helse på 1/2011

7
Kosteleg! Frå sommarjobb til seksjonsleiar Portrettet » Svein Oddvar Moen Fagforeiningane På nett med kvinner i Sunnhordland Forsking » Arvid Rongve HMS-hjørnet 5 i korridoren Min gode kollega HELSE FONNA / MARS 2011 Min gode kollega!

Upload: helse-fonna

Post on 09-Mar-2016

222 views

Category:

Documents


1 download

DESCRIPTION

Kva skjer i Helse Fonna?

TRANSCRIPT

Page 1: Helse på 1/2011

Kosteleg! Frå sommarjobb til seksjonsleiar Portrettet » Svein Oddvar Moen

Fagforeiningane På nett med kvinner i Sunnhordland Forsking » Arvid Rongve

HMS-hjørnet 5 i korridoren Min gode kollega

HELSE FONNA / MARS 2011

Min gode kollega!

Page 2: Helse på 1/2011

2 Helse På! / Internmagasin 3

For om lag 20 år sidan var Maren og Elisabeth sommar-vikarar på Valen. No er dei nye seksjonsleiarar same stad.

- Eg hadde ingen ambisjonar om å bli leiar då, seier Maren Elise Skogseth og ler. - Kva med kollega Elisabeth Anuglen Kalsås?- Nei, ikkje eg heller.

Dei to tar no over etter Gunn Tove Petterteig og Marianne Lund Anderssen. Petterteig har gått over til ny stilling som kommunalsjef i Kvinnherad kommune, medan Lund Anderssen er tilsett i ei prosjektstilling som direktør for klinikk for psykisk helsevern ut 2011.

ErfarneDei nye seksjonsleiarane meiner det er lagt eit solid grunnlag for dei.- Forgjengarane våre har skapt eit godt miljø som vi skal vidareføre, seier Maren. - Og så har vi gode kollegaer som er med og hjelper oss til å gjere ein god jobb.Sjølv har dei vore ein del av miljøet på Valen i over to tiår. Elisabeth starta då ho

var ferdig med sjukepleiarutdanninga for 20 år sidan, medan Maren starta då ho var ferdig med utdanninga si året etter. Heilt utan erfaring frå leiarrolla er dei ikkje. Begge har vikariert som seksjonsleiar før.- Det er spennande å ha ei slik rolle – å få vere med å leggje til rette for korleis ein ønskjer at det skal vere, seier Maren. - Vi får også innblikk i mykje og kan sette vårt preg på det som skjer. Vår oppgåve er ikkje berre å forvalte det som er, seier Elisabeth og legg til:- Samtidig kan ein ikkje gjere alle til lags, og det kan av og til vere vanskeleg å kjenne på.

Gler segNår Helse på treff dei i midten av februar, er det første dag i ny jobb for Elisabeth. Maren har allereie vore ei veke i jobben.- Så eg er nok litt meir erfaren, spøkar ho.At det blir ein ny og travel kvardag skremmer ikkje.- Eg trivst her på Valen, og ser fram til å ta fatt på jobben, seier Elisabeth.- Eg gler meg til å gå på jobb, eg, konstaterer Maren.

Frå sommarjobb til seksjonsleiar

NYE SEKSJONSLEIARAR VED VALEN SJUKEHUS

Elisabeth Anuglen Kalsås (42)• Kjem frå jobb som funksjonsleiar ved aktivitetsposten• Bur på Sunde, gift, to søner

Maren Elise Skogseth (43)• Kjem frå jobb ved rehabilitering, seksjon for sikkerheit• Bur på Valen, gift, to døtrer og ein son

Kliniske ernæringsfysiologar er autorisert helsepersonell som driv kost- og ernæringsbehandling. Utdanninga er ein 5-årig mastergrad med spesialisering innan klinisk arbeid. Pasientar kan ha spesielle ernæringsbehov knytt til sin sjukdom: Diabetes, hjerte- og karsjukdom, lungesjukdom, cøliaki og andre mage- og tarmsjukdommar, matvareallergi og -intoleranse, underernæring, kreft, nevrologiske sjuk-dommar eller gastrisk bypass.

Arbeidet vårt er både førebyggjande og behandlande. Vi gir kostrettleiing og opplæring til både pasientar og pårørande, anten individuelt eller i grupper i regi av LMS. Vi vurderer pasienten sin ernæringsstatus og set i verk tiltak knytt til behandling (spesialkost, næringsdrikk, sonde- og / eller intravenøs ernæring). I tillegg til det pasientretta arbeidet, bidrar vi til opplæring og rettleiing av helsepersonell.I samband med kvalitetssatsinga i Helse Vest har vi fått midlar til eit prosjekt innan underernæring. Målet med prosjektet er å innføre eit screeningverktøy for å identifisere og behandle underernæring blant innlagte pasientar. I dag har vi ikkje gode nok rutinar for å identifisere alle pasientar som er underernærte eller som er i risikosonen. Mellom 10 - 60 % av alle pasientar som blir lagt inn på sjukehus har risiko for underernæring. Desse pasientane har auka risiko for komplikasjonar, redusert motstand mot infeksjonar, forverra fysisk og mental funksjon, redusert livskvalitet og auka dødelegheit. Underernæring gjer at det tar lengre tid før pasienten kjem seg, og kan slik forlengje liggetida. Ernæringsscreening og god ernæringsbehandling vil gi betre pasientbehandling og auka livskvalitet, men òg større behandlingskapasitet og god utnytting av helsekronene.

Helse Fonna sine tre kliniske ernæringsfysiologar; Marianne H. Wennersberg, Inger Helene Kvala og Eli Moksheim vil i kvart nummer av Helse på fortelle om arbeidet dei gjer i spalta Kosteleg! Dei gir gode råd om kost og ernæring til pasientar – og tilsette.

Ansvarleg utgiver: Helse Fonna HF E-post til redaksjonen: [email protected] Tekst: Stina Steingildra & Eirik Dankel Foto: Eirik DankelLayout: ABACUS Kommunikasjon AS Trykk: Senter Grafisk AS

Helse på er Helse Fonna sitt internmagasin. Du kjenner nok igjen bladet frå tidlegare – då var pasientar og pårørande målgruppa. No har Helse på fått ny drakt og eit nytt publikum: Deg! Helse på kjem fire gonger i året. Ta gjerne kontakt med redaksjonen om du har innspel.

Kosteleg!

Risiko for underernærte

Page 3: Helse på 1/2011

4 Helse På! / Internmagasin 5

Arsenal vant 5-1. - Eg såg eit opptak av den kampen etterpå, og blei først då slått av lydnivået frå tribunen. Eg hadde jo vore der sjølv, men eg er så fokusert på jobben eg gjer at eg stengjer det andre ute.

Dei første åra i Tippeligaen fekk den unge dommaren stempel som arrogant blant både spelarar, trenarar og supportarar. - Når du er heilt ny er du usikker. Då har du to val: Du kan leggje deg flat – det er det same som å seie takk for seg – eller du kan kompensere med å bli tøff. Då er det lett å bli oppfatta som arrogant.

Svein Oddvar smiler frå stolen sin. Heile tida smiler han. Og svarar kjapt, stødig og vennleg på alle spørsmål. Det er nesten til å bli irritert av. 32-åringen er solbrun, tilbakelent, nyklipt, har eit fast håndtrykk og svarar «Kan skjøna det!» på alle førespurnadar.«Ein fin og positiv fyr» seier ein sportsjournalist i Haugesunds Avis. «Positiv og alltid i godt humør» seier ambulansemakker gjennom fem år. «Positiv og engasjert» seier sjefen. På spørsmål om korleis han trur vener og kjente omtalar han, svarar Svein Oddvar: - Eg trur dei kallar meg positiv. Kan skjøne det.

Dei to yrka må ligge høgt på lista over verdas mest stressande. Kven er det som vel eit slikt liv? For mange av oss er det stressande nok å finne ut kva vi skal ha til middag. Sjølv meiner tobarnsfaren at han er ein heilt vanleg mann.

Denne heilt vanlege mannen begynte som ein heilt vanleg fotballspelar. Som 13-åring fekk han prøve seg som dommar i Haugar sin Vintercup og vegen til toppen blei kort. Han fekk dømme sin første Tippeliga-kamp som 24-åring. I 2005 blei han den yngste FIFA-dommaren i Europa, og fire år seinare nådde han målet om å få dømme ein cupfinale før han blei 30. I dag er han i UEFA sin elitekategori for dommarar og dømmer kampar i Champions League – turneringa der dei beste klubblaga i Europa møtast.

Knallhard trening- Eg er eigentleg ikkje så interessert i fotball.

Han seier det som om det ikkje var noko merkeleg med det.- Sjølve spelet interesserer meg, men spør du meg kven som ligg kor på tabellen halvvegs inn i Tippeligaen, kan eg ikkje svare.Å kunne tabellplasseringar på rams er heldigvis ikkje eit kriterium for å dømme kampar på høgaste nivå. Det er derimot fysisk og mental form.- Vi har ein heilt fantastisk trenar, Atle Kvålsvoll. Han er forresten fysisk trenar for Thor Hushovd òg. Jamleg rapporterer vi på krav frå Fotballforbundet: Styrke, kondisjon, puls. Det krev knallhard jobbing å halde seg på dette nivået. Han dunkar i lufta med knyttneven for å underbyggje «knallhard», og legg til: - Og litt flaks.

To tomme henderFysikken gir utteljing i jobben som ambulansearbeidar òg. Det er mange tunge løft, pasientar som skal opp på ei båre, ei båre som skal ned ei trong trapp. Musklar, det kan vel kven som helst trene opp. Kva med det mentale? - Dei verste ulukkene med store traume er heldigvis sjeldne, seier Svein Oddvar. - Men når dei skjer, er vi profesjonelle og gjer jobben vår. Det har noko å gjere med rolla ein har. Slike ulukker er mykje tøffare å takle som privatperson. Då hamnar du heilt uførebudd i situasjonen og har

ikkje anna enn to tomme hender. Når vi rykker ut på oppdrag, veit vi på førehand kor vi skal og kva som har skjedd. Vi kjem til staden med ein bil full av avansert medisinskteknisk utstyr og vi veit kva vi skal gjere.I møte med situasjonar der liv står på spel, blir kanskje ikkje misnøgde supportarar så farleg likevel. Sjølv ikkje dei som meiner han er «sendt fra hælvete for å ødelegge norsk fotball» eller sender drapstrugslar i posten.

Moen si oppskrift på å takle stressande situasjonar er grundig førebuing.- Eg likar ikkje å gå ut i noko og kjenne meg utrygg. Vi er alltid godt førebudd til kampar. Vi studerer spelemønster og hentar informasjon om spelarane. Den mentale treninga kjem godt med. Vi driv konsentrasjonstrening med ulike øvingar. Ei slik øving kan vere å sjå på ei kule som heng frå taket og pendlar fram og tilbake. Så må vi følgje kula med augo utan å flytte på hovudet, samstundes som vi svarer på spørsmål og det er masse støy rundt oss.

FokusertKonsentrasjonstreninga ser ut til å fungere. I oktober i 2010 dømte han sin andre Champions League-kamp då Arsenal tok i mot ukrainske Shakhtar Donetsk på Emirates Stadium. Heimepublikummet talte over 60 000 og

Ein heilt uvanleg mann

Éin dag jobbar han for å redde liv. Den neste blir han sjølv truga på livet. Kontrastane er store i livet til Svein Oddvar Moen, ambulansearbeidar og fotballdommar på verdas høgaste nivå.

Portrettet » Svein Oddvar MoenNamn: Svein Oddvar MoenAlder: 32Sivilstatus: Gift, to barn på snart 5 og 9Yrke: Ambulansearbeidar og fotballdommarHøyrer på: RadioLes: Aviser, likar å halde meg oppdatert. Burde sikkert lese meir, sidan eg flyr så mykje...Forbilde: Mine barnDet beste med å jobbe i ambulansen: Å få bidra til å hjelpe andre menneske og det at ingen dagar er like.

Page 4: Helse på 1/2011

6 Helse På! / Internmagasin 7

- Vi veit at mange som ventar barn i stor grad bruker internett til å skaffe seg informasjon, mellom anna om aktuelle fødeavdelingar.Det seier funksjonsleiar og jordmor ved seksjon for føde / barsel / gynekologi på Stord, Isabel Solvang Tofte.

- På diskusjonsforuma finn dei personlege historier om korleis fødslar har gått føre seg – historier som ofte skremmer meir enn dei hjelper. Dette ser vi døme på når kvinnene kjem til oss. Vi trur auka fokus på god informasjon frå oss til brukarane vil klargjere og avmystifisere tema som opptar dei.

Pussar opp på nettSaman med seksjonsleiar Norunn Svarstad har Isabel evaluert seksjonen sine nettsider. Dei tok kontakt med kommunikasjons-eininga med forslag til korleis sidene kunne bli betre. Mellom anna har teksten blitt meir informativ og enklare å finne fram i, og forhold som er viktige for dei som skal føde, som at seksjonen er mor / barn-vennleg og har tilbod om familierom, kjem no tydeleg fram. Kommunikasjonseininga har vore på besøk i avdelinga for å

På nettmed kvinner iSunnhordland Gravide kvinner er storbrukarar av diskusjonsfora og informasjon om graviditet og fødsel på nett. Fødeavdelinga ved Stord sjukehus har tatt eit tak for å komme dei vitelystne i møte.

Fagforeiningane

Helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen krev at sjukehusa gjer om deltidsstillingar til heiltidsstillingar neste år. Målet er at færre sjukepleiarar skal jobbe ufrivillig deltid. Sjukehusa skal i løpet av 2011 ha redusert bruken av deltidsstillingar med 20 %.I følgje Spekter jobbar kun 48 % av sjukepleiarane fulltid. Desse utgjer i dag ein arbeidskraftreserve det er stor bruk for i sjukehusa framover. Dei utgjer òg eit alternativ til innleigde sjukepleiarar frå bemanningsføretak. Norsk sykepleierforbund (NSF) set stor pris på utspelet frå helse-ministeren.

Mange sjukepleiarar arbeider ufrivillig deltid. Dette skaper usikkerheit rundt inntekt og mange må ta ekstravakter for å ha ei leveleg inntekt. Behovet for sjukepleiarar aukar, og kjem til å auke meir i nær framtid. NSF har lenge jobba for at våre medlemmer skal ha moglegheit for full stilling. Fulle stillingar vil bidra til betre kontinuitet i pasientbehandlinga, større sikkerheit for sjukepleiarar og andre helsearbeidarar, og vil gjere det lettare å rekruttere neste generasjon sjukepleiarar. Helse Fonna har interne retningsliner for deltid. Vi har i desse dagar begynt arbeidet med å evaluere desse for å sjå om dei har hatt ønska effekt for deltidsproblematikken i føre-taket. I følgje styringsdokument 2010 til Helse Vest skal deltid rapporterast. Vi venter på ferske tall herfrå. Tillitsvaltsapparatet får stadig spørsmål frå medlemmer som ønskjer å auke si stilling. Vi bistår medlemene og synes det er flott at så mange er opptatt av dette.

NSF vil delta aktivt i prosessane for å sikre det beste for medlemene.

Tove Martha H. Callaghan, føretakstillitsvalt NSF, Helse Fonna

I kvart nummer av Helse på får ein av fagforeiningane denne spalta til disposisjon.

ta gode bilete som kan formidle stemning, arbeidsmiljø, lokalar og deler av det helsefaglege tilbodet.

- Førstegongsfødande eller kvinner som nettopp har flytta hit er nysgjerrige på korleis det er og ser ut der dei skal føde. Med fritt sjukehusval har vi òg pasientar som vel å kome til oss for elektive inngrep eller dagtilbod innan gynekologi. Vi vil tilby dei god informasjon også før dei kjem til oss.

Isabel og Norunn håper dei nye sidene vil tilfredsstille brukarane sine forventningar til informasjon. I framtida ser dei føre seg fleire funksjonar, som e-postkontakt mellom brukar og behandlar, og informasjon om prosedyrane ved seksjonen.

NSF er opptatt av at du som medlem skal ha rett til full stilling

www.helse-fonna.no – betre med di hjelp!Internett er ein viktig kommunikasjonskanal for Helse Fonna. På www.helse-fonna.no skal pasientar og pårørande få god informasjon om tilbodet i føretaket. Kommunikasjons- eininga skal sørgje for god kvalitet på nettet og treng innspel frå deg. Ta kontakt med leiaren din om du har gode forslag til betring for di eining sine nettsider. Takk for hjelpa!

Page 5: Helse på 1/2011

8 Helse På! / Internmagasin 9

Om lag 60 personar tok turen til Universitetet i Bergen for å høyre på; venner og familie, kollegaer frå Stavanger, Bergen, Haugesund og nokon spesielt interesserte frå Oslo. - Eg er strålande fornøgd med disputasen. Komitéen hadde gjort ein god jobb og laga ei fin innstilling, og eg fekk gode spørsmål. Nokon av dei oppmøtte ønska til og med å høyre prøveforelesinga ein gong til.

Utfordrande prøveforelesingNettopp prøveforelesinga var ein skikkeleg utfordring. Med kraftig innsats på tampen, og god hjelp av rettleiar kom han i mål og kunne feire med mottaking ved institutt for klinisk medisin - fylt av godord og blomster, champagne og kanapéar. - Etter det heile var eg ganske utblåst, så då var det godt å ha ei veke med permisjon til gode.

Utbredt, men lite kjent demensdiagnoseSjølv starta opptakta til Rongve si doktorgrad i 1997. Då kom han over ein artikkel om demens med Lewylekamar, også kalla Lewylekamdemens på

norsk. Då var dette ein fersk diagnose, og den er framleis ikkje på lista til Verdas helseorganisasjon. Gjennom doktorgradsarbeidet sitt gjennomført under «Demensstudien på Vestlandet» (DemVest-studien) har Rongve undersøkt tilstanden nærare.

Ny faktor i diagnostiseringVi lever lenger enn nokon gong, og med dét blir demenssjukdommar stadig vanlegare. I doktorgradsarbeidet var det første målet å finne kor stor del av pasientar med demens som blir vist til spesialisthelsetenesta på Vestlandet, som har demens med Lewylekamar. Ved å bruke dei nyaste diagnostiske kriteria for denne diagnosen er talet no klart.- Éin av fem demenspasientar har demens med Lewylekamar, seier Rongve. - Det gjer DLB til den nest vanlegaste diagnosen og prosjektet vårt har gjort fleire klar over tilstanden.

I undersøkingane har både pasientar og pårørande vore sentrale for å stille

diagnose, i tillegg til ein faktor som ikkje tidlegare har blitt tatt med i utgreiinga; søvnforstyrringar. For i andre del av studien samarbeida Rongve med forskarar ved Mayo-klinikken i Minnesota. Her kartla dei søvnforstyrringar hos friske eldre, særskild REM-søvn åtferdsforstyrring, og samanlikna med ulike demenspasientar.- Vi fann at om lag 90 % av pasientane med DLB hadde søvnforstyrringar. Å ta med denne faktoren i kartlegginga av demenspasientar er nytt.

- Feilmedisinering kan vere livsfarlegFor Rongve er det viktig å få fram ein til no mindre kjend diagnose for demenspasientar.- Å ha demens med Lewylekamar er vanlegare enn ein trudde før. Når 20 % av pasientgruppa har diagnosen er det viktig at allmennlegar og fastlegar har kunnskap om den, fastslår Rongve.

Særleg viktig er det i samband med bruk av medisinar.- For Alzheimer-pasientar er det nokre stader enno vanleg å bruke medisinar mot

Nybakt doktorFredag 18. februar disputerte Arvid Rongve, overlege i Helse Fonna,

for doktorgrada si. Temaet demens har oppteke han i 14 år.

FAKTA ARVID RONGVE

• Spesialist i psykiatri med fordjupingsområde alderspsykiatri og overlege i

Alderspsykiatrisk seksjon.

• PhD-stipendiat med finansiering frå Helse Fonna 2005-2006, og frå Helse Vest

i full stilling i perioden januar 2007-juli 2010. Rettleiar i doktorgradsarbeidet var

professor Dag Årsland, Karolinska Instituttet og Stavanger Universitetssjukehus.

• Rongve har samarbeida med forskarar ved Universitetet i Newcastle og King’s

College i England, og ved Mayo-klinikken i Minnesota i USA.

• Frå august 2010 i 50 % stilling som forskar på postdoc-nivå, finansiert av

Helse Fonna.

• Prøveforelesing: «Årsaksmekanismer til nevropsykiatriske symptomer ved ulike

demenssykdommer - konsekvenser for behandling.»

• Tittel avhandling: «Dementia with Lewy Bodies. Identification, frequency and

sleep-disturbances. A cross-sectional clinical dementia cohort study.»

psykose ved uro og åtferdsforstyrringar, men om lag halvparten av pasientar med DLB reagerer på slik medisin, som kan vere potensielt livsfarleg for denne pasientgruppa.

Godt førebuddI tillegg til å vere forskar er Rongve også klinikar og arbeider i alderspsykiatrien. Førebuingane til høgdepunktet i februar tok han mellom pasientane.- Vi har arbeidd grundig gjennom heile studien, så disputasen var berre kjekt. Eg skulle gjerne ha halde disputasen her i Haugesund slik at fleire av dei pårørande og helsepersonell kunne teke del, men ein fest blei det uansett.

Med doktorgrad kan Rongve no forske meir sjølvstendig. I første omgang skal han fortsette forskinga frå doktorgradsarbeidet og lage seg eit postdoc-prosjekt. Går du med ein forskar i magen er ikkje Rongve i tvil:- Doktorgrad kan anbefalast.

Forsking » Arvid Rongve

Page 6: Helse på 1/2011

10 Helse På! / Internmagasin 11

Aase Borgen Haktorson Sjukepleiar, Valen- Eg treff mange takknemlege pasientar og pårørande som har fått eit betre liv. Det gir meg glød til å drive vidare.

5 i korridoren »

Valborg Sinnes Sjukehusprest, Stord- At menneska eg møter vel å ta meg med inn i si livs-historie. Det gjer meg audmjuk.

Nils Inge Hatlevik Driftsoperatør, Stord- At det er variert. Eg er røyrleggar, men jobber òg med sentralstyring og ventilasjon.

Endre Eik Sjukepleiar, Valen- Arbeidsmiljøet, både sosialt og fag-leg, og det å få halde til her på Valen.

Alice Dyrseth Bioingeniør, Stord- Gode kollegaer! Og fleksibel arbeids-tid. Det er herleg å ha fri på dagtid.

Arbeidsmiljøet er meir enn det vi kan sjå og ta på. Vi er kvarandre sitt arbeidsmiljø - på godt og diverre nokre gonger på vondt. Vi kan alle bidra til god kommunikasjon og leggje til rette for utveksling av kunnskap på arbeids-plassen. Vi kan gjere det trygt for kvarandre slik at kvar og ein tør å prøve seg stadig litt lengre, og såleis kunne nytte ressursane sine fullt ut. Vi kan auke trivselen for kvarandre gjennom venlege ord, oppmuntrande smil og vilje til å støtte kvarandre. Støttande ord kan vere «Dette klarar du fint!» like mykje som «Dette skal vi klare i lag!». Møter vi menneska rundt oss med ei innstilling som seier «Eg vil deg vel!», er sjansen stor for at vi blir møtt med velvilje. Psykolog Jan Atle Andersen har fått motbør for utsegna at einkvar har ansvar for eige liv. Nokre oppfattar at han gjev menneske som blir plaga ansvar for å ordne opp sjølv og heilt åleine. Utsegna kan aldri legitimere mobbing og må

ikkje oppfattast som at alle er si eiga lukkes smed. Leiarar og medarbeidarar kan aldri fråskrive seg ansvar for å gjere sitt til at det blir råd for alle å ta ansvar for å få eit godt liv. Andersen har formulert 15 kommunikasjonsreglar du kan lese på janatleandersen.com. I Helse Fonna har vi seks kommunikasjonsreglar som seier «Slik vil vi ha det hos oss»:

• Ver venleg og du møter venlegheit • Ver hjelpsam og du får sjølv hjelp • Snakk MED - ikkje OM • Bry deg OM - ikkje MED • Dine kjensler er ditt ansvar • Snakk for deg sjølv, unngå «uklare kjelder» Lukke til!

Eg vil deg vel!

HMS-hjørnet » ved Bedriftshelsetenesta

Min gode kollega » Wenche Sortland & Heine Hagenberg

Wenches grunngjeving:«Heine har alltid døra open for alle som vil spørje om hjelp til faglege og praktiske ting. Han er eit vandrande leksikon, er allsidig, har lun humor, er svært kunnskapsrik, ryddig og reflektert, men har likevel ikkje noko markeringsbehov. Heine held seg sakleg i konfliktar, og unngår å bidra til at dei eskalerer. Han er likevel ikkje konfliktunnvikande. Heine er svært godt likt og respektert av alle rundt ham, er hjelpsam, fagleg dyktig og til å stole på, pliktoppfyllande utan å være rigid.»

Helse på: Det er litt av ein nominasjon, Heine. Kjenner du deg igjen i dette?Heine: Eg lar det vere opp til andre å dømme, men det er riktig at eg har ei open dør, i alle fall reint fysisk. Menneskeleg kontakt er viktig. Ein samtale ansikt til ansikt er både enklare og klarare enn e-post.

Wenche: Det er alltid lett å stikke innom Heine. Han tek godt i mot nye folk og er veldig inkluderande. Han er den som sørgjer for at alle blir med når vi skal ete lunsj.Helse på: Dette høyrest bra ut. Men samtalar og felles lunsj er vel ikkje nok til å unngå konfliktar?Wenche: Konflikthandtering er ein vanskeleg balansegang. Partane vil alltid forsøke å trekke utanforståande inn i konflikten og gjerne få dei over på si side. Heine lar seg ikkje trekke med. Helse på: Er det sant at du ikkje tar parti?Heine: Eg prøver i alle fall! Men konfliktar har alltid ei årsak, og det kan gjere det vanskeleg å halde seg nøytral i enkelte saker.Helse på: Kva trur de er viktig for å vere ein god kollega?Heine: Å ikkje ta seg sjølv så høgtideleg og ha eit avklara forhold til eigen feilbarlegheit. Dei som ikkje innrømmer sine svake sider lagar berre vanskelege situasjonar for seg sjølve og andre.Wenche: Vi må vere flinke til å skryte av kvarandre. Ein klapp på skuldra er alltid kjekt!

Wenche Sortland, psykologspesialist, har nominert Heine Hagenberg, leiar for poliklinikken ved seksjon for spesialisert behandling i Klinikk for psykisk helsevern. Vi har tatt ein prat med dei to gode kollegaene.

Gode kollegaer gjer arbeidsdagen vår rikare, trivelegare og meir

fargerik. I kvart nummer av Helse på får du moglegheit til å gjere

stas på din gode kollega. Send ein e-post til mingodekollega@

helse-fonna.no med namn på han eller ho du vil nominere og

grunngjeving for nominasjonen.

Kva er det beste med jobben din?

Min gode kollega!

Page 7: Helse på 1/2011