meir enn tulipanar frå amsterdam odd amu nd se , spartacu author newspilot autoprint subject...

1
20 KULTUR DAGEN - mandag 3. desember 2012 Nederlandske sjømenn lærte nordmenn sjøfart og skaffa oss eksotisk krydder og fint porselen. Med på kjøpet fekk vi også ei mengd med ord og uttrykk. ANDREA ØIEN SÆVERUD – Eg forstår ikkje ein døyt, har du kanskje sagt. Men kva er eigentleg ein døyt? Det veit historikar og førstearkivar i Riksarkivet Margit Løyland. Ho har skrive bok om hollendartida og vil vise korleis nederlandske sjøfarar og handels- menn har prega Noreg meir enn dei fleste er klar over. – Den vesle, flate, sjøfarande nye republikken storma fram som økonomisk stormakt og gjorde Noreg til ein viktig handels- partnar, er bodskapen til Løyland i boka «Hollendartida i Norge 1550-1750». Nederland var eit skoglaust land, og hadde dermed stort be- hov for norsk trelast. Dei kjøpte opp tømmer, fisk og mineral, til- bake skaffa dei nordmenn klede, krydder og fint porselen. – Nederlendarane fekk tømmer til å byggje skip og sikre landet sitt mot å søkkje i havet, og nordmenn fekk opplæring til å bli ein stor sjøfartsnasjon, fortel Løyland. Ordspor Men det var ikkje berre varer og kunnskap som blei utveksla i hol- lendartida. Ordet døyt, som var namnet på den minste nederland- ske mynteininga, er eitt av dei som framleis heng igjen i det norske språket. Det same gjer dei neder- landske uttrykka hulter til bulter, rubb og stubb og ei mengd med andre ord som har glidd inn i dag- legtalen og blitt verande. Vindstyrkar som orkan, kuling og bris, er ord som vi kan takke nederlendarane for. Det same er dei maritime lada orda som kjølhale, farvatn, anker, forlis og matros. Men også dei meir hus- haldsretta orda som appelsin, ed- dik, komfyr, skeise og bestikk har nederlandske aner. Til og med bestemor og bestefar er nederlandske uttrykk som etter kvart tok over dei eldre norske nemningane godfar og godmor. Utveksling – Nordmenn og nederlendarar hadde tett kontakt om dagleg- dagse gjenstandar og arbeidsope- rasjonar. Skogbruk og sjøfart er derfor dei områda der vi har flest ord frå Nederland. Men vi har også mange nederlandske ord og uttrykk for gjeremål og gjenstan- dar i hushaldet og i den religiøse terminologien, fortel Løyland. Ho trur noko av grunnen til at så pass mange ord festa seg, var at handelen og kulturutvekslinga gjekk gjennom heilt vanlege folk. For i motsetnad til dei tyske hansa- kjøpmennene som heldt seg til dei store byane, kunne nederlenda- rane med nye og mindre skuter som var flate i botnen, kome inn i småhamnene og handle med van- lege folk der. – Dei kom og handla i mange små hamnar og viker, i kyststroka frå Østfold til Trøndelag. Skogen nærast kysten vart fort uthoggen på 1500- og tidleg 1600-tal, fortel Margit Løyland. Ikea i si tid Nederland hadde både koloniar og handelsstasjonar i fjerne strok, og handelen med nederlendarane gjorde at eksotiske krydder, drik- ke og møblar blei vanleg i norske hushald. Det same blei te, kaffi, koppar og fløytemuggar. – Det kom mange nye produkt som nederlendarane henta andre stader i verda. Dei henta mellom anna nellik, pepar og kanel i India og Kina, og kaffi i Afrika og Sør- Amerika, seier Løyland. – Nederlendarane kom med mengdevarer og nederlandske varehus var på ein måte Ikea i si tid. Dei utvikla handelsnettet og gjorde storhandel på det. I eldre gardshus kan du ofte finne lintøy- skap, krukker, vevstolar, takstein, fat og piper som alle stammar frå nederlandsk handel, opplyser his- torikaren. Orgel og jordbær Men det var ikkje berre i private hushald at nederlendarane sette merke etter seg. I mange kyrkjer rundt om i landet kan finne mykje kunst med nederlandsk signatur. – Det finst mange spor av ned- erlandsk gullalder i norske kyr- kjer, altertavler, preikestoler og orgelvegger. I tillegg lærte neder- landske treskjerarar og orgelbyg- gjarar opp nordmenn slik at nye moter innanfor desse handverka spreidde seg vidare rundt i landet, forklarer Margit Løyland. NPK Meir enn tulipanar frå Amsterdam KULTURUTVEKSLING: Måleri av handelsfamilie i Sande kyrkje på Sunnmøre. Brevet som faren held i handa er adressert til Hinrich Glassen i Amsterdam. FOTO: SPARTACUS TULIPANAR FRÅ AMSTERDAM: Tulipanar var populære motiv for både norske og nederlandske kunstnarar. Truleg kom villtulipanen til Noreg gjennom frø i ballas- ten frå nederlandske skip. FOTO: RIJKSMUESUM AMSTERDAM EIN DØYT: Døyt var den minste nederlandske mynteininga. Mynten finst ikkje lenger, men ordet heng framleis igjen i det norske språket. FOTO: SPARTACUS GLØYMD HISTORIE: Forfat- tar Margit Løyland vil vise at hollendartida i Noreg var meir enn ein døyt. FOTO: ODD AMUNDSEN, SPARTACUS

Upload: vudan

Post on 04-May-2019

213 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

20 Kultur DAGEN - mandag 3. desember 2012

Nederlandske sjømenn lærte nordmenn sjøfart og skaffa oss eksotisk krydder og fint porselen. Med på kjøpet fekk vi også ei mengd med ord og uttrykk.

AndreA Øien Sæverud

– Eg forstår ikkje ein døyt, har du kanskje sagt. Men kva er eigentleg ein døyt? Det veit historikar og førstearkivar i Riksarkivet Margit Løyland. Ho har skrive bok om hollendartida og vil vise korleis nederlandske sjøfarar og handels-menn har prega Noreg meir enn dei fleste er klar over.

– Den vesle, flate, sjøfarande nye republikken storma fram som økonomisk stormakt og gjorde Noreg til ein viktig handels-partnar, er bodskapen til Løyland i boka «Hollendartida i Norge 1550-1750».

Nederland var eit skoglaust land, og hadde dermed stort be-hov for norsk trelast. Dei kjøpte opp tømmer, fisk og mineral, til-bake skaffa dei nordmenn klede,

krydder og fint porselen.– Nederlendarane fekk tømmer

til å byggje skip og sikre landet sitt mot å søkkje i havet, og nordmenn fekk opplæring til å bli ein stor sjøfartsnasjon, fortel Løyland.

OrdsporMen det var ikkje berre varer og

kunnskap som blei utveksla i hol-lendartida. Ordet døyt, som var namnet på den minste nederland-ske mynteininga, er eitt av dei som framleis heng igjen i det norske språket. Det same gjer dei neder-landske uttrykka hulter til bulter, rubb og stubb og ei mengd med andre ord som har glidd inn i dag-legtalen og blitt verande.

Vindstyrkar som orkan, kuling og bris, er ord som vi kan takke nederlendarane for. Det same er dei maritime lada orda som kjølhale, farvatn, anker, forlis og matros. Men også dei meir hus-haldsretta orda som appelsin, ed-dik, komfyr, skeise og bestikk har nederlandske aner.

Til og med bestemor og bestefar er nederlandske uttrykk som etter kvart tok over dei eldre norske nemningane godfar og godmor.

Utveksling– Nordmenn og nederlendarar hadde tett kontakt om dagleg-dagse gjenstandar og arbeidsope-rasjonar. Skogbruk og sjøfart er derfor dei områda der vi har flest ord frå Nederland. Men vi har også mange nederlandske ord og

uttrykk for gjeremål og gjenstan-dar i hushaldet og i den religiøse terminologien, fortel Løyland.

Ho trur noko av grunnen til at så pass mange ord festa seg, var at handelen og kulturutvekslinga gjekk gjennom heilt vanlege folk. For i motsetnad til dei tyske hansa-kjøpmennene som heldt seg til dei store byane, kunne nederlenda-rane med nye og mindre skuter som var flate i botnen, kome inn i småhamnene og handle med van-lege folk der.

– Dei kom og handla i mange små hamnar og viker, i kyststroka frå Østfold til Trøndelag. Skogen nærast kysten vart fort uthoggen på 1500- og tidleg 1600-tal, fortel Margit Løyland.

Ikea i si tidNederland hadde både koloniar og handelsstasjonar i fjerne strok, og handelen med nederlendarane gjorde at eksotiske krydder, drik-ke og møblar blei vanleg i norske hushald. Det same blei te, kaffi, koppar og fløytemuggar.

– Det kom mange nye produkt som nederlendarane henta andre stader i verda. Dei henta mellom

anna nellik, pepar og kanel i India og Kina, og kaffi i Afrika og Sør-Amerika, seier Løyland.

– Nederlendarane kom med mengdevarer og nederlandske varehus var på ein måte Ikea i si tid. Dei utvikla handelsnettet og gjorde storhandel på det. I eldre gardshus kan du ofte finne lintøy-skap, krukker, vevstolar, takstein, fat og piper som alle stammar frå nederlandsk handel, opplyser his-torikaren.

Orgel og jordbærMen det var ikkje berre i private hushald at nederlendarane sette merke etter seg. I mange kyrkjer rundt om i landet kan finne mykje kunst med nederlandsk signatur.

– Det finst mange spor av ned-erlandsk gullalder i norske kyr-kjer, altertavler, preikestoler og orgelvegger. I tillegg lærte neder-landske treskjerarar og orgelbyg-gjarar opp nordmenn slik at nye moter innanfor desse handverka spreidde seg vidare rundt i landet, forklarer Margit Løyland. NPK

Meir enn tulipanar frå Amsterdam

KULTURUTVEKSLING: Måleri av handelsfamilie i Sande kyrkje på Sunnmøre. Brevet som faren held i handa er adressert til Hinrich Glassen i Amsterdam. FOTO: SParTacuS

TULIPANAR FRÅ AMSTERDAM: Tulipanar var populære motiv for både norske og nederlandske kunstnarar. Truleg kom villtulipanen til Noreg gjennom frø i ballas-ten frå nederlandske skip. FOTO: rijKSmueSum amSTerdam

EIN DØYT: Døyt var den minste nederlandske mynteininga. Mynten finst ikkje lenger, men ordet heng framleis igjen i det norske språket. FOTO: SParTacuS

GLØYMD HISTORIE: Forfat-tar Margit Løyland vil vise at hollendartida i Noreg var meir enn ein døyt. FOTO: Odd amuNdSeN, SParTacuS