kva er « geocaching »?

13

Upload: ryder

Post on 24-Feb-2016

52 views

Category:

Documents


0 download

DESCRIPTION

Kva er « geocaching »? Geocaching er ei høgteknologisk skattejakt der ein brukar GPS for å finne skjulte behaldarar, kalla geocache’ar , utandørs og deretter deler opplevinga si på nett . - PowerPoint PPT Presentation

TRANSCRIPT

Page 1: Kva er « geocaching »?
Page 2: Kva er « geocaching »?

Kva er «geocaching»?

Geocaching er ei høgteknologisk skattejakt der ein brukar GPS for å finne skjulte behaldarar, kalla geocache’ar, utandørs og deretter deler opplevinga si på nett.

Eventyrlystne menneske over hele verden har geocaching som hobby, og kven som helst kan bruke koordinatar dei finn på www.geocaching.com for å finne geocache’ar.

Page 3: Kva er « geocaching »?

Kven «geocache’ar»? Menneske i alle aldrar, individuelt, i grupper, familiar med barn, skuleelevar og pensjonistar.

På www.geocaching.com kan ein finne undervisningsopplegg for skuleelvar

Geocaching er kjekt både for store og små, skattejakt er meir spanande enn ein tur!

Page 4: Kva er « geocaching »?

Kva treng du for å geocache?

- Ein GPS eller ein mobiltelefon med GPS (smarttelefon)

- Tilgang til internett via ei datamaskin eller ein mobiltelefon (før og etter turen)

- Medlemskap på www.geocaching.com. Gratis medlemskap eller Premium

Page 5: Kva er « geocaching »?

Kvar finn du geocache’ar?

Det finnast geocache’ar på alle kontinent, frå Antarktis til Nord- Amerika.

Det er ca. 1,7 millionar aktive geocache’ar gøymde verden over.

5 millionar menneske drive med geocaching på verdsbasis.

Page 6: Kva er « geocaching »?

Sogn og Fjordane

Pr. i dag er det 303 geocache’ar gøymde her i fylket.

Før sommaren var det i underkant av 200.

Page 7: Kva er « geocaching »?

Kvifor driv over 5 mill. menneske verda over med geocaching?

• Geocaching er ein kjempefin måte å utforske nye stader og å bruke nærmiljøet på

• Geocache’ar er ofte gøymde på stader med historisk interesse, med vakre omgjevnader og ved flotte turstiar. Ofte på stader ein kanskje ikkje hadde oppdaga elles

• Kan kombinerast med mange andre aktivitetar utandørs, også i undervisningssamanheng

• Geocaching kan vere utfordrande, behaldarane er ofte godt gøymde

Page 8: Kva er « geocaching »?
Page 9: Kva er « geocaching »?

Geocache- beholdrar kjem i mange størrelsar og mange ulike former. Ofte er dei godt kamuflert.

Korleis ser ein geocahche ut?

Page 10: Kva er « geocaching »?

Kva inneheld ein geocache? «Skatten»

- Loggbok eller eit loggark og blyant/penn

- Behaldarar av ein viss

størrelse kan innehalde gjenstandar som ein kan byte. Desse gjenstandane er «skatten», oftast små leikar eller pyntegjenstandar.

- Ein kan ta med seg ein ting om ein legg igjen noko anna til nestemann. Gjenstandane skal ikkje vere dyre.

Page 11: Kva er « geocaching »?

Kva inneheld ein geocache?«Sporbare»

Små gjenstandar merka med ein kode. Blir flytta frå geocache til geocache av dei som finn cachen. Kan sporast på nettet.

Får oppdrag av eigaren td.:• «Denne sporbare skal reise

til ein cache i Italia»

• «Denne sporbare skal reise til ein cache nær ein skule i USA»

Page 12: Kva er « geocaching »?

• Registrer deg på www.geocaching.com

• Trykk «Hide & Seek a Cache»

• Søk opp staden du er, kor som helst i heile verda og vel deg ut ein eller fleire geocache’ar

• Overfør koordinatane til din GPS eller mobiltelefon

• Ut på skattejakt!

Page 13: Kva er « geocaching »?