verdas mystiske stader

13

Upload: det-norske-samlaget

Post on 25-Jul-2016

227 views

Category:

Documents


0 download

DESCRIPTION

Leseland. Nivå fire. Fakta. Av Jens Hansegård og Anders Nyberg (ill.).

TRANSCRIPT

Page 1: Verdas mystiske stader
Page 2: Verdas mystiske stader
Page 3: Verdas mystiske stader

Samlaget OSLO 2016

AvJENS HANSEGÅRD

Illustrert avANDERS NYBERG

Frå svensk ved OLE JAN BORGUND

verdas mystiske stader

Page 4: Verdas mystiske stader

6 7

Page 5: Verdas mystiske stader

Rundt om på kloden finst det spennande stader der det skjer uforklarlege og mystiske ting.

Desse stadene er som uløyste krimgåter som folk til alle tider har prøvd å finne ut av.

Kanskje blir du den første som løyser eit mysterium?

Velkomen til

VERDAS MYSTISKE STADER !

6 7

Page 6: Verdas mystiske stader

Myten seier at Atlantis var ei kjempestor øy som låg ute i Atlanterhavet. For over 10 000 år sidan blei Atlantis ramma av ein stor katastrofe og forsvann sporlaust i havet.

Atlantis Ukjend stad

Det heiter seg at innbyggjarane i Atlantis var flinke arkitektar, ingeniørar og vitskapsmenn. Øybuarane var uvanleg vakre, og øya hadde fantastiske rikdommar.

8 9

Page 7: Verdas mystiske stader

Den greske filosofen Platon levde for nesten 2500 år sidan. Han var den første som skreiv om Atlantis.

Han fortalde at innbyggjarane på øya opphavleg var gode menneske. Men etter kvart blei dei

gjerrige og hovmodige. Derfor straffa guden Zevs dei ved å la

Atlantis gå under.

Det skal ha vore praktfulle palass og fossande fontener på øya, og statuar i gull overalt.

I tempelet til havguden Poseidon i Atlantis skal det ha vore ein enorm statue av guden i reint gull.

8 9

Page 8: Verdas mystiske stader

I fleire tusen år har eventyrarar, skattejegerar og forskarar leita etter den forsvunne øya under havoverflata.

Folk har gjort seg ulike tankar om kva som skjedde med Atlantis.

Kanskje Atlantis var Edens hage, der Bibelen fortel at Adam og Eva levde? Det trudde ein amerikanar på 1800-talet.

10 11

Page 9: Verdas mystiske stader

Ein teori går ut på at Atlantis-myten handlar om øya Santorini i Middelhavet. For omkring 3500 år sidan blei Santorini ramma av eit kraftig vulkanutbrot.

Andre trur at Atlantis låg ein heilt annan stad, på den andre sida av jorda.

Men dei fleste trur at Atlantis berre er eit eventyr.

Kva trur du?

I Stillehavet utanfor Taiwan ligg Yonaguni-monumentet, ein mystisk steinformasjon som minner om ein by på havbotnen.

10 11

Page 10: Verdas mystiske stader

Påskeøya – Rapa NuiStillehavet

Midt ute i Stillehavet ligg den mystiske Påskeøya. Øya fekk namnet sitt da ein hollandsk sjøkaptein gjekk i land der første påskedag i 1722.

På øya oppdaga kapteinen dei gigantiske statuane som urfolket kallar moai. Sidan den tid har forskarane undra seg over dette mysteriet.

12 13

Page 11: Verdas mystiske stader

På urfolket sitt språk heiter Påskeøya Rapa Nui.

Korleis kom dei opphavlege øybuarane til Påskeøya? Og kvar kom dei frå? Dei må ha segla mange tusen mil over havet for å kome dit.

12 13

Page 12: Verdas mystiske stader

Steinstatuane er om lag fire meter høge og veg rundt 14 tonn. Arkeologar trur at folket på Påskeøya hogg dei ut og frakta dei omkring på øya ein gong på 1600-talet.

Men korleis gjorde dei det?Ein teori er at dei kunne flytte statuane

ved å bruke tau og gynge dei frå side til side.

14 15

Page 13: Verdas mystiske stader

Kvifor laga folket på Påskeøya statuane?Det hadde truleg samanheng med

religionen til øybuarane. Kanskje førestiller statuane herskarane eller gudane deira.

Til saman er det funne 887 moaiar på øya. Den største av dei er nesten ti meter høg og veg 75 tonn.

To arbeidslag gyngar statuen frå side til side. Det tredje held igjen slik at han ikkje veltar.

14 15