tilsyn med sikringsanlegg mot flaum, erosjon og skred i...

4
Informasjon frå Noregs vassdrags- og energidirektorat nr. 2 2004 [Dialog-ark nr. 7 2000 revidert] Nynorsk F A K T A Bilete 1: Brot på flaumverk. Her er det brot på flaumverket langs Glomma ved Stemsrud. Årsaka er truleg grunn- brot som følgje av undergraving og utvasking. Sikringsanlegg mot flaum, erosjon og skred blir utsett for sterke påverknader under flaum og isgang. Dei kan då bli skada. Mange anlegg treng jamleg tilsyn og vedlikehald for å hindre at skadar utviklar seg. Kommunen har ansvaret for tilsynet. NVE vurderer behovet for vedlikehald på grunnlag av tilsynsrapportar, og prio- riterar tiltak ut frå skade- omfang, kostnader og kva for verdiar anlegget sikrar. For alle sikringsanlegg i vassdrag som NVE har gitt stønad til å byggje, har kommunen forplikta seg til å ha tilsyn med anlegget. NVE har tidlegare gitt instruks for korleis tilsynet skal utførast. Denne instruksen er no erstatta av Forskrift om kommunalt tilsyn med anlegg for sikring mot flaum, erosjon og skred og anlegg for å betre vassdragsmiljøet, fastsett ved kg.res. 17.juni 2005 med heimel i vassressurslova. Tilsyn skal normalt skje kvart femte år og etter store flaumar og andre hendingar som kan skade anlegga. For visse flaumsikrings- anlegg skal det vere årleg tilsyn. Tilsynet omfattar synfaring av anlegga og rapportering til NVE. Ein kan gjera synfaringa på ulike års- tider. Den beste oversikten over skadar får ein når det er lite vatn i elva, van- legvis på ettersommaren eller tidleg haust. Det er ein fordel å bruke båt ved synfaring, der det er mogleg. Ved å kontrollere anlegga under flaum, får ein eit inntrykk av korleis anlegga fungerer i høve til straumen og kreftene i vatnet. Det kan òg vere fornuftig å gå over flaumverka før ein varsla flaum, for å sjå til at alt er i orden. Typar av sikringsanlegg Erosjonssikring Erosjonssikring skal hindre at elva graver seg inn mot bygnader, vegar eller andre verdiar. Den vanlegaste metoden er å kle elveskråninga og ein del av botnen på den utsette strek- ninga med stein (sjå bilete 3 og 4). Den øvre delen av sikringa blir ofte tilført jord for at vegetasjon skal eta- blere seg. I nokre tilfelle kan ein byg- gje tersklar for å hindre erosjon i bot- nen, eller utstikkarar i elvelaupet for å minske farten på vatnet og endre straumretninga. I nokre tilfeller, sær- leg i tettbygnader, byggast erosjons- sikringa som tørrmurar langs breddane. I elvar med stor massetransport kan det vere naudsynt å byggje masse- avlagringsbasseng for å hindre uhel- dig avlagring av masser nedanfor, til dømes der det er fare for flaum. Bassenga må reinskas for masser når dei er fulle. Skred langs vassdrag blir ofte utløyst av at elva graver seg inn i skredfarlege masser, til dømes kvikkleire. Botnen og elveskråninga må då sikrast mot erosjon. I tillegg må ein ofte leggje ei støttefylling opp mot rasskråninga. Ved sikring mot lausmasseskred i bratt terreng kan ein byggje skredvollar som skal leie skredmassane utanom areal der massane kan gjere skade. Flaumverk Flaumverk er vollar langs elvekanten som hindrar vatnet i å gå innover landområde og gjere skade på busetjing, infrastruktur og landbruksområder. Flaumverka er som oftast bygd av massar frå staden, med tetting anten med morene- massar, duk eller spunt. På vassida er flaumverket kledd med stein i nedre Tilsyn med sikringsanlegg mot flaum, erosjon og skred i vassdrag

Upload: others

Post on 26-Jan-2020

1 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: Tilsyn med sikringsanlegg mot flaum, erosjon og skred i vassdragpublikasjoner.nve.no/faktaark/2004/faktaark2004_02.pdf · ras og skadar på anlegget vil vere tydelege og lette å

Informasjon frå Noregs vassdrags- og energidirektorat nr. 2 2004 [Dialog-ark nr. 7 2000 revidert] Nynorsk

F A K T A

Bilete 1: Brot på flaumverk. Her er det brot på flaumverket langs Glomma ved Stemsrud. Årsaka er truleg grunn-brot som følgje av undergraving og utvasking.

Sikringsanlegg mot flaum, erosjon og skred blir utsett for sterke påverknader under flaum og isgang. Dei kan då bli skada. Mange anlegg treng jamleg tilsyn og vedlikehald for å hindre at skadar utviklar seg. Kommunen har ansvaret for tilsynet. NVE vurderer behovet for vedlikehald på grunnlag av tilsynsrapportar, og prio- riterar tiltak ut frå skade- omfang, kostnader og kva for verdiar anlegget sikrar.

For alle sikringsanlegg i vassdrag

som NVE har gitt stønad til å byggje,

har kommunen forplikta seg til å ha

tilsyn med anlegget. NVE har tidlegare

gitt instruks for korleis tilsynet skal

utførast. Denne instruksen er no

erstatta av Forskrift om kommunalt

tilsyn med anlegg for sikring mot

flaum, erosjon og skred og anlegg

for å betre vassdragsmiljøet, fastsett

ved kg.res. 17.juni 2005 med heimel i

vassressurslova. Tilsyn skal normalt

skje kvart femte år og etter store

flaumar og andre hendingar som kan

skade anlegga. For visse flaumsikrings-

anlegg skal det vere årleg tilsyn.

Tilsynet omfattar synfaring av anlegga

og rapportering til NVE.

Ein kan gjera synfaringa på ulike års-

tider. Den beste oversikten over skadar

får ein når det er lite vatn i elva, van-

legvis på ettersommaren eller tidleg

haust. Det er ein fordel å bruke båt

ved synfaring, der det er mogleg. Ved

å kontrollere anlegga under flaum, får

ein eit inntrykk av korleis anlegga

fungerer i høve til straumen og kreftene

i vatnet. Det kan òg vere fornuftig å gå

over flaumverka før ein varsla flaum,

for å sjå til at alt er i orden.

Typar av sikringsanlegg

ErosjonssikringErosjonssikring skal hindre at elva

graver seg inn mot bygnader, vegar

eller andre verdiar. Den vanlegaste

metoden er å kle elveskråninga og

ein del av botnen på den utsette strek-

ninga med stein (sjå bilete 3 og 4).

Den øvre delen av sikringa blir ofte

tilført jord for at vegetasjon skal eta-

blere seg. I nokre tilfelle kan ein byg-

gje tersklar for å hindre erosjon i bot-

nen, eller utstikkarar i elvelaupet for

å minske farten på vatnet og endre

straumretninga. I nokre tilfeller, sær-

leg i tettbygnader, byggast erosjons-

sikringa som tørrmurar langs breddane.

I elvar med stor massetransport kan

det vere naudsynt å byggje masse-

avlagringsbasseng for å hindre uhel-

dig avlagring av masser nedanfor,

til dømes der det er fare for flaum.

Bassenga må reinskas for masser når

dei er fulle.

Skred langs vassdrag blir ofte utløyst

av at elva graver seg inn i skredfarlege

masser, til dømes kvikkleire.

Botnen og elveskråninga må då

sikrast mot erosjon. I tillegg må

ein ofte leggje ei støttefylling opp

mot rasskråninga. Ved sikring mot

lausmasseskred i bratt terreng kan

ein byggje skredvollar som skal leie

skredmassane utanom areal der

massane kan gjere skade.

FlaumverkFlaumverk er vollar langs elvekanten

som hindrar vatnet i å gå innover

landområde og gjere skade

på busetjing, infrastruktur og

landbruksområder. Flaumverka er

som oftast bygd av massar frå staden,

med tetting anten med morene-

massar, duk eller spunt. På vassida er

flaumverket kledd med stein i nedre

Tilsyn med sikringsanlegg mot flaum, erosjon og skred i vassdrag

Page 2: Tilsyn med sikringsanlegg mot flaum, erosjon og skred i vassdragpublikasjoner.nve.no/faktaark/2004/faktaark2004_02.pdf · ras og skadar på anlegget vil vere tydelege og lette å

Bilete 5: Botnsenking. Dette er eit flaum- og erosjonssikringsanlegg som no er heilt øyde-lagt på grunn av store flaumar og undergraving av botnerosjon. Botnsenkinga ved dette anlegget i Altaelva var mellom åtte og ti meter djup!

Bilete 4: Slitt erosjonssikring. Sjølv om det ein ser over vassflata ikkje er skada, kan det vere skadar under vassflata.

Bilete 2: Erosjonssikringa rasar ut. Bilete er frå Gaula. Her er erosjonssikringa undergra-ven. Sikringa ser uryddig ut og steinane sig nedover skråningen.

Bilete 3: Undergraving av fotgrøft. Her ser ein korleis fotgrøfta er i ferd med å bli under-graven som følje av botnsenking.

del for å hindre erosjon. På landsida av

flaumverket blir det ofte grave ei drenerings-

grøft. Skråningane blir sådd til. Pumpe-

stasjonar kan vere naudsynt for å få vekk

vatn bak flaumeverket.

Skadar og skadeteikn

Ras og undergraving Det er viktig at erosjonssikringa ligg stabilt.

Ein må difor sjå etter sig og stader der det

har rasa ut i skråningane (bilete 2). Større

ras og skadar på anlegget vil vere tydelege

og lette å sjå (bilete 1). Årsaka til meir

omfattande skade kan vere at det er brukt

for liten stein i sikringa eller at elvebotnen

har senka seg (bilete 5). Ein annan skade

kan være at stein i foten av fyllinga er reven

vekk eller komen ut av posisjon (bilete 4).

Fyllinga kan då rase eller sige ned, og det

blir angrepspunkt for ny erosjon (bilete 3).

Overgangen mellom erosjonssikring og

naturleg elvebreidd er ofte eit svakt punkt.

Difor er det viktig at sikringane er jamne

og utan skarpe overgangar der vatnet kan

få tak.

Mindre utglidingarEin bør sjå etter teikn til mindre utglid-

ingar langs skråningskanten (bilete 6).

Tre som hallar utover mot elva tyder på sig

i skråningane (bilete 7). Dette kan skuldast

at skråningane er for bratte. Ei rotvelte kan

ta med seg stein frå erosjonssikringa og

øydeleggje så mykje at vatnet får eit nytt

angrepspunkt (bilete 9). Isgang kan flytte

steinar i erosjonssikringa. Det er spesielt

viktig å sjå etter stein som ikkje ligg der

dei skal i tørrmurar, ved inn-/utløp av

røyrgjennomføringar eller ved bruer (bilete

8). Ved store vassmengder kan ein kulvert

ha for liten kapasitet, og presset mot

sikringa vil då bli stort (bilete 10).

Setningar på anleggetSetning er søkk på anlegget. Årsaka kan

til dømes vere utvasking av finmateriale.

Dette kan ein sjå att som grunne hol i

”krona”, dvs. toppen av flaumverket (bilete

11). Utvasking kan skje i terrenget innanfor

erosjonssikringa. Dårlege grunnforhold

er ein annan årsak til at det over tid kan

oppstå setningar på sikringsanlegget.

Mindre setningar kan ein godta.

Revehi/grevlinghol Flaumverk er som regel laga av massar frå

nærområdet som finsand og silt, og dei er

difor ein god stad for rev og grevling til

Page 3: Tilsyn med sikringsanlegg mot flaum, erosjon og skred i vassdragpublikasjoner.nve.no/faktaark/2004/faktaark2004_02.pdf · ras og skadar på anlegget vil vere tydelege og lette å

Bilete 8: Skada tørrmur. I denne tørrmuren har nokre steinar forskuve seg og i tillegg har nokre meter rasa ut under flaum. Resultatet er ein open skrent der det kan erodere inn til vegen ved neste flaum. Skådalsbekken går gjennom tettbygd område i Oslo.

Bilete 9: Tre på erosjonssikringa. Rotsystem på erosjonssikringa bind fast jord og stein, men ved rotvelt vil noko følgje med. Ved neste flaum kan her bli eit nytt angrepspunkt for erosjon.

Bilete 6: Blottlagt leire. Dette er ei erosjonssikring i Gaula. Delar av sikringa er borte slik at leira er blottlagd. Ved neste flaum vil meir masse bli vaska bort.

Bilete 7: Tre i rørsle. Tre vil i utgangspunktet vekse rett. Grantreet i framgrunnen er bøygd nedst på stamma. Dette kan tyde på sig i skråninga då treet var ungt, men at det nå har stabilisert seg. Bjørka som står i bakgrun-nen heller utover skråninga, her kan det ha vore rørsle i grunnen i seinare tid. Dersom tre blir undergravne, kan dei helle kraftig utover elvebreidda.

graving av hi. Flaumverket er ikkje sterkare

enn det veikaste ledd. I verste fall kan hi og

hol vere gjennomgåande og bli årsak til

brot. Dyr kan også gjere skade på tetnings-

duken i flaumverk.

MasseavlagringMasseavlagring er oppgrunning av elva som

reduserer tverrsnittet og dermed kapa-

siteten. Denne avlagringa kan vere årsak

til at djupålen flytter seg inn mot ein av

elvekantane. Dette kan føre til erosjon og

botnsenking, resultatet kan då bli under-

graving av erosjonssikringa.

Masseavlagringsbasseng kan til dømes

vera ei utviding av elva der massar vil

sedimentere kontrollert. Så lenge det er

plass nok skjer avlagring utan heving av

vassyta eller skadeleg erosjon. Eit masse-

avlagringsbasseng mister funksjon sin når

det er fullt. Då vil nye massar bli trans-

portert vidare og leggje seg lengre nede i

vassdraget. Dette kan føre til høgare vass-

stand og oftare overfløymingar. Det fulle

masseavlagringsbassenget kan representere

ein fare ved at store mengder massar kome

i rørsle under stor flaum.

Spesielle tersklar for fisk har kulp ned-

straums sjølve terskelen. Denne kulpen kan

bli fylt igjen ved til dømes flaum, isgang

eller flaumskred. Ein bør sjå til at tersklane

ikkje blir fylt igjen i samband med flaum.

Dersom at det skjer vil oppreinsking vere

naudsynt.

Andre slitasjar og skadar på flaumverkPå flaumverk må ein sjå etter slitasje på

”krona” av anlegget. Flaumverket er spesielt

utsett i teleløysinga. Traktorkøyring kan

vere uheldig. Pumpeanlegg må prøve-

køyrast med jamne mellomrom, og ein må

sjekka at røyrgjennomføringane ikkje er

tette eller øydelagde.

På innsida av flaumverk skal ein sjå etter

kjegleforma sandhaugar. Desse er eit teikn

på at vatnet strøymer gjennom grunnen

og fører med seg finmassar i kanalar under

flaumverket. Fenomenet blir kalla ”koking”

og kan skje der det står høg vasstand over

lengre tid (bilete 12). Dette er eit signal om

fare for grunnbrott. Dette førekjem sjeldan,

men kan føre til omfattande skadar. Etter

større flaumar bør tilsynet kontrollere at

det ikkje er slike kjegleforma sandhaugar

langs flaumverka (bilete 13).

Vegetasjon på anlegget og tilkomst Vegetasjonen på flaum- og

erosjonssikringsanlegg skal helst vere

samansett av vekster med gode rotsystem

som bind mest mogleg av massane.

Avhengig av hellinga på skråningane,

bør ein hogge tre med diameter større

enn ca.10 cm, fordi rotvelt kan skade

sikringsanlegget. Tilkomsten til flaumverka

må haldast opne og i stand for ferdsel

i beredskapssituasjonar. Naudsynt

skogrydding på anlegget er grunneigar sitt

ansvar.

Page 4: Tilsyn med sikringsanlegg mot flaum, erosjon og skred i vassdragpublikasjoner.nve.no/faktaark/2004/faktaark2004_02.pdf · ras og skadar på anlegget vil vere tydelege og lette å

Skjøtsel og vedlikehaldSkjøtselsoppgåva inneber at eigaren av

anlegget må sjå til og skjøtte anlegget.

Skjøtsel omfattar ettersyn og drift av

pumpeanlegg (sjå eigen driftsmanual),

rydding av skog (sjå over), halde vegar

til anlegget opne og ta ut massar frå

massebasseng med jamne mellomrom.

sand

leire

silt

Bilete 11: Utvasking og dårlege grunnforhold. Setning i ”krona” på flaumverket kan skuldast utvasking av finare materiale. Dårlege grunnforhold kan ha innverknad på setningane.

Bilete 12 : ”Koking”, vatn som strøymer under flaumverk. ”Koking” er eit faresignal på grunnbrot. Årsaka vatn som har funne lettaste vegen frå elva under flaumverket. Vatnet vil føre med seg sand opp på innsida av flaumverket. Sanden blir liggjande som kjegler og kor vasstraumen har laga kanalar.

Bilete 13: Kjegleforma sandhaug: Kjeglene kan bli opp til ca. 40 cm høye og ser ut som haugar med finsand litt planlaust plassert.

Noregs vassdrags- og

energidirektorat (NVE)

er eit direktorat under

Olje- og energideparte-

mentet med ansvar for å

forvalte landet sine vass-

og energiressursar.

NVE skal sikre ei heil-

skapleg og miljøvenleg

forvalting av vassdraga,

fremje ei effektiv kraf-

tomsetjing og kostnads-

effektive energisystem

og medverke til ein

effektiv energibruk.

NVE har ei sentral rolle i

vernebuinga mot flaum

og vassdragsulukker

og leiar det nasjonale

vernebuingsarbeidet i

kraftforsyninga.

NVE er engasjert i FoU og

internasjonalt samarbeid

innafor sine fagområde.

NVE er nasjonal faginstitu-

sjon for hydrologi.

Informasjon frå Noregs vassdrags- og energidirektorat

Fakta-ark nr. 2 2004

[revidert utgåve av Dialog-ark nr. 7 2000]

F a k t aNoregs vassdrags- og energidirektorat

HovudkontorMiddelthunsgt. 29 Postboks 5091 Majorstua 0301 OsloTelefon: 22 95 95 95 Telefaks: 22 95 90 00Internettadresse: www.nve.no

Region Midt-Noreg (RM)Trekanten, Vestre Rosten 81, 7075 TillerTelefon: 72 89 65 50, Telefaks: 72 89 65 51E-postadresse: [email protected]

Region Nord (RN)Kongensgate 14-18, P.boks 394, 8505 NarvikTelefon: 76 92 33 50, Telefaks: 76 92 33 51E-postadresse: [email protected]

Region Sør (RS)Anton Jenssens gate 5 Postboks 2124, 3103 TønsbergTelefon: 33 37 23 00, Telefaks: 33 37 23 05E-postadresse: [email protected]

Region Vest (RV)Naustdalsvn. 1b, P.boks 53, 6801 FørdeTelefon: 57 83 36 50, Telefaks: 57 83 36 51E-post: [email protected]

Region Øst (RØ)Vangsveien 73, P.boks 4223, 2307 HamarTelefon: 62 53 63 50, Telefaks: 62 53 63 51E-postadresse: [email protected]

Ansvarlig: InformasjonsdirektørSverre SivertsenFagansvarlig: Hanne Marthe ØstvoldLayout: Rune StubrudOpplag: 600+600 (2006)Trykk: BRA trykk

Bilete 10: Kulvert. Innløp og utløp ved kulvertar er sårbare punkt som må sjåast etter.

På grunnlag av tilsynsrapporten vil

NVE vurdere behovet for vedlikehald.

NVE avgjer deretter kva for anlegg som

skal prioriterast med tanke på

vedlikehald, ut frå kva for verdiar

anlegget sikrar og kostnadane.