norsk tidend 1-2013

28
Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai NR. 1 – JANUAR 2013 MEDLEMSBLAD FOR NOREGS MåLLAG Langdistanseløp X I oktober skal Nynorsk- stafetten ha flytta seg 12 000 kilometer, stogga 140 ulike stader og vore innom barnehagar, lærar- rom, kjøpesenter, kulturhus, kommunehus og bibliotek. X Nynorskstafetten skal vere batteri for språkgleda, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag. > 12–13 ORD GJER VERDA STOR > 9, 10, 11 VEKKJARKLOKKA PÅ P3 > 12–13 TVIL ER VIKTIG > 14–15 WORDFEUD > 19 KRAFTFULL TEORI OM TO KULTURAR > 16–17 MÅLBYTESUGET > 20–21 SPRÅKLOBBY I VEST > 22 KVISS > 26 Levande – Kultur er ikkje berre det ein stiller ut på museum. Det er også det som blir uttrykt i dag. Språk er eit sam- tidsuttrykk, seier kulturminister Hadia Tajik. > 6–7 FOTO: ILJA C. HENDEL

Upload: norsk-tidend

Post on 18-Feb-2016

258 views

Category:

Documents


0 download

DESCRIPTION

 

TRANSCRIPT

Page 1: Norsk Tidend 1-2013

Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai Nr

. 1

– J

AN

UA

r 2

013

MedleMsblad for Noregs Mållag

Langdistanseløp

X I oktober skal Nynorsk-stafetten ha flytta seg 12 000 kilometer, stogga 140 ulike stader og vore innom barnehagar, lærar-rom, kjøpesenter, kulturhus, kommunehus og bibliotek.X Nynorskstafetten skal vere batteri for språkgleda, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag. > 12–13

OR

d g

jeR

ve

Rd

a s

tOR

> 9

, 10

, 11

• v

ek

kja

Rk

lOk

ka

p3

> 1

2–13

• t

vil

eR

vik

tig

> 1

4–1

5 •

wO

Rd

Feu

d >

19

k

Ra

FtFu

ll t

eOR

i Om

tO

ku

ltu

Ra

R >

16

–17

• m

ålb

yte

su

get

> 2

0–2

1 •

sp

klO

bb

y i

ves

t >

22

• k

vis

s >

26

levande– Kultur er ikkje berre det ein stiller ut på museum. Det er også det som blir uttrykt i dag. Språk er eit sam-tidsuttrykk, seier kulturminister Hadia Tajik. > 6–7

FOtO: ilja C. Hendel

Page 2: Norsk Tidend 1-2013

No

rsk

Tid

eNd

1–20

13

2

Språkåret 2013 er eit sjølvstendig prosjekt som er organisert under Ny-norsk Kultursentrum. Prosjektet har statsstøtte frå Kulturdepartemen-tet. Ambisjonen er at året skal blir ei raus feiring av språklege skilnader og mangfald.

Måla for Språkåret 2013: • Skape større språkleg sjølvkjensle blant nynorsk-

brukarar og større aksept for den språkdelte nor-ske kulturen.

• Gjere også bokmålsbrukarane stolte av den ny-norske skriftkulturen.

• Få fram meir kunnskap om, og skape større re-spekt for urfolkspråk, minoritetsspråk, innvanda-rarspråk og teiknspråk.

• Setje den norske språksituasjonen inn i interna-sjonale og samanliknande perspektiv.

• Skape breiare kontakt mellom språkpolitiske ak-tørar med felles interesser på tvers av språkgren-ser og etnisitet.

Det blir arrangement gjennom heile året, men sju basisarrangement dannar grunnpilarane i Språkåret 2013. Desse arrangementa har stor breidde i geo-grafi og innhald, og dei er spreidd gjennom heile året.

2. januar 2013: Opning av Språkåret 2013 i Kilden i Kristiansand i samarbeid med Det Norske Teatret. 2. januar 2013 er det 100 år sidan Det Norske Tea-tret spelte sitt første stykke, nettopp i Kristiansand. Dette blir feira med ei festframsyning som marke-rer 100-årsdagen og opninga av Språkåret 2013.

Mars: Basisarrangement i BergenI midten av mars håpar Språkåret 2013 å engasjere så mange som muleg gjennom eit breiddearran-gement i Bergen. Dette arrangementet er framleis under planlegging.

28. juni – 1. juli: Dei nynorske festspelaDei nynorske festspela er ei årleg feiring av den nynorske skriftkulturen som blir arrangert i Ivar Aa-sen-tunet og andre stader i Volda og Ørsta. I 2013 vil Dei nynorske festspela ha språk som tema.

5. august: Ivar Aasens fødselsdag5. august 2013 er det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd. På sjølve fødselsdagen og helga før vil Aasen bli feira over heile landet.

6. oktober: Folkefest på Det Norske TeatretDet Norske Teatret spelte sitt første stykke i Tea-tersalen til BUL i Oslo 6. oktober 1913. Teatret vart møtt med pipekonsertar, men står i dag støtt som ein av våre best besøkte kulturinstitusjonar. Den 6. oktober 2013 opnar teatret dørene, sten-gjer gatene og inviterer til folkefest for alle, både framom, bak og på scena.

6.-8. november: Tromsø Conference on Language DiversityVerdskonferansen om språk i Tromsø sett fokus på den særeigne språksituasjonen i Noreg. I sam-band med konferansen som samlar språkforskarar frå inn- og utland, vil det også bli fleire breiddear-rangement i Tromsø i samarbeid med byens kul-turinstitusjonar.

6. desember: AvslutningSpråkåret er året som aldri sluttar. Språk vil alltid vere viktig for folk. Men 2013 varar ikkje evig. 6. desember avsluttar vi Språkåret 2013 i Ivar Aasen-tunet i Ørsta. Språkåret 2013 er eit sjølvstendig prosjekt som er organisert under Nynorsk Kultur-sentrum. Prosjektet har statsstøtte frå Kulturde-partementet.

Språkåret 2013www.språkåret.no

www.språkåret.no

Page 3: Norsk Tidend 1-2013

No

rsk

Tid

eNd

1–20

13

I 2013 er det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd. Dette vert feira med eit nasjonalt språkår. Noregs Mållag ynskjer at Språkå-ret skal bli ei politisk markering for nynorsken, og vi trur at dette Språkåret vil vera med på å gje eit godt inntrykk av kor viktig språket vårt er for folk.

Vårt bidrag er ein ny-norskstafett gjennom heile Noreg. Vi leiger ein bil og køyrer i fotspora til Ivar Aasen. Måndag 28. januar opnar vi Nynorsksta-fetten i Ivar Aasen-tunet i Ørsta, og stafetten skal rulla heilt fram til 19. oktober i Bygland på Ag-der. Då har bilen hatt 140 stogg og vitja svært mange lokallag. Gjennom turen vil vi invitera til ordskifte om kva slags språk-politikk nynorsken og resten av språkmangfaldet i Noreg treng.

Vi ynskjer å framheva nynor-sken og målsaka på ein positiv og kraftfull måte. Målet er òg å gjera folk medvitne om soga til nynorsken og kvifor det er viktig å skriva nynorsk. Dette er eit flott høve for alle som møtest til å diskutera kvifor folk heller bør skriva nynorsk enn bokmål. I tillegg vil vi argumentera for at elevane i Noreg bør læra både nynorsk og bokmål.

For oss er det viktig å sikra nynorskbrukarane retten til å skriva og lesa nynorsk i alle delar av samfunnet. Språket er ein av dei viktigaste identitets-

markørane vi har, og det er ein sentral del av ytringsfridomen at dei rundt ein halv million nynorskbrukarane kan bruka språket sitt over alt.

Skal vi sikra nynorskbrukarane fridom til å bruka nynorsk overalt i samfunnet, lyt bokmålsbrukarane som er i fleirtal, læra seg mindretalsspråket nynorsk. I sidemålsdebat-ten er det viktig å få fram at det ikkje berre handlar om kva som skjer ein eksamensdag i mai, men det handlar om framtida til nynor-sken og kva rom det nynorske språksamfun-net skal ha.

Mållaget gjennomfører Nynorskstafet-ten saman med ungdomsorganisasjonen vår, Norsk Målungdom.

Januar28.01. Ørsta / Volda29.01. Vanylven30.01. Ulsteinvik / Hareid31.01. Herøy

Februar01.02. Solnør02.02. Ålesund04.02. Sykkylven05.02. Brattvåg06.02. Gloppen07.02. Jølster08.02. Førde09.02. Vik11.02. Luster12.02. Lærdal13.02. Sogndal14.02. Høyanger15.02. Nordfjordeid16.02. Flora24.02. Fræna25.02. Molde26.02. Kristiansund27.02. Surnadal28.02. Ålvundfjord

Mars01.03. Åndalsnes02.03. Dombås05.03. Lom / Vågå06.03. Vinstra07.03. Gausdal08.03. Lillehammer11.03. Toten12.03. Hamar13.03. Elverum14.03. Øvre Romerike17.03. Landsmøte Norsk

Målungdom18.03. Follo19.03. Ås20.03. Sarpsborg21.03. Fredrikstad22.03. Indre Østfold

April02.04. Drangedal03.04. Nissedal04.04. Notodden05.04. Bø / Gvarv06.04. Skien08.04. Seljord / Kviteseid09.04. Rjukan10.04. Hjartdal11.04. Vinje

12.04. Tokke13.04. Museum, Tokke15.04. Lindesnes og

Grindheim16.04. Gjerstad17.04. Vegårshei19.04. Landsmøte Noregs

Mållag, Ørsta22.04. Folldal23.04. Tynset24.04. Orkanger25.04. Trondheim26.04. Trondheim29.04. Melhus/Skaun30.04. Levanger

Mai02.05. Inderøy03.05. Stjørdal04.05. Steinkjer06.05. Namsos07.05. Rørvik08.05. Mosjøen13.05. Bodø14.05. Sortland15.05. Bø i Vesterålen16.05. Harstad21.05. Målselv22.05. Balsfjord24.05. Tromsø25.05. Tromsø27.05. Kautokeino28.05. Alta29.05. Karasjok30.05. Vadsø31.05. Kirkenes

Juni05.06. Sveio06.06. Haugesund07.06. Vindafjord08.06. Skånevik10.06. Sand i Suldal11.06. Forsand12.06. Sandnes13.06. Klepp14.06. Bryne15.06. Stavanger17.06. Gjesdal18.06. Sola19.06. Strand20.06. Hjelmeland27.06. Ørsta/Volda28.06. Ørsta/Volda29.06. Ørsta/Volda

August05.08. 200-årsdag

for Ivar Aasen20.08. Stord21.08. Husnes22.08. Austevoll23.08. Os24.08. Nordhordland26.08. Bergen / Arna27.08. Bergen / Fana28.08. Osterøy29.08. Øygarden30.08. Sotra31.08. Bergen

September02.09. Askøy03.09. Norheimsund/

Øystese05.09. Ulvik06.09. Ullensvang07.09. Odda10.09. Drammen11.09. Ål12.09. Gol13.09. Vang14.09. Fagernes16.09. Hemsedal17.09. Sør-Aurdal18.09. Etnedal19.09. Hadeland20.09. Sandefjord23.09. Tønsberg24.09. Bærum25.09. Asker26.09. Oslo27.09. Oslo28.09. Oslo

Oktober06.10. Det Norske Teatret07.10. Marnar08.10. Kristiansand09.10. Vennesla10.10. Iveland11.10. Evje12.10. Valle15.10. Kvinesdal16.10. Lista17.10. Tingvatn / Kvås18.10. Mållaget på Agder

(Ose)19.10. Bygland

www.nynorskstafetten.noE-post: [email protected]

3

Reis

erut

e

Kva

er N

ynor

skst

afet

ten?

Page 4: Norsk Tidend 1-2013

No

rsk

Tid

eNd

1–20

13

4

«Kan du hjelpe?» Mannen som har sett seg ved sida av meg spør på eit nylært og ikkje fullt utvi-kla norsk. Det er andre januar, og eg sit på toget frå Oslo til Kristiansand der Språkåret 2013 skal opnast med festframsyning i Kilden teater- og konserthus. Han viser meg billettutskrifta si, der det står at han på veg til Arendal skal byte tog i Nelaug. Han kan ikkje nok norsk til at eg er trygg på akkurat kva han spør om, men det verkar som han lurer på når han skal byte tog.

Etter at eg har snakka med konduktøren og fått vite at toget til Arendal ventar på oss på Nelaug stasjon, varmar norsken hans opp litt. Han snakkar ikkje engelsk, berre tigrinja og ein norsk som i alle fall gjorde nytta då han spurde om hjelp. Han har lært seg norsk i eitt år, men det er vanskeleg. Han vert varm i hovudet av alle nye orda, men auga lyser av læreglede når han tek opp sekken, viser meg CD-spelaren og opnar så eg ser norsklærings-CD-en som ligg inni. Eg tenkjer på kor eg er på veg, og vert rørt av endå eit uventa møte med språkglede.

eg har sett mange auge fylte av språkglede siste åra. Som leiar i Noregs Mållag er eg så heldig at det er jobben min å snakke med folk om språk, med lærarar, byråkratar, ordførarar, skodespela-rar, professorar, forfattarar, journalistar, eldre og unge. Det aller kjekkaste er truleg dei aller yngste. Har du sett gleda og spenninga i auga til ein fireå-ring som lærer å telje på eit ukjent språk?

Dei siste åra har eg vore i over femti barnehagar. «Gjennom ord blir verda stor» er namnet på barne-

hagekampanjen vår. Eg spør ungane om vi skal telje til fem. Fyrst på norsk, ein – to – tre – fire – fem i kor, høgt. Så på engelsk, one – two – three – four – five, også det i kor, om enn litt mindre sikkert. Dei fleste barnehageborn kan alt telje til fem på engelsk. Små born har stor språkappetitt.

Etter at vi har telt til fem på alle måtar eg sjølv kan, er det i dei fleste barnehagane tilsette som kan endå fleire måtar å telje til fem på. Det kan vere islandsk, einn – tveir – þrír – fjórir – fimm. Eller det kan vere tagalog frå Filippinane, isa – dalawa – tatlo – apat – lima. Og eg kan ikkje late vere å føle at den tilsette smiler varmare, og står litt rettare, etter å ha delt med oss av språkkunnskapen sin.

Fotefar L Det var ikkje heilt lett å finne rett

namn på denne markeringa. Det var så mykje ein ville femne om. Til sist sat me att med ei liste med aktuelle namn; «Nynorskturneen», «Ivar Aasen-turneen», «Ivar Aasen on tour», «Mål-turné 2013», «Vegen er målet» og «Tak-ketur». Sistnemnde var med referanse til slagordet «Takk, Ivar Aasen», men det vart for komplisert. Til sist enda me opp med «Nynorskstafetten». Det var freistande å slengje på 2013, sidan det var eit sjeldan godt høve til å få eit slagord til å rime.

L I utgangspunktet oppfatta eg at dette med stafett var meint å peike på at markeringa skulle flytte seg frå stad til stad, frå lokallag til lokallag. Men så vart eg invitert til å halde ei innleiing hjå eit lokallag. Uvan som eg er med slikt, tenkte eg det var best å førebu seg litt. Medan eg noterte nokre stikkord, slo det meg at dette med stafett også kan tyde noko meir.

L Det kan også vere at me nynorsk-brukarar fører språket vidare til andre. Til folk rundt oss, til ungane våre, til ve-ner og framande. Det kan vere forfat-tarar som fører ein tradisjon vidare og byggjer på det folk har skrive før dei, det kan vere radiojournalistar, saftpro-dusentar og lærarar.

L På den måten blir det eit binde-ledd frå den fyrste målreisinga til da-gens nynorskbrukarar. Me har skrive fleire stader at Nynorskstafetten skal fylgje fotefara til Ivar Aasen. Det er feil. Me skal gå vidare der fotefara hans stoppar. Kjartan Helleve

Stumme t-ar Esperanto Ivar Aasen

Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai

utgjeven av noregs mållag

Avisa blir redigert etter Redaktørplakaten

tilskrift: Lilletorget 1, 0184 OSLO

redaktør: Kjartan Helleve [email protected], 23 00 29 32, faks 23 00 29 31

I redaksjonen: Hege Lothe, Tuva Østvedt

heimeside: www.nm.no

abonnement: 250 kroner per år

utforming: Språksmia AS [email protected]

Håvard B. øvregårdleiar i noregs mållag

Språkglede i Språkåret 2013

“ Har du sett gleda og spenninga i auga til ein fireåring som lærer å telje på eit ukjent språk?

Page 5: Norsk Tidend 1-2013

No

rsk

Tid

eNd

1–20

13

5

Og nokre gonger er det ein av ungane som kan eit anna språk. Som ho vesle jenta som lærte oss å telje til fem på litauisk, vienas – du – trys – keturi – penki. Med låg røyst og eit litt usikkert andlets uttrykk som ikkje kunne skjule stoltheita. Etterpå kom styraren i barnehagen bort til meg og sa at dette var fyrste gongen jenta hadde snakka litau-isk framfor dei andre ungane.

mange born som Kan andre språK enn norsk, trur at dei andre språka ikkje skal brukast ute blant andre. Utan at foreldre eller barnehage-lærarar ønskjer å setje grenser for borna si språk-glede, så er det nett dette som skjer når borna ikkje opplever at deira uvanlege språkkunnskap vert verdsett. I Mållaget er vi stolte av den jobben vi gjer for å auke toleranse, respekt og verdsetjing av det fleirspråklege, anten fleirspråk er nasjonal-språk og minoritetspråk, urfolkspråk og innvan-drarspråk, morsmål og framandspråk, nynorsk og bokmål. Feiring av språk – språkmangfald, fleir-språk og språkglede – gjer oss til eit varmare land. Feiring av mangfald er også feiring av fellesskap.

«eg Kan IKKje nynorsK!» Eg har nett spurt ei fyrste- og andreklasse i Nordhordland om dei kjenner til nynorsk og bokmål. På denne skulen er fyrsteklassa ei nynorskklasse og andreklassa ei bokmålsklasse. Og det er frå ein av elevane i an-dreklassa det kjem, høgt og klårt, når eg spør om dei veit kva nynorsk og bokmål er: «Eg kan ikkje nynorsk!»

Det er ikkje med sorg i røysta ho proklamerer

sin manglande språkkunnskap, nei - det er meir ei triumferande stoltheit. Det er sjølvsagt lett å feiltolke eit tilfeldig utrop frå ein sjuåring, men tonen i den vesle setninga fortel mykje om språk-stoda i Noreg. Jenta er stolt av ikkje å kunne ny-norsk. Ho identifiserer seg ikkje som bokmålsbru-kar, men som ei som ikkje kan nynorsk. Bokmål er ikkje ein identitet, det er berre ein majoritet. Nynorskmotstand derimot, det kan alt ein sjuå-ring identifisere seg med.

Eg tenkjer på korleis det er for fyrsteklassin-gane i rommet. Dei som har nynorsk som hovud-mål, og er medvitne om det. – Og som høyrer den eitt år eldre jenta understreke at skriftspråket deira, dét kan ho ikkje.

Sjuåringen har utan vite det oppsummert det største trugsmålet mot språkglede i norsk skule. Ungar som i utgangspunktet sit med spenning og lyst i auga når dei kan lære å telje på ulike språk, vert reduserte til sjåvinistiske fleirtalsspråkbru-karar. Trass i at skuleungane si evne til å lære språk framleis er langt større enn hjå oss vaksne. Kor vart det av språkgleda?

For meg Kan språKKampen I noreg i dag oppsummerast i to spørsmål: Er vi for eller mot språk? Vil vi lære meir eller mindre?

Ungar må lære at språk er ein verdi, at det er verdifullt å lære fleire tale- og skriftspråk, den naturlege språknysgjerrigheita må lyftast opp av foreldre og lærarar i barnehage og skule.

Di meir språk born møter, di meir språk kan dei, og di meir glade vert dei i språk. Fireåringar

har ingen problem med at eine boka er på ny-norsk og den andre er på bokmål. Dei lærer kjapt at eg vil heim og jeg vil hjem tyder det same. Dei lærer kjapt at det eine er nynorsk og det andre er bokmål. Slik som femåringen som vart spurd om å syngje ein song og svara: Vil du høyre han på nynorsk eller på bokmål?

Vi talde til fem på mange ulike språk også i dette klasserommet i Nordhordland. Mellom fyrste- og andreklassingane var det elevar som kunne lære oss andre å telje til fem på portugi-sisk, spansk og arabisk, og å seie hei på kinesisk.

Då eg skulle gå, kom jenta som ikkje kunne ny-norsk bort til meg. Korleis har du lært så mange språk?, seier ho til meg med nyfikne og misun-nelege auge.

«to batterI - to dagar.» Etter at mannen på toget har vist meg CD-spelaren, så opnar han opp batteridekselet og viser meg dei to batteria som ligg inni. Han høyrer på norsk-CD-en heile dagen, til han vert varm i hovudet, og treng nye batteri annankvar dag. Men han veit råd. Han dreg opp ei diger plaststrømpe med batteri frå sekken, og smilet vert endå breiare.

Språkåret 2013 skal vere eit slikt batteri for språkglede. Mållaga rundt i heile Noreg skal vere batteri for språkglede. Nynorskstafetten skal vere batteri for språkglede. Språk er noko av det vikti-gaste vi har, språk er identitet og kultur, språk er kven vi er.

Vi er for språk, ikkje mot. Vi vil lære meir, ikkje mindre.

Stumme t-ar Esperanto Ivar Aasen

Lleiarteigen

Språkglede i Språkåret 2013

Page 6: Norsk Tidend 1-2013

No

rsk

Tid

eNd

1–20

13

6

– Nokon sa at språk var like sjølvsagt som luft. Så det å ha eit eige språkår, var like rart som å ha eit eige år for luft.

– Å seie at luft er sjølvsagt, er noko ein seier der det er god tilgang på rein luft. Hadde ein vakse opp stader der det ikkje var like sjølv-sagt, så ville ein heller ikkje ha sagt noko slikt. Ja, Språkåret er ei feiring av språkmangfaldet me har her til lands, men også eit uttrykk for at det har vore brytningar for å kome fram til dette mangfaldet. Språkåret tek opp aktuelle problemstillingar kring dette.

– Er det enklare å setje pris på mangfaldet som fokuserer på fram-andspråk, enn det som fokuserer på nynorsk og bokmål?

Utfordring for Språkåret – Det er i alle fall enklare å sjå på det å meistre eit framandspråk som eit uttrykk for kompetanse, at ein har reist og lese, at ein er ein kosmopo-litt. Å vere god innanfor det norske språksamfunnet, gjev nok ikkje den same statusen. Det får vel berre Språkåret ta som ei utfordring. Sam-stundes har me grunnlag for å seie at det å lære seg nynorsk og bokmål gjev eit godt grunnlag for å lære seg

framandspråk. Så det er ikkje nokon motsetnad mellom det å vere god i dei målformene og målføra me har her til lands, og det å vere ein kos-mopolitt. Snarare tvert om. Det er eit godt utgangspunkt for å bli det.

– Er det rett å fokusere på språk-mangfaldet?

BalanSegang – Når Språkåret seier at det skal vere «ei raus og inkluderande feiring av det norsk språkmangfaldet», så kan nok det virke litt friskt. Det er vanskeleg å sjå for seg ei motsett feiring. Det er fort å mistenkje nynorskforkjemparane for å inkludere dei andre språka berre for å stø opp om si eiga sak. Men ei feiring av nynorsken åleine hadde møtt minst like stor kritikk. Difor blir det ein balansegang, med ei løysing som eg trur er både fin og fornuftig. Dessutan trur eg at ein slik innfallsvinkel understrekar po-enget med at det berre er positivt å kunne mange språk.

– Eit reint Aasen-jubileum hadde vel fokusert meir på den historiske og kulturelle biten, medan eit språkår er meir dagsaktuelt?

SamtidSUttrykk – Men kultur er ikkje berre det ein stiller ut på museum. Det er også det som blir uttrykt i dag. Språk er eit samtids-uttrykk. Det syner at kultur er le-vande, at det ikkje er noko statisk. Så eg trur det er fornuftig at me feirar nynorsken som er i bruk, at den er høgst relevant. Ofte snakkar me om nynorsk som ein kulturell bagasje, noko som til dei grader underkom-muniserer at det er noko høgst levande.

– Snakkar du mange språk sjølv?– Morsmålet mitt er dari, den

versjonen av persisk som er mest vanleg i Afghanistan, men som ein også finn i Pakistan, der familien min kjem frå. Eg snakkar også urdu, som er det offisielle språket i Pakis-tan. Så er det dei språka eg lærte i skulen. Tysk hadde eg både på ung-domsskulen og på vidaregåande,

men det har eg praktisert lite. Eg skjønar det, men kan nok ikkje ut-trykkje meg særleg godt.

– Er det språk du skulle ynskje du kunne?

eSperanto – Reint praktisk hadde det vore enklast å teke tak i tysken, sidan eg har eit visst grunn-lag der. Men om eg skulle lære meg eit nytt språk, så hadde det nok blitt fransk. Ein ting at det er praktisk i Europa, men det er også veldig nyttig i t.d. mange nordafrikanske og arabiske land. Difor ville det ha vore eit språk eg kunne ha nytta i land som eg er nyfiken på. Dessutan hadde det vore moro å prøve meg på esperanto. Dei seier at det er eit enkelt språk å lære seg, og det hadde sikkert vore ei fin erfaring. Men eg er nokså usikker på kva eg skulle ha brukt det til.

– Er språk eit personleg val?– Det kan vel oppfattast slik. Det

er nesten blitt eit identitetsval, der avgjerda om kva målform ein skriv, seier noko om kven du er som per-son og kva verdiar du har. Difor er det også eit nesten absolutt val. Eg trur me bør ha større fleksibilitet og sjå på det som greitt at ein skriv både bokmål og nynorsk. Det gjer eg. På sosiale medium skriv eg ny-norsk, nokre av innlegga mine er på nynorsk, medan eg skriv det meste av e-postane mine på bokmål. Dette trur eg er viktig å fortelje unge folk som står ved dette valet. Det er lov å skrive nynorsk og bokmål om kvar-andre.

– På den andre sida er vel alle val meir eller mindre personlege. Om ein vel å flytte frå bygd til by, så er vel det også eit personleg val, sjølv om distriktspolitikk står høgt i kurs her til lands?

fjerne hindringar – Det er sant. Men min samfunnsanalyse som sosialdemokrat meiner jo at desse personlege vala blir påverka av terrenget. Kva hindringar er det for å velje det eine eller det andre?

Om det kostar for mykje, både øko-nomisk og emosjonelt, å bu på ein liten stad, så flyttar ein jo derifrå. På same måten kan nynorskbrukarane oppleve hindringar som påverkar det som er eit personleg val. Vår oppgåve som politikarar er å syte for at slike hindringar blir fjerna, og at terrenget ser nokolunde likt ut for bokmålsbrukarane og nynorskbru-karane.

– Kva hindringar kan det vere?– Det kan vere statusen til

språket, haldningar ein møter frå medelevar, opplevinga av kva mog-legheiter nynorskskrivande har. Då eg hadde bytt til bokmål, så slo det meg at det var eit smart val, sidan eg ynskte å bli journalist. I Akersgata var det berre bokmål som galdt. Di-for var det smart av meg å byte. Ak-kurat her kan ikkje me politikarane gjere så mykje, det er avisene sjølve som avgjer språket i spaltene sine. Men det er eit døme. Og det finst fleire. Desse hindringane må vekk. Fyrst då kan me snakke om eit reelt personleg val.

Kjartan [email protected]

– Høgst levande

LIntervjuet

Kulturminister Hadia Tajik er glad for at Språkåret fokuserer på det levande språk-mangfaldet.

“ Ofte snakkar me om nynorsk som ein kulturell bagasje, noko som til dei grader underkommunise-rer at det er noko høgst levande

LHadIa tajIKFrå Strand i Rogaland

Kulturminister frå 2012

Vart den yngste ministeren nokosinne, 29 år gamal

Fjerne hindringar: – Nynorsk-brukarane kan oppleve hindrin-

gar som påverkar det som er eit personleg val. Vår oppgåve som

politikarar er å syte for at slike hindringar blir fjerna, og at ter-renget ser nokolunde likt ut for

bokmålsbrukarane og nynorsk-brukarane, seier kulturminister

Hadia Tajik. Foto: Kjartan Helleve

Page 7: Norsk Tidend 1-2013

No

rsk

Tid

eNd

1–20

13

7

Page 8: Norsk Tidend 1-2013

Foto: Thor Brødreskift

Påskeafta:

Ægir Tapas

& DansLIVE MUSIKK

I ÆGIR

T: 57 63 20 50 | [email protected] | www.flamsbrygga.no

Påskeafta:

Ægir Tapas

& DansLIVE MUSIKK

I ÆGIR

T: 57 63 20 50 | [email protected] | www.flamsbrygga.no

FL

ÅM

– Ø

ST

ER

– A U R L A N D S D A L E N – O

T

TE

RN

ES

Svigg

um D

esign

| Fo

to: V

isit�

am.co

m/M

orte

n Rak

ke, P

ette

r Sol

heim

Vandre i A

urlandsd

alen, b

ade i grotta

Vetlahelv

ete. T

a nistep

akken

på Sinjarheim.

Peisvarm

e, lukt

og smak i

Ægir –

«Året

s Øl»

i 2012 og kå

ra til «Å

rets B

ryggeri

pub»

tre år p

å rad! U

tsyn, ro

, loka

l mat o

g kultu

rhistorie

på Otte

rnes anno 1700.

Vandre i A

urlandsd

alen, b

ade i grotta

Vetlahelv

ete. T

a nistep

akken

på Sinjarheim.

Peisvarm

e, lukt

og smak i

Ægir –

«Året

s Øl»

i 2012 og kå

ra til «Å

rets B

ryggeri

pub»

Vandre i A

urlandsd

alen, b

ade i grotta

Vetlahelv

ete. T

a nistep

akken

på Sinjarheim.

Peisvarm

e, lukt

og smak i

Ægir –

«Året

s Øl»

i 2012 og kå

ra til «Å

rets B

ryggeri

pub»

Bestilli

ng:

booking@

flamsb

rygga

.no |

booking@

aurla

ndsd

alen.c

om

Pakketi

lbod 25. mai –

6. okto

ber:

Dag 1: Øste

rbø Fjellst

ove: 3-re

ttars

middag, over

natting.

Dag 2: Fruko

st og va

ndring i A

urlandsd

alen frå

Øste

rbø til Vassb

ygdi.

Lunsjpakk

e og te

rmos.

Flåmsbryg

ga: Samlin

g v/peis

en i Æ

gir Bryg

geri.

Buffet o

g overnattin

g på Flåmsbryg

ga Hotel

l.

Dag 3: Fruko

st

Vandring, sy

kkel

el. tr

ansport

til Otte

rnes.

Omvisning og lu

nsj – rø

mmegraut &

speke

mat.

Svigg

um D

esign

| Fo

to: V

isit�

am.co

m/M

orte

n Rak

ke, P

ette

r Sol

heim

2 DØGN:

1995

,-

FRÅ K

R

PR. P

ERSO

N

Frå f jo

rd til f je

lls

– med

Ægir

til kv

elds!

Peisvarm

e, lukt

og smak i

Ægir –

«Året

s Øl»

i 2012 og kå

ra til «Å

rets B

ryggeri

pub»

tre år p

å rad! U

tsyn, ro

, loka

l mat o

g kultu

rhistorie

på Otte

rnes anno 1700.

T: 57 63 20 50 | [email protected] | www.flamsbrygga.no

Blåtur,

� rmatur,

fjordsafari,

konferanse og

teambuilding.

Kontakt oss

for tilbod.

Bestilli

ng:

Bestilli

ng:

booking@

flamsb

rygga

.no |

booking@

flamsb

rygga

.no |

Blåtur,

� rmatur,

fjordsafari,

konferanse og

teambuilding.

Kontakt oss

Ægir Bryggeri «Årets Øl» i 2012Vi tilbyr øl- og akevittsmaking for grupper.

S

Frå f jo

rd til f je

lls Weekendtilbod ROM / FRUKOST: frå kr 675,- pp

Foto

: Tho

r B

rødr

eski

ft

Page 9: Norsk Tidend 1-2013

No

rsk

Tid

eNd

1–20

13

8

LEG UTETID-LBARN Og SPRÅK

Kampanjen Gjennom ord blir verda stor vart avslutta i fjor. Men Mållaget sluttar ikkje å vitja barnehagar av den grunn.

r

Uno, dos, tres: Håvard B. Øvre-gård lærer ungane å telje til fem på spansk. Foto: Kjartan Helleve

Page 10: Norsk Tidend 1-2013

No

rsk

Tid

eNd

1–20

13

10

Det er tidleg ein tors-dag morgon. Det er møte i personal-rommet i Arnatveit barnehage i Arna. Ei pakke After Eight er sett fram til

gjestene. Det er mållaget som er på vitjing og gjerne vil snakka om språk og språkmangfald. Dei pedagogisk til-sette noterer. Det er ikkje fyrste gon-gen Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, er på eit slikt møte. Strengt teke vart barnehagekampanjen ”Gjen-nom ord blir verda stor” avslutta i fjor. Då hadde lokale mållag vitja meir enn to hundre og femti barnehagar, og Øvregård var med på tett på femti av desse møta. Men no sit han her igjen. I den fyrste av tre barnehagar han skal vitja saman med Arild Reigstad frå Arna Mållag.

LærInGsarEna – Det er viktig at bøker blir lesne på nynorsk. Det er fort å leggja om til sin eigen dialekt eller til bokmål. Men om ungane skal læra nynorsk, så må dei høyra ny-norsk. Barnehagen har fått ei viktig rolle i å førebu ungane på skulen. Dess tidlegare dei blir introduserte for nynorsk, dess meir vande blir dei med språket. Og her har de tilsette ei viktig oppgåve, seier Øvregård.

Dei pedagogiske nikkar. Då det vart innført skule for seksåringane, var mange av dei tilsette i barneha-gane skeptiske. Dei var motvillige til å byrja med ordleik og anna som til-høyrde førskulen. Men no er situasjo-nen annleis. I fellesromma heng det bokstavar oppunder taket, som i eit klasserom for fyrsteklassingar. Svære plansjar fortel om Arna i gamle dagar, og eit hjørne er innreidd som eit lite museum. Barnehagestyrar Marta E. Tunes kan også fortelja at dei er med-vitne om kva matematiske omgrep dei nyttar. Det heiter «sirkel» og ikkje «runding». Alt for å gjera det enklare å byrje på skulen.

– Men akkurat dette med språk har me ikkje vore så opptekne av, seier Tunes. Ho fortel om korleis ei tilsett fekk motbør då ho snakka om «mjølk». Ungane meinte at det var feil. Det heiter nemleg «melk».

– Akkurat der har du nøkkelen. Det er det viktigaste ungane kan læra: det finst ikkje ein fasit når det kjem til språk. Difor er det så viktig at de tilsette i barnehagen har ei medviten haldning til dette, at de har snakka om det på førehand, at alle har ei slags felles forståing av korleis de snakkar om språk. Ikkje minst gjeld det ungar med eit anna morsmål enn norsk. Mange av desse blir fortalde at det er feil å snakka morsmålet sitt i barne-hagen, at det er noko ein berre gjer heime. På eit barnehagebesøk talde ei jente til fem på litauisk då eg talde med ungane. Dette var fyrste gongen ho snakka morsmålet sitt framfor dei andre ungane, fortel Øvregård.

KrIsTIanDsanDsK Så er det dags å treffe ungane. Dei stormar inn og set seg i ein stor sirkel rundt Øvregård. Han spør fyrst om det er nokon som veit om andre språk enn norsk.

– Engelsk, seier ei jente. – Dansk, seier ein gut.

– Kristiansandsk, prøver ein annan gut seg.

– Nja, det er vel ikkje heilt feil, seier Øvregård. – Men kor mange språk trur de at det finst i verda?

– Tusen?– Nei, fleire, seier Øvregård.– Hundre millionar, tipper ein gut.– Det vart litt mange igjen, seier

Øvregård, og fortel at det er vanleg å seia at det finst seks tusen språk i verda. Så får han ungane med seg på å telja til fem på ulike språk. Fyrst svensk og dansk.

– Det var ikkje så ulikt, var det vel? Det er fordi dei er språksysken.

Ungane bryt ut i ein kollek-tiv smask, smask, smask-seanse. Øvregård lærer så ungane at det heller ikkje er så stor skilnad på portugisisk og spansk. Dei er også språksysken. Smask, smask, smask! Ein uroleg gut kastar seg ut i smas-kinga med litt for stor iver og ramlar av stolen. og Øvregård skjønar at det er på tide å lesa bok. Han finn fram Gabba Gabba Hey av Frode Grytten og Gry Morsund. Boka handlar om Knut som ikkje likar tivoli, og om faren som likar det svært godt. Øvregård les med innleving, og får ungane med seg i faren si glede over å kunna reisa på «TIVOLI!». Ungane elskar å kunna få skrika litt opp i all smaskinga. Ein gut tykkjer derimot at det blir for mykje skriking, og set seg på fanget til ei av dei tilsette og held seg for øyro. Noko han også gjer når Øvregård les med vanleg stemme.

Må vIDarE Tida går, og ei anna av-deling sit alt klar. Representantane frå mållaget skundar seg. Der sit ungane og syng for å slå i hel tida. Ungane sit tettare på denne gongen, og i det Øv-regård kjem til «TIVOLI!» i boka, byr-jar ei jente som sit ved sida av han å grina. Men ho kjem fort i betre humør. Særleg når han fortel at to på fransk er deux, eller «dø». Og saman legg dei ein plan om at ungane skal svara «dø» når foreldra heime spør om kor mange brødskiver dei vil ha til kvelds. Då skal det bli moro å sjå reaksjonen.

Når boka er ferdig, pensar Øvre-gård inn på språk igjen.

– Hugsar de kva Knut sa då han var på tivoli? Han sa «eg vil heim». Det er nynorsk. Kva trur de det heiter på bokmål? «Jeg vil hjem». Og veit de kva? No må eg gå, avsluttar Øvregård.

Det er fire minuttar til dei skal vera i den neste barnehagen.

KjARtAN [email protected]

LOm KAmPANjeNGjennom ord blir verda stor er ein kampanje for nynorsk i barnehagen

Målgrupper er borna, foreldra, tilsette i barnehagen, kommunane og stu-dentar i førskulelærarutdanninga

Lokale mållag har vitja meir enn 250 barnehagar og gjeve vekk tusenvis av bøker, teiknehefte og fargeblyantar

Hektisk: Ti minutt på overtid spring Håvard B. Øvregård og Arild Reigstad vidare til ei ny avdeling. Foto: Kjartan Helleve

Page 11: Norsk Tidend 1-2013

No

rsk

Tid

eNd

1–20

13

11

Mangfald: – Veit de kor mange språk det finst?, spør Håvard B.Øvregård. Svara varierer frå tusen til hundre millio-nar. Foto: Kjartan

Helleve

Gåve: Arild Reigstad frå Arna Mål-lag deler ut teiknehefte til ungane. Foto:

Kjartan Helleve

Møte: Håvard B. Øvregård forklarer. Pe-dagogisk leiar Oddbjørn En-gebakken og styrar Marta E. Tunes noterer. Foto: Kjartan

Helleve

Page 12: Norsk Tidend 1-2013

No

rsk

Tid

eNd

1–20

13

12

Fyrst saman med Live Nelvik, no saman Silje Therese Reiten Nordnes og Yngve Hustad Reite. I praksis opnar kvardagen til veldig mange lyttarar med ein liten dialektfestival med representantar frå Sogn og Fjordane, Nordland og Møre og Romsdal.

– Eg er stolt over at eg får vekkje folk med den relativt nynorsknære dialekten min kvar morgon, seier Aase.

– I ei verd der ungdom lærer å hate nynorsk, mellom anna av di læraren deira ikkje ser vitsen med å lære dei side-mål, så trur eg at redninga til nynorsken ligg i popkulturen. Der er han i liten grad frå før, og då er eg glad for at eg bidra. Kanskje er ikkje alt eg seier eller skriv heilt korrekt, men eg har fått fleire e-postar frå ungdomar som seier at dei har fått betre nynorskkarakter av å høyre på meg. Då blir eg stolt. Då har eg i alle fall gjort noko, seier Aase.

Flaggskip «P3morgen» er eit av flaggskipa til P3. Morgonane er den tida på dagen då flest høyrer på radio, og dei fleste kanalane satsar tungt på å kapre

flest lyttarar. Då dei lyste ut stillingane som nye programleiarar, var Aase i ut-gangspunktet ikkje tenkt å søkje. Men han vart oppmoda om å gjere det, og brått ein dag sat han der.

– Det var kjempeskummelt. Eg hadde hatt mange ulike vikarjobbar i P3, som t.d. i «P3natt», «P3sommer», «P3påske» og så vidare. Men det var godt at Live Nelvik skulle byrje samstundes, og det var godt at det var fast. Tidlegare hadde det vore tur-nusordning med ei veke på, ei veke av. No skulle me gjere det kvar veke. Men det var mykje skepsis og hat før me byrja.

– Hat?– Det er det jo alltid. Radio er eit vane-

medium. I det du tuklar med vanane til folk, så blir dei forbanna. Så enkelt er det.

Send inn denne kupongen, send e-post til [email protected] eller gå til

www.dagogtid.no

Ny norm – ny nøkkel

Send

meg

:

......

.. stk

. Olaf

Alm

enni

ngen

: Nøk

kel t

il nyn

orsk

á kr

60,-

......

.. stk

. Ste

ingr

unnb

oka N

år al

t kjem

til a

lt... á

kr 15

0,-

......

.. stk

. pak

ke m

ed 14

forfa

ttara

viser

á kr

245,-

Nam

n ....

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

...

Adre

sse .

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

....

Postn

r./po

ststa

d ....

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

.....

Telef

on ...

......

......

......

......

......

......

E-po

st ...

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

Svar

send

ing

0091

0090

Oslo

Port

o og

eks

pedi

sjon

15-9

0 kr

avhe

ngig

av ve

kt. 2

0% ra

batt

ved k

jøp av

min

st 5 s

tk (g

jerne

blan

ding)

, 25

% ra

batt

ved m

inst

30 st

k, 30

% ra

batt

ved k

jøp av

min

st 50

stk (

raba

ttpak

ke te

l som

1 stk

).

Nøkkel til nynorsk av Olaf Almenningen er no klar i ny versjon, oppdatert etter den nye nynorsknormalen som tok til å gjelde frå 1. august 2012. Ei betre hjelp til å skrive godt nynorsk er vanskeleg å finne!Pris: 60,- per stk. – gode rabattar ved store volum.

– God morgon, Noreg!

Lradio

Sidan 2009 har Ronny Brede Aase vekt unge og vaksne radiolyttarar i «P3morgen».

Lronny Brede aaseProgramleiar i «P3morgen»

Prisa med Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2009

Page 13: Norsk Tidend 1-2013

No

rsk

Tid

eNd

1–20

13

13

Då må folk overvinnast. Og det gjorde me heldigvis ganske kjapt. No trur eg det går ganske bra. Det er noko særskild med det å få lov til å vekkje folk, det er ei veldig hyggjeleg oppgåve.

kan alltid bli betre – Kjenner de eit press om å lage eit stadig betre program, eller gjer de berre dykkar greie og så får sje-fane seie til om det er godt nok?

– Me gjer vår greie, innanfor nokre råmer som me har fått av leiinga og rå-mer som definerer kva slags program dette skal vere. Dette er jo noko me sjølve har vore med på å definere. Men eg har aldri vore hundre prosent nøgd med ei sending. Sjølvkritikken er til god hjelp for å halde meg på hogget. Det er alltid noko som kan bli betre. Men eg går ikkje rundt og er redd for at me MÅ levere noko betre kvar einaste dag. Såpass sjølvtillit har me.

– Det er imponerande at de greier å vere i såpass bra humør kvar einaste morgon.

– Nja, det handlar berre om å kome i gang tidsnok. Eg er oppe ei god stund før sendinga tek til, drikk kaffi og tek ein dusj slik at kroppen og hovudet kjem i

gang. Me planlegg jo sendinga dagen før, så me veit om lag kva som ventar oss. Det er andre som hjelper oss med gjester og til å leggje opp alt kring det. Gjesten er det einaste som er heilt sik-kert før me byrjar. Men me har etter kvart blitt ganske gode på å skjøne kva som kan nyttast i ei sending. Er det noko moro som skjer, noko artig me ser eller høyrer, så tek me det med.

– Du er jo blitt kjent for dine verbale uttrykk som t.d. «Awesome!» og «Good times!».

– Det var berre uttrykk som eg hadde hengt meg opp i. Eg sa det veldig ofte i byrjinga, men fekk etterkvart tilbake-meldingar om at det vart litt i overkant. Samstundes var det uttrykk som lyt-tarane hadde hengt seg opp i, så heilt forbode er det ikkje å seie det. No seier eg det berre av og til, og berre når det er på sin plass. Det må kome naturleg, og ikkje vere noko eg berre slengjer ut.

som ein lunsjsamtale – Blir du veldig sjølvmedviten på korleis du ordlegg deg?

– Til ein viss grad. Ein ting er slike ord og uttrykk, noko anna er korleis eg seier «God morgon» og korleis eg introduserer nyhenda. Det er jo eit mål å variere og å nytte språket. Men til slutt så er det jo berre daglegtale, og det blir det eg synest er naturleg å seie akkurat der og då. Det er jo som ein samtale kring eit lunsjbord. Stundom kan me vere heilt blanke når me byrjar å prate, men då kan det vere noko med songen me nett spelte eller ei tekstmelding som gjev oss ein innfallsvinkel. Og brått har me prata i tre minutt.

– Finst det dårlege dagar?– Sjølvsagt kan det vere dårlege

dagar, men aldri inn i sendinga. Det er der eg puttar all energien min, det er der eg skal prestere. Eg er så glad i programmet, og me er ein fin gjeng som støttar kvarandre opp, så det er alltid moro å lage radio. Så nei, eg har ikkje opplevd anna enn å ha det kjekt under sjølve sendinga.

kjartan [email protected]

– God morgon, Noreg!“ Red-ninga til ny-norsken ligg i popkulturen. Der er han i liten grad frå før, og då er eg glad for at eg bidra

Moro: – Eg har aldri opp-levd anna enn å ha det kjekt under sending, seier Ronny Brede Aase (i midten). Her saman med kollegane Yngve Hustad Reite og Silje Therese Reiten Nordnes. Foto: NRK

Page 14: Norsk Tidend 1-2013

No

rsk

Tid

eNd

1–20

13

14

Romanen Syngja kom ut i fjor og fekk fort mykje merksemd. Boka fortel om korleis eit ungt par taklar det å få «G», ein unge hardt råka av autisme. Den ordlause får kome til orde og me skulle få innblikket i hennar kvardag.

– Me tek mål av oss som samfunn å ta vare på desse ungane, desse menneska. Men det føregår ein åndskamp om korleis me tek vare på dei svake, ein kamp som har vara lenge. Dette har vår kultur hatt svære problem med. Det finst svære mørke tradi-sjonar i måten me har teke vare på mentalt sjuke og funksjonshemma. Eg trur det er viktig å lyfte fram dette spørsmålet for å syne fram korleis me gjer det i dag. Kor langt er me komne no? Korleis er haldnin-gane våre i dag? Korleis ser me på menneskeverdet til dei som er psykisk funksjonshemma? Dette er viktige spørsmål. Eg meiner at boka mi syner fram sider ved dette. Det er ein verdikamp, og eg vil gjerne ta del i den.

Spontan og improviSert – Boka handlar også mykje om kommunikasjon og om det å skrive?

– Me friske har språket vårt, men me har også det språklause, det usagte. Særleg me som skriv skjønn-litterært. Det er fort gjort å merke at språket er eit ufullstendig verktøy til å lage kunst av. Ein famlar inn i språkløysa. Det trur eg alle forfattarar har opplevd. Men også det den språklause opplever ved å ha litt

språk, men så misse det igjen. Det kan eg oppleve sjølv. Eg har jo mitt litterære språk, som eg t.d. nyttar i Syngja. Men kan eg gjere det igjen? Det lurer eg alltid på. Greier eg å skrive ei ny bok som har den kvaliteten som gjer at folk kallar det kunst? Dette gjeld særleg no, sidan denne siste boka var så spontan og så im-provisert. Eg kom inn i eit gir eg ikkje visste eg hadde. Og det i ein alder av seksti år, etter å ha skrive bøker i mange år. Likevel kom eg inn i ein stil som kjennest friare og opnare, der eg berre kunne dra på. No har det godt nokre månader, og eg veit ikkje kva eg skal finne på.

– Det blir mykje pianospeling?– Ja, eg blir veldig god på piano. Nei, men det er

ein magi i skrivinga, noko som skjer når du får det til. Når du opplever korleis du kan gjere det. Det losnar, det byrjar å leve, du går innover i det du ik-kje visste fanst før du byrja med skrivinga. Det er ei fin oppleving, og ei oppleving du ikkje kan tinge. Då skal ein ikkje kjenne seg sikker på at det kjem attende. Det å skrive ein roman blir sett på som ein prestasjon, at ein er faen til fyr når ein har greidd å skrive ei bok. Men det handlar ikkje om det. Det gjeld å finne noko i seg sjølv, noko som gjev gjen-klang i andre. Noko audmjukt og stille. Men i vår kultur er me opptekne av prestasjonen. Når Leif Ove Andsnes speler, så blir han hylla for prestasjo-nen. Men det er ikkje nokon prestasjon, det er eit

uttrykk. Han formidlar noko han har funne i seg sjølv.

– Er du redd for å måtte prestere? – Eg er frå ei slekt med dyktige og flinke folk. Me

etterkomarane skulle også vere flinke. I dette strenge og kravstore miljøet måtte ein kanskje prestere for å vere noko verdt. Difor var det ein skikkeleg oppvek-kjar å få eit barn som ikkje kunne noko. I denne pre-stasjonskulturen skulle det eigentleg vere verdilaust. Det er ikkje mange verdiar frå bakgrunnen min som eg har kunna nytta som hennar far. Det kan eg nok ikkje seie. Og her møtest jo eg og boka. Den som lèt det flinke fare, diktar betre. Det er ikkje ein presta-sjon. Det er ein måte å vere medmenneske på.

– Men no har boka kome i nye opplag, du har fått Bragepris og har fått generelt mykje merksemd. Det er vel for prestasjonen?

– Det er jo ein slags prestasjon, eg ser jo det. Og eg hadde ikkje kunna skrive boka utan å ha skrive i så mange år som eg har gjort. Eg har øvd meg lenge på å skrive. Men eg trur det var bra at eg venta med dette stoffet til eg var ein røynd forfattar. Ein kan ik-kje vere oppteken av å vere ein flink forfattar medan ein held på. Det stengjer. Det nyttar ikkje å sitje med ambisjonar om å vinne Brageprisen, eller vere redd for å få dårlege meldingar. Det må fare. Det stengjer det rommet der fantasien lever. Akkurat no tenkjer eg på den måten. Eg vil gjerne skrive fleire bøker,

Å skrive er å vere medmenneskeLportrett

– Det gjeld å finne noko i seg sjølv, noko som gjev gjenklang i andre, seier Lars Amund Vaage om det å skrive.

Hytta: For fire år sidan bygde Lars Amund Vaage seg nytt hus. Samstundes fekk han og kona kvar si skrivehytte. Men vart for det meste skriven i Berlin.

Stengsel: – Ein kan ikkje vere oppteken av å vere ein flink forfattar medan ein held på. Det stengjer. Det stengjer det rommet der fan-tasien lever, seier Lars Amund Vaage.

Page 15: Norsk Tidend 1-2013

No

rsk

Tid

eNd

1–20

13

15

og eg vil dei skal vere bra. Men i det eg set i gang, så gløymer eg alt det der.

innSikt Som Stig fram Det er eit tett samspel mellom eg-personen i boka og Lars Amund Vaage. Sjølv under dette intervjuet seier han ting som kunne ha blitt sagt av eg-personen. Sjølv med mini-mal innsikt i det private livet til Vaage, er overlap-pinga så stor at tvilen raskt kjem snikande. Men her ligg også styrken til boka. Dette innblikket me får, tankane og filosoferinga, det verkar reelt.

– Mange tek det for gitt at det meir eller mindre er sant, fortel Vaage.

– Men eg trur ikkje nokon kjenner seg utleverte. Dei sentrale personane i boka som kunne ha kjent seg råka, fekk lese boka på førehand, og eg trur ikkje nokon av dei kjende seg utleverte. Historia om G’s mor t.d., er heilt annleis enn røynda. Dette er ikkje det verkelege livet. Alle personane er fiktive. Men i forma som eg-romanen har, så ligg det jo eit spel med tilhø-vet mellom røynda og litteraturen. I utgangspunktet så er eg meg, dette er mi historie. Men så kjem det pa-radoksale i at ein diktar i eg-form. Dermed oppstår jo denne pirringa i kor mykje av dette er meg og mitt liv, kor mykje er sant og kor mykje er bløff. Det er dette som vekkjer noko av interessa for slike bøker. Eg-forma i teksten peikar mot at dette er sant. Romanfor-matet seier at dette er dikting. I spennet mellom desse

to er det råd å skape kunst. Forventingar som blir skapte, og måten ein bryt dei på.

– Og det er uråd å få til i sakprosaen?– Romanen kan syne døme på liv og lagnad i my-

kje større breidd enn sakprosaen kan. Han kan syne korleis det kjennest å vere der. Han kan syne fordo-mar, forsvarsmekanismar, redsle, glede og uro, alt slik saksprosaen helst skal vere utan. Eg seier ikkje at saksprosaen ikkje har like stor verdi, men eg trur romanen kan ha ei evne til å gjenskape opplevingar. Det er oppgåva mi. Og denne gongen byggjer eg på dei opplevingane eg har hatt som far til eit sterkt funksjonshemma barn. Det er opplevingar som er viktige, og som eg tenkjer at mange ikkje har nok innsikt i. Dette at fleire skal få innsikt i det, er viktig for heile samfunnet.

– Eg trur ikkje at eg hadde greidd å fortelje om autisme og funksjonshemma i dagens samfunn som sakprosa. Det er å dikte om dette eg kan, det er det eg har å bidra med. Dei innsiktene som måtte finnast i boka, er ofte ting som har kome til etter kvart. Før eg byrja, følte eg at eg ikkje hadde noko å seie om dette temaet. Men så hadde eg noko å seie likevel, noko som steig opp i frå djupet medan eg heldt på. Det er romanprosessen si forteneste, det stig fram og det ballar på seg. Som ei slags improvisert låt. Difor er det viktig at det er ein roman. Elles hadde eg ikkje greidd å seie noko om dette. Men det er eit kompli-

sert forhold mellom det oppdikta og det opplevde.– På kva måte?– Det er ikkje så likt som folk trur. Men slik må det

vere. Det ligg i sakas natur for meg, seier Vaage.

tvil er viktig – Du er ikkje redd for å ha brukt opp den indre motoren som denne erfaringa har vore?

– Det er eg. Og det er eg alltid. Kona mi sa det her tidlegare, då eg gjekk rundt og klaga over at eg ikkje visste kva eg skulle byrje på, om det i det heile vart fleire bøker frå mi hand. «No seier du akkurat det same som du sa før du byrja på Syngja», sa ho. Eg kan ha det slik når eg skriv også, at eg kjem inn i bakevjer, der eg tvilar på om det held mål i det heile. Dette er noko av det som gjer det så spennande. Du tøyer det akkurat litt lenger. Men eg veit ikkje om eg får ei bok til som dette. Om eg gjer det, blir eg glad. Det ligg idear der, men dei ropar enno ikkje at dei skal skrivast ut.

– Tvilen er vel eit signal på at du har våga deg ut på noko nytt?

– Tvilen er veldig viktig, og ein må utfordre seg sjølv. Men i det skrivinga byrjar, så må ein ha tru. Om eg ikkje trur på setningane mine, så må eg berre gå ein tur. Tvilen må jobbast fram til tru. Det er når for-fattaren trur på seg sjølv, at det kan bli bra. Det må vere noko eg har lyst til å seie.

Kjartan [email protected]

Å skrive er å vere medmenneske“ – Eg trur ikkje at eg hadde greidd å fortelje om autisme og funksjons-hemma i dagens samfunn som sakprosa. Det er å dikte om dette eg kan

Stengsel: – Ein kan ikkje vere oppteken av å vere ein flink forfattar medan ein held på. Det stengjer. Det stengjer det rommet der fan-tasien lever, seier Lars Amund Vaage.

Avkopling: Når skrivinga stoppar opp, set Vaage seg ved klaveret. Det lettar trykket. Alle foto: Kjartan Helleve

Page 16: Norsk Tidend 1-2013

No

rsk

Tid

eNd

1–20

13

16

Teorien om at det norske samfunnet var delt i to kultu-rar, var kanskje den mest kraftfulle og viktigaste ideologiske strøyminga i andre halvdel av 1800-talet.I eit av dei viktigaste skrifta i kam-pen mot embetsmannsstaten fram mot innføringa av parlamentaris-men i 1884, Historisk Indledning til Grundloven i 1882, drog Ernst Sars fram det han meinte var dei fire fremste førarane i den nasjonale og folkelege rørsla på 1800-talet. Ein av dei var Ivar Aasen og dei tre andre var Henrik Wergeland, Ole Gabriel Ueland og Johan Sverdrup. Når Aasen fekk denne plassen i Sars’ framstilling var det fordi han hadde «reist Folkemaalets Sag ligeoverfor Dansken», og i Språkåret 2013 skal vi feire 200-års jubileet for språkrei-saren Ivar Aasen.

Likevel, når Aasen fekk plass som ein av dei fire som representerte den rørsla som «sætte Bonden i det politiske Høisæde i det Haab, at han engang skulde blive værdig til at indtage det», var det også fordi landsmålsprosjektet var meir enn eit språkleg prosjekt. Det var eit folkeleg frigjeringsprosjekt på kul-turell og språkleg grunn som grad-vis også spelte over på det politiske området. Som Kjell Haugland har skrive, tydde det at ein person kalla seg målmann på 1800-talet «noko meir enn at vedkomande brukte og

likte landsmålet, det var i røynda ein heil karakteristikk av samfunnssy-net til mannen».

nødvendig resultat No var ik-kje Sars nokon målmann. Han heldt heile tida målrørsla og landsmålet på ei armlengds avstand, og armen blei berre lengre med åra. Likevel såg Sars målrørsla og landsmålet som eit nødvendig resultat av dei lange historiske linjene og den na-sjonale reisinga på 1800-talet.

Sars’ analytiske grep på norsk historie var teorien om dei to kul-turane. Gjennom unionstida med Danmark meinte Sars at ein fram-and overklassekultur hadde eta-blert seg «udenpaa eller ovenpaa» det norske samfunnet. Samtidig held ein folkeleg kultur med sine eigne særtrekk fram å eksistere i Noreg. Den nasjonale reisinga på 1800-talet handla om å strekkje seg mot å «hele det skete Brud, efter at tilintetgjøre det Fremmede, og restituere den nationale Enhed og den historiske Sammenhæng», sa Sars i Studentersamfundet i Chris-tiania i 1867, og han tilføydde at det var tale om krafta til ei naturlov. Det var i dette lyset at den større meininga til landsmålet viste seg, meinte Sars. Han ville ikkje ta stil-ling til «inden hvilken Grændser denne Stræben kan ansees beret-tiges», men sa at å ta avstand frå målsaka innebar at «man stiller sig i Opposition til hele vor tidligere Udvikling, erklærer den for en Bagevje, og mener at alt hvad der hidtil er gjort maa gjøres om eller tilbage igjen.»

Så langt Sars si tolking, og tilbake til Aasen. Aasen var nemleg inne på mykje av det same, og han spelte sjølv ei sentral rolle i formuleringa av tokulturteorien. Særleg gjeld dette skriftene hans frå andre halv-del av 1850-talet og framfor alt i Om Dannelsen og Norskheden (1857) og Minningar fraa Maalstriden (1859). Skrifta er sterkt prega av eit øn-ske om å setje landsmålet inn i ein større samanheng.

Kulturen open for alle Aasen argumenterte konsekvent mot den tradisjonelle elitens kul-tursyn. Mellom andre hevda uni-versitetsprofessoren Marcus Jacob Monrad at landsmålet aldri kunne bli eit nasjonalt kulturspråk på same vis som det dansknorske skriftsprå-ket, og at tilslutning til bondespråket innebar kulturell tilbakegang for nasjonen. Aasen hevda i mot dette at kulturen var open for alle og at

danning kunne tileignast på alle språk. I Minningar fraa maalstriden skreiv han: «Dette er daa reint at fara i Ørska; det er at røda beint burt i svarte Natti. Er det nokon sann og verkleg Vinning i denne lovsungne Kulturen, so maa han kunna festa seg paa den eine Landslyden so vel som paa den andre, so maa han ogso finna Inngang i det eine Maalet so vel som i det andre, og i Vissa lika so godt i det norske Maalet som i det danske».

Landsmålet var godt nok, meinte Aasen, men det var også meir. Om ein tok omsyn til nasjonale ideal var det betre enn det dansknorske skriftspråket. Det var hos bonden ein fann det ekte og riktige nasjo-nale språket, og ut frå ein nasjonal synsvinkel hadde det rett til den fremste plassen. Medan posisjo-nen til landsmålet bygde på «Rett», bygde posisjonen til dansknorsken på makt, eller maktmisbruk. Der-som dansken framleis skulle ha førerang i Noreg, ville det seie at «alt skal ganga etter Hervinnings- Rett (Erobringsret) med Vald og Tvang og Ovrike [tyrrani, min anm.], at alt, som eingong er paakomet ved eit blindt Tilfelle, skal sidan standa og hevdast, um det er aldri so uhøve-legt fyre Landsens Folk». Dansk-norsken sakna rett og slett nasjonal legitimitet.

delt folK Den underliggjande premissen i denne argumentasjo-nen var ei oppfatning av at det nor-ske folket var eit delt folk. På den eine sida fann ein bondestanden og på den andre sida eliten, framfor alt embetsstanden. Skiljet var sosialt (elite-folk), geografisk (by-land) og historisk (opphavleg befolkning-fra-mande innvandrarar), og strukturen blei manifestert i det språklege skiljet mellom bondebefolkninga og eliten. Det var eit skilje mellom «oss» og «dei andre» innanfor det norske samfunnet. Konsekvent stilte Aasen seg på bondebefolkninga si side. «Me, Landsfolket», skreiv han, og gjorde greie for korleis bondebe-folkninga hadde stått utanfor den danskspråklege kulturen i Noreg. Når dette er sagt, meinte Aasen at døra for nasjonal integrasjon stod open, men etter hans syn var det ikkje – slik tradisjonalistane i eliten meinte – bondebefolkninga sitt ansvar å tilpasse seg, men tvert om eliten som måtte tilpasse seg bonde-befolkninga: «Dersom alle Stænder have lige megen Agtelse for Landets rette Skik og Maal, da er der Haab om en god Samvirken til fælles

Ivar Aasen og teorien om to kulturar

“ Det var ikkje bondebefolkninga sitt ansvar å til-passe seg, men tvert om eliten som måtte tilpasse seg bondebefolk-ninga

Lkronikk

Page 17: Norsk Tidend 1-2013

No

rsk

Tid

eNd

1–20

13

17

Gavn og Hygge for alle Parter», skreiv han.

frontalangrep I 1857 var Aasen forsiktig i ordbruken, men i 1859 var han langt meir direkte, ja polemisk. Han var no gått inn i det Stephen Walton har kalla den «of-fensive fasen», og hadde gjeve opp å få støtte frå eliten i kampen for landsmålet. Ikkje minst ser vi dette med omsyn til korleis Aasen hengde bjølla på katten når han peikte ut sine motstandarar. I Om Dannelsen og Norskheden hadde han knapt nemnt embetsmennene, mens Min-ningar fraa Maalstriden var eit fron-talangrep på embetsstanden. I det heile er Minningar sterkt prega av ei oppvurdering av bondestanden og ei nedvurdering av embetsstanden og deira rolle: «Det er ingi Naudtorv til, at alle Embættesmenner skulo vera Utlendingar med framande Namn og Titlar og med eit framandt Maal; for det kann ingen prova, at dette Folkaslaget [bondebefolkninga, min merknad] skulde hava mindre Vit og Næme en alle dei andre, so at det alltid laut hava framande Folk til at styra i Landet,» skreiv han.

ideologisK berebjelKe Eg meiner teorien om dei to kulturane kanskje er den mest kraftfulle og viktigaste ideologiske strøyminga i andre halvdel av 1800-talet. Teorien bygde på eldre oppfatningar om tilhøvet mellom folk og elite i Noreg, og var utan tvil ein tanke som eksis-terte i samtida på 1850-talet. Likevel spelte Aasen tvillaust ei viktig rolle i formuleringa av teorien. Seinare i hundreåret skulle teorien bli aktivt brukt i landsmålstilhengjarane sine framstøytar, frå debattane i Studen-tersamfundet i Christiania i 1860-åra til Arne Garborg. Sistnemnde utvikla teorien vidare til å hevde at det eksisterte to nasjonar i Noreg. Men teorien femna vidare enn landsmålsrørsla, noko nettopp Sars illustrerer, slik vi såg innleiingsvis. Teorien om to kulturar skulle bli ein ideologisk berebjelke for heile ven-strerørsla sin kamp mot embetssta-ten og for folkeleg myndiggjering. Slik blei tokulturteorien også ein del av norsk politisk tenking.

I kampen for folkeleg myndig-gjering var teorien langt på veg ei frigjerande kraft. Teorien var enkelt formulert, lettfatteleg og innhalds-metta, og han hadde appell i store grupper av befolkninga. Kort sagt hadde teorien stort potensial for folkeleg mobilisering. Personleg mistenkjer eg fleire av aktørane som

brukte teorien – nær sagt for det han var verd – for bevisst å unnlate å problematisere han, enda dei sjølv visste betre. Problematisering og kritikk var eit område som ein over-lét til motstandarane. Teorien møtte då også motbør, ikkje minst frå dei elitelaga i samfunnet han råka har-dast. Mot slutten av hundreåret blei også særleg den retninga av teorien som hevda at det eksisterte to na-sjonar, kritisert innanfrå målrørsla, framfor alt av Halvdan Koht.

nasjonal sjølvgodheit Med ståstad i 2012 bør ein sjå kritisk på kva følgjer teorien kan ha hatt. På den positive sida kan han ha bygd opp om ein grunnleggjande egalitær kultur i Noreg som sette sitt stempel på ettertida. Ein vilje til å ta folket på alvor – språkleg, kulturelt og politisk – vil eg meine har vore framståande trekk i Noreg. På den andre sida kan teorien ha medverka til ein skepsis til elitær kultur i Noreg (på godt og vondt) og kanskje ein allmenn ten-dens til nasjonal sjølvgodheit.

Når sjølve utnemninga av ein kul-turminister i Noreg med pakistansk og muslimsk bakgrunn utløyser ein diskusjon om kva som er norsk kul-tur, kan det vere nærliggjande å trek-kje linjene bakover. I den nasjonale og folkelege rørsla på 1800-talet blei tokulturteorien brukt som ei brekk-stong oppover i samfunnet, for folkeleg myndiggjering og mot ei overklasse som dominerte både kulturen og po-litikken. I dag skal det norske samfun-net passe seg vel for tendensar til ein ny tokulturteori, som denne gongen rettar seg nedover. Frå det «kvite» og velfødde majoritetssamfunnet, mot ei klasse av nordmenn med innvandrar-bakgrunn.

Jens Johan hyvikførsteamanuensis, Høgskolen i Telemark

“ Ein vilje til å ta folket på alvor – språkleg, kulturelt og politisk – vil eg meine har vore framståande trekk i Noreg

Illus

tras

jon:

Kja

rtan

Hel

leve

Page 18: Norsk Tidend 1-2013

Gullbringvegen 20, 3800 Bø i TelemarkTelefon: 35 95 01 50E-post: [email protected]

Nynodata har i meir enn 15 år levert programvare for nynorsk til næringsliv og offentleg forvaltning. Over halvparten av departe-menta og fleire universitet og høgskular har abonnement til alle sine tilsette, etter grundige testar og utprøving.

Nynodata ser det som viktig at nynorsk blir eit levande bruksspråk på alle samfunnsområde. Dette krev gode dataverktøy. Vi priori-terer nynorsk og er mellom dei fremste i landet på programvare for omsetjing, korrektur og søk.

Nyno – omsetjing frå bokmålNyno hjelper deg å omsetje bokmålstekstar til nynorsk. Det meste går automatisk, men programmet spør om hjelp når det er i tvil. Slik sikrar du god kvalitet på den omsette teksten.

OrdrikOrdrik er ei samling elektroniske ordbøker for nynorsk. Dei er lette å finne fram i, enkle å tilpasse ulike behov og gir ekstra hjelp til personar med bokmålsbakgrunn. I pakken finn du nynorsk ordbok, bokmål til nynorsk ordbok og nynorsk synonymordbok.

Norsk temasøkDei fleste søkjemotorane finn ikkje nynorsktekstar når du søkjer med bokmålsord eller bokmålstekstar når du søkjer på nynorsk. Norsk temasøk søkjer parallelt på begge målformene og kan bru-kast saman med alle større søkjemotorar.

KorrekturVi utviklar korrekturprogram av ulike slag, f.eks. frå gammal til ny nynorsk rettskriving. Kontakt oss for informasjon.

StilmalarEit spesialutvikla system med stilmalar gjer at du kan tilpasse språket til konservativ, radikal eller moderat nynorsk, eller til din lokale dialekt.

Sjå heimesida vår www.nynodata.no for meir informasjon og demo.

Programvare for meir og betre nynorsk

NORSK BARNEBLAD I NORSKUNDERVISNINGASpesielt for elevar i 5. til 7. klasse. Kjernelesarane til Norsk Barneblad er 9 til 12 år.

Mål for opplæringa er at elevane skal kunne: Lese lengre norske og omsette tekster. Norsk Barneblad inneheld både korte og lengre norske tekster.

Det utvida tekstbegrepet Bruk teikneserien Annika som handlar om ei norsk ungjente og hennar liv. Eit godt døme på at tekst ikkje berre er ord. Andre seriar er Hanna, Smørbukk og Skulen.

Barnelitteratur og sakprosatekster både på nynorsk og bokmål. Norsk Barneblad inneheld skjønnlitterære tekster av ulik vanskegrad, og sakprosatekster som kan vere korte eller lange, lette eller meir krevjande for lesaren.

Og å uttrykke lesaropplevingar Norsk Barneblad oppmodar lesarane til å skrive og sende inn eigne tekster. Det gjeld skjønnlitterære tekster, innlegg til diskusjonssider og anna sakprosa.

Bruke varierte lesestrategiar for å lese ulike typar tekst i ulikt tempo og trekke slutningar på bakgrunn av informasjon i teksten. Norsk Barneblad inneheld teikneseriar, vitsar, skjønnlitterære forteljingar, kryssord, fagartiklar, intervju, kåseri, diskusjonsinnlegg, notisar og anna.

n

Send

oss

Nor

sk B

arne

blad

kla

sses

ett 1

0 st

ykk

for

kron

er 1

500,

-

n

Send

oss

Nor

sk B

arne

blad

kla

sses

ett 1

5 st

ykk

for

kron

er 1

875,

-

n

Send

oss

Nor

sk B

arne

blad

kla

sses

ett 2

0 st

ykk

for

kron

er 2

000,

-

n

Send

oss

Nor

sk B

arne

blad

nor

mal

abo

nnem

ent k

r 45

9,-

Nam

n: ..

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

....

Adr

esse

: ....

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

....

Pos

tnum

mer

: ....

......

......

......

......

St

ad: .

......

......

......

......

......

......

......

......

.

Kon

takt

læra

r: ..

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

......

...

Du

kan

også

rin

ge te

lefo

n 21

50

47 1

4 el

ler

send

e ei

n e-

post

til w

ench

e@no

rsk-

barn

ebla

d.no

"

Svars

end

ing

Nor

sk B

arn

ebla

dAv

tale

nr. 1

196

0090

Osl

o

Page 19: Norsk Tidend 1-2013

No

rsk

Tid

eNd

1–20

13

19

– Det var ei domeneerobring. Smart-telefonen er ganske ny, og har til no vore dominert av bokmål og engelsk, seier leiaren i Norsk Målungdom (NMU), Vebjørn Sture, som no er glad for at både nynorsk- og bokmålsbrukarar kan nytta meir nynorsk i kvardagen.

I løpet av hausten 2011 var det mange som gav uttrykk for kravet i sosiale medium, mellom anna ved å adressera Wordfeud-skaparane på Twitter. På NMU sitt landsmøte på Voss i mars 2012 vart det vedteke ei fråsegn med ynske om Wordfeud på nynorsk. Denne resulterte i ein del presseoppslag, og ballen byrja å rulla.

Heiderleg innsats På Eid i Sogn og Fjordane vart det skipa ein uvanleg konstellasjon. Ordføra-ren, Alfred Bjørlo (V), tok kontakt med NMU sitt lokallag, hEiderleg målungdom (hMU), og føreslo ein felles framstøyt mot Landssaman-slutninga for nynorskkommunar (LNK) for å få dei til å engasjera seg i kampen for Wordfeud på nynorsk. Noko dei viste seg å vera svært po-sitive til.

– Det var utruleg kjekt at ordfø-raren tok kontakt med oss, vi kjende oss nyttige, seier nestleiar i hMU, Ingrid Skrede.

Ho understrekar at sigeren som kom i ettertid var til stor inspirasjon.

– Vi vart veldig glade då det viste seg at vi fekk gjennomslag. I blant kan ting kjennast håplaust, men ein må berre stå for det ein meiner, og mange bekkar små blir til slutt ei stor å. Det kjennest veldig bra når ein får til noko!

Også ordføraren er nøgd med samarbeidet og resultatet.

– Målungdomen ser kor viktig det er med nynorsk i nye digitale plattformer, dette ville eg gjerne stø opp om. Språket må inn i ei ny tid, og nynorsk må bli noko born og ungdom møter når dei har det gøy på fritida, ikkje berre på skulen og i offisielle samanhengar, meiner Bjørlo.

den som seier a Prosessen med Wordfeud har på mange vis vore nybrotsarbeid. NMU sende brev til Bertheussen IT alt i januar 2012, men var aldri direkte i kontakt med selskapet. Sture i NMU er likevel ik-kje i tvil om at dei gjorde noko rett.

At vi fekk gjennomslag, var jo også eit svar som eg lever godt med. Vi har ikkje vore i møte etter hatt aksjonar i gatene denne gongen. Det har handla om ei lita elektronisk innretning. Vi har brukt same typen plattform i etterspørselen som det vi ville endra, og det ser ut til å ha fungert, seier han og siktar til mo-biliseringa som skjedde via sosiale medium.

– Det gjekk altså lettare enn mange hadde førestilt seg. Har Målungdomen tidlegare vore litt for dårlege til å sjå opningane eller redde for å kasta seg frampå?

– Nei, vi er sjeldan redde for å krevja det vi vil ha.

– Utmerkt organisasjon Framsteget blir heidra også i akade-miske miljø. Stephen Walton, profes-sor i nynorsk skriftkultur ved Høg-skulen i Volda, meiner Wordfeud-hendinga utelukkande er positiv.

– Alt som kjem på nynorsk er bra for nynorsken. Fordelen med inter-nettet er at investeringa av kapital og tid ofte er mindre enn ved papir-format, og at produksjon av denne typen tilleggsmateriale blir lettare.

Walton er overtydd om at ungdo-men spelar ei avgjerande rolle.

– Eg kjenner ikkje spelet som bru-kar. Men det viser berre kva for ein utmerkt organisasjon Norsk Målung-dom er. Personleg er eg ikkje berre glad i å vera plugga til internettet, så det er veldig bra at unge spreke folk som kan dette, tek jobben.

Leiaren i Norsk målungdomen understrekar kor viktig det er å vera organisert.

– Saka tyder på at ungdom som vil noko og som organiserer seg, er ei oppskrift som fungerer. Når gode krefter slår seg saman er språksitua-sjonen i framtida slett ikkje er upå-verkeleg, konkluderer Vebjørn Sture.

Marianne GranheiM TrøyflaT [email protected]

#denkjenslaLdiGiTalT

Då Wordfeud kom på nynorsk, gjekk flagget til topps hjå Norsk målungdom.

LWordfeudNettbasert dataspel til bruk på smarttelefon

Handlar om å setja saman ord, på same måten som i Scrabble

Utvikla til Android og iPhone av den norske IT-gründeren Håkon Bertheussen

Bokmålsutgåve på marknaden i august 2011

Nynorskutgåve på marknaden i september 2012

Nynorskutgåva oppstod på bakgrunn av etterlysingar frå mellom anna Norsk målung-dom og ei rekkje ytringar i so-siale medium

Speleglede: Ingrid Skrede i hEiderleg målungdom (hMU) og ordførar Alfred Bjørlo er godt nøgde med å få kunne spele Wordfeud på nynorsk. Foto: Magni Hjertnes Flyum

Page 20: Norsk Tidend 1-2013

No

rsk

Tid

eNd

1–20

13

20

«Jeg tilhører dem som gikk over fra nynorsk til bokmål på videre-gående. Da hadde jeg nok ikke et veldig reflektert forhold til dette.» Dette sa Hadia Tajik til VG rett etter at ho var slegen til kulturmi-nister. Unge Hadia var nok politisk interessert og reflektert alt på vidaregåande. Likevel syntest ho altså ikkje at det var særleg nøye om ho bytte frå nynorsk til bok-mål. Ho skifte språk så lett som ingenting. Kor mange andre gjer ikkje då det same?

Overslaga går ut på at kring ein tredel av elevane som byrja med nynorsk som fyrsteskriftspråk i grunnskulen, har gått over til bokmål når dei er ferdige med vidaregåande. Språkskiftet er ik-kje like stort alle stader: I Sogn og Fjordane er det under fem pro-sent, medan det i Valdres er over 70 prosent. Særleg for nokre av dei gamle nynorskområda på Aust-landet er målbytet dramatisk.

Ikkje typIsk norsk Språk-skifte er ikkje eit typisk norsk feno-men. Ein finn slik språkassimile-ring i fleirspråksituasjonar overalt i verda: Brukarar av dei språka som er minst utbreidde eller som har lågast status, skifter til eit større eller mektigare språk. Og det er særleg ungdom som skifter; frå Sotho, Xhosa og Zulu til engelsk i Sør-Afrika, frå irsk til engelsk i Eire, frå fransk til engelsk i Canada, frå

halling til sentralaustlandsk i Hal-lingdal og frå nynorsk til bokmål.

Kvifor byter folk språk? Fordi dei vert tvinga til det? Fordi dei vert lokka til det? Fordi dei har lyst? Ja og nei. I somme samfunn skifter mindretalsspråkleg ung-dom til eit større språk på grunn av strukturell tvang. Andre stader får elevar klar melding om at dei ikkje har noka framtid om dei ikkje legg frå seg fyrstespråket sitt. Båe desse faktorane for språkskifte ser me i den norske situasjonen òg: Når Hordaland fylkeskommune automatisk registrerer alle elevar i vidaregåande som bokmålsel-evar, utan at det finst rutinar for at elevane får rette det opp att, eller når ein nynorskelev i Rana fyrste skuledagen på vidaregåande får melding frå læraren om at berre idiotar har nynorsk som hovudmål. Men for dei aller, aller fleste språk-skiftande ungdomar verda over er det nok ikkje det eksplisitte presset, men det udefinerbare suget som fører til målbytet.

Det skal Ikkje vere lett Det er hovudsakleg to ting som syg: For det fyrste vil den som brukar det minste språket, ofte skilje seg ut og vere «uvanleg», det sosiolingvistane kallar mar-kert. På dei globale lingvistiske marknadene får dei utstikkande, uvanlege språka ofte status som tapte saker, som usamtidige og umoderne. Dei har altså mindre status. For det andre er det slik at folk som bur i fleirspråklege sam-funn, er mindre eksponerte for dei minste språka, logisk nok. Det gjeld ikkje berre majoritetsspråk-brukarane, men òg dei som nyttar dei minste språka. Såleis gjeld det òg nynorskbrukarane. Jamvel om dei tre ungane mine på seks, åtte og ti år bur midt i det nynorske kjerneområdet i Indre Sogn, ser, les og høyrer dei langt meir bok-mål enn nynorsk.

suget mot språkskIfte Resultatet er at dei alle skriv bokmål betre enn nynorsk, jamvel om det siste er hovud-

Språkskifte med eit skuldertrekk Norske ungdommar skifter språk frå nynorsk til bokmål utan å tenkje særleg over det, og det er ingen som stoggar dei, skriv Eli Bjørhusdal, høgskule-lektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

“ For dei aller fleste språkskif-tande ungdomar er det nok det udefinerbare suget som fører til målbytet

Page 21: Norsk Tidend 1-2013

No

rsk

Tid

eNd

1–20

13

21

målet deira. Slik er det over heile verda. Det er slett ikkje uvanleg at minoritetsspråklege born tykkjer fyrstespråket sitt er vanskelegare å meistre enn majoritetsspråket, særleg i skrift. Truleg hadde 16 år gamle Hadia Tajik ikkje veldig

mange argument for kvifor ho skulle halde fram i ein utsett og vanskeleg mindretalsposisjon, når ho lett kunne skifte til ein meir komfortabel majoritet.

Så kva gjer me, me som vil ny-norsken vel? Eg trur me fyrst og

fremst må arbeide for at elevar som Hadia ikkje får gå igjennom eit språkskifte så lett som dei gjer i dag. Så lenge nynorsk er eit mindretalsspråk, vil dei kulturelle faktorane som skaper suget mot språkskifte, alltid vere der; til

dømes negative haldningar, lokal skeivfordeling mellom nynorsk og bokmål og likesæle. Det treng likevel ikkje føre til at tre fjerdede-lar av nynorskungdomen i Valdres byter språk.

farleg nøytralItet Men på grunn av det eg vil kalle idealet om språknøytralitet i norsk sku-lepolitikk, har det vore vanskeleg å jobbe med å få nynorskelevar til å halde på nynorsken. Me ser det i læreplanane: Opplærings-styresmaktene fører ein jamstil-lingspolitikk som legg tilhøva til rette for fri tevling mellom språka, slik at også nynorsk kan brukast som hovudmål på lik line med bokmål. Men det eksisterer ingen målsetjingar om å påverke valet til elevane for å prøve å sikre framleis bruk av nynorsk.

I dei språklege blandingsom-råda med både nynorsk og bokmål i skulen er det stort språkskifte i overgangen frå barne- til ung-domssteget. På ungdomssteget skal elevane ta eit sjølvstendig val av fyrsteskriftspråk. Det vil seie at born heilt ned i 13-årsalderen skal avgjere kva for skriftmål dei, og i røynda skulekrinsen og kommu-nen, skal ha. I Valdres og store delar av Hallingdal og Telemark forsvinn no nynorskområde med lang tradi-sjon – primært som fylgje av ein fritt-val-modell for fjortenåringar.

Nokre nynorskelevar møter nok lærarar på ungdomssteget og i vidaregåande som oppmodar dei om å halde på nynorsk hovudmål. Dette skjer likevel sporadisk, ikkje som del av ein formulert norsk språkpolitikk. Det vanlege er at elevane gjer kva dei vil: Dei får eit skjema der dei udramatisk kryssar for nynorsk eller bokmål. Ingen legg seg opp i valet, for ingen har mandat til å leggje seg opp i det.

For å hindre språkskifte trengst noko heilt anna enn dagens hands-off-politikk. Det trengst ein med-viten språksikringspolitikk som ikkje let Hadia og dei andre skifte språk med eit skuldertrekk.

Eli Bjørhusdalhøgskulelektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane

LKommEntar

Språkskifte med eit skuldertrekk Teksten er henta frå pamflet-ten Kva skal vi med sidemål? Fakta og argument, Vebjørn Sture og Janne Ny-gård (red.), Samlaget 2013.

Illustrasjon: Johannes Helleve

Page 22: Norsk Tidend 1-2013

No

rsk

Tid

eNd

1–20

13

22

– Det kan handla om korleis den offentlege forvaltninga følgjer opp språkpolitikken. Det kan handla om å få læremiddel til elevar og studen-tar til rett tid og med rett målform, og det handlar om å følgja med på endringane rundt oss, og sjå i kva grad vi må endra måten vi gjer ting på for å ta vare på språket, seier In-gebjørg Erikstad.

I fjor melde Sogn og Fjordane fylkeskommune at dei ville arbeida meir med problemstillingane knytte til å vera ein nynorsk fylkeskom-mune. I fylkestinget vart det lagt fram ein rapport og ei eiga sak.

– Vi handsama ein rapport frå Nynorsk kultursentrum om bruk av nynorsk i fylket. Fylkestinget yn-skjer å følgja opp denne rapporten. Vi har invitert til eit Nynorsk forum i Sogn og Fjordane. Dei aktørane som er med, er både frå det offent-

lege og private, og friviljuge orga-nisasjonar. Dette er aktørar som har nynorsk som sitt språk, og som er opptekne av å utvikla nynorsk i eigen organisasjon. Det handlar om mobilisering for nynorsk i fylket, seier Erikstad.

Ho peikar også på at rapporten syner at det fleire positive sider ved nynorskfylket.

– Det som er veldig positivt, er at det syner seg at elevane er trygge og positive nynorskbrukarar, og at dei stort sett held på nynorsken gjennom vidaregåande skule. Dette er veldig positivt for oss, og det er viktig å ta vare på, seier Ingebjørg Erikstad.

SpråkbrukSplan – Vi er i gang med å arbeida fram ein språkbruks-plan for fylkeskommunen. Det er eit mål at vi skal skriva rett, enkelt og

forståeleg, og vi skal ta opp kva slag språkleg valfridom den enkelte skal ha, fortel Erikstad.

Ho peika også på at staten bør gå føre, og aktivt respektera eigne lo-ver. Det vil seia at informasjonsma-teriell, rundskriv, brev og rapportar skal vera på nynorsk.

– Fylkeskommunen er storfor-brukar av til dømes programvare, og gjer store innkjøp i andre sa-manhengar. Og etterkvart vert meir og meir av rutetilbodet lagt ut på anbod. Då bør vi drøfta kva slags forventningar vi har når vi endrar system. Står tilbydarane fritt til å velja nynorsk eller bokmål? Eller skal vi forventa oss at det er på ny-norsk. Dette er eit diskusjonsemne innetter i fylkeskommunen, seier Ingebjørg Erikstad.

Obama-priS Sogn og Fjordane vart kåra til Årets nynorskkommune i 2012. På fylkestinget i desember kalla Jan Olav Fretland, nestleiar i kulturutvalet, prisen for ein ”Obama-pris”. Kva meinte du med det?

– Eg meiner at fylkeskommunen har fått fram ei god sak, synt god vilje og laga ein god plan for det vi skal gjera. No må vi syna at vi fortener

prisen. Vi har alt skipa Nynorsk fo-rum, og vi skal laga ein språkbruks-plan, og mellom anna på IKT-feltet er det viktig å sikra nynorsk program-vare, seier Jan Olav Fretland. Han er peika ut av fylkestinget til å ha an-svar for å følgja opp dette saksfeltet, og er leiar i Nynorsk forum.

– Skiping av Nynorsk forum er det viktigaste så langt. Der sit tunge aktørar som LO, NHO, KS, Utdan-ningsforbundet og private verksem-der som til dømes Lerum. Dette er institusjonar som vert utsette for bokmålspress, og til saman må vi vera ein sterk nynorsk lobby. Vi skal bli den sterkaste nynorske lobbyen. Og vi skal vera det fylket som alltid vert spurt når det skal takast viktige nasjonale avgjerder om nynorsken.

– Vi har invitert kulturminister Hadia Tajik til Sogn og Fjordane for syna kulturministeren kva vi manglar, og ikkje minst kva vi kan gjera for nynorsken. Vi vil syna fram mellom anna Nynorsk mediesenter, det nystarta Nynorsk avissenter og fleire større verksemder som brukar nynorsk, seier Jan Olav Fretland.

Kjartan Helleve og Hege lotHe

LSogn og Fjordane

Skal bli ein sterk språklobby

– Utfordringane for ein nynorsk fylkeskom-mune er mange og varierte, fortel Ingebjørg Erikstad, fylkesdirektør for kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Votering: Fylkestinget i Sogn og Fjordane røysta i fjor for opprettinga av eit nynorsk forum. Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Page 23: Norsk Tidend 1-2013

No

rsk

Tid

eNd

1–20

13

Oppskrifta er henta frå Gunda Djupvik si bok Smalhans. Sunn, god og rimeleg mat, Samlaget 2011

23

OstepanneDagens rett er ei ostepanne som har vore i familien min så lenge eg kan hugse. I følgje ein fami-lieanekdote var eg ikkje meir enn fire-fem år før eg kunne gje att denne oppskrifta. Ein friar som vanka i huset vårt nokre år påstod at mor mi hadde noko som han kalla ostepannetes-ten. Når det kom nye friarar til gards, serverte ho ostepanne, og nåde den som ikkje åt opp porsjo-nen sin, uansett kva han måtte synast om denne retten. Dette er sjølvsagt berre vondsinna snakk, og dessutan smakar ostepanna så godt at ho er vel verd å servere! Kjøtfri er ho òg, så om du prak-tiserer kjøtfrie måndagar, er dette ein perfekt måndagsmiddag.Ostepanna består av blomkål

og purre som vert dampa med ost over. Dette høyrest banalt enkelt ut, men kombinasjonen av blomkål, purre og ost gjev faktisk ein ka-rakteristisk og herleg smak. Slik gjer du det:

Mamma si ostepanneEit blomkålhovudTo små eller ein stor purre2 dl vatn200 g riven ostVel 1 ts saltPaprikapulver

Skyl blomkålen og purren. Pur-ren bør snittast på langs for å få ut jord og grus. Kutt begge delar i bitar, og bland det i ei steikepanne som du har eit tett lok til. Sautépanne heiter det på fransk, har eg lært. Slå over vatnet, og dryss på salt. La grønsakene dampe i 8-10 mi-nutt. Strø over osten, og la det stå med loket på til osten har smelta. Dryss over paprikapulver, og server med brød, gjerne grov-brød med smør på.Gunda Djupvik

LdagenS rett

Foto: Tove K. Breistein

Foto: Tove K. Breistein

Page 24: Norsk Tidend 1-2013

24

No

rs

k T

ideN

d 1–

2013

LH

ÅR

EKL

Ru

nd

Etid

L

nEM

iL

REf

oR

M 9

4L

Ra

ff o

g b

Ra

gE

Page 25: Norsk Tidend 1-2013

No

rs

k T

ideN

d 1–

2013

25

LLø

ysiN

g

Kryss NT nr 1-2013

HEIDERUTDELT

2. MARS

LOVANDE

I ØSTER-DALEN

KOSELEGUTFART

ÅS

KRØTER

TEVLING

RUSSISKELV

VATN

HUSDYR

HAUG

GJEREVONDT

FRISYRE

SNITTA

PYNTARUNDT80 CM

SLITEN OGFALMA

FØLGJE

2013

DYRA

KATO-LIKKAR

SOMME

KANAL

KORTROM-

VESEN

KJERALD

PUSTAHØGT

LÅNE

GRESKGUDINNE

BRYGGJE

OLD-TIDS-

BYFOTKVELV

VÅR

KVIT FUGL

TENKJESEG

PLUSS

TENARARSIKRE

FRYSE

GRØNTBELEGG

PÅ MOTEN

GUDS-NEKTARAR

MOTMIDTEN

VRANG

PLASSPÅ

STIGENENERGI

SLEPE

FØLGJE

VAKSENALDER

TIDL.PERIODE

ÅTELUKTE-STOFF

KV.-NAMN

NETT

TRAFI-KANTAR

SNODIG

GRASET

HA FORVANE

SKIPLE

KLEDE-STOFF

KAN

SLITUTKROPEN

TYPE

LÅTT

TJUE

RADARMOD

TIDSROM

TELE

ROMMÅL

PREP.

DREIS

BØYERKNE

FEITT

ULIKSKAP

SANSARMALM

DET HEILE

MINUS

DRIKK

VEKSTNORSK

TEIKNARGREIE

STEINANE

FISK

FOTSOLE

DJUP-VASS-

FISK

METALL FELE-STRENG

TRAU

NEODYM

DOM-KYRKJE

FØRE-STEL-

LINGARGJENGS

LEVER SYMJE-FUGLAR

Lkryssord

Kryss NT nr 5-2012

SPRÅK

DEBUTANT T KVINNE IBIBELEN

FRÅHUSET

TILSYNETU TRE-

SLAGSTOFF

GÅ NED TPLUSS

UT-BLÅSING

O GRIS

TRONGT SRENDE

YTTER-PUNKTET

G EDB D UGREIA

F Y R S T E G O N G S V E L J A RSORG

MOGLEGMAKE

S U T FOTSOLE

TYNNE I L KJEPP Y UTTRYKK

KNEP M I N E PAR

DRYGE T OE K T E S K A P S K A N D I D A T

ÅRS-PENGAR

PREST IBIBELEN

PLATE

HUSKA L PSKEISE-RENNAR

PÅ 1960-TALET

FERSK-VASS-

FISKÅ SIGNAL U L I HUS E GJESTE-

BOD V FESTA EM E D L E M S K O N T I N G E N T

NORSKFORF.

BORARL I E UTROP A I GREP HALE S FOSTRE N FENG-

SEL I L A TREDJETONEN

D I S T R I K T S T A N N L E G ELEK

ARTISTGOLV-

TEPPET S ANGRA SAND-BANKE E GJØN

BALE A P SLEPING L KARAK-TER

KORT-SPEL D LIKE L ORDNAR

A M A T Ø R S K O D E S P E L A RLETT

MÅLTID A OMDØME

2,54 CM R Y 50

1000 LLIKE

HO OGHAN

R R OPNING KNUSANDEKRITIKK O FYRSTE-

SORTERING EDEL SLETTA EE T T E R M I D D A G S K A F F I

VOGNER

FELLE T O G BROTS-VERK

DRIKK

REISTE T ESYNGJE

KO-KO

SVEVNG A L E

KJELDE

BUSTETEHÅRLOKK

I L ES A M A R B E I D S P A R T N A RTV SVAR-

ORD MSÅ VONDT!

ELV OGBY

A U ANDREUKJENDE I

LIKNINGFERSKE Ø GNAGAR GAMMAL

MYNT K REISE J PORSJONI GRYTA T VARSEL

F J E R N S Y N S M O T T A K A RIDRETTS-STEMNE A PREP.

REX I RETNING

FOSFOR SYTTRIUM

LENGDE-MÅL

Y KLOKKE U R UKJENDTING PÅ

HIMMELEN U F OOKSYGEN

SJETTETONEN

OE U R O P A M E I S T E R S K A P

1. Asbjørg Gill, Sørbøvåg

2. Norhild Konglevoll Rosnes, Isdalstø

3. Marit Hjartåker, Stord

Send løysinga til: NoregsMållagLilletorget 10184 Oslo

Frist: 11. mars 2013Merk konvolutten «Kryss-ord». Rett løysing kjem i neste utgåve. Tre vinnarar vert trekte ut og får fin premie.

Namn:

Adresse:

Postnummer/-stad:

Kryssordvinnarar i nr. 1 – 2012

ved Laurits Killingbergtrø

Page 26: Norsk Tidend 1-2013

No

rsk

Tid

eNd

1–20

13

26

Språk1. Bringebær2. Epilog3. At noko er danna, høvisk

eller korrekt4. Sylv5. Tusenfryd6. Sommarfugl7. Den finsk-ugriske8. Tjukk l

Noreg1. 19722. Hedmark3. Kjell-Magne Bondevik4. Kristiansund5. Blå (med gul skrift)6. Telemark7. Femøringen8. Europaveg 6

Nynorsk1. Erik Ulfsby2. Arne Garborg3. Halldis Moren og Tarjei Vesaas4. 19065. Anders Hovden6. Inger Johanne Sæterbakk7. Høgskulen i Volda8. 1885

Mat og drikke1. Druer2. Avokado3. Ringnes4. Sukker og eggekvite5. Pølseprodusenten Leiv Vidar6. Mozzarella7. Ægir8. Te

Lkviss

Lsvar

Nynorsk1. Det Norske Teatret feirar 100 år i år. Kva heiter

teatersjefen?

2. Kva forfattar skreiv om Daniel Braut?

3. Kva kunstnarektepar busette seg på garden Midtbø i Vinje kommune?

4. Kva år vart Noregs Mållag skipa?

5. Kven skreiv salmen ”Fagert er landet”?

6. Språkåret 2013 er sparka i gang, mellom anna for å feire Ivar Aasen. Men kven er prosjektleiar for jubileumsåret?

7. Kva høgskule tilbyr eit masterstudium i nynorsk skriftkultur?

8. Kva år vedtok Stortinget det såkalla jamstel-lingsvedtaket, som gjorde landsmål og riksmål til jamstilte, norske språk?

Mat og drikke1. Kva er hovudingrediensen i konjakk?

2. Kva grønsak, som eigentleg er eit bær, vert òg kalla «alligatorpære»?

3. Kva bryggeri tappar og distribuerer flaske-vatnet Imsdal?

4. Kva ingrediensar treng du om du skal lage marengs?

5. Kva firma har slagordet «From Hønefoss with love»?

6. Kva kallar vi den italienske osten med ein nesten kjøtaktig konsistens, som ofte er laga på bøffelmjølk?

7. Kva er namnet på bryggjeriet i Flåm som har vunne fleire prisar for ølet sitt?

8. Sett bort frå vatn, kva drikk vert det drukke mest av i verda?

Språk1. Kva type bær får ein om ein tingar «hallon»

i Sverige?

2. Kva gresk ord kan vi nytte om etterordet i ei bok?

3. Kva vil det seie at noko er comme il faut?

4. Kva metall har namnet argentum på latinsk?

5. Kva er det norske namnet på blomen som på engelsk vert kalla daisy?

6. Ordet ser slik ut på ulike europeiske språk: mariposa, papillon, farfalla og borboleta. Korleis ser ordet ut på norsk?

7. Kva for ei språkgruppe tilhøyrer samiske språk?

8. Kva lyd i norsk språk kan skildrast som ein retrofleks flapp?

Noreg1. Kva år vart fargefjernsynet innført i Noreg?

2. I kva fylke ligg tettstaden Koppang?

3. Kven var statsminister i Noreg då Ronald Rea-gan døydde?

4. I kva norsk by kan du spasere rundt i Tahiti og Marokko?

5. Kva farge har skilta på norske diplomatbilar?

6. I kva fylke ligg Kragerø?

7. Kva norsk mynt gjekk ut av produksjon tidleg på 1980-talet?

8. Vegen går frå Svinesund til Kirkenes, og vert med det Noregs lengste vegstrekning. Kva veg snakkar vi om?

Hulda Garborg var med på å grunnleggje Det Norske Teatret, men kven er teatersjef i dag?

Kva språkfamilie høyrer samisk til?

Koppang stasjon slik han ein gong såg ut. Veit du kva fylke tettstaden ligg i?

Konjakk: Kva er hovudingre-diensen?

ved Janne Nygård

Page 27: Norsk Tidend 1-2013

No

rsk

Tid

eNd

1–20

13

27

Nynorsk har ein solid posisjon i Noreg. I dag er det kring ein halv million nordmenn som reknar nynorsk som sitt språk. Noregs Mållag meiner at språk og språkkunnskap må verdsetjast hø-gare enn i dag, og me arbeider for at alle skal få kunna bruka nynorsk, og at nynorsk skal kunna brukast når som helst og kvar som helst. Utan Mållaget vil nynorsk få mindre plass i skulen og det offentlege rommet.

Sidemålsordninga er viktig!Fleire tunge politiske aktørar ynskjer å svekkja sidemålsopplæringa. Det vil svekkja nynorsken som eit jamstelt språk. Det handlar om framtida til nynorsken og kva rom det nynorske språk-samfunnet skal ha. For oss er det viktig å sikra nynorskbrukarane retten til å skriva og lesa nynorsk i alle delar av samfunnet.

Gjennom ord blir verda storNoregs Mållag vil at born i Noreg skal møta både nynorsk og bokmål så tidleg som mog-leg. Difor har Noregs Mållag ein kampanje for meir nynorsk i barnehagane. Sidan 2009 har Mållaget besøkt over 240 barnehagar, og har snakka om kor spennande det er med mange språk og dialektar.

NæringslivMe deler ut Nynorsk Næringslivspris for å framheva bruk av nynorsk i næringsverksem-der. Prisen har gått til Lerum AS, Hotel Ale-xandra i Loen, Kari Traa AS og mikrobryggeriet Ægir.

Jesus snakka ikkje bokmålMållaget arbeider for nynorsk i kyrkja. Ei ak-tuell sak er å sikra trusopplæringsmateriell på nynorsk. Mållaget fekk over hundre sokneråd til å slutta seg til kravet, som vart overrekt til Kyr-kjerådet sommaren 2011. Mållaget er oppteke av at nynorsk får sin rettkomne plass i gudste-nesteliv og i andre kyrkjelege handlingar.

Vil sikra offentleg målbrukMållova seier at i statleg verksemd skal det vera minst 25 % nynorsk. Mållaget meiner at dette er ei viktig lov som sikrar at nynorskbrukarane får sjå nynorsken i bruk. Me meiner lova må handhe-vast strengare. Dessutan vil me ha meir nynorsk inn i kommunane og fylkeskommunane, til dø-mes gjennom språkbruksplanar og at tilsette får tilbod om nynorskkurs. Mållaget arbeider for at programvare skal vera tilgjengeleg på både ny-norsk og bokmål.

Slepp nynorsken til!Mållaget arbeider for å oppheva nynorskforbodet på redaksjonell plass i dei riksdekkjande avisene som til dømes VG, Dagbladet og Aftenposten, og for å styrkja dei nynorske avisene, tidsskrifta og publikasjonane som finst. Saman med Kringkas-tingsringen fylgjer Noregs Mållag opp nynorsk-kravet til NRK, særleg barnekanalen NRK Super.

LitteraturprisarNoregs Mållag har delt ut Nynorsk barnelittera-turpris sidan 1968. Prisen er på 30 000 kroner. Mållaget har gått saman med Det Norske Teatret og Det Norske Samlaget om å dela ut Nynorsk lit-teraturpris. Denne prisen vart delt ut fyrste gong i 1982. Prisen er på 30 000 kroner.

Organisasjonen Noregs MållagNoregs Mållag har over 12 000 medlemmer, og er bygd opp av lokallag, fylkeslag og eit sentralt styre. Det er om lag 160 lokallag spreidde utover heile landet. Lokallaga er organiserte i 20 fylkes-lag som har eigne fylkesstyre. Desse fungerer som samarbeidsorgan og samordnar aktiviteten i dei ulike fylkeslaga. Du kan også vera medlem i eit yrkesmållag, t.d. Mediemållaget, Juristmål-laget, Noregs Lærarmållag, Medisinsk Mållag og Landbruksmållaget. Landsmøtet er det øvste organet i Noregs Mållag. Landsmøtet vel styre og leiar, tek standpunkt i målpolitiske saker og peikar ut kursen for det vidare arbeidet.

Meld deg inn!Kan dette vera dagen for å bli med-lem i Mållaget? Då kan du senda ei tekstmelding med kodeordet NYNORSK til 2490. Det kostar kr 200 over mobilrekninga, og med-lemskapen gjeld ut 2013. Du kan også melda deg inn via www.nm.no.

Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai

Prent: Nr1Trykk asOpplag: 35 000Abonnement: kr. 250,– per år

Annonsar: Annonseprisar: kr 9,00,–/mmTillegg for tekstside: kr 0,50,–/mmSpaltebreidd: 45 mmKvartside: kr 4 000,–Halvside: kr 7 000,–Heilside: kr 12 000,–Ilegg til avisa: kr 1,00 pr. stk.

Alle prisar er eks. mva. Ved lysing i fleire nummer kan vi diskutere særskilde avtalar.

Stoffrist nr. 2 – 2013: 11. mars 2013

NOREGS MÅLLAGwww.nm.no

Tilskrift: Lilletorget 1, 0184 OSLOTelefon: 23 00 29 30Telefaks: 23 00 29 31E-post: [email protected]

Kontoradresse: Lilletorget 1, 0184 OSLO

Bankgiro: 3450.19.80058

Leiar: Håvard B. Øvregård Mobil: 917 73 157E-post: [email protected]

Tilsette:

Gro Morken Endresen, dagleg leiar, tlf. 23 00 29 37, 957 85 560, [email protected]

Tuva Østvedt, organisasjonskonsulent, tlf. 23 00 29 34, [email protected]

Berit Krogh, økonomikonsulent, tlf. 23 00 29 35, [email protected]

Ingar Arnøy, skulemålsskrivar, tlf. 23 00 29 36, 975 29 700, [email protected]

Marit Aakre Tennø, norskfagskonsulent, tlf. 454 71 716 [email protected]

Hege Lothe, informasjonskonsulent, tlf. 57 86 53 60, 926 48 348, [email protected]

Kjartan Helleve, redaktør Norsk Tidend, tlf. 23 00 29 32, 943 97 998, [email protected]

NORSK MÅLUNGDOMwww.nynorsk.no/nmu

Tilskrift: Postboks 285 Sentrum, 0103 OsloTelefon: 23 00 29 40Telefaks: 23 00 29 31E-post: [email protected]: 3450 65 48707

Leiar: Vebjørn Sture, Telefon: 924 16 527, 23 00 29 40, E-post: [email protected]

Skrivar: Anne Svanaug Straume, Telefon: 23 00 29 40, E-post: [email protected]

Kva gjer Noregs Mållag?

Bli med: Håvard B. Øvregård og Janne Nygård, leiar og nestleiar i Noregs Mållag, oppmodar folk til i melde seg inn i Mållaget. Foto: Berit Krogh

Page 28: Norsk Tidend 1-2013

Då Ivar Aasen laga nynorsken, var dansk einerådande som skriftmål i Noreg. Aasen meinte at Noreg trong eit eige språk. Løysinga var å leggje alle norske dialektar til grunn for det nye skriftspråket. Aasen meinte at Noreg ikkje trong eit språkleg sentrum.

I åra 1842-68 var Aasen innom halvparten av dagens kommunar og alle fylka unnateke Finnmark. Resultatet vart to ordbøker med til saman 69 000 oppslagsord. Dette var grunnlaget for landsmålet. I 1929 fekk skriftspråket nemninga nynorsk.

Kring ein halv million nordmenn reknar nynorsk som sitt språk. Alle skuleelevar får undervisning i nynorsk. Dei språklege ret-tane er godt forankra i eigne lover. Dialekt er i praksis det nasjonale talemålet. Stafett-pinnen vandrar vidare.

Mellom bakkar og bergNYNORSK-STAFET TEN

FREDRIKSTAD

Reisene til Ivar Aasen i åra 1842-1868.

Illustrasjonen er ein noko endra versjon av ein original som Aina Griffin laga til boka Viljen til

språk av Ottar Grepstad, Samlaget 2006