illustrasjoner: unni-lise jonsmoen

8
Det var triveleg i dei gamle ungdoms- husa. Spør ein folk som har opplevd dei i fullt vigør blir ein straks forsynt med gode historier, sannferdige beretningar om hørt og hendt, ofte i historisk per- spektiv, herlege skrøner som er fram- stelt som gudsens sanning, og meir til. Det er mental oppbyggelse og sjeleleg påfyll. Ungdomshusa vart i seinare språkbruk oftast omdøpte til grendehus eller samfunnshus, men dei stod for samvær og kvardagspraksis i grendefel- leskapet, slik dei alltid hadde gjort. Eg fortel det slik eg sjøl har sett det og til dels sjølv har opplevd det, med at- tersyn som ein del av bakteppet, og med ei stemningsskapande undring over tidsforløp i ettertanken. Den første påminning om livets ustoppelege hast- verk fekk eg forresten for mange, mange år sia. Ein fin laurdagskveld, gammaldags lummer sommarkveld, manna eg meg opp, sterkt tilskynda av kona mi, til å gå på fest, offentleg fest som det heitte den tid. I Basheim, med andre ord vår ekvivalent til alle dei ung- domshusa som fans i nærdistriktet, Tronshall i Tylldalen, Gimle på Fåset, Sølnaslottet på Plassen i Alvdal, Dem- ring på Nytrøa i Tynset, Morgenrøden på Os, for å nemne andre lokale med sitt rette namn. Ungdomshusa hadde sterke, sym- boltette eller lokalfarga namn. I Tynset fans Heim i Åen, Bjørklund på Kvikne, Folkvang på Telneset, Fram og seinare Glomtun på Neby, Fålund i Fådalen, Solvang på Kvikneskogen, Midtvang i Brydalen, og i seinare tid Kjæreng gren- dehus, Kvikne samfunnshus, Tylldalen samfunnshus, Lonås grendehus. Tilbake til gjensynet med eigen ung- dom og laurdagsdansen. Eg var ny- vaska, optimistisk og kvithåra, slik eg hadde vore sia eg var 40. Men da me nærma oss inngangsdøra overhørte eg følgjande replikk frå ein i den vesle flokken av halvgammal ungdom som stod utom døra: Jøss, slepper dei inn sølvrevar òg her? 108 Årbok for Nord-Østerdalen 2014 Ola Jonsmoen Treffpunkt og samværsarena Illustrasjoner: Unni-Lise Jonsmoen

Upload: others

Post on 17-Mar-2022

6 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Det var triveleg i dei gamle ungdoms-husa. Spør ein folk som har opplevd deii fullt vigør blir ein straks forsynt medgode historier, sannferdige beretningarom hørt og hendt, ofte i historisk per-spektiv, herlege skrøner som er fram-stelt som gudsens sanning, og meir til.Det er mental oppbyggelse og sjelelegpåfyll. Ungdomshusa vart i seinarespråkbruk oftast omdøpte til grendehuseller samfunnshus, men dei stod forsamvær og kvardagspraksis i grendefel-leskapet, slik dei alltid hadde gjort.Eg fortel det slik eg sjøl har sett det

og til dels sjølv har opplevd det, med at-tersyn som ein del av bakteppet, ogmed ei stemningsskapande undringover tidsforløp i ettertanken. Den førstepåminning om livets ustoppelege hast-verk fekk eg forresten for mange,mange år sia. Ein fin laurdagskveld,gammaldags lummer sommarkveld,manna eg meg opp, sterkt tilskynda avkona mi, til å gå på fest, offentleg festsom det heitte den tid. I Basheim, medandre ord vår ekvivalent til alle dei ung-domshusa som fans i nærdistriktet,Tronshall i Tylldalen, Gimle på Fåset,Sølnaslottet på Plassen i Alvdal, Dem-ring på Nytrøa i Tynset, Morgenrødenpå Os, for å nemne andre lokale medsitt rette namn.

Ungdomshusa hadde sterke, sym-boltette eller lokalfarga namn. I Tynsetfans Heim i Åen, Bjørklund på Kvikne,Folkvang på Telneset, Fram og seinareGlomtun på Neby, Fålund i Fådalen,Solvang på Kvikneskogen, Midtvang iBrydalen, og i seinare tid Kjæreng gren-dehus, Kvikne samfunnshus, Tylldalensamfunnshus, Lonås grendehus.Tilbake til gjensynet med eigen ung-

dom og laurdagsdansen. Eg var ny-vaska, optimistisk og kvithåra, slik eghadde vore sia eg var 40. Men da menærma oss inngangsdøra overhørte egfølgjande replikk frå ein i den vesleflokken av halvgammal ungdom somstod utom døra: Jøss, slepper dei innsølvrevar òg her?

108 Årbok for Nord-Østerdalen 2014

Ola Jonsmoen

Treffpunkt og samværsarena

Illustrasjoner: Unni-Lise Jonsmoen

Eg er den dag i dag flau over å inn-rømme det, men eg vart så betenkt,kanskje til og med fornærma, at egsnudde og gjekk heimatt.Og dermed er eg ved eitt av mine

kulepunkt: I ungdomshuset skulle einsleppe inn alt. Ein trudde at dei allerfleste som ville inn i ungdomshuset varbra folk, og det var dei. Det heitte ung-domshus, og definisjonen av ungdomvar vid. Det omfatta heile spennet frå 14år og til 90. Ja, naturlegvis ungar òg, nårdet var tilstellingar dei ville vere medpå. Og det var det fine, ungdomshusetvart eit slags sosialt innføringskurs forungane i nærmiljøet, ja for foreldre ogbesteforeldre òg for den saks skyld.Ungar var med, fekk høre, sjå og lære.Godt og gale, vil vel somme hevde. Barepositivt, vil eg seie: det er utruleg somungar eigentleg er i stand til å forstå.Dei veit å skjelne mellom det som eruvesentleg og lite verd, og det som einkan lagre som sjølopplevd erfaring ogdermed innsikt.Seinare vart det segregasjon mellom

generasjonane. Ungar for seg, dei ut-gjorde det som vart heitande barnekul-turen, ungdom for seg, ungdomskul-turen, 40-åringar for seg, utan kultur,og til sist kaffe og vaflar og kanskje seniordans, som ikkje er det same somgammaldans. Eg kjenner meg medskyl-dig. Det var min generasjon som startaden aldersdelte samværstrenden. I dagtrur eg folk er meir fornuftige enn mevar. Det er altså ikkje rett at ein gårrundt og skryter av gammal og klok.Det var gjerne Noregs ungdomslag,

som samarbeidde med folk flest, forikkje å seie noen ekstra interesserte,eldsjelene, som stod for å få reist ung-domshus. Det var ein grunnleggande

folkeopplysningstanke, på mange vis eitframhald av folkehøgskoleidéane somutløyste kulturell frigjering og utviklingi bygde-Norge. Godt tenkt blir det for-resten alltid nok av, men her vart detbåde tenkt gjennomført, myegodt pådugnad.Slik fekk ungdomslaget rom for sine

møte, sine festar, sine aktivitetar. Akti-viseringstanken var sterk, så å seie sjølvemanifesteringa av opplysningstanken.Noregs ungdomslag hadde reiseskriva-rar som drog rundt og kursa styra medpust frå skrivarstova i Oslo. Somme avdei var landskjente. Eg reiste dessverrefor tidleg ut på skule og vart hybelbuartil at eg fekk oppleve ved sjølsyn reise-skrivarane i full utfalding, men eit parvar eg i kontakt med likevel. Idealistar,med ei nesten overjordisk tru på po-tensialet i norsk bygdeungdom.Foredrag skulle det vere, song og

leik, helst folkeviseleik, mindre dans,som ei tid ikkje vart rekna som fullgodopplysningsaktivitet for sunn landsung-dom. Men storparten av oss var så for-herda at me sat der og venta på gam-maldansen, som forresten bare heittedans. Først med tango og foxtrot ogsving og rock around the clock, vartdansen gammal nok til å få nemningagammaldans.Ungdomshuset stod der og tok i mot

alle kulturendringar, med scene og sce-neteppe, talarstol, foto på veggene avBjørnson og Anders Hovden og andrenasjonale storkultar, Garborg og kan-skje Hulda attpå. Dei hang der og sågned på oss.Det fans kjøkken og bord med lang-

krakkar ikring nedst i salen. Temmelegprimitivt. Men maten var aldri så viktig;den bar ein med seg. Først seinare, da

109Årbok for Nord-Østerdalen 2014

magre østerdøler kom på det trinnet ivelværestigen at dei fann behov for åtrimme bort flesket, vart det utvida kjøk-ken i ungdomshuset, og restaurant, slikein kalla det romet der folk kunne fyllemagen på selskapleg vis.Dei gamle ungdomshusa var attkjen-

nelege innvortes. Frå grend til grend.Ofte kunne ein sjå stålstenger bindesaman veggene som spenn over salen,til festleg bruk dekorerte av saman-tvinga kreppapir, i nasjonalfargar, ellerved juletider i raudt og grønt. Ein vartsamværsglad ved synet. Kom i stemning.Eg ser for meg gamle Basheim, kaldtsom eit uthus, enda rundomnen murraog mol tørrbjørk og sende varmebøl-gjer ikring seg. Måla sceneteppe, så eini farten kunne innbille seg at det varraudbrun fløyel som falda seg før detgjekk til vers og bakteppet kom fram,norsk fjellbjørk og lysblått vassdrag, avog til bytt ut med den viktigaste kulis-sen, norsk tømmervegg med påmålagongglas, liksom ut mot bygda og allegammalungkarane som der gjekk nes-ten bevisstlause av friarlyst.

Hit kom folk for å høre på langeforedrag. Det var ikkje berre reiseskri-varar frå Noregs ungdomslag og IOGT,

men også dei som reiste for folkeaka-demiet eller andre organisasjonar. Egminnes den blinde organisten GeburgÅsland, som spelte og kåserte, ypperlegunderhaldning og pedagogisk kultur-formidling. Seinare kom Anders Sausmed trekkspel og song, og Stordahl ogEngedal. Stokk blinde, til gjengjeld fylteav musikkglede og humør.Underhaldning kunne òg vere opp-

byggelse, med lysbilder frå misjonsmar-kene og smalfilm frå Etiopia. Misjonæ-rar gjorde, for å ta eitt eksempel, keisarHaille Selassie for meg til ein helt –vesle David mot facistiske Goliat Mus-solini. Beundringa varte heilt til eg igodt vaksen alder oppdaga at han somheltar flest hadde sine despotiske sider.Dei meir heimeavla omvendarane

var det ikkje så lett å ta på alvor, kanskjenettopp fordi dei kom frå nærmiljøet,der ingen skulle stikke seg ut om det sågaldt sjels frelse. Det var ein eg ennohugsar, eit godt menneske, som i opp-riktig alvor fortalte om si tru og sin tvilmed denne illustrasjonen: Gud sa ivenstre øre, les bibelen, djevelen sa ihøgre, les Østerdølen. Ein ryss i sinverste alder, og med meir fysisk enn psy-kisk fantasi, opplevde det som ein ho-vudristande seanse.Eg hugsar omreisande trekkspelvir-

tuosar med Czardas av Monti – kanskjevar det ein omreisande fiolinist, forres-ten, alle erindringar har stor feilmar-gin? – for ikkje å seie demonstrasjons-stykke av Pietro Frosini så fingerferdigat ein ikkje trong særleg gehør for åkome i beundrande modus. Men allerbest var tryllekunstnarar, som for megvar i mest atråverdig posisjon. Eg såg pådet som ein karrièreveg og eit framtids-yrke.

110 Årbok for Nord-Østerdalen 2014

Desse kom utafrå og var med det eiteksotisk innslag mellom alle dei funk-sjonane ungdomshuset eigentleghadde. Men enda større betydninghadde nok det heimelaga, som gjordeungdomshuset for sin arena for utfald-ing. Scenen var det lokale nasjonaltea-ter. Tylldølene og Tronshall kan ståsom felles multiplum for heile Nord-østerdalen. Ikkje det minste rart at Ul.Uredd var utplukka som demonstra-sjonsteater ved ungdomsstemnet påTynset i 1957.

Dei små, litt primitive scenene gavakkurat høveleg utviklingsareal til småog store talent. Spelstykka var somskapte for glade amatørar. Tenk på detsom gjekk under nemninga revy. Eg harmedverka, både med penn og i opp-trinn, så eg seier ikkje meir om det.Men i Basheim fekk me for eksempelgjestespel frå sentrum. Da var eg bare 8år, men eg opplevde det sterkt.Ved juletider i 1940 hadde ein gjeng

unge menneske première på revyen ”7mann og en pike” på Jørgenshaugsaleni Alvdal sentrum, altså på Steien, medEllen Nyeggen som einaste pike, og

med Kjell Aukrust i ensemblet. (ErnstHalmer var revysjef og Ivar Steihaug, AlfGjelten, Petter Tronslien, Hans Storengog Halldor Nyeggen). Etter muntersuksess i sentrum la gjengen ut på tur-né, til Strømmen, Egnund og Plassen. I Sølnaslottet hadde dei ikkje fått oppdøra da folket strømte til i store meng-der. Ingen hadde venta slikt oppbud ikaldveret. Det var 30 minus, og til sistevar det ein av dei medverkande somoppdaga den avlåste situasjonen ogropte: Få opp døra så døm itte frys ihæl!Da ”Syv mann og en pike” gjesta Einaly,ungdomshuset ved Egnund, møtteVesle-Ivar opp, ungdomsprest, seinareprost i Nord Østerdal prosti, og sonentil den kjende Ivar Mortensson Egnund,prest, diktar, Eddagranskar, antroposofog anarkist. Vesle-Ivar – kjent for alltidå kle på seg nesten til kanten av over-drivelse – satt på første benk. Kaldt vardet, men solid fyrt. Ivar hadde som all-tid kledd seg godt. Etter kvart som var-men og stemninga steig, titta ’n Kjelljamnleg fram frå ein glip i sceneteppetfor å sjå korleis det gjekk. Han rappor-terte tilbake til dei andre:’ N Vesle-Ivarhar knept opp første frakk-knappen.Kjell følgte med når han ikkje sjøl varpå scenen: No har han opna ein til, ogenda ein. Da frakken var knept opp forfjerde gong kunne Kjell konstatere: Noer’n Ivar komen innom frakken til strik-kejakka utapå dressa.Av og til våga ungdomslaget seg på

meir djuptenkte spelstykke, som verke-leg sette både dei medverkande og pub-likum på prøve. Det kunne vere ”Sistestikk” av Tor Jonsson, eller ”Kvendømer” av Stein Balstad. Men det mestevar enkel dramatikk og muntre able-gøyer. Morosamt var det for det nære

111Årbok for Nord-Østerdalen 2014

publikum fordi ein hugsa kvardags-menneske attom rollefiguren. Det vartei slags dobbeleksponering som haustalykke. Det er forresten ein ting eg aldrihar forstått, korleis eit sett av geberdargjekk att, som uttrykk for spesiellesinnsstemningar. Tante Margit, som varein munter amatør til godt over dei 80.slo seg på knea for å gi uttrykk på sce-nen for latterutbrot. Det same gjordeJakob Møller, ein annan trufast gjøglari losje og ungdomslag, krøkte seg og sloseg på knea. Det såg eg aldri noen avdei gjorde i sine kvardagslege liv.Ungdomshuset vart samfunnshus,

vart modernisert eller nybygd, fekkanna liv, men hadde framleis sin videog viktige samværsfunksjon. Lokalafekk utvida bruk, vart enda meir anven-delege, og stod som før sentralt i folksliv. Det var grendene som greidde det.I dei bygdesentra eg kjenner til måtteoffentlege instansar ta hand i hanke, ogi det minste organisere dugnadshjelpfor å få bygd sine kulturhus, medangrendene tok jobben sjølv, frå opptaktil innviingstilstelling. Så omfatta husetogså heile den menneskelege livskurve.

Det romma barnedåp, konfirmasjon,bryllaup, femti, seksti og syttiårsdagar,og minnestunder etter gravferd. Einkan faktisk utan å dikte seg til svarethevde at ungdomshuset, av og til bareomtala som huset, er eit stykke sam-funnshistorie i materialisert forstand.For eit par år sia fekk eg som gåve frå

min gode ven, rektor for Lemvig gym-nasium, Lasse Ebbensgaard, ein herlegroman av Jens Smærup Sørensen medtittelen Mærkedage. Han skildrar eitbondesamfunn i liv og endring medsamfunnslokalet som litterær kamera-linse. Både skarpt og sant sett. Me kjen-ner det att frå eige miljø. Ungdomshusavart sjølve den synlege og praktiske kvit-tering for folks omtanke og samar-beidsevne. Men det kosta arbeid ogenergi, det skapte dugnad og sam-kjensle og glede.Far min var formann i ungdomslaget

Framtida da laget nyreiste og avløystedet som til den tid, i 1928, var det gamleungdomshuset i mi grend. Huset stodferdig til innviingstilstelling 1. juledag1928. Da la dei siste golvborda på plass,og så skulle det vere fest, med foredrag,song og taler, dans. Ein av dei ivrigastegammalkarane, brukte skrå. Han prøv-de å passe seg, men var kjent for å vereein storforbrukar av tyggetobakk, einkvartrull for dagen. Resultatet var atetter Lang-Jo vart det svarte flekkar ut-etter golvet etter kvart som han haddearbeidd seg fram til ferdig produkt. Detfar min fortalte – det vart brennkaldt -var at han som ansvarleg formann lågpå kne og skurte bort svartbrunt to-bakksikkel heile natta til 1. juledag, ogsmellfyrte, for jamvel om varmen steigog huset var nytt – reisverk og faspanelmed tynnkledd isolasjon vil eg tru –

112 Årbok for Nord-Østerdalen 2014

fraus han på fingrane der han skrubbaog skurte.Trass i flotte namn sa folk mange sta-

der ungdomshuset, eller bare huset.Forståleg nok, for sjølv om ungdoms-huset var tiltenkt ungdomen som pri-mærbrukar, var definisjonen av ung-dom vidopent romsleg.

Skulle bare mangle òg, for allebrukte det. Eg kan den dag i dag opp-levde heile mitt liv i ei sansing når egkjem på juletrefest og får kakao ogsmørbrød med egg og ansjos. Eller fei-rar 17. mai i Basheim, optimistisk som-markledd midt i snøblanda vårvind,med Ja vi elsker, og Fagert er landet såAnders Hovden på veggen i restauran-ten feller rørte tårer.

Det sommarlege ungdomstemnethadde ungdomshuset som naturlegfastpunkt, og gjekk på omgang frå lagtil lag, med andre ord frå bygd til bygd.Her var det både seriøs diskusjon ogfest. Framleis var ideala blanke. Somtvar heva over diskusjon, til dømes brukav alkohol.Ein tylldøl fortalte meg om eit

stemne i Tylldalen, varmt i veret, ogmed dans ute ved Tronshall, eg hugsarikkje detaljar i det han fortalte, men eghugsar poenget. Han stod for å seljebrus og landsøl, så godt som alkohol-fritt som det var. For å kjølne ølethadde dei sett flaskene i ei bøtte medkaldvatn, og somme etikettar haddelosna. Da kom det eit par nykonfir-merte som hadde ekstra behov for ågjere seg karsleg bort og fleipa med atdei var vel ikkje såpass til karar, tylldø-lene, at dei hadde skikkeleg øl? Å jo da,svara tylldølen lågt, me har, men det erikkje lovleg, så me har fjerna etiketten.Dei kjøpte tre-fire flasker tvert, og halv-timen etter var dei sjanglande fulle. Avalkoholfritt øl. Det har fått meg til å dradenne slutninga: Er det innbilling meirenn promille ein alkoholpolitisk skullesatse på?Ungdomshuset hadde eit samfunns-

oppdrag. Der samlas det meste avbygda. Eg veit det fans unntak. Det vilseie folk som ein gong i tida ikkje settesine føter der, fordi synd og dans stodfor dei som ein barriere for aksept. Dethar gått over som det meste av absolut-tar.Samfunnsoppdraget hadde pedago-

gisk karakter. Ungdomen skulle fåbryne seg, frigjere og utvikle eigneevner, skrive sjøl i lagsavisa, lese opp,synge, drive med musikk, spele teater,

113Årbok for Nord-Østerdalen 2014

lære å danse, blir kjent med andre ung-domar, få seg kjærast. Utvikle seg.Folk, og det galdt alle aldrar, var

flinke til å finne på festlege høve. Skot-tårsfestane vart for langt i mellom. Detmåtte anna til, basarar for eksempel, iseinare utgave bingo, pakkefestar, mittførste møte med Tronshall var pakke-fest. Eg var den tid allmennpraktise-rande kåsør og fekk såleis innsyn i detøsterdalske festliv. Pakkefesten i Tyll-dalen hugsar eg livaktig godt fordi auk-sjonarius var ein snarvittig og ordhittugherre.

Det var utruleg så mange påskottfolk hadde for å kome saman til løft uta-nom kvardagen, pølsemoro, skyttarfest,skiseksa og femtedagsfest. Om eg skullesmelle til og bruke stororda kunne egseie: Tronshall var ein slags forskule tillivet sjølv, ei forskule til anna skulegang,til folkehøgskulen for dei som søkte segtil den, og seinare vart aktivitetane iTronshall ei forlenging av høgskuletan-ken, Grundtvigs velkjente formulering:Immer lysten driver verket!Dei eldste ungdomshusa var, som

sagt, temmeleg primitive forsamlingslo-kale. I fleire ungdomshus var gardero-ben, om slikt fans, ein stad ein måttevere synsk for å finne att yttertøyet sitt,loftsalen i Basheim vart brukt som supp-lement til ”bagroa” (der nykonfirmertegutar klumpa seg saman for ikkje åforgå av sjenansen), garderoben i Gim-le på Fåset med store stativ som fekktopptyngde var det mye folk og veltamed kåper og vinterfrakkar til julepyntafestfolk. Eg har enno ikkje nemnt utedoog andre tvilsame attraksjonar.Tynsetingen Sigurd Wegner, vel-

kjent for si evne til å kneppe saman sineobservasjonar til presis bygdehistorie,

fortalte meg at han alltid hadde medseg hammar på fest i Lonåsen. Da eg littforskremt undras om det gjekk så hard-hendt for seg, kunne han trøyste med åforklare bruk. Han hadde med hammarog ein spikar. Når han kom slo han einspikar i tømmerveggen bak i lokalet ogfekk hengt frå seg frakk og hatt. Nårhan skulle heim sette han på seg hatt ogfrakk, brukte kloka på hammar, drog utspikaren, og dermed var hans problemute av verda. Eit lite hol i ein gammaltømmervegg vart usynleg blant deimange tusen som var der frå før.Eg framstår, som andre eldre men-

neske litt nostalgisk, men er ingen for-tidsdyrkar. Dei nye, moderne samfunns-husa har vidareført det beste av felleskvardagsaktivitet og fest i sitt lokalerevir. Noe av den nære og tette, trong-budde sjarmen er kanskje borte, mendet er bare me godt vaksne veit. Yngrefår først sjå si fortid som gammalrosa illusjon om femti år. Til gjengjeld kanme alt no oppleve at det er romsleg, luf-tig og triveleg, ikkje minst hygiensk for-svarleg å kome på samfunnshuset.Med erfaring frå mange års omfa-

rande virke som 17. maitalar veit eg atuteliv og samvær har endra seg, men egsyns folk er folk no som før. Dei slåssmindre på offentleg fest, meir heimehadde eg nær sagt. Eigentleg er det eittrekk som karakteriserer vår tid, medprivatisering av sorg og glede, og sam-vær. Folk er bra folk, så kom ikkje her.Men me må passe på. Me må tukte ossut av den varme, intime sfære ein gongi blant, skritte over største barrieren i eitmenneskeliv, dørstokken, og vere medpå den folkedugnaden det er å beskyttevåre sosiale samværsarenaer.Dugnaden er meir verd enn alle of-

114 Årbok for Nord-Østerdalen 2014

fentlege tilskott. Det har med med-menneskeleg oppseding å gjere, meddanning. Når eg ser at Høgskolen iNord-Trøndelag krev danning som eindel av utdanninga, forstår me at noekanskje er forsømt dei siste decennium.Det ungdomshuset var aktivt medver-kande til og stod for, må me altså stu-dere oss fram til. Litt forunderleg åtenke på at ein må ta opp studielån forå fatte det ein alt har. Men me greierdet nok, kjenner eg bygdefolk rett.

Artikkelen er eit kåseri på årsmøtet iTylldalen bygdetun, Kjerkjestua,25. februar 2013.

115Årbok for Nord-Østerdalen 2014