verdas forsvunne skattar

13

Upload: det-norske-samlaget

Post on 25-Jul-2016

234 views

Category:

Documents


2 download

DESCRIPTION

Leseland. Nivå fire. Fakta. Av Jens Hansegård og Anders Nyberg (ill.).

TRANSCRIPT

Page 1: Verdas forsvunne skattar
Page 2: Verdas forsvunne skattar
Page 3: Verdas forsvunne skattar

Samlaget OSLO 2016

AvJENS HANSEGÅRD

Illustrert avANDERS NYBERG

Frå svensk ved OLE JAN BORGUND

verdasforsvunne skattar

Page 4: Verdas forsvunne skattar

Skjulte skattar på mystiske øyar, sjørøvargull, gåtefulle kart, skjulte grotter og hemmelege gravkammer fylte av fantastiske rikdommar. Gjennom mange tusen år har skattar lokka lykkejegerar og vekt eventyrlyst, fantasi – og misunning.Vegane dit er mange. Kanskje må ein utforske underjordisk gangar, hoppe over djupe fjellkløfter, knekkje mystiske kodar, unngå livsfarlege feller og søkje etter leietrådar i gamle dokument.Men éin ting er i alle fall sikkert: Ifølgje historiene og legendene ligg skattane der ute ... og berre ventar på at du skal finne dei. Dette er ei bok for modige skattejegerar som vågar å leggje ut på farlege eventyr for å leite etter

VERDAS FORSVUNNE SKATTAR!

6 7

Page 5: Verdas forsvunne skattar

6 7

Page 6: Verdas forsvunne skattar

I 1532 kom spanjolen Pizarro med 168 soldatar, 27 hestar og éin kanon til det mektige inkariket. Dei tok keisaren, Atahualpa, til fange, men lovde å sleppe han fri dersom dei fekk eit heilt rom fylt med gull og to rom med sølv i løysepengar.

InkagulletECUADOR

8 9

Page 7: Verdas forsvunne skattar

Det blei samla inn skattar frå heile riket. Men det gjekk for sakte. Pizarro blei lei av å vente og drap keisaren.

InkagulletSkatt: gjenstandar av gull og sølvStad: Llanganatis-fjella i Ecuador

8 9

Page 8: Verdas forsvunne skattar

På same tid var ein inkageneral på veg med dei siste 750 tonna med gull som mangla. Da han fekk vite at keisaren var drepen, ville han ikkje levere frå seg skatten. Ein trur at han gøymde gullet i ei grotte eller senka det i ein innsjø oppe i fjella.

1110

Page 9: Verdas forsvunne skattar

Spanjolane tok generalen til fange, men han avslørte aldri kvar gullet var. Etter den tid har mange leita etter skatten, men ingen har funne han. Fleire har møtt ein mystisk død. Kanskje blei dei ramma av «Atahualpas forbanning» ...?

SØR-AMERIKA

Ein svensk eventyrar drog til Ecuador seks gonger for å leite etter skatten. Han oppdaga i staden ei kjempepadde som er blitt oppkalla etter han. Padda heiter Bufo Blomberg.

1110

Page 10: Verdas forsvunne skattar

Skatten på KokosøyaSTILLEHAVET

I 1820 var det opptøyar i Peru, og kyrkja ville redde rikdommane sine. Ein sjøkaptein, William Thompson, skulle frakte

to prestar og den store gullskatten til

Mexico.

1312

Page 11: Verdas forsvunne skattar

Men Thompson var ein skurk. Vel ute på havet kasta han prestane over bord til hammarhaiane.

Så segla han til Kokosøya og grov ned skatten.

Kokosøya

STILLEHAVET

Skatten på KokosøyaSkatt: to store gullstatuar av jomfru Maria – som vog 500 kilo kvar – innsette med perler og smaragdar, 50 kister med gullgjenstandar, topasar og juvelar og 9000 gull-myntarStad: Kokosøya, 550 kilometer ut i Stillehavet frå Costa Rica

PERU

1312

Page 12: Verdas forsvunne skattar

Seinare blei kaptein Thompson og mannskapet hans tekne til fange. Alle blei hengde utanom Thompson og styrmannen hans. Dei lovde å fortelje kvar skatten var, dersom dei fekk leve.

14 15

Page 13: Verdas forsvunne skattar

Dei viste veg til øya, men der rømte dei inn i jungelen. Verken Thompson, styrmannen hans eller skatten blei nokosinne sett igjen.

Sidan den tid har mange grave etter gullet på Kokosøya. Ein tysk skattejeger som heitte August Gissler, leita i tjue år, men det einaste han fann, var seks gullmyntar. Kvar er resten?

Kokosøya er ikkje berre kjend for skatten. Utanfor øya kan ein sjå den største stimen av hammarhai i verda.

14 15