rom for eventyr! · sendt: frå år 2006,og så lenge det finst talent til: talent emne: re:...
TRANSCRIPT
To historier om ein helt og ein humorist. To svært ulike historier som likevel handlar om det same – å elske livet og vere klar for dei små og store eventyr som livet byr på. Det er også dette vi ønskjer at Askvoll skal vere for deg – ein stad der du kan oppleve dine personlege eventyr. Ein stad der dine villaste draumar kan realiserast, men også ein stad der dei små kvardagseventyra kan få lov til å leve.Det er tru og håp dette handlar om, og at dine draumar kan verte vår framtid.
Difor vil vi i Askvoll gje rom for nett dine eventyr.
Aud Kari Steinslandordførar
rom for eventyr!
INNHALD
Noregs vestlegaste ku bur midt mellom Bergen og Ålesund 4 Talent på djupt vatn 6
Store opplevingarrett på døra 8
Draumen om den store reisa 10
Kart 12
Informasjon 15
Olai Hillersøy frå
Bulandet kom med i Shetlandsgjengen
under 2. verdenskrig. Shetlandsgjengen var modige
fiskarar og sjøfolk som frakta flyktningar frå Vestlandet til Shetland. Dei gjekk både i storm og stille, var aldri trygge for å
verte oppdaga av tyskarane. Olai Hillersøy sette dagstøtt sitt eige liv på
spel for å redde andre frå tysk fangenskap og tortur.
Men Olai er også ein stor humorist. Ein dag då han nærma seg 90 år,
fekk han med seg sonen sin, og dei sette opp eit lite treskilt framfor
huset på Hillersøyna i Bulandet, lengst vest i Noreg. På skiltet stod det
NUDISTLEIR med store bokstavar, og ei lita pil ned mot sjøen. Ein
klesknagg vart også montert på skiltet. Olaien tykte at det
hadde vorte for stilt rundt han i det siste, og han gjorde
noko med det – på sin måte.
4 5
4 daglege avgangar med ekspressbåt, korrespondanse med ferjerute til øyane. Reisetid til Bergen ca 2,5 timar, til Florø 40 min.
Breiband til alle bygder ikommunen i løpet av 2006.
Tilgjengelege tomter i heile kommunen.
Dagpendleavstand til vidare-gåande skular i Dale og Førde.
Transportstøtte tilungdomsarrangement.
Ungdomskort – rabattordning for all kollektivtrafikk i Sogn og Fjordane.
Askvoll ligg ved skipsleia sentralt på kysten. Det er gode kommunikasjonar med båt til Bergen og bil til næraste flyplass i Førde. To ferjesamband bind saman øyer og fastland medan to samband sikrar kommunikasjon mot sør over Dalsfjorden. Kommunen har lange tradisjonar for pendling til arbeidsplassar i skipsfart, fraktefart og oljeindustri. Mange arbeistakarar dagpendlar også til sørvissenteret Førde.
6 7
Fra: Askvollkommune<[email protected]>Sendt: fråår2006,ogsålengedetfinsttalentTil: Talent<[email protected]>Emne: Re:Talentpådjuptvatn
Talentpådjuptvatn
>TorLøkelandogIdunLosnegårdhargåttkvarsinvegilivet.DeiertotalentfråAskvollsomharreistutiverdaforårealiseredraumanesine.>TorhaddeetterkvartvaletmellomseljarjobbiSingaporeogåovertafamilieverksemdaSigurdLøkelandASpåHerland.Hanvaldedetsiste.NolagarhandelikatesserforverdsmarknadenavkrabbefråkystenavSognogFjordane.>Idunhaddeeinskodespelarimagen.Hostartamedamatørteateriungdomslaget,toksjansenogreistetilLondonforåutdanneseg.Noerhofreelanceskodespelarogtekopp-dragmellomannavedSognogFjordaneTeater.>Totalent-toretningar,mendensameskaparviljenogeventyrlysta.
MedvenleghelsingAskvoll
Askvoll har godt med tilrettelagt industriareal, og djupvasskaier er tilgjengelege fleire stader i kommunen.
Fiskerinæringa har greidd omstillinga til ein moderne kystnotflåte med god lønsevne.
Landbruksnæringa er inne i ei liknanade omstilling, og reiselivet ser ut til å vere i starten av ein vekstperiode.
Vi samarbeider tett med nabokommunar, og nye bruer over Dalsfjorden og til Atløy vil gjere arbeidsmarknaden større og meir dynamisk.
Industriutvikling på Lutelandet i Fjaler er eit regionalt satsingsprosjekt.
Gründerar har sett spor etter seg i Askvoll. Små lokaleigde industriverksemder skapar saman med fiskeri og landbruk dei fleste private arbeidsplassane i kommunen. Industriprodukta spenner frå fiskefilet i Bulandet, laks og stein på Værlandet og krabbe på Atløy til mekaniske produkt hos Klausen på Helle og kniv frå Helle Fabrikker i Holmedal.
8 9
Aktivitetar:Havkajakk, fiske, riding, klatring, hjortejakt, sykkel.
Øyhoppingsturar Solund - Bulandet.
Temaparken i Bulandet – lokalhistorisk samling.
Fleire galleri
I Askvoll finn du alt frå lette spaserturar til luftige toppturar:
Nipebu, sjølvbetjent DNT-hytte med stinett på fastlandet.
Blegja, 1300 meter opp til fantastisk utsikt over kystlandskapet.
Alden – Den Norske Hest – eit lite høgfjell i havet.
Nordsjøløyper på øyane.
Thaimat og havkajakk foredla natur i to variantar to små bitar av eit stort eventyr levert rett på døra. Reiseliv er eit satsingsområde. I sentrum finn du hotell, kro og eit variert handels og tenestetilbod. Utleigehytter og gjestehamner finst i heile kommunen, og tomtene i dei nye private hyttefelta er ettertrakta. Askvoll har store naturkvalitetar med heile 17 naturreservat og ein svært spesiell geologi der fjell som Alden og Atløy reiser seg i over 500 meter høgde langt vest i havet.
10 11
1/3Menneska har til alle tider drøymt om å reise.Kanskje det er difor historia om Ingolf Arnarson – utvandraren frå Rivedal til Island - har halde seg levande i meir enn tusen år?
2/3Heller ikkje i dag nøyer vi oss med draumen!Vi reiser både i verda og på nettet. Ungdommane studerer i utlandet, og vi får ofte utanlandske gjestar på besøk. Nokre er nøgde med ein smak av Askvoll, medan andre vert buande...
3/3Draumen om den store reisa er meir enn ein draum! Nyfikne og reiselystne ungdommar er lokalsamfunna si beste livsforsikring! Dei lever med opne vindauge mot verda og knyter viktige kontaktar for Askvoll si framtid.
Internasjonal ungdomsutveksling i regi av prosjektet «Vesle Daniel».
Samarbeid på bygdenivå med Skottland og Shetland.
Vidareutvikling av dei historiske banda til Island.
Bygging av internasjonale nett-verk knytta tilNordsjøløypa og Naturbruksprosjektet.
Kulturopplevingar i landskapet ( Dalsfjordveka, Nordsjøporthelga, Skjærgardstreffet og skiftande lokale arrangement).
Ungdomsmedverknad gjennom Askvoll Ungdomsråd.Feriearbeid til ungdomgjennom Ung Jobb.
Musikk- og kulturskule, kommunal fritidsklubb og tilskot til ungdomsaktivitetar i lokalsamfunna.
Når reiseaktiviteten aukar, vert positive opplevingar i oppveksten enno viktigare enn før. I Askvoll satsar vi på at gode og meiningsfulle opplevingar skal skape breie og sterke band.Involvering i lokalsamfunnet og internasjonal utveksling er hovudpilarane i dette arbeidet.
Draumen om den store reisa!
3 meldingar mottatt
melding sendt
Værlandet
BulandetAlden
Atløy
Gjervik
Askvoll
Staveneset
EikenesHolmedal
Dale
Kvammen
FjalerKommune
GaularKommune
NaustdalKommune
FloraKommune
Svanøy
Rivedal
Til flyplass og Førde
Askvoll Flokeneset
Herland
Ekspressbåt til Bergen
Ekspressbåt til Florø
Dalsfjorden
Stongfjorden
Førdefjorden
Bulandet: Fiskeri, fiskeindustri,bygdemuseum, øyhoppingog padleeldorado.
Værlandet:Sjøfuglvern i Sørværet,kystkultur i Værøyhamna,Nordsjøløype og steineksport til Italia (Black Beauty).
Alden:Seglingsmerke som stig460 meter rett opp frå havet.
Atløy:Sagaøya med Vilnes kyrkje frå 1674, krabbefabrikk og det geologiske landemerket Brurastakken.
Askvoll:Kystperle og kommune-sentrum. Kommunikasjons-knutepunkt og heimstaden til kunstmålaren Anders Askevold.
Holmedal:Hellekniven si heimbygd. Sterke teaterkrefter og rik industrihistorie.
Rivedal:Sterke band til Island gjennom historia om Ingolf Arnarson.
Stongfjorden: Idyll og industristradisjon.Første aluminiumsverketi Skandinavia.
Staveneset:Helleristningar og grav-røyser fra bronsealder.
Førdefjorden:Trivelege bygder og gode bumiljø langs fjorden.Pendleavstand til Førde.
Fure
Ferje til Dale
13
Tviberg
Stongfjorden
Værlandet
Askvoll
Ferje til Værlandet
Europa
Oslo
Florø
Kristiansand
Nordkapp
Noreg
Europa
Danmark
Sverige
Finland
Island
Askvoll – knutepunkt mellom sjø og land – med kort veg til dei beste natur og kulturopplevingane i Fjord Noreg.
Frå Askvoll kan du utforske andre kystperler som Utvær og Solund i sør, og Svanøy, Kalvåg og Selje i nord.
På dagstur med bil kan du besøkje Jostedalsbreen, stavkyrkjene ved Sognefjorden eller eit av kunstmålaren Nikolai Astrup sine jølsterlandskap.
Årvisse opplevingar er også Den Internasjonale Folkemusikkfestivalen i Førde og Kinnaspelet ved Florø.To og ein halv times sjøreise mot sør møter du den gamle hansastaden Bergen. Våren i Bergen byr på kulturopplevingar som festspel og nattjazz, men også resten av året er byen ein
innfallsport til Vestlandet, og ein smeltedigel for lokal og internasjonal kultur.
Dei største eventyra finn du likevel i dei næraste omgjevnadene øyhopping i Solund og Værlandet/Bulandet, Vikingtur på Dalsfjorden, teaterfest på Kyrkjebakken eller fisketur i lyse sommarnetter ved Flokeneset – alternativa er mange når utgangspunktet er Askvoll.
Gjennom brosjyra «Rom for eventyr» vil vi gje deg ein smakebit av Askvoll og Noreg. Vil du vite meir om eventyret, kan du laste ned brosjyra på engelsk, fransk, tysk og spansk på websida:www.askvoll.kommune.no
Mal: Ralston & BauFoto: David Zadig (s.7 Vasco Pinhol)
Skottland
PolenNetherlands
Shetlandsøyane
FærøyaneFørde
Bergen
Eng
lish:
O
ur b
roch
ure,
«R
oom
for A
dven
ture
»,
aim
s to
giv
e yo
u a
tast
e of
Ask
voll
and
Nor
way
. If y
ou w
ant
to k
now
mor
e ab
out
wha
t we
have
to o
ffer
, pl
ease
dow
nloa
d th
e br
ochu
re in
Eng
lish
from
our
web
site
: w
ww
.ask
voll.
kom
mun
e.no
Fra
nçai
s:
Cett
e br
ochu
re
«Ter
re d
’ave
ntur
e»
vous
don
nera
un
avan
t-go
ût d
’Ask
voll
et d
e la
Nor
vège
. Si
vous
vou
lez
en s
avoi
r pl
us,
télé
char
gez
la
broc
hure
en
angl
ais,
fr
ança
is, a
llem
and
ou
espa
gnol
sur
not
re s
ite:
ww
w.a
skvo
ll.ko
mm
une.
no
Deu
tch:
M
it un
sere
r «M
ärch
ense
ite»
möc
hten
wir
Ihne
n au
f un
sere
Art
ein
en k
lei-
nen
Vor
gesc
hmac
k au
f A
skvo
ll un
d N
orw
egen
ge
ben.
Uns
ere
deut
-sc
he B
rosc
hüre
kön
nen
Sie
auch
auf
uns
erer
H
omep
age
ww
w.a
skvo
ll.ko
mm
une.
no h
erun
ter-
lade
n
Esp
añol
: Con
«E
spac
io p
ara
la a
vent
ura»
hem
os
quer
ido
ofre
cero
s un
a pe
queñ
a m
uest
ra d
e A
skvo
ll y
Nor
uega
. Pa
ra m
ás in
form
ació
n so
bre
la a
vent
ura,
de
scar
gue
el fo
lleto
en
espa
ñol d
esde
el s
itio
web
:w
ww
.ask
voll.
kom
mun
e.no
M
ILJØMERKET
241 Trykksak 600
Postboks 174, 6988 Askvolll Tlf: 57 73 07 00 [email protected]
rom for eventyr!