neset spelet 2012

2
NESET-SPELET www.neset-telemark.no 9.-12. august 2012 Hjarteleg velkomen til Neset-Spelet 9.-12. august ! Neset-tunet er ei samling gamle hus frå mellomalderen med 17 gamle hus totalt. Eit av husa er freda (Torvtjønnstoga fra 1750). Vi ynskjer å bruke denne unike staden til ulike kulturarrangement, der tradisjonar frå Telemark skal stå i sentrum, både når det gjeld musikk, mat og forteljartradisjon. Bodil Nordjore byr på tradisjonsmat alle dagane under spelet. Målet er at også handverkstradisjonar skal presenteras i Spel-samanheng. Det skal gjennomføras minst 4 intimkonsertar i stogene gjennom året, men Neset-spelet i august er det årlege store evenementet som alt anna byggjer opp til. Inspirasjonen er henta frå Gålå-spelet som har sett Gudbrandsdalen på kartet i meir enn 20 år, og trekkjer til seg publikum frå heile Noreg og også utanlands. Dei har Peer Gynt, - vi har Draumkvedet, Storegut, Myllarguten for å nemne nokre – ein uendeleg kulturell rikdom som kan presenteras av artistar som Sondre Bratland, Knut Buen, Aasmund Nordstoga og mange fleire. Neset-spelet skal også bli eit forum der born, studentar og kunstnarar frå Telemark kan få vise seg fram for eit breit publikum. Konsertane har ikkje aldersgrense. Idéen er å samle fleire kunstformer på ein stad og bidra til utvikling av nye spel. Vi sameiner kultur og natur gjennom arrangert naturstig opp til Te-hytta kvar føremiddag under Spelet. Neset er eit Telemarkstun med stor historisk verdi. Ein kulturarv som både blir gjort tilgjengeleg for publikum, og oppfordrar andre til å hjelpe til, til å ta vare på den rike tradisjon som Telemark har. Vi ynskjer å gjera folk i alle aldrar merksame på dei verdiane ein har i våre tradisjonar, men også oppmuntre folk til å vidareutvikle dei. Rauland har i lang tid gjort seg kjend i ulike kultursamanhengar, både når det gjeld musikk- og matkultur gjennom Raulandsakademiet, og for uttøvande kunstnarar gjennom Rauland Kunstforening, Sondov, Knut Skinnarlandmuseet og ikkje minst Dyre Vaa- samlingene. Neset-spelet er eit unikt høve for unge talent frå Telemark til å bli betre kjend då vi satsar på våre mest kjende kunstnarar, og dei unge lovande! Info & Kontakt Liv Bente Tvenge, dagleg leiar: tlf 908 70 700 / epost: [email protected] Finn veibeskrivelse på www.neset-telemark.no Billetter kan kjøpes på www.billettservice.no Overnatting på Raulandsfjell – www.raulandsfjell.no www.neset-telemark.no

Upload: rauland-turist

Post on 20-Mar-2016

232 views

Category:

Documents


5 download

DESCRIPTION

http://www.neset-telemark.no

TRANSCRIPT

Page 1: Neset Spelet 2012

NESET-SPELET www.neset-telemark.no

9.-12. august 2012

Hjarteleg velkomen til Neset-Spelet 9.-12. august !

Neset-tunet er ei samling gamle hus frå mellomalderen med 17 gamle hus totalt. Eit av husa er freda (Torvtjønnstoga fra 1750). Vi ynskjer å bruke denne unike staden til ulike kulturarrangement, der tradisjonar frå Telemark skal stå i sentrum, både når det gjeld musikk, mat og forteljartradisjon. Bodil Nordjore byr på tradisjonsmat alle dagane under spelet. Målet er at også handverkstradisjonar skal presenteras i Spel-samanheng. Det skal gjennomføras minst 4 intimkonsertar i stogene gjennom året, men Neset-spelet i august er det årlege store evenementet som alt anna byggjer opp til. Inspirasjonen er henta frå Gålå-spelet som har sett Gudbrandsdalen på kartet i meir enn 20 år, og trekkjer til seg publikum frå heile Noreg og også utanlands. Dei har Peer Gynt, - vi har Draumkvedet, Storegut, Myllarguten for å nemne nokre – ein uendeleg kulturell rikdom som kan presenteras av artistar som Sondre Bratland, Knut Buen, Aasmund Nordstoga og mange fleire. Neset-spelet skal også bli eit forum der born, studentar og kunstnarar frå Telemark kan få vise seg fram for eit breit publikum. Konsertane har ikkje aldersgrense. Idéen er å samle fleire kunstformer på ein stad og bidra til utvikling av nye spel. Vi sameiner kultur og natur gjennom arrangert naturstig opp til Te-hytta kvar føremiddag under Spelet. Neset er eit Telemarkstun med stor historisk verdi. Ein kulturarv som både blir gjort tilgjengeleg for publikum, og oppfordrar andre til å hjelpe til, til å ta vare på den rike tradisjon som Telemark har. Vi ynskjer å gjera folk i alle aldrar merksame på dei verdiane ein har i våre tradisjonar, men også oppmuntre folk til å vidareutvikle dei. Rauland har i lang tid gjort seg kjend i ulike kultursamanhengar, både når det gjeld musikk- og matkultur gjennom Raulandsakademiet, og for uttøvande kunstnarar gjennom Rauland Kunstforening, Sondov, Knut Skinnarlandmuseet og ikkje minst Dyre Vaa- samlingene. Neset-spelet er eit unikt høve for unge talent frå Telemark til å bli betre kjend då vi satsar på våre mest kjende kunstnarar, og dei unge lovande!

Info & Kontakt Liv Bente Tvenge, dagleg leiar: tlf 908 70 700 / epost: [email protected]

Finn veibeskrivelse på www.neset-telemark.no Billetter kan kjøpes på www.billettservice.no Overnatting på Raulandsfjell – www.raulandsfjell.no w

ww

.nes

et-t

elem

ark

.no

Page 2: Neset Spelet 2012

PROGRAM 2012 TORSDAG 9. AUGUST 19.00 Konsert med Sondre Bratland, Annbjørg Lien og Bjørn Ole

Rasch

FREDAG 10. AUGUST 11.00 Morgonkonsert med Glima

Torunn Raftevold Rue, Ragnhild Knudsen og Helene Waage

på hardingfele, bratsj og cello 12.00 Naturstig til Tehytta - servering på toppen ved IL Dyre Vaa 19.00 “I moll og fossedur” - Knut Buen spelar og fortel

LAURDAG 11. AUGUST 11.00 Morgonkonsert med HIT - Studentar frå folkemusikkstudiet på

Høgskulen i Telemark 12.00 Naturstig til Tehytta – servering på toppen ved IL Dyre Vaa 15.00 ”I husmannsfolkets fotefar” med Vesla Landsverk og

førskulebarn 19.00 STOREGUT - Aasmund Nordstoga, Per Anders Buen

Garnås og Åsmund Reistad

SUNDAG 12. AUGUST 10.00 Morgonkonsert med HIT - Studentar frå folkemusikkstudiet på

Høgskulen i Telemark 11.00 Naturstig til Tehytta – servering på toppen v/ IL Dyre Vaa 13.00 Falkeriset Spelemannslag underheld på tunet

Hardingfele, seljefløyte, stev og dans 15.00 Thorbjørn Egner 100 år v/Historielaget på Rauland

Tradisjonsmat alle dagar frå “Turbobudeia”

BILLETTPRISAR 2012

Kveldskonsert  kr. 250/300 Morgenkonsert  kr. 100

”I husmannsfolkets fotefar”  kr. 100 Falkeriset Folkemusikklag  kr. 150 

Dagbillett (heile dagen)  kr. 300/400 Kveldskonsertane  kr. 700 Heile Nese-helga  kr. 900 Born og studentar ½ pris

BILLETTAR KJØPES GJENNOM BILLETTSERVICE AS : www.billettservice.no / 815 33133

Hovedartistar Neset-Spelet 2012

Sondre Bratland har gjennom dei siste 20 åra markert seg som vår fremste mannlege folkesongar. Han har gitt ut 13 soloalbum og medverka på 25 andre album. Kyrkjeromet er hans viktigaste arena, og han har halde konsertar i om lag 600 kyrkjer frå Lindesnes i sør, til Finnmark i nord. Annbjørg Lien er norsk felespelar og folkemusikar. Ho spelar hardingfele, fele og nyckelharpe. Ho har gitt ut sju soloalbum, jobba med jazzmusikarar og reist og jobba med musikarar i mange andre land. Sambuar med Bjørn Ole Rasch - artist, komponist, arrangør og produsent. Han er professor i rytmisk musikk. Hovedtyngda av hans produksjonar ligg i grenseland mellom norsk folkemusikk og verdensmusikk. Knut Buen norsk hardingfelespelar, folkeminnesamlar, skribent, rosemålar m.m. Har vunne Landskappleiken to gonger (1983, 1986), har turnert med Rikskonsertane i Noreg og Sverige, og deltatt i festspel i inn- og utland. Buen er kjent som samlar av gamle viser og slåtter, og han har drivi en banebrytande formidlingsverksemd.. Storegut er soga om kjempekaren frå Nordigard Edland, som var kjend for styrken sin, for rettferdssansen sin, for sin store kjærleik til husdyra, og ikkje minst fordi han vart borte under mystiske omstende då han gjætte fe i Bordalen. Fremføres av Aasmund Nordstoga, song og opplesing, Åsmund Reistad, gitar og Per Anders Buen Garnås, hardingfele. I tillegg kommer Glima, studentar fra Høgskulen i Telemark, Falkeriset Folkemusikklag og Vesla Landsverk med førskulebarn fra Rauland.