruk gjer at stadig fleire blir psykisk sjuke. Valen har mange føre-setnader for å kunne spesialisere seg på behandling av slike pasientar.

senTralinsTiTusjonEg ser lite som vil rokke ved Valen sjuke-hus si rolle som sentralinstitusjon i Helse Fonna, særleg når det gjeld behandling av psykosar, pasientar som treng langvarig rehabilitering, trygg omsorg for dei som er dømde til forvaring og dessutan stå sentralt for å yte akutt hjelp, til dømes dei som blir tvangsinnlagde. Alt dette krev godt kvalifisert og motivert personell, og det har Valen sjukehus, seier psykolog Bjørn Ree.

eiT moderne sjuKeHus

– Valen er eit moderne sjukehus. Mykje ligg til rette for at sjukehuset vil halde fram med å vere ein topp institusjon. Valen har høve til å spesialisere seg endå meir og få spisskompetanse på viktige område.

returadresse: Helse Fonna HFPostboks 21705504 Haugesund

28