norsk tidend 3-2015

32
Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai NR. 3 – JUNI 2015 MEDLEMSBLAD FOR NOREGS MåLLAG NORSK TIDEND Høgt nivå Det er to grunnar til at me har lukkast: høg kunstnarleg kvalitet og dugnadsarbeid, seier operasjef Kari Standal Pavelich. Til hausten set Opera Nordord opp sin 18. opera. > 16–19 TRAVELT ÅR > 10–11 – Å skrive bok og film samstundes var ei utfordring. Eg er ikkje så veldig god til å kombinere ting, seier Gunnhild Øyehaug. MOTKULTUREN LEVER > 20–21 – Du skal ikkje vere på Vestlandet i meir enn maks ti minutt før nokon seier noko stygt om Oslo, seier Jan Zahl. I GREVENS TID > 8-9 – Eg trur det oppattskipingsmøtet kom akkurat i rett tid, slår Synnøve Bredal Bjel- land fast. Ho er ny leiar i Tysvær Mållag.

Upload: norsk-tidend

Post on 22-Jul-2016

281 views

Category:

Documents


0 download

DESCRIPTION

 

TRANSCRIPT

Page 1: Norsk Tidend 3-2015

Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai Nr

. 3

– j

uN

i 2

015

MedleMsblad for Noregs Mållag

NORSKTIDEND

Høgt nivå– Det er to grunnar til at me har lukkast: høg kunstnarleg kvalitet og dugnadsarbeid, seier operasjef Kari Standal Pavelich.

Til hausten set Opera Nordfjord opp sin 18. opera. > 16–19

travelt år > 10–11– Å skrive bok og film samstundes var ei utfordring. Eg er ikkje så veldig god til å kombinere ting, seier Gunnhild Øyehaug.

Motkulturen lever > 20–21– Du skal ikkje vere på Vestlandet i meir enn maks ti minutt før nokon seier noko stygt om Oslo, seier Jan Zahl.

I Grevens tId > 8-9– Eg trur det oppattskipingsmøtet kom akkurat i rett tid, slår synnøve Bredal Bjel-land fast. Ho er ny leiar i Tysvær Mållag.

Page 2: Norsk Tidend 3-2015

2

No

rsk

Tid

eNd

3–2

015

Den nasjonale majoriteten som bokmålet utgjer, påverkar nynorsken også der nynorsken er ein majoritet. Det fekk me eit godt døme på i Ryfylke for nokre veker sidan. Rådmennene i dei tre kommunane Strand, Hjelmeland og Forsand har saman utarbeidd ein intensjonsavtale om dei tre kommunane skulle slå seg saman. Her hadde dei òg handsama spørsmålet om språket i ein eventuell framtidig storkommune. Rådmennene hadde landa på at den nye kommunen burde verta nøytral, men at han burde sikra eit minimum av 25 prosent nynorsk.

I dag er Strand kommune språknøytral, medan Forsand og Hjelmeland er nynorskkommunar. Strand er den største av dei tre kommunane. Når rådmannsgruppa vel å lansere ein «25-prosent-regel», har dei nok sett til mållova og NRK, som begge har slike krav, mållova andsynes statsorgan som er nasjonale. Om ein legg velviljen til, kan ein mistenkja dei for å villa nynorsken vel, gjennom raust å slå fast at nynorsken skal ha ein plass i den nye kommunen, og å gripa til eit målsetjing på 25 prosent som mange meiner er vel raus i nasjonal samanheng. Å vera språknøytral i dag tyder ikkje anna enn at det fritt er opp til dei tilsette kva språk dei vil bruka. I praksis er dei alle fleste språknøy-trale kommunar bokmålskommunar.

Problemet meD Den (tenkte) slutninga til rådmennene er at dei forvekslar den nasjonale språkstoda med den lokale. Sidan nynorskelevar i grunnskulen er den einaste måten ein kan telja

nynorskelevar på, lyt me sjå på språkstoda ut frå dei tala. I desse tre kommunane fordeler nynorsk-bruken seg slik: Forsand kommune 100 prosent nynorskelevar, Hjelmeland kommune 93 prosent nynorskelevar og Strand kommune 52 prosent nynorskelevar. Samla er det altså 64 prosent ny-norskelevar i dei tre kommunane. Såleis vert det som sikkert er meint som ei sikring av dei språk-lege rettane og behova til nynorskbrukarane, meir ei sementering av statusen til bokmålet også i dei kommunane som i dag er nynorskkommunar. I Forsand og Hjelmeland vil difor nynorskbrukarane mest sannsynleg koma mykje dårlegare ut enn dei gjer i dag.

Prosentargumentasjon i mindretalsspørsmål er ei vanskeleg øving. Mindretalet har, uavhengig av prosent, eit anna behov enn fleirtalet. Skulle den nye kommunen verta ein nynorskkommune, ville det på ingen måte vore vanskeleg for bokmålsbru-karane å finna, og lesa, språket sitt rundt seg. Bok-mål er rundt oss alle, uansett kva språk kommunen vel å verta administrert på. For nynorskbrukarane

Periferikultur L Halvor Fosli skreiv ein artikkel i Syn og

Segn i fjor vinter som handla om dei gamle motkulturane. Fosli meinte at dei ikkje hadde så mykje kraft lenger. Han hadde meir sans for den nye motkulturen, representert ved t.d. Jon Hustad og Hans Rustad. Eg veit ikkje kor mykje bylgjer artikkelen laga, men noko vart det då. Så då eg om lag samstundes kom i snakk med ein oppegåande sakprosaforfat-tar, så vart det til at me prata om den artik-kelen. Denne forfattaren meinte vel sitt om artikkelen, men han var mest oppteken av at ideen om ein motkultur krev ein monokultur. Det må vere ein dominerande kultur som ein kan vere imot. Forfattaren meinte at ein slik monokultur finst ikkje lenger, til det er sam-funnet altfor mangfaldig.

L Eg likte den tanken. Eg trur dei gamle motkulturane lever godt, dei er berre ik-kje fullt så synlege som dei nye. Men det er sant at samfunnet er blitt meir mangfaldig, og eg tykkjer det er bra. Så i eitt års tid har eg plassert vår eigen strid inn i dette sam-funnssynet, me held spennet oppe.

L No har eg kome i tvil. Då Jan Zahl fekk den nynorske journalistprisen frå Kultur-departementet, trekte juryen fram tvisynet hans, som dei meinte minna om A.O. Vinje sine tankar. Han låner røysta si til ein så-kalla periferi, mot eit såkalla sentrum. Sjølv seier han at Bergens Tidende med Hilde Sandvik i spissen er ein god representant for Vestlandet sin stigande irritasjon over maktsentraliseringa i Oslo.

L For nokre veker sidan kunne Kveldsnytt melde at det skulle gjerast noko vedlike-haldsarbeid på ein tunnel i Oslo. Det var hovudinnslaget. Litt seinare i same sendinga var det eit innslag om at kollektivfeltet på motorvegen inn til Oslo var fullt av elbilar, og bussane kom ikkje fram. Men kva kan ein vente seg når vignetten som opnar Dagsre-vyen og Kveldsnytt, har linjer som peikar inn og ut av Oslo. Rett nok er det også ein prikk ein stad i Nordland, kan det vere Mo i Rana? Det er i alle fall i periferien ein stad.

L Så er det berre slump at både Sandvik og Zahl skriv nynorsk? Eg trur i alle fall at dei gjer det av fleire grunnar enn at dei berre tykkjer det er gøy med mangfald.

kjarTaN Helleve

utgjeven av noregs mållag

Avisa blir redigert etter Redaktørplakaten

tilskrift: Lilletorget 1, 0184 OSLO

redaktør: Kjartan Helleve [email protected], 23 00 29 32

i redaksjonen: Hege Lothe, Erik Grov

Heimeside: www.nm.no

abonnement: 250 kroner per år

utforming: Språksmia AS [email protected]

mariT aakre TeNNøleiar i noregs mållag

LleiarTeigeN

Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai

Når fleirtal køyrer over mindretal (eller omvendt)

Page 3: Norsk Tidend 3-2015

3

No

rsk

Tid

eNd

3–2

015

er det annleis. Dei må leita for å finna støtte for sitt språk, og vert kommunen i hovudsak administrert på bokmål, vil dei finna mindre nynorsk rundt seg enn dei gjer i dag. Vil ein nynorsken vel, bør ein ikkje laga reglar som i praksis ikkje sikrar nynorsken i det heile.

Noregs Mållag sitt hovudargument i spørsmål om kommunale språkval er at nynorsken som eit mindre brukt og mindre sett språk i ålmenta, treng strukturar som hegnar om han og held han oppe, på ein heilt an-nan måte enn bokmålet treng. Når rådmannsgruppa føreslår å berre garantera at ein skarve fjerdedel av den viktige tekstproduksjonen som den eventuelt nye kommunen skal produsera, skal vera på nynorsk, vitnar det om mangel på forståing for situasjonen åt nynorsken.

skulle ein ta nynorskbrukarane og nynor-sken på alvor og dei behova språket har for nokre stader å vera i fleirtal, så burde den nye kommunen verta ein nynorskkommune. Alt anna er ei svekking av nynorsken i dei to nynorskkommunane.

Språket i skulekrinsane er ikkje automatisk på-verka av det kommunale språket. Men presset aukar på nynorskkrinsane med mengda bokmål rundt dei. Den språklege assimileringa frå nynorsk til bokmål liknar på den me ser i alle andre språksamfunn med fleirtal og mindretalsspråk. Me treng ikkje sjå lenger enn til dei samiske forvaltingsområda før me ser den same uroa for kommunereforma som me er opptekne av.

Dømet frå Ryfylke illustrerer svært godt kva som kan koma i utgreiingar om nye kommunekonstella-

sjonar på tvers av språk: På mange måtar ovrar desse prosessane seg som det nokre nasjonalismeforskarar kallar «majoritetsnasjonalisme». I det norske språk-spørsmålet kjem det til uttrykk gjennom at bokmålet vert det «normale», og at det er den nasjonale majo-riteten som får avgjera kva som er bra og rettferdig i språkspørsmålet.

Vegen er lang før dei tre kommunane eventuelt slår seg saman, og nokre meiner at dei aldri kjem til å gjera det. Dei folkevalde har ikkje fått høve til å seia sitt enno, men det er likevel rett av Mållaget å gjera som Stein Torleif Bjella syng: «som haren står eg va-ken og fylgjer med».

“ Skulle ein ta ny-norskbrukarane og nynorsken på alvor og dei behova språket har for nokre stader å vera i fleirtal, så burde den nye kommunen verta ein nynorskkommune.

LsagT

Siri kan nå snakke ... bokmål. Men den forstod undertegnedes blan-dingsmål helt fint, så det er ikke usannsynlig at den også forstår nynorskbrukeres dialekt.

Finn Jarle Kvalheimpå Tek.no om nye iOS9

jei har alltid synes det faller sei mest naturlig å skrive vei.Kjetil Torgrim Homme på Facebook

om selskapet «Nye veier»

Eg skreiv til Vegvesenet og spurde om det ikkje kunne stå «Del ve-gen», sidan dette er godkjende former både på bokmål og nynorsk. Eg fekk eit nokså langt svar om at dette var grundig forska på. Det ville vera «pekefingeraktig» over-for bokmålsfolk å skrive «vegen».

Ivar Schjølberg i Gudbrandsdølen Dagningen

Eg har jobba med nynorske tekstar i over tre år, men eg må framleis fnise kvar gong nokon blir «opp-sagd».

André Ulveseter på Twitter

Vi prøvde først å gjendikte tekstene på bokmål, men det låt bare dritt.

Bandet Rammsund om kvifor dei syng på nynorsk

Svaret er ja. Derfor skriver jeg aldri «samordna» eller «høgskole». Fo-retrekker også å skrive Trondhjem når anledningen byr seg.

Torbjørn Nordgård på Riksmåls-forbundet sine facebooksider om

at han irriterer seg over «sam-ordna opptak» og «høgskole»

For mange var nynorsk et enkelt fag på skolen, mens for andre ble det fort et sammensurium av bokmål, oppspinn og svensk.Kvinneguiden skildrar sin siste quiz

«Nynorsk eller tulleord?»

Ein gong i ungdommen var eg på møte med Målungdommen, men då vart eg skremt.

Stein Torleif Bjella til framtida.no

Pompel og Pilt og Fjernsynsteatret med endeløse forestillinger på bok-målsnynorsk der alt bare var dau og dau og dau.

Torbjørn Steen-Karlsen skildrar si verste kulturoppleving i blikk.no

Kafka var tysktalande, i ein jødisk familie. [...] Praha var tsjekkisk minoritet i dobbeltmonarkiet Aust-errike-Ungarn. Betyr ikkje det at de burde latt ein nynorsktalande ho-mofil same framføra Kafka i Bergen i dag?

Bergens Tidende intervjuar Harald Eia om framsyninga

«Kafka feat. Røyksopp»

«Eg har, etter Jakob Mæhle sitt ord-forråd, hatt sidemål heile livet.»

Oddny Miljeteig i bystyret i Bergen

«Eg ser raudt heile tida, eg, ord-førar.»

Oddny Miljeteig, etter at det er blitt understreka

at det raude ljoset på talarstolen tyder at taletida er ute

Når fleirtal køyrer over mindretal (eller omvendt)

Illustrasjon: Kjartan Helleve

Page 4: Norsk Tidend 3-2015

4

No

rsk

Tid

eNd

3–2

015

Tidlegare var det opp til styres-maktene å avgjere korleis stad- og gardsnamn skulle skrivast. No blir det opp til grunneigaren sjølv. I den nye lova heiter det at «I saker om skrivemåten av nedervde bruksnamn har eigaren rett til å fastsetje skrivemåten dersom han kan dokumentere at den ønskte skrivemåten har vore i offentleg bruk som bruksnamn.»

Framlegget kom frå Frp og Høgre, og fekk fleirtal i Stortinget med hjelp av røystene frå Venstre og Senterpartiet.

Marit Aakre Tennø, leiar i No-regs Mållag, er svært skuffa over vedtaket.

– Stadnamna er verneverdige kulturminne, slik det også vart ut-trykt i forarbeida til gjeldande lova.

– Dei er nedervde lokale ut-taleformene som er siste lekken i ein ubroten samanheng attende til den tida namna voks fram. Skrift-tradisjonen er i så måte oftast mykje meir tilfeldig. Særleg er skriftformer frå 16-, 17- og (tidleg)

1800-tal tvilsame fordi dansketida førde til feilskrivingar. Dei kan difor ikkje tilleggjast på langt nær same kulturelle verdi som dei ned-ervde, lokale uttaleformene. Det er med andre ord dei lange linjene i kultursoga vår som no kan bli brotne for godt, seier Tennø.

Ho fryktar no at det blir rot og forvirring med mange ulike skri-vemåtar på bruksnamna.

– Det klassiske dømet er at me no kan ende opp Vik, Wiik, Vig og Vigh som namn på same garden. Brukaren endra skrivemåte frå éin generasjon til neste. Ulike skrivemåtar kan få konsekvensar for kor pålitelege adresserings- og GPS-funksjonar er - verktøy som kan vera avgjerande til dømes for utrykkingskøyretøy, seier Tennø.

Mållaget har gjennom fleire år arbeidd mykje med stadnamnlova, og har fått brei støtte for synet vårt i det politiske miljøet, men her greidde ein ikkje få til eit fleirtal.

Hege [email protected]

– Det er viktig å peika på at lokalval kan ha mykje å seia for utviklinga av ny-norsken lokalt og dermed nasjonalt, difor vert lokal-laga oppmoda om å bruka valkampen så godt som råd i sin kommune, seier Sigbjørn Hjelmbrekke, nestleiar i Noregs Mållag.

– I denne lokalval-kampen er det fleire saker som kan bli dis-kusjonsemne lokalt. Det er peika ut fire saksfelt som vi sender ut infor-masjon om til lokal- og fylkeslaga våre. Det er kommunereform, språkdelte ungdoms-skular (Odda-modellen), nynorskopplæring for vaksne innvandrarar og målbruksplanar.

Debattmøte Når fyl-kesmållaga står for debatt-møte, opnar det for at saka om kommunereforma og nynor-sken også blir valkampsak. Nokre mållag planlegg lokale debattmøte, og dette kan vera viktig for å få opp interessa for sakene våre i valet.

– Me meiner at det er viktig at styret og skrivarstova stør opp om slike debattmøte fordi dei kan føra til meir interesse for sakene, meir informasjon og kunnskap ut til kandidatane og fleire saker i media, peikar Sigbjørn Hjelmbrekke på.

Fire saksFelt Noregs Mållag har lyfta fram fire viktige saksfelt for nynorsken i lokalvalkampen i 2015. Desse fire emna er ikkje nødvendigvis like aktuelle i alle kommunar, så korleis og kva lokallaga gjer i valkampen, er ei lokal vurdering.

X Kommunereforma: Ei samanslåing av små nynorskkommunar med store bokmåls-kommunar eller nøy-trale kommunar vil få konsekvensar for nynorsken. Det er i ny-norskkommunane ein i dag møter mest ny-norsk. Det vert vanske-leg å halda på språket sitt i det ein hamnar i tydelege mindretal.

X Nynorskopplæring kan gjera det lettare for innvandrarar å kome inn i lokalsamfunnet.

X Odda-modellen: God språkopplæring

kjem langt ned på lista når ungdomsskulane skal fordela elevar i nye klasser. Dette råkar nynorskelevane i dei delane av Noreg med

språkblanda skular. Noregs Mållag vil at elevar skal ha rett til å få opplæring på eige språk ut grunnskulen.

X Målbruksplan:Dette er eit styringsdokument for språk som eit kommune-styre eller fylkesting kan velje å vedta for sin kommune eller sitt fylke. Dokumentet kan gjerne berre vere eit par sider. Men det kan vere svært nyttig for å gje retning for språkval i alle deler av kommunen.

Val 2015: Vi har samla gode råd på valkampsida Val 2015, som du finn på www.nm.no.

Hege [email protected]

LmåLNyTT

Stortinget endra Stadnamnlova

Lokalvalkamp og nynorsk

Bystyret i Bergen vil ha sidemålsunder-vising i 3. klasse og meir av begge mål-former i alle fag.

Bergen bystyre vedtok i slutten av mai å prøva ut tidlegare og meir sidemålsundervising. I framlegget frå ein samla opposisjon står det at sidemålsundervisinga skal starta alt i tredjeklasse, og at elevane skal bli eksponerte for både bokmål og nynorsk i alle fag.

«Det overordna målet er å gjera sidemålsundervisinga meir enga-sjerande, i tråd med regjeringa si Sundvollen-erklæring» heiter det i vedtaket frå Bergen bystyre.

Bergen Høgre gjorde i utgangs-punktet framlegg om å gjera side-målsundervisinga i vidaregåande skule valfri. Men framlegget møtte hard motstand i byen som er om-ringa av nynorskkommunar, og det fekk kritikk for å gå imot forskinga på språkopplæring.

– All forsking syner at dersom ein lærer begge målformer, blir ein betre i hovudmålet. Dette vil ikkje styrkja norskopplæringa og er eit reint populistisk forslag frå Høgre, fullt av forakt for dei som ikkje er med i fleirtalet, sa Astrid Olsen, leiar i Hordaland Mållag, til NRK då fram-legget kom.

– Bergen er nynorskhovudstaden i Noreg. Me må visa den stoltheita og tilhøyrsla me har til Vestlandet, sa Er-lend Horn (V) og ville samla fleirtalet i bystyret om eit framlegg som tvert om gjekk ut på å styrkja sidemålsun-dervisninga. Det lukkast han med.

– Me seier til lukke! No byrjar det å likna hovudstadstendensar, sa Ma-

rit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag då ved-taket var gjort.

– Opposi-sjonen syner at det heilt klart finst rom for ny språkpolitikk i Bergen. Det er bra at Høgre sitt forslag vart nedstemt, og at opposisjonen stod samla og svara så offen-sivt, lovar bra for nynorskho-vudstaden.

Aakre Tennø har sakna ein slik inn-fallsvinkel i språkpolitikken

og meiner den blå sida har vore mest oppteken av å sjå om fritak frå sidemålet fungerer. Ho håpar at vedtaket i Bergen vil gjera sidemåls-undervisinga betre. No håpar ho på dominoeffekt.

– Bergen skil seg ut, men ikkje så mykje om ein samanliknar med Åle-sund og Stavanger, der det også er nynorsk i stor grad i områda rundt. Forslaget som låg på bordet frå Høgre ville skapt ein bokmålsoase, medan dei rundt skulle lært ny-norsk. Det ville vore ein håplaus situasjon, seier Aakre Tennø.

Dette er vedtaket som vart gjort i Bergen 28. mai:

«Alternativt forslag til vedtak på vegner av Venstre, KrF, SV, MDG, BY, SP, Raudt, Arbeidarpartiet og Mor-ten Myksvoll (tidlegare Frp) som er uavhengig:

1. Bystyret meiner det er eit over-ordna språkpolitisk mål at elevane i Bergensskulen har god kjennskap

Sidemålsløft i Bergen

Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mål-lag er nøgd med vedtaket til bysty-ret i dag. – Opposisjonen syner at det heilt klart finst rom for ny språkpolitikk i Bergen, seier ho. Foto: Noregs Mållag

“ Me seier til lukke! No byrjar det å likna hovudstadstendensar.

Marit Aakre Tennø

Regjeringa har oppretta eit nytt veg-selskap og kalla det «Nye veier». Sel-skapet skal vera statleg eigd og skal byggja sju store vegar dei neste 20 åra. Selskapet vil verta eit heilstatleg aksjeselskap og skal både planleggja, byggja og vedlikehalda dei sju veg-strekka.

– Noregs Mållag vil peika på at det er viktig at det nye selskapet rettar seg etter mållova og tek omsyn til det

språklege mangfaldet i Noreg, og ik-kje berre byggjer og gjer vedlikehald på vegstrekk på bokmål, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

– Skilting og anna skriftleg materi-ale i ålmenta er med og formar måten folk ser på sitt eige språk og lærer seg språk på. Det kan verka som ein ba-gatell, men alle slike små grep er det som i dag utgjer norsk språkpolitikk og dei rettane som nynorskbrukarane

«Nye veier» bør ikkje byggjast på bokmål åleine

Page 5: Norsk Tidend 3-2015

No

rsk

Tid

eNd

3–2

015

5

L mediA

Kringkastings-ringen er 60 år! I 60 år har Kringkastingsringen arbeidd for at medieverksemdene skal føre ein språkpolitikk som speglar språkmangfaldet i Noreg der både nynorsk og dialektar er representert. Kampen har ikkje alltid vore like enkel. På 50-talet var det få nynorskmedarbeidarar i NRK. Dei som var nynorskjourna-listar, vart utsette for mykje hets og sjikane. Hartvig Kiran, tidlegare vinnar av Kringkastingsprisen og journalist i NRK, var ein av dei som fekk kjenne på hat-kampanjen frå riksmålsfolk. Ein lyttar saman-likna Kiran sin nynorske tale med «et hestehår i suppen». Desse hat-meldingane verka mobiliserande på nynorskfolket den gongen, og dei er ein av grunnane til at Kringkastingsringen hadde stor oppslutning frå første dag.

FramleIs skjer det at nynorsk-journalistar får hatbrev på grunn av skriftspråket sitt eller dialekten sin. Det som er annleis no, er at slike hat-brev ofte kjem frå våre eigne.

det ser ut som at raudpennen har gått i arv frå generasjon til generasjon. Det er positivt at me er opptekne av å ta vare på språket vårt på ein best mogleg måte. Det er likevel synd når tilbakemeldin-gane kjem i form av reine kren-kingar i staden for konstruktiv kritikk av nynorskjournalistane. Me er framleis langt frå målet om tilstrekkeleg med nynorsk og dialekt i allmennkringkastinga og skriftpressa - Ikkje la oss verte vår eigen største fiende.

For rundt oss har nynorsk-hatet vorte mindre. Sjølv om ein stundom kan lese kronikkar med overskrifter som «La nynorsken dø» eller liknande, og fleire av dei store nasjonale avisene framleis har forbod mot nynorsk, er folk generelt meir positive til nynorsk enn før. Også nynorsk i media. I dag handlar det i større grad om å sikre seg dei beste pennane og dei beste stemmene, uavhengig av om desse uttrykkjer seg på nynorsk el-ler bokmål. Dette er ein trend som mest truleg kjem til å halde fram. Det er ikkje utan grunn at Aften-posten reklamerer med Are Kalvø som skribent på trikken i Oslo.

som 60-årsjubIlant må ein sjølvsagt nytte høvet til å feire. Me feirar nynorsken, dialektane, nynorskfolket og journalistane. Gratulerer!

kAroLiNe opsAL mArøy dagleg leiar i kringkastingsringen

har. Difor er sjølv dei små tinga vik-tige, seier Tennø.

I dag vert det synda mykje mot skiltpraksisen på vegprosjekt rundt om. Ho meiner det er viktig å få på plass gode rutinar allereie frå oppstarten, og ho trur ikkje det vil kosta korkje tid eller pengar.

– Etter mållova heiter det òg at namnet på nye selskap så langt det er råd, skal ha namn som fungerer

på båe språka. Ordet «veg» er både eit bokmålsord og eit nynorskord, og det er lange tradisjonar i bokmålet for ordet «veg». At regjeringa då vel å nytta det langt mindre brukte «vei», meiner mållaget er uheldig. Selskapet bør i tilfelle òg heita «Nye vegar», seier Tennø.

Samferdselsministeren er på ville språkvegar.

til og kompetanse i både bokmål og nynorsk. Bystyret ber difor byrådet kontakte sentrale styres-makter med sikte på å utgreie eit forsøksprosjekt som skal auke elevane sin kompetanse i både hovud- og sidemål. Forsøket skal bygge på to pilarar: at elevane får sidemålsopplæring frå 3. klasse, og at elevane blir eksponert for

både bokmål og nynorsk i alle fag. Det overordna målet er å gjere sidemålsundervisinga meir enga-sjerande, i tråd med regjeringa si Sundvollen-erklæring.

2. Forsøksprosjektet må følgjast tett med fortløpande evaluering og følgjeforsking, og bystyret ber om at komité for oppvekst jamn-leg blir orientert.

3. Bystyret ber byrådet om å bli presentert for eit slikt forslag med sikte på igangsetjing av forsøks-prosjektet på inntil tre skular i løpet av komande skuleår. Forsla-get må seie noko om omfanget på prosjektet.»

ANders VebergFramtida.no

Sidemålsløft i Bergen

Faksimile frå Twitter.

Page 6: Norsk Tidend 3-2015

6

No

rsk

Tid

eNd

3–2

015

Målblome for ny-norsk reklame Klebutikken T.Riise på Hareid har fått målblome av Hareid Mållag.

– Særs god språkbruk både i marknadsføring og elles syner at verksemda nyt-tar språket på ein medviten måte, seier Einar Måseide, leiar i Hareid Mållag. Utdelinga fann stad på Melshorn hotell under månadens næringslivs-frukost som Hareid Nærings-forum inviterer til.

Støtte frå Regionrådet Regionrådet for Hallingdal gjev løyvingar til ulike nærings- og bygdeutviklingstiltak. Pengane blir tekne frå potten region-rådet forvaltar gjennom part-narskapsavtale med Buskerud fylkeskommune og regionale utviklingsmidlar. Buskerud Mållag søkte pengar til pro-sjektet Hått halling. Og dei fekk ei løyving på 100 000 kroner, melder Hallingdølen.

Pris til elevane Odda Mållag har delt ut pris til beste nynorskelev, for å gje heider for god og sikker bruk av nynorsk i alle fag, og beste nynorskskrivande bokmåls-elev på Odda vidaregåande skule, skriv Hardanger Folke-blad. Beste sidemålselev vart Kjersti Ure og beste nynorsk-brukar vart Vetle Einar N. Mik-kelsen. Kvar av elevane fekk 2 500 kroner.

Støtte frå banken Tinn Sparebank har delt ut pengestøtte til lokale lag. Dei fekk inn 106 søknader. Ein av desse var Tinn dialekt- og mållag, og mållaget fekk 4 500 kroner i støtte, melder Rjukan Arbeiderblad.

Støtte frå fylket Sogn og Fjordane Mållag har fått 15 000 kroner i støtte frå Sogn og Fjordane fylkeskom-mune, melder avisa Firda.

Ny dialektpris i Tinn kommune Varaordførar Halvor Lurås frå Senterpartiet har i formann-skapet i Tinn fremja eit fram-legg om at kommunen skal dele ut ein dialektpris, melder Rjukan Arbeiderblad. Kultur-utvalet i kommunen og Tinn dialekt- og mållag får i oppgåve å utarbeide eit framlegg til ret-ningsliner for ein slik pris. I mø-tet fekk han full støtte frå Tor Helge Flåto frå Venstre. Målet med dialektprisen er å fremje og styrkje bruken av tinnmålet. Framlegget vart vedteke.

Heidra: Dag Bjørke Bremer, leiar i Juristmållaget, deler ut blomar og heider til Graver-nemnda, representert ved (f.v.) Bård Eskeland, Kyrre Grimstad og Hans Petter Graver. Foto: Kjartan Helleve

LmålNyTT

Målpris frå Juristmål-laget for arbeidet med nynorsk Grunnlov.Ved ei tilstelling på Det juridiske fakulte-tet ved Universitetet i Oslo fekk professor dr. juris Hans Petter Graver utdelt målpri-sen frå Juristmållaget, for arbeidet med å laga ei offisiell utgåve av Grunnlova på nynorsk. «Årets målprisvinnarar har sett spor etter seg som vil bli ståande i hundrevis av år. På kort tid gjorde dei eit grundig arbeid som det verkeleg står re-spekt av», heiter det i grunngjevinga.

–Eg skjønar at det var ei storhen-ding for Juristmållaget at Grunnlova kom på nynorsk. For oss som arbeidde med framlegga, var det ein pris i seg sjølv å bli spurde. Det er ingen av oss som angrar på dei lange arbeidsdagane og -nettene. Arbeidet var fagleg svært interessant, og det var inspirerande å arbeida så tett og intenst. Det gav oss mykje og no endå meir, sa Graver som takka varmt for prisen på vegner av nemnda.

Nemnda som utarbeidde framlegget og som no vart heidra, var professor og dekan Hans Petter Graver (juridiske fakultetet, Universitetet i Oslo (leiar)), førsteamanuensis (no professor) Eirik Holmøyvik (juridiske fakultetet, Uni-versitetet i Bergen), rådgjevar Øystein Baardsgaard (Språkrådet), rådgjevar Bård Eskeland (Språkrådet) og spesial-rådgjevar Kyrre Grimstad (Stortingets administrasjon (no lagdommar, Bor-garting lagmannsrett)).

Dei sette i gang utan frykt 31. mai 2012, på oppdrag frå Stortinget. Det var eit vanskeleg, men ærefullt oppdrag dei fekk. Dei skulle skriva Grunnlova på ny utan å endra meiningsinnhaldet, på moderne bokmål og moderne nynorsk. Litt hjelp fekk dei av tidlegare omset-

jingar av Grunnlova, mellom anna frå 1901-omsetjinga, som Nikolaus Gjelsvik. Likevel var det eit stort nybrottsarbeid dei leverte frå seg til Stortinget alt 17. september 2012.

ENda godT Då utvalet hadde gjort sitt, var det opp til Stortinget å ta fram-legget inn i Grunnlova. Det vart nokre nervepirrande maidagar i 2014, då det ut frå innstillinga frå kontroll- og konsti-tusjonskomiteen såg ut til at framlegga ikkje ville få det naudsynte to-tredjedels fleirtalet. Likevel enda diskusjonar og parlamentarisk spel med at Stortinget nesten samrøystes 6. mai 2014 vedtok framlegget frå utvalet til nynorskutgåve. Samstundes vedtok Stortinget ei meir forsiktig modernisering av bokmåls-utgåva, ut frå eit framlegg utarbeidd av professor Finn-Erik Vinje.

– Eg var skuffa over innstillinga frå komiteen, fortel Graver.

– Det vart eit politisk spel om bok-målsversjonen, og eg tykte det var synd at det såg ut til å gå ut over nynorsk-versjonen. Eg tykte det var synd at det vart eit politisk spel i det heile. Det vart til slutt ein hestehandel som ikkje var særleg ærerik. Men resultatet vart jo at nynorskversjonen vart vedteken, så det enda på ein måte godt.

– Korleis var det å arbeida med eit slikt tidspress?

– Det var Bård Eskeland og Eirik Holmøyvik som arbeidde fram eit ut-kast på nynorsk. Det kom veldig kjapt på bordet. Men det viktige for oss var at det ikkje skulle vera umotiverte språklege skilnader mellom dei to ver-sjonane. Om det fanst alternative for-muleringar som låg nærare den andre versjonen, så valde me det alternativet. Difor vart nynorsken liggjande nærare bokmålet enn mange målfolk ville ha vore meir nøgde med. På sikt trur eg likevel at dette styrkjer båe versjonane.

Difor meiner eg framleis at vår bok-målsversjon er mykje betre enn Vinje sin versjon, sidan vår ligg språkleg næ-rare nynorskversjonen.

akTualiSERTE gRuNNlova – Eg trur heile prosessen som var i fjor, både med den språklege gjennomgangen, dei nye paragrafane og oppryddinga, har auka både medvitet om og bruken av Grunnlova. For tjue år sidan hadde ikkje juristar noko særleg forhold til Grunnlova, om ein då ikkje arbeidde spesifikt med statsrett. Grunnlova var blitt passert av den parlamentariske, politiske og rettslege utviklinga. No er ho oppdatert. Parlamentarismen, men-neskerettane og, heilt nyleg, prøvings-retten er no inne. No gjev Grunnlova klårt uttrykk for kva som er norsk statsrett.

– Hadde desse endringane kome inn utan den språklege gjennomgangen?

– Det er uråd å seia kva som kunne ha skjedd. Men eg har meint heile vegen, også før eg visste at eg skulle arbeida med dette, at det ville ha vore meiningslaust å ta inn menneskeret-tane og ikkje gjera noko med språket. Då ville ein gjennom språket og til dels innhaldet ha signalisert at dette er ein museumsgjenstand. Språk gjev uttrykk for meir enn meiningsinnhaldet. Med det gamle språket signaliserte ein at lova var frå ei anna tid, og dei gammal-modige formuleringane gjorde ho au-toritær og uforståeleg. Det ville difor ha vore eit veldig sprik mellom dei gamle og nye lovparagrafane.

– Har du framleis ei god kjensle for arbeidet de gjorde?

– Det har eg. Sjølv om me hadde dårleg tid, så gjekk me ikkje på noko kompromiss. Me leverte eit arbeid som står seg, seier Graver.

kjarTaN [email protected]

Graver-nemnda heidra

Page 7: Norsk Tidend 3-2015

No

rsk

Tid

eNd

3–2

015

7

NÆRING OG DUBB: Mona Steiner Brekkan vil ar-beida saman med fleire verksemder i Austrheim og Radøy for å hjelpa

dei til å gå over til å nytta nynorsk, og Stig Bjarte Brekke

har fått stipend for å dubba eller teksta barne- og ungdomsfilmar til nynorsk.

Noregs Mållag deler kvart år ut to arbeidsstipend à kr 50 000. Føremålet med stipenda er å hjelpa fram gode prosjekt som kan fremja nynorsk på alle sam-funnsområde. I mai var det utde-ling av det eine nynorskstipendet frå Noregs Mållag i år. Utdelinga var på handlesenteret i Austrheim i Nordhordland, og stipendmot-takar var Mona Steiner Brekkan. Ho vil arbeida saman med fleire verksemder i Austrheim og Radøy for å hjelpa dei til å gå over til å nytta nynorsk.

– Styret i Noregs Mållag fall med ein gong for den offensive innretninga på prosjektet. Det høver svært godt til arbeidet Mål-laget gjer med ein kampanje for meir nynorsk i næringslivet og for å skryta av dei som tek i bruk nynorsk i verksemdene sine, seier Marit Aakre Tennø.

– Eg tykte dette var ein veldig god idé, seier Mona Steiner Brek-kan. Ho peika på at ho hadde hatt god støtte frå Nordhordland Næ-ringshage og leiar Solveig Lerøy. Aktørane som deltek i prosjektet, er allereie klare. Det er Kystlands-byen, Torghuset AS i Mastrevik, Kilstraumen Gjestgiveri, kommu-nen og næringslivet i Austrheim si satsing «Smaken av ... » og ei større bedrift på Radøy.

NybRoTSaRbEid – Det vert veldig spennande å følgja med på arbeidet til Mona Steiner Brekkan. Vonleg kan vi læra noko i vårt eige arbeid med å få fleire til å ta i bruk nynorsk, seier Marit Aakre Tennø.

– Mållaget ser at fleire verk-semder byter frå bokmål til ny-norsk no enn før. Tidlegare var det

gjerne med ei grunngjeving om å kommunisera ekte og tradisjons-rik mat og/eller opplevingar. No ser me at også skipsverft, salat-produsentar og plastkasseprodu-sentar bruker nynorsk.

NyNoRSkdubb Filmdistribu-tør Stig Bjarte Brekke har fått det andre stipendet for å dubba eller teksta barne- og ungdomsfilmar til nynorsk. I vinter gjekk Reisa til Fjørkongens rike på norske kinoar med nynorske plakatar og vest-norsk talemål.

– Då eg såg filmen, kom eg til å tenkja på Kolbjørn Falkeid og Vest-landet, sa Brekke då han takka for stipendet.

– Slik kom ideen om berre å ha vestnorske dialektar i filmen. Då eg kom i kontakt med Nordub-studioet, og dei henta inn hovud-rolleinnehavar Martin Svendsen Dimmen som eg kjende litt til frå NRK, vart eg heilt sikker. Filmen måtte distribuerast på nynorsk, og det var enkelt å få det til, sa Brekke.

Brekke driv det vesle distribu-sjonsselskapet Kontxt Film, som ynskjer å få gode nordiske barne- og ungdomsfilmar til norske kinoar. Stipendet skal nyttast til ei DVD-utgåve av Reisa til Fjørkon-gens rike og til å dubba eller teksta ein ny film til nynorsk.

Leiar i Noregs Mållag, Marit Aa-kre Tennø, understreka kor viktig dette arbeidet er.

– Brekke arbeider i ein bransje som er i ferd med å oppdaga det språklege mangfaldet her til lands. Det blir meir og meir dialekt i filmar og tv-seriar for dei yngste, men ingen gjer det så gjennom-ført som Brekke har gjort det med denne filmen. Ungar utanfor det sentrale austlandsområdet møter talemålet sitt på kino, og fleire ungar møter nynorsk uansett kvar dei bur. Brekke står i spissen for dette viktige målarbeidet, sa Tennø.

Hege [email protected]

Stipend til marknadsførar og filmdistributør

Stipendvinnar Mona Steiner Brekkan (biletet til venstre) og stipendvinnar Stig Bjarte Brekke (biletet til høgre) saman med Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

Foto

: Erik

Gro

v

Jubel: Karakter frå filmen «Reisa til Fjørkongens rike», som Stig Bjarte Brekke fekk ut på kinoar i vinter. Foto: KontxtFilm

Graver-nemnda heidra

Page 8: Norsk Tidend 3-2015

8

No

rsk

Tid

eNd

3–2

015

– Vi må tørre å leike oss med språket og ikkje vere så redde for å gjere ein feil. Det er ikkje skamfullt å bruke nynorsk!(Driva) Varaordførar Janne Merete Rimstad Seljebø i Sunndal har lenge hatt lyst, men er mellom dei mange som har vegra seg for å bruke ny-norsk i det daglege. Etter språksemi-naret under Vårsøghelga i Surnadal på Nordmøre er det håp om at det blir meir nynorsk å lese i kommunale sakspapir og politiske innspel både i Sunndal og andre kommunar på Nordmøre. Varaordføraren i Sunndal var mellom dei rundt førti engasjerte.

– Må brukast Arrangørane hadde sikra seg fleire flinke fore-dragshaldarar. Nestleiar Sigbjørn Hjelmbrekke i Noregs Mållag un-derstreka kor viktig det er å bruke nynorsk i det daglege.

– Det er viktig å halde nynorsken i hevd, og det er viktig at kommunane tek ansvar for begge målformene. Ny-norsken står sterkare enn nokon gong tidlegare, hevda Hjelmbrekke.

avliva Mytar Få her i landet veit meir om det nynorske skriftspråket enn Ottar Grepstad, som er direktør i Nynorsk kultursentrum. Grepstad lova innleiingsvis å avlive ti mytar om nynorsk. Det blir mellom anna hevda at nynorsk er unødvendig, at det blir stadig mindre brukt, at det er eit elitespråk, at det er vanskeleg å forstå og at det er ein tidstjuv.

Grepstad avviste alt. Også det at det er dyrt å ha to skriftspråk i Noreg.

– Bolivia med sine 10 millionar innbyggarar har 37 ulike språk. Sta-dig fleire land rundt om i verda har fleire enn eitt språk. Nynorsk er eit stort språk og er mellom dei hundre mest vitale skriftkulturane i verda.

Grepstad kom òg inn på kva som kan skje med bruken av nynorsk når kommunereforma er på plass.

Han meinte dette kan slå negativt ut nokre stader, positivt i andre kom-munar.

– reiser dit det er MergStortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen har lagt bak seg ei travel helg i Vårsøglandet. Fredag deltok han i Driva-debatten. Laurdag sto både språkseminaret, møte med lo-kale partifellar og Kleiva-kvelden på programmet.

Lundteigen var sakshandsamar i Stortinget då grunnlova på nynorsk kom på plass.

– Eg reiser ikkje så mykje lenger, men prioriterer dei stadene det er merg. Det gir meining, sa Lundtei-gen – som uttrykte at han er mektig imponert over Vårsøghelga og alt den står for.

Lundteigen understreka at kul-tur, språk og næringsliv er vovne tett saman. Han rosa bygdepatriotis-men og meinte den har bidrege til at Surnadal har fleire industrielle bau-taer som sikrar verdiskaping og ar-beidsplassar i bygda.– Bevisstheita mellom språk og kultur er veldig viktig. Årsaka til at det går så dårleg med oss som driv matproduksjon her i landet, er at strengen mellom matproduksjon og kultur vart kutta i 1955. I dag handlar ikkje norsk land-brukspolitikk om å dyrke jord, men om å importere planter.

I etterkant av Lundteigen sitt innlegg bad Orkidé-leiar Ingunn Golmen om ordet. Lundteigen har vore saksordførar for Stortinget si behandling av sjukehussaka, og det var tydeleg den Golmen hadde i tankane då ho sa: – Vi er glade i deg,

Lundteigen. Du har vorte ein god talsmann for Nordmøre.

Under seminaret var det ein eigen bolk med identiteten og språket til nordmøringen. NRK-reporter Tove Fuglsnes, Bernt Bøe og forfattar Svein Sæter er alle klare stemmer for nynorsk og bruk av dialekt i det daglege. Dei heldt kvart sitt innlegg på seminaret. Tove Fuglsnes viste mellom anna til at då ho starta i NRK, måtte dei som var på lufta halde seg strengt til normert bokmål eller nynorsk. I dag er det til og med lov å bruke dialekt i Dagsrevyen.

Ingar Arnøy er skulemålsskri-var i Noregs Mållag. Han meiner vilkåra for å bruke nynorsk aldri har vore betre enn i dag. – Det har aldri vore konsumert meir nynorsk skriftleg og munnleg enn i dag. Vi møter nynorsk langt oftare enn før, sa Arnøy.

budsjett på nynorsk Arrangørane med Nils Ulvund og ordstyrar Ole Magne Ansnes i spis-sen hadde lagt opp til ein avslut-tande bolk der det kommunale språket vart sett under lupa.

Panelet bestod av før nemnde Janne Merete Rimstad Seljebø, halsaordførar Ola Rognskog og råd-mann Olaug Kadio i Tingvoll.

Ola Rognskog viste til at Halsa er språknøytral, men at det er forskjell på å vere nøytral og likesæl.

Tingvollrådmann Olaug Haugen brukar sjølv nynorsk i det daglege, men innrømte at det ikkje er mange rundt henne i administrasjonen som gjer det same.– Dikt er så flott på nynorsk, og eg trur òg at budsjettet blir betre på nynorsk, smilte Haugen – som vel heime i Tingvoll vil etterspørje meir nynorsk i administrasjonen.

sigmuNd Tjelle/[email protected]

PS. I etterkant av seminaret har Ord-fører- og Rådmannskollegiet for Nord-møre (ORKidé) invitert mållaget til å snakke på eit regionsmøte.

Temaet blir truleg språkbrukspla-nar og framlegg til korleis kommunane kan etterleve mållova i praksis både i einingar, i administrasjon og overfor innbyggjarane.

I november i fjor vart det kalla inn til oppstartsmøte i Tysvær Mållag, og dei har fått litt av ein start.

Tysvær Mållag vart fyrste gong skipa i 1938, og laget har hatt eit langt og viktig virke i kommunen. Dei siste 23 åra har det likevel ikkje vore noko aktivt mållag. I samband med at Nynorskstafetten reiste rundt éi veke på Karmsund, vart éin av dagane lagd til Tysvær. Då hadde ein møte med ordførarar og var innom tre skular i kommunen, og på kvelden var det invitert til opp-skipingsmøte. Mange møtte fram i Tysværtunet, og ein av dei var Synnøve Bredal Bjel-land. Forsamlinga valde eit eige interimstyre som førebudde årsmøte den 18. mars i år.

nynorsk i skulen – Eg trur det oppattskipingsmøtet som Noregs Mållag og Karm-

Pangstart for Tysvær Mållag

– Må tørre å leike oss med språket

LmÅlNYTT

“ – Eg reiser ikkje så mykje lenger, men prioriterer dei stadene det er merg.

Per Olaf Lundteigen

Godt seminar: Skulemåls-skrivar i Norges Mållag,

Ingar Arnøy, stortings-representant Per Olaf

Lundteigen, ordstyrar Ole Magne Ansnes, direktør

Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum og nestleiar

i Norges Mållag, Sigbjørn Hjelmbrekke.

Foto: Sigmund Tjelle

Page 9: Norsk Tidend 3-2015

No

rsk

Tid

eNd

3–2

015

9

sund Mållag inviterte til, kom i akku-rat rett tid. Det var ei meining med det, slår Synnøve Bredal Bjelland fast.

Veka før hadde det vore inn-skrivingsmøte på Grinde skule, ein av nynorskskulane i Tysvær kom-mune. Til dette møtet kom fleire foreldre som var usikre på om dei skulle velje nynorsk eller bokmål for fyrsteklassingen sin. Rektor la

fram saka slik at det enda med, et-ter innskrivingsmøtet, at foreldra valde bokmål.

– I etterkant var det fleire som reagerte på den aktive rolla rektor spelte i saka, og nokre av desse kom på dette fyrste oppstartsmøtet for Tysvær Mållag, seier Synnøve Bredal Bjelland.

Dermed fekk Tysvær Mållag si fyrste store sak på bordet.

ber oM røysting Denne våren har rektorane på nynorskskulane Grinde skule og Tysværvåg barne- og ungdomsskule sendt brev til råd-mannen og bede om at kommunen tek opptakt til skulemålsrøysting i desse to krinsane.

– Over nokre år har talet på ny-norskelevar gått tilbake på desse to skulane. Rektorane argumenterer med at det er både økonomisk og praktisk krevjande slik det er i dag, fortel Synnøve Bredal Bjelland.

Saka har førebels vore til hand-saming i Levekårsutvalet i Tysvær kommune. Utvalet har sendt saka tilbake til administrasjonen og bede om å få synspunkt frå FAU og Sam-arbeidsutvalet ved desse to skulane.

– Kan hende saka stoggar der, el-ler kan hende dei ber om skulemåls-røysting. Det veit vi ikkje. Vi i styret i Tysvær Mållag er i alle fall opptekne

av å halde fram med å argumentere for nynorsk i ein god og sakleg tone. Vi ynskjer å få til eit folkemøte til hausten, i samarbeid med skulesje-fen, der vi får fram nyttig kunnskap om nynorsk i skulen. Vi ynskjer å bidra positivt til ordskiftet i kommu-nen, seier Synnøve Bredal Bjelland.

tilbake til nynorsken – Kvifor vart du sjølv med i Mållaget?

– Då eg gjekk på barneskulen i Tysvær, lærte eg nynorsk, men då vi kom over til realskulen i Haugesund, vart vi fortalde at det var best at vi gjekk over til bokmål. Og slik vart det. Eg skreiv bokmål i mange år, både på arbeid og i andre saman-hengar. Men no siste åra har eg byrja å kome tilbake til nynorsk, fortel Bjelland.

– Eg går mellom anna tilbake til nynorsk for å utfordre meg sjølv. Bokmål er så enkelt og glatt. Ny-norsk er kraftfullt på eit heilt anna

vis. Eg må ta tak i målet mitt på ny, på sett og vis. Og eg er fascinert av Ivar Aasen sitt demokratiprosjekt! Desse djupe mekanismane har mykje å seie, fortel Synnøve Bredal Bjelland.

Ho fortel at ho eigentleg arbeidde for å få yngre krefter til å ta på seg leiarvervet. Men når det synte seg at dei yngre har nok med kvardagen, var ho klar til å ta på seg vervet.

– Eg har til og med oppdaga at far min var innom mållagsstyret som skrivar i 1979. Han var mest aktiv i skipinga av Tysvær Bygdeblad. Det er kjekt å sjå at eg kan vere med å føre arbeidet vidare, smiler ho. Ho fortel at dei arbeider godt i det nye styret. Dei har styremedlemer både frå FrP, KrF og SV, så spennet er stort, men dei gjer seg nytte av ulike erfaringar og har hatt mange konstruktive strategiordskifte.

Hege [email protected]

Pangstart for Tysvær Mållag Nyvalt styre i Tysvær Mållag: Frå venstre: Knut Harald Nesse, nestleiar, Grete Lønning, varamedlem, Synnøve Bredal Bjelland, leiar og Margit Aarset, styremedlem. Bak frå venstre: Hilde Gunn Kvamen, styremedlem, John Ragnar Susort, styremedlem, Jan Øvernes, varamedlem. Sverre Haaland, varamedlem, var ikkje til stades.

LskulemÅl i TYsvær Frakkagjerd barneskole: 245 bokmål

Frakkagjerd ungdomskole: 269 bokmål, 72 nynorsk

Førland skule: 66 nynorsk

Førre skole: 279 bokmål

Grinde skule: 82 bokmål, 111 nynorsk

Nedstrand barne- og ung-domskule: 1 bokmål, 134 nynorsk

Straumen skule: 89 nynorsk

Tysværvåg barne- og ung-domskule: 178 bokmål, 99 nynorsk

“ Bokmål er så enkelt og glatt. Ny-norsk er kraftfullt på eit heilt anna vis.

Synnøve Bredal Bjelland

Page 10: Norsk Tidend 3-2015

10

No

rsk

Tid

eNd

3–2

015

Det har vore eit travelt år for Gunnhild Øyehaug. Det er ikkje over enno. – Etter nokre rolege år har du verkeleg slått attende, om ein kan seie det slik. Roman, spe-lefilm, gjendikting, og no skal du snart vere festspeldiktar på Dei nynorske festspela?

– Det har vore veldig kjekt, og det er ikkje ofte det blir så tett som det har vore det siste året. Men til hausten blir det rolegare, og eg ser fram mot rolegare tider. Det skal bli godt.

– Lat oss ta det kronologisk. Det tok nokre år frå Vente, blinke til du var klar med ein ny roman?

– Det heng saman med filmen. Då regissør Yngvild Sve Flikke ringde meg og ville lage film av Vente, blinke, det som til slutt skulle bli Kvin-ner i for store herreskjorter, hadde eg allereie klar skissene til det som skulle bli Undis Brekke. Men eg er ikkje så veldig god til å kombinere ting, til å arbeide på to ulike prosjekt samstundes. Eg går veldig inn i tinga eg held på med, eg må involvere alt eg har å kome med. Det å balansere bok og film gjekk nok mest utover boka. Ho tok si tid å skrive. Samstundes har det vore føremoner. Filmspråket, som er veldig konkret, og som har fleire konkrete rammer, gjorde at eg kjende stor glede ved å skrive litterært. I romanen kunne eg utdjupe meir. Samstundes har spelefimar heilt andre verkemid-del enn ein roman, ein kan nytte fantasien på ein annan måte. Så alt i alt trur eg det var fruktbart.

– Film tek også si tid? – Det er eit prosjekt som har gått over mange

år. Yngvild Sve Flikke ringde meg i 2009, då yngste sonen min var ein liten baby, og eg var i permisjon. No er han 6 år og skal snart byrje på skulen. Så ja, det har vara ei stund.

– Korleis arbeidde de med manuset? – Me skreiv det i lag. Eg skreiv fyrst eit utkast,

og så har me redigert saman, skrive inn nye ting

og gjort det ferdig. Eg måtte lære meg å skrive filmmanus, sjølv om eg alltid har likt film og har lese ein del manus. Men eg hadde inga erfaring med å fylgje dynamikken i ein film, korleis få ei scene til å fungere. Difor var det utruleg fint å samarbeide med Yngvild som kunne rettleie, strukturere og fortette scener. Det har vore vel-dig morosamt.

– Og så var det innspeling, lansering og premiere?

– Når ein byrjar på ein slik film, så veit du jo aldri om han kjem til å bli realisert. Difor var det fantastisk å oppleve at han fekk stønad, at dei fekk tak i så flinke skodespelarar og at det vart så bra til slutt. Eg stod litt på utsida under sjølve innspelinga, men fekk vere med på litt casting, kome med råd og meine og slikt. Det var eit eventyr. Ikkje minst under Kosmorama-festivalen i Trondheim, der det var sju fulle salar den fyrste kvelden og ei utruleg stemning. Trondheim var veldig glad for å sjå seg sjølv på film for fyrste gong.

– Men Undis Brekke levde vel framleis sitt offentlege liv, og du måtte lansere både det eine og det andre i løpet av nokre månader.

– Det å ha to lanseringar gåande samstundes er ikkje til å tilrå. Men trykket på filmen var fordelt på mange, både skodespelarar og ikkje minst regissøren. Sidan filmen var basert på mi bok, så tok eg min del. Nett dette at fleire kunne

LmålNyTT

Annus travelusLGuNNhild ØyehauG

Festspeldiktar på Dei nynorsk festspela

Lanserte romanen Undis Brekk i fjor haust, filmen Kvinner i for store herreskjorter i vinter og til hausten kjem omsetjinga av PJ Harveys lyrikksamling The Hollow of the Hand, som ho har sett om saman med Pe-dro Carmona Alvarez.

LlaGsNyTT

Stadnamn på OSterøy Osterøy Mållag har hatt ein representant i ei arbeidsgruppe som har vore med å gje råd til administrasjonen om kva namn og skrivemåtar kommunen bør nytte på vegar og lik-nande. Saka var til politisk handsaming i kommunen i mai.

KulturKveld Om HanS Og Kaia Bruun Ål Mållag og Folkemusikkveka har hatt kulturkveld med føredrag om distriktslækjaren Hans Bruun, melder Hallingdølen. Det var òg stand for mållaget og enkel matservering. Både Kaja og Hans Bruun var svært samfunnsengasjerte og med i ymse lag og organisasjonar. Bruun var mykje nytta som foredragshaldar. Bruun var elles målmann, venstre-mann, ivrig idrettsmann og jeger, og han var som politikar motstandar av kraftverksutbygginga i Ål.

myKje regn på 17. mai på Hadeland Hadeland dialekt- og mållag opplevde skikkeleg ruskevêr om morgonen 17. mai, då dei skulle ha minnemarkering ved gravstøtta til Aasmund Olavs-son Vinje på Granavollen. Kyrkjetenar Bitten Nes-bakken opna dørene til Mariakirken slik at høgtida kunne vere inne, heller enn ute i regnet. Hadeland dialekt- og mållag sette stor pris på dette og over-rekte ein blome som takk for hjelpa, melder avisa Hadeland. Mannskoret KK song framfor ei fullsett kyrkje og professor Rolf Theil heldt minnetala og la ned krans på grava etter samlinga i kyrkja.

allSOngKveld i aurdal Nord-Aurdal Mållag og Bruflat sangkor arrangerte allsongkveld i Aurdal denne våren, melder avisa Valdres. Friluftsåret var tema. Margunn S. Nesbakken kåserte om songane og hadde for høvet også dikta om «Vi vandrer med freidig mot» av Ibsen til nynorsk. Serihy Bykov spela og dirigerte. Heile 80 frammøtte song med av hjar-tans lyst.

HyggjeKveld i nOrd-øSterdalen Alvdal og Tynset Mållag inviterte til hyggjekveld på Alvdal Fri-villigsentral ein kveld tidleg i mai, melder Østerdø-len. Det var opplesing av vårdikt, song, kaffi og biteti. StølSSOmmar i HemSedal I juli blir det på ny leir for unge, på Krosstølane i Hemsedal, melder Hallingdølen. Her skal deltakarane leike, og dei skal lære dyrestell, song og forteljing på dialekt.– Ungar kan kunsten å ha det moro med språk, berre det blir lagt til rette for det. Det er Hemsedal Mållag og Hått Halling som står bak dialektleiren, og vertskap er Tori Snerte og Margit Fausko. Med opp-haldet på stølen skal ungane få positive haldningar til dialekten og øve seg på å bruke han. Dialektleiren er for aldersgruppa 4.–8. klasse.

KulturKveld i tuddal Hjartdal Mållag, Hjart-dal bondelag og «Kjæringkveldan» i Tuddal invi-terte til ein hyggeleg kveld tidleg i mai. Kvedaren Ingvild Buen Garnås fortalde om kvedetradisjon og kulturlandskap på Bøen kiosk og kafé. Det var sjølv-sagt servering og utlodding.

KulturveKKå på tingvOll Tingvoll har hatt ei veke med kultur, og Kulturvekkå vart avslutta med ei tilskiping som Tingvoll Mållag stod for. Dei hadde in-vitert professor Eir Grytli, som kjem frå Tingvoll, men no tilsett hjå NTNU. Føredraget hennar, med tittelen «Fortidshus på Nordmøre», tok føre seg byggje-skikkar frå 1100-talet og fram til i dag og samla om lag 60 tilhøyrarar. Eit «meget opplysende og inter-essant møte med fortiden», melder Aura Avis.

FOKuS på tinnmålet I Tinn kommune i Tele-mark er det ei gruppe som kallar seg «Fokus på tinnmålet» som ynskjer å støtte opp om ei utvikling der Tinn-målet vert teke meir i bruk. Dei vil lage ei nettside med dialekt-quiz, lydklipp, konkurransar og ulike tekstar.

Page 11: Norsk Tidend 3-2015

No

rsk

Tid

eNd

3–2

015

11

snakke, var noko av det eg tykte var fint, og det gav ei kjensle av samarbeid. Det var lettare å seie ja, og det var lettare å takle meldingane som kom. Me var fleire som tok av for trykket.

– Mykje av snakket rundt filmen dreidde seg om eit kvinneperspektiv. Var dette noko de hadde snakka om før lanseringa, kva som var smart å seie og meine?

– Nei, me hadde ingen strategi på dette, og responsen kom jo umiddelbart frå oss begge då vi vart spurde om dette var ein «kvinnefilm». Kva er ein kvinnefilm? Er ein film med kvinnelege hovudkarakterar automatisk ein kvinnefilm? Samstundes kallar vi filmen «eit sjølvironisk feministisk opprop» i omtalen. Feminisme og til-knytte problemstillingar var med oss heile vegen, filmen er delvis meint som heider til ein genera-sjon kvinner som var veldig opptekne av dette. Me høyrde mykje Sångar om kvinnor, ei klassisk svensk 70-talsplate. Den var ei stor inspirasjons-kjelde då me skreiv manuset.

– Du er ikkje bitter for at han ikkje vart filma i Bergen?

– Nei. Ikkje no lenger. – Du har nett vore på farten i New York?– Det stemmer. Forfattaren Frode Saugestad

skipar til ein norsk-amerikansk festival i Oslo, og som ein hale blei det også arrangert ein tilsvarande festival i New York. Meininga var å presentere unge norske forfattarar for eit amerikansk publikum, og denne gongen var det Kjersti Skomsvold, Carl Frode Tiller, Lars Petter Sveen og meg. I tillegg til oss unge, var det også ein samtale mellom den amerikanske forfattaren Lydia Davis og Dag Solstad.

– Er du sett om til amerikansk?– Nei, men forlaget arbeider for det. Vi får sjå.

Ein liten tekst frå novellesamlinga Knutar er faktisk sett om. Lydia Davis blir sett om til mange språk og har eit prosjekt der ho vil yte noko attende ved å omsetje noko frå det språket til amerikansk. Då ho vart sett om til norsk, valde ho å omsetje ein av mine tekstar til amerikansk. Det var utruleg kjekt,

sidan eg likar bøkene hennar svært godt. Det er vanskeleg å vite kva ein skal samanlikne det med, men mannen min meinte det var som om Keith Richards i Rolling Stones kom bort til deg og sa at du var god til å spele gitar.

– Det minner meg på PJ Harvey-boka. Var det ikkje slik at Pedro Carmona-Alvarez og du måtte bli godkjende av henne før de fekk omsetje boka?

– Eg, i alle fall. PJ Harvey hadde leita opp Pedro på nettet, noko som sjølvsagt er heilt fantastisk. Ho ville at han skulle omsetje diktsamlinga hennar til spansk. Pedro stussa litt på det, sidan Spania har gode omset-jarar sjølve. Men ho hadde tillit til han. Då det er Sam-laget som har rettane til boka i Noreg, så ville Pedro ha med meg på den norske omsetjinga. Men før eg fekk løyve til å vere med, så måtte PJ Harvey finne ut kven eg var. Og eg blei godkjent. Å bli godkjent av PJ Harvey er noko eg kan leve litt på.

– Når skal de vere ferdige? – Me er ferdige. Tidfristane var veldig korte, og

me arbeidde på spreng i éin månad for å få ho fer-dig. Så no er ho førebels ute av verda for min del, i alle fall til ho blir lansert i byrjinga av oktober.

– Men no fyrst er det altså Dei nynorske fest-spela?

– Å ja! Eg ser på det som ei ære å få vere der, eg har eit nært tilhøve til Ivar Aasen, så for meg per-sonleg er det stort.

– Kva gler du deg mest til? – Eg gler meg eigentleg til alt. Og det blir spa-

nande å sjå om eg kjem på noko nytt å seie. Eg skal ha fire større samtalar, alle om ting eg er oppteken av. Eg håpar berre at hovudet mitt fun-gerer, at det fungerer heile helga.

– Sidan det er heimebane, så blir det vel my-kje slekt i salen?

–Eg reknar med at dei blir ein naturleg del av publikum uansett, men eg er i alle fall sikra at det kjem nokon og høyrer på.

kjarTaN [email protected]

LNyNorsksTafeTTeN

Klar for tredje runde agder Og rOgaland Frå 12. oktober til 30. oktober er det ein ny stafettbil som skal ut og rulle på vegane på Agder og i Rogaland. Stafet-ten byrjar i Sirdal.

– Dette er ein nynorskkommune der Målla-get ikkje har lokallag. Og vi drøymer om å starte lokallag her, fortel Hege Lothe, informasjons- og organisasjonskonsulent i Noregs Mållag. Styret i Noregs Mållag gjorde eit framlegg til ei reiserute, og ruta er no klar etter at ho har vore på høyring i lokallaga og fylkesmållaga i Vest-Agder og Rogaland.

minSt tre nye lOKallag – Samla sett vil vi vitje sju kommunar som på ein eller annan måte treng å skipe opp att laget sitt, eller dra i gang ny aktivitet. Vi har sagt at det er eit mål å starte opp att minst tre lokallag, seier Hege Lothe.

Det er dessutan eit mål at dei folkevalde i desse kommunane i endå større grad set nynor-sken på dagsorden i arbeidet med kommune-reforma.

– Det er til dømes viktig å reise til Kvinesdal og Kvinesdal Mållag som endå ein gong har stått han av og vunne ei skulemålsrøysting med solid fleirtal. Der vert det viktig for Mållaget na-sjonalt å stø opp om det gode arbeidet dei gjer lo-kalt.

Same mal – Styret har eit mål om å påverke flest mogleg til å velje nynorsk i skuleinnskri-vinga for skulestarten 2016. Det er eit mål å påverke kommunane til å gå over til nynorsk-opplæring for dei vaksne innvandrarane i kom-munen, fortel Lothe, som seier at opplegget vil vere nokolunde det same som før, men med visse justeringar.

nOrSKOpplæring – Vi vil halde fram med å vitje barneskular, ungdomskular og vidaregå-ande skular. Både klasseromsmøta, møte med rektor og lærarar og møte med oppvekstetaten i kommunane er viktige. Vi vil mellom anna fremje kor viktig det er for nynorskelevane å lese nynorsk. I nokre av kommunane vil vi bruke ekstra tid på å snakke om nynorskopplæring for vaksne innvandrarar. I tillegg vil kveldstida bli brukt saman med lokallaga til ulike opplegg, fortel Lothe.

erik [email protected]

Nynorskstafetten 201512.10 Evje og

Hornnes 13.10 Audnedal 14.10 Hægebostad 15.10 Kvinesdal 16.10 Sirdal

19.10 Bjerkreim 20.10 Hå

21.10 Time 22.10 Klepp 23.10 Sola

26.10 Forsand27.10 Strand28.10 Rennesøy 29.10 Finnøy 30.10 Sauda

Annus travelusTil Ørsta: Gunnhild Øyehaug (t.h.) tek med seg regissør Yngvild Sve Flikke til Dei nynorsk festspela i sommar. Saman skreiv dei manuset til Kvinner i for store herreskjorter, basert på Øyehaug si bok Vente, blinke. Foto: John Christian Rosenlund

Page 12: Norsk Tidend 3-2015

12

No

rsk

Tid

eNd

3–2

015

Eldsjela bak bokbussen MIME på Osterøy er biblioteksjef Bente Dammen. Ho er ikkje i tvil. Bok-bussar er framtidsretta kultur-formidling dersom bussane er tidsmessig utrusta og vert drivne på fleksibelt vis.

– Bokbussen vår køyrer inn på skuleplassar og heilt fram til inn-gangsdørene på helseinstitusjonar, omsorgsbustader og barnehagar. Og inn i tunet til folk om så er. Er nokon stadbundne, kan dei rett og slett ringja og be bokbussen om å koma heim, fortel biblioteksjef Bente Dammen.

Ostringane har hatt bibliotek-buss sidan 1988 og er stolte over ordninga. Så byrge at den førre bokbussen SORIA MORIA har fått heidersplass på Osterøy museum.

Den første bokbussen her til lands rulla ut på vegen i Østfold i 1938. Ein bakar som var deltids-tilsett som bibliotekar, tok bøker med i brødbilen.

Den nye bokbussen på Osterøy kosta 1,6 mill. kroner. Ei fornuftig prioritering av kommunale kro-ner, meiner politikarane i Osterøy trass i stramme budsjett. Osterøy

er ingen rik kommune; han står på fylkesmannen si Robek-liste. Osterøy er grannekommune til Bergen og har eit folketal på rundt åtte tusen.

Bente Dammen har i ein mannsalder jobba for og med bokbussar. I mange år var ho aktiv medlem i Pegabuss (no Mobilis), ei undergruppe under Norsk Bi-bliotekforening som har som mål å fremja interessa for bokbussar i norsk og nordisk samanheng.

I grannelanda Sverige og Fin-land viser også statistikken ned-gang i mobile bibliotekeiningar. Men reduksjonen er lågare enn i Noreg, og dei har fleire bussar to-talt sett (Sverige har rundt hundre og Finland vel to hundre).

SamfunnSutvikling End-ringar i bibliotekstrukturen sam-svarar med sentraliseringsånda som pregar samfunnsutviklinga generelt. Tidlegare treffpunkt fell bort: bankfilialar, nærbutik-kar, post og likningskontor. Meir kommunikasjon vert nettbasert. Bibliotekfilialar vert lagde ned og bokbussar avskilta. Knappe biblio-

tekressursar vert konsentrerte til hovudbibliotek.

– Når pressa kommunepoli-tikarar skal få budsjettet i balanse, er det ofte lettast å stryka bokbus-sen. Bussen har gjerne vorte sal-deringspost om ikkje før, så iallfall når det må kjøpast ny. Det er barn og eldre som merkar saknet mest når bokbussen er borte. Dei går ikkje i protesttog og plagar ikkje politikarane med sinte lesarbrev.

Det skal heller ikkje skuflast under setet at somme bibliotektil-sette synest det er plunder og heft med ein buss, seier Bente Dam-men.

For nokre år sidan la Osterøy ned sju filialar. I staden er bokbus-sen fast innom alle dei sju skulane på øya kvar fjortande dag. Utlånet har gått opp. Nesten alle elevane vitjar bussen og låner bøker – i regelen to kvar ved kvart besøk.

Ei dansk undersøking tyder på at barn som tidleg kjem i vane med å lesa, lukkast betre på vi-daregåande skule. Bokbussen på Osterøy har gjennom fleire tiår gitt barn gode lesevanar. Ein interessant observasjon: Fråfallet frå Osterøy vidaregåande skule er lågt.

Utlånet har stige til vêrs sa-manlikna med filialordninga. Bokbussen har rundt 12 000 utlån i året.

Bortfall av Støtte Tidle-gare vart det gitt statstilskot til bokbussar. Tilskota vart fjerna etter nokre år, men kommunar som kom under SND-ordninga fekk framleis pengar til innkjøp og drift. Dette var ein viktig grunn til bokbusstoppen i 1995. Rundt hun-dreårsskiftet tok staten bort SND-tilskotet. Kommunane vart sit-jande att med kostnadene åleine. Rett nok vart det opna for at fylkeskommunane kunne gi støtte, men svært få fylkeskommunar har følgt opp dette. Samiske om-

råde har framleis statlege tilskots-ordningar.

Stand up Bente Dammen har ein klar filosofi: Litteraturformid-ling er kommunikasjon – og god kommunikasjon kan odlast. På Os-terøy har bibliotekarane fått kurs i

Språkdelt ungdomSSkule I byrjinga av juni møtte ein delega-sjon frå Odda og Noregs Mållag stortingspolitikarar frå Horda-landsbenken på Stortinget.

Odda kommune med ordførar John Opdal i spissen fekk leggje fram saka om språkdelt ungdoms-skule. Det var åtte stortingspoliti-karar frå Hordaland som møtte i møtet.

– I dag er det eit parallellklas-

sesystem i barneskulen som vi ynskjer at skal forlengjast til å vera ein rett for elevane også i ung-domsskulen. Den retten har ikkje elevane i ungdomsskulen i dag. I Odda har elevane hatt denne ret-ten sidan 1914 som eit svar på ulike språkynske gjennom industrialise-ringa, sa John Opdal, frå Høgre og ordførar i Odda.

– I kommunereforma kan også denne språklege retten vera

Odda møtte Hordal andsbenken

Osterøy køyrer motstraumsTalet på bokbussar her til lands er meir enn halvert dei siste tjue åra. I dag er det berre tjue bokbussar att. Osterøy kommune har gått motstraums. Sist haust tok dei ein splitter ny bokbuss i bruk.

“ Bokbussar er framtidsretta kulturfor-midling dersom bussane er tidsmessig utrusta og vert drivne på fleksibelt vis.

Biblioteksjef Bente Drammen

LmålNyTT

Når ut: – Bokbussen er den beste måten å nå ut med litteratur til barn og eldre, meiner biblio-teksjef Bente Dammen. Foto: Kjell Harald Lunde

På Stortinget: Representantar frå Odda i møte med Hordalandsbenken.

Page 13: Norsk Tidend 3-2015

No

rsk

Tid

eNd

3–2

015

13

rogaland mållag i møte med Bryne vidaregåande skuleStyret i Rogaland Mållag har hatt møte med lars tore Helge-land, rektor ved Bryne vidaregå-ande skule, om bruk av nynorsk ved skulen.

Bryne vidaregåande skule og Time vidaregåane skule blei hausten 2014 slegne saman til Bryne vidaregåande skule. Dei flyttar inn i nytt og flott sku-lebygg hausten 2015. Begge skulane har røter i målrørsla i og med at Rogaland Mållag var sterk pådrivar for etableringa av både Bryne Landsgymnas i 1924 og Bryne Handelsskule i 1957. Skulen ligg også i eit område der det er mange ny-norskelevar.

– Me i Rogaland Mållag minte rektoren på historia til skulen og bad han vidareføra og styrkja nynorskbruken i den nye skulen, fortel Else Berit Hattestad, nestleiar i Rogaland Mållag.

Haustseminar på agder mållaga på Agder inviterer igjen til det tradisjonsrike haust- seminaret på Ose i Bygland. Det byrjar fredag 17. oktober med kulturkveld og held fram med seminar på laurdagen.

med på å dempa motsetnader når eventuelt bokmål og nynorsk skal samlast, peika Opdal på.

god Språkopplæring I dele-gasjonen var det med to elevar frå Odda ungdomsskole: Liva Thiis og Anna Haugland Jondahl. Dei peika på at dette er ei ordning som har solid oppslutning hjå elevane.

– Ordninga er ein fordel både for elevane og for nynorsken. Bok-

mål har lett for å bli det domine-rande språket i ein blanda klasse, og det taper nynorsken på, også fordi han er mindre brukt elles i samfunnet, sa Liva Thiis.

Elevane fekk også støtte frå Erlend Nævdal Bolstad, som er lærar ved Odda ungdomsskole.

– Odda-modellen kan bli eit mønster for ei framtidig god språkopplæring. I ungdomsskulen skal elevane styrkja ferdigheitene

sine for å bli trygge, gode språk-brukarar. Kunnskapsløftet legg stor vekt på dei grunnleggjande ferdigheitene. Kvart av skuleåra har elevane om lag 10-12 veke-timar i andre teoretiske fag, timar som kjem i tillegg til norsktimane som språkopplæring, fortalde Erlend Nævdal Bolstad.

Marit Aakre Tennø, leiar i No-regs Mållag, la vekt på at språk-deling i ungdomsskulen ville vera

ein rett som gjev språkleg støtte til nynorskeelevane.

Leiar på Hordalandsbenken er Øyvind Halleraker frå Høgre. Han sa at Odda-modellen er interes-sant for dei kommunane det gjeld, men det ligg inga sak i Stortinget om dette no, korkje framlegg til lovendring eller løyvingar på statsbudsjettet.

Hege [email protected]

Odda møtte Hordal andsbenken

eitt minutt stand up-formidling.I MIME skjer all registrering

elektronisk og vert ordna av lå-narane sjølve. Dette frigjer tid for bibliotekaren som kan brukast til å hjelpa lånarane med å finna akku-rat den rette boka for dei.

Utrustinga av bokbussen på

Osterøy er eit lite kulturprosjekt i seg sjølv. Utvendig er han dekorert med figurar frå Anna Fiske sitt rike barnebokfigurunivers. Anna Fiske har dei siste åra hausta mange pri-sar for barnebøkene sine, mellom anna Bokkunstprisen i 2014. Og ho er nominert til Illustrasjonsprisen

frå Kulturdepartementet for sitt samla bidrag til illustrert litteratur for barn og unge i 2014..

Alle Anna Fiske-tekstene på utsida av bussen er omsette til nynorsk.

Bene Dammen viser også til eit vellukka dansk prosjekt med det velklingande namnet Det gode liv i landområda – utvikling av mobile bibliotek. Ulike idear vart testa ut: Bokbussar stilte på marknadsda-gar, hadde stundom med artistar, parkerte framfor gamleheimar og gav IT-kurs for eldre og vart jamvel nytta som vallokale. Røynslene frå prosjektet er at bokbussar kan vera ein herleg stimulans i nærmiljøet.

Skrekk og gru Bokbussen på Osterøy skiftar tema kvar månad: Pingler, skrekk og gru, stjerner og planetar. Og Noas ark: Då møtte ungane fru Noa utanfor bussen, spela av Adele Lærum Duus. Far-gen inne i bussen skiftar med te-maa; med Noas ark var han grøn. Hyllene har også farge etter inn-hald. Kjærleiksbøkene står i den raude hylla. På busstaket er det plassert solceller. Bakarst i bussen er det sofa for dei leselystne, og det kan trekkjast ned eit lerret, og vips, så er bussen eit lite kinolo-kale. Ein digital skjerm fortel om nye e-bøker. Biblioteket si rolle som litteraturformidlar vert ikkje borte med e-boka.

etter SamanSlåing Røyns-lene frå den store kommune-samanslåinga i Danmark er at bibliotekfilialar vert borte. Det er all grunn til å tru at den varsla nor-ske kommunereforma vil gi same effekten. Fråstanden mellom lesa-rane og biblioteka kan verta større.

– Mottiltak kan vera fleire bok-bussar. Men politikarane må vilja det. I så fall må ny statleg støtteord-ning til, fastslår Bente Dammen.

kjell Harald luNde,tekst og foto

Osterøy køyrer motstraumsMagne Viggo Høyland (t.h.), leiar i Rogaland Mållag, over-rekte Lars Tore Helgeland (t.v), rektor ved Bryne vgs., pla-katen med Grunnlova på ny-norsk med von om at plakaten kjem på veggen på ein godt synleg plass.

Page 14: Norsk Tidend 3-2015

14

No

rsk

Tid

eNd

3–2

015

I sommar tek Sætre over som leiar for Norsk Målungdom, etter å ha vore dagleg leiar i eitt år. Familien hennar føler allereie eit ansvar for å in-formere henne om kva som finst av haldingar til nynorsk der ute, og sender henne stadig e-postar med noko folk har skrive i eit eller anna kom-mentarfelt. Men trass i at ho kjem frå Ørsta, og heile familien er nynorskskrivande, så skjønar dei ikkje heilt motivasjonen hennar.

– Dei tykkjer det er stas at eg engasjerer meg, men skjønar kanskje ikkje heilt dette med mål-ungdomen. Det er så mykje anna å engasjere seg i, så kvifor språk? Men dei er nok mest redde for at det vert mykje arbeid for meg, og at eg skal gjere ein karriere av dette og dermed ikkje kome heim og overta garden.

– Ja, kvifor bli leiar i Norsk Målungdom?– Det er viktig for meg reint personleg, ny-

norsk er viktig for meg. No kan eg få arbeide for det språket eg likar aller best, kvar dag. Samstun-des ser eg på det å vere leiar i ein organisasjon som ei fin erfaring å ta med seg vidare, og som ein god måte å utvikle seg sjølv på.

Politisk oPPrydding Sætre tek over ein organisasjon som har rydda i det politiske grunn-laget. Tidlegare kunne målungdomen finne på å meine noko om absolutt alt, som t.d. at det var viktig at medlemene busette seg i nynorskstrok.

– Dette har nok endra seg over lang tid, og i løpet av dei siste åra har alle dei politiske pro-gramma våre blitt fornya. No arbeider me nok på ein litt annan måte enn tidlegare, og eg håpar at me når ut til andre ein ikkje nådde ut til tidlegare. Me har lagt mykje vekt på t.d. språkmangfald i det siste og fått meir politikk om samisk og dei na-sjonale minoritetsspråka. Dermed har me fått til meir samarbeid med systerorganisasjonane der.

– Kopling mellom og språk og politikk var vel van-legare før?

– Koplinga er der framleis, men me har nok reindyrka språkpolitikken og brukar mindre tid på andre ting enn tidlegare. Det er klart andre politiske spørsmål er viktige for språkutviklinga, men me konsentrerer oss nok mest om språkpo-litikken.

– Folk er vel med i andre ting?– Ja, mange av medlemene våre er også en-

gasjerte i t.d. ungdomspartia. Den kontakten

er viktig. Me prøver så godt me kan å vere ein kunnskapsbank for ungdomspartia, og me ser at det nyttar. Det er mange i ungdomspartia som snakkar vår sak, og det er til dels av di me har hjelpt dei med å finne fram til dei gode argumenta. Den reine hetsen er ikkje så synleg lenger, sjølv om små lokallag kan finne på å lage «Nynorsk suger»-jakkemerke. Så eg trur samstundes at klimaet har endra seg. Det handlar om at ordskiftet har blitt mykje meir sakleg. Ungdomspartia som snakkar vår sak, sit på mange gode argument. Motstandarane må difor ty til andre verkemiddel for å nå fram. Det held ikkje å seie at «nynorsk suger», når venene våre kan argumentere godt og klårt om kvifor det t.d. er viktig med sidemålsundervisninga her i landet.

– Samstundes er ungdomsorganisasjonar i op-posisjon til moderorganisasjonen, med halvfunderte framlegg om fri hasj, gratis lærebøker og frislepp av trimsett på mopedar?

– Det er sant, men spørsmålet er om me er i ferd med å bli FOR skikkelege. Denne utviklinga har funne stad over mange år, men me må også ha evne til å stoppe opp og spørje oss om orga-nisasjonen har den rolla han skal ha. Me er opp-tekne av å vere ein skikkeleg og ryddig organisa-sjon, men då må me passe oss for å ikkje stagnere som ungdomsorganisasjon.

den vonde sirkelen Sætre har studert pedagogikk, nordisk og historie og kan kalle seg adjunkt. Ho skal ta eit masterstudium i nynorsk skriftkultur medan ho er leiar, og målet på sikt er

å kome seg ut i arbeid som lærar. Difor er det ik-kje overraskande at akkurat skulen er og blir eit viktig arbeidsfelt.

– Me har snakka mykje om den vonde sir-kelen i sidemålsundervisninga. Bokmålselevar som får for lite og dårleg nynorskundervisning på ungdomsskulen og på vidaregåande, meis-trar ikkje sidemålet når dei byrjar på lærar- utdanninga. Ved mange utdanningsinstitusjo-nar får ikkje studentane opplæring i nynorsk og bokmål og heller ikkje noko særleg i sidemåls-didaktikk. Når så desse lærarstudentane kjem ut i skulen, så seier det seg sjølv at dei ikkje er i stand til å gje fullgod undervisning i nynorsk. Då får ein ikkje kompetente elevar med gode haldningar. Her har skulen og utdanningsinsti-tusjonane ein jobb å gjere, seier Sætre.

Resultatet er vel at målungdomen må reise på målferd. Målet er å vere på reisefot i minst seksti dagar i løpet av året, og vitje skular for å spreie den glade bodskapen. Dei siste åra har dei vore mest på vidaregåande skular, og skular i kjerneområda og randsonene har hatt høgst prioritet, men Sætre ser også at det kan vere nyttig å vitje både andre stader og yngre elevar.

– Mange lærarar vil ha oss til Oslo-skulen og i områda rundt her, og det trur eg me må gjere meir av. Der har vitjingane våre ein god effekt. Dessutan har me tradisjonelt vore mykje i den vidaregåande skulen, men me må nok også ten-kje meir på ungdomsskulen. Det er mange som byter språk i overgangen frå ungdomsskule til vidaregåande, og då må me inn før dei gjer dette valet. Mange av dei som reiser på vidaregåande skule, må gjerne reise til ein ny stad der dei kan hamne i ein språkleg mindretalssituasjon. Difor er det viktig å setje inn ressursar i ungdomssku-len. I Telemark ser me at det skiftet allereie skjer i overgangen til ungdomsskulen, så kan hende me også bør gjere noko alt der, i alle fall på sjette og sjuande trinnet.

– Men det er nye ungdomar som reiser rundt og snakkar for nye ungdomar. Er det råd å ha ei kjensle av om dette arbeidet nyttar?

– Når ein reiser på Vestlandet der skulane kjenner godt til oss, så er det eit godt teikn at dei gjerne vil ha oss attende kvart einaste år. Lærarane ser at dette er nyttig for elevane. Det er verre å kome til nye skular som ikkje kjenner

LiNTervjueT

Ny Møteleiar i Ungdomen

– Hjelpa me får frå lokale mållag, gjer at me blir ein del av noko større, at dette ikkje berre er noko me putlar på med for oss sjølve, seier Synnøve Marie Sætre, påtroppande leiar i Norsk Målungdom.

LsyNNøve Marie sæTreFrå Ørsta, bur i Oslo

Tek over som leiar i Norsk Målungdom 1. juli.

Page 15: Norsk Tidend 3-2015

No

rsk

Tid

eNd

3–2

015

15

til oss og ikkje heilt veit kva me gjer. Det blir fort slik at det er nokre skular som ofte gjer seg nytte av tilbodet vårt.

– Er det litt rart å gjere lærarane sin jobb?– Nei, det tykkjer eg ikkje. Lærarane set pris

på at me kjem, og mange av dei lærer også noko nytt. Me sit på mykje kunnskap som berre må spreiast mest mogleg. Dessutan kan me gå inn i ei lærarrolle utan å vere lærarar. Me har større spelerom, og det gjer undervisninga friskare, seier Sætre, som skryt av samarbeidet med dei lokale mållaga.

– Eg kjenner ikkje så godt til korleis det var tidlegare, men i løpet av mi tid i sentralstyret så sit eg med eit inntrykk av at samarbeidet med lokallaga i mållaget berre blir betre og betre. Særleg når det kjem til målferd. Det er fleire og fleire mållag som tek kontakt med ferdige avtalar, der dei har snakka med skulane og alt me treng å gjere er å møte opp. Det set me veldig pris på og det gjer det mykje enklare for oss. Det gjer også at me er ein del av noko større, at dette ikkje berre er noko me putlar på med for oss sjølve.

– Du får ikkje av ei kjensle av å bli utnytta?– Det at me samarbeider, lettar arbeidet

vårt, me skal jo ut i skulane uansett. Me har tid, men ikkje så mykje pengar. For mållaga er det kanskje motsett, at dei ikkje har så god tid, men har høve til å sponse litt reisepengar for oss. Mållagsfolk kan også opne dørene til skulane på ein annan måte, dei kjenner ofte fleire på lærar-rommet. Då blir det lett å få til vitjing. Så utnyt-ting vil eg ikkje seie det er, absolutt ikkje. Det er meir vinn-vinn, seier Sætre.

Den einaste gongen ho har måtta skrive bok-mål var på ein gruppeeksamen i pedagogikk. Ho fekk valet mellom å levere sin del på nynorsk og dermed få dårleg flyt i oppgåva, eller omsetje heile oppgåva til nynorsk. I ettertid har ho tvilt litt på om det var rett å skrive delen sin på bok-mål, men har landa på at det var bra for henne som lektorstudent å øve seg litt på sidemålet.

– Dette er noko eg ofte trekkjer fram når eg er på målferd. Ein lærer ikkje berre sidemålet for sin eigen del. Ein lærer det òg for mindre-talet sin del. Mindretalet kan ikkje alltid føye seg etter fleirtalet, seier Sætre.

kjarTaN [email protected]

“ Lærarane set pris på at me kjem, og mange av dei lærer også noko nytt. Me sit på mykje kunn-skap som berre må spreiast mest mog-leg.

Synnøve Marie Sætre, nyvald leiar i NMU

Foto

: Kja

rtan

Hel

leve

Page 16: Norsk Tidend 3-2015

16

No

rsk

Tid

eNd

3–2

015

Midt i Nordfjordeid sentrum ligg Kulturhuset Gamlebanken. Huset blir nytta til kontor og til eit galleri, som blir drive av frivillige. Lokala blir ofte leigde ut til ulike tilskipin-gar, konfirmasjonar og slike ting. Men ikkje i dag.

Kari Standal Pavelich sit ved eit lite bord med ei lang liste med namn framføre seg. Det er ei liste over dei som håpar å få ei rolle i Opera Nord-fjord si oppsetjing av Sound of Music. Eigentleg er det berre halve lista. Det var så mange interesserte at dei må setje av ein ekstra dag til dette arbeidet.

Fjorten år gamle Alexa Valentina frå Nordfjordeid listar seg inn i det store rommet. Michael Pavlich må-ler fyrst kor høg ho er. Dei plukkar ikkje ut skodespelarar etter alder, men høgd. Om du skal spele ein niå-ring, så treng du berre sjå ut som ein niåring, du treng ikkje vere ni år.

Så set han seg ved pianoet og spør mildt, på eit gebrokkent norsk som avslører at han ikkje er oppvak-sen i nabolaget.

– Kva skal du synge for oss i dag?

Alexa dreg til med røysta ho har, Michael lyttar med ein blyant i munnen, medan Kari noterer.

– Bra!, seier Michael då ho er ferdig.

Så ber han henne syngje ein skala, han finn ut kva stemmeleiet

hennar er, han ber henne snakke med barnestemme, han ber henne framføre ein monolog, han ber henne om å seie «Nei!» på ein be-stemt måte og han ber henne seie «Ja!» på ein bestemt måte.

Så er Alexa ferdig. – Eg tykkjer det gjekk fint, eigent-

leg som forventa. Eg var med i koret i fjor og fekk lyst til å prøve meg på ei av rollene.

– Trur du det blir ei rolle på deg?– Eg håpar det, seier Alexa før ho

forsvinn ned steintrappa. – Next!, høyrer eg Michael rope

inne.

Flygande start I 1989 kom ekteparet Michael Pavelich og Kari Standal Pavelich til Nordfjordeid. Ho hadde fått stilling som rektor på Kulturskulen. Som utdanna fiolinist var ho med i orkesteret då operaen i Kristiansund sette opp La Boheme. Medan ho sat der og spelte, kom ideen: «Kvifor ikkje lage opera heime i Nordfjordeid?» Argumenta mot var færre enn dei for. Hausten 1996 lanserte ho ideen om å setje opp

Flaggermusen Johann Strauss d.y. hausten 1998. Og oppsetjing vart det. Trass i ein viss skepsis i byrjinga, vart det ein suksess, også økonomisk. 1800 vitja den fyrste framsyninga, og publikum og lokalsamfunnet vart oppglødde. Ei stifting vart etablert, det same vart eit venelag. Michael Pavelich vart kunstnarleg leiar, og Kari Standal Pavelich vart operasjef.

Det var starten på ein suksess. Dei har produsert dei fleste klas-sikarane som Figaros bryllup, Carmen og Tryllefløyten. Nokre av produksjo-nane har involvert meir eigeninn-sats enn andre. Hertuginna av Chi-cago sette Kari om til nynorsk sjølv. Norge-Brasil vart skriven av Are Kalvø og Helge Førde. I fjor omsette Jostein Avdem Fretland Il puritani av Fellini til Søner av sola. Til hausten set dei opp Maskeballet av Verdi, og det blir den attande hovudproduk-sjon deira. I tillegg samarbeider dei med Eid vidaregåande skule om å setje opp ein skulemusikal kvart år, og sidan 2002 har dei også hatt ein mindre produksjon på våren.

Operaen fekk ein veldig opptur

Kvardag i operaenFå lokalsamfunn har eit så tett tilhøve til opera som Nordfjordeid. Det er ein del av kvardagen. Og akkurat det har blitt ei utfordring for pri-mus motor Kari Standal Pavelich.

Lopera NordfjordHeld til på Nordfjordeid

Skipa i 1998 etter initiativ frå kunstnarparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich. Ho er no operasjef, og han er kunstnarleg leiar

Produserer ein fullblods opera kvart år. 200 frivillige er involverte i produksjonen

Har utstrekt samarbeid med Firda vidaregåane skule og Eid vidaregåande skule

Fekk målprisen til Sogn og Fjordane mållag i 2013

Sysselset 1,8 årsverk

Operahuset på Mel.

Alexa Valentina er ferdig med å prø-vesyngje og får respons frå Michael Pavelich og Kari Standal Pavelich.

Page 17: Norsk Tidend 3-2015

No

rsk

Tid

eNd

3–2

015

17

då det nye Operahuset på Mel vart opna i 2009, og operaen fekk dele hus med biblioteket, kinoen og ik-kje minst Eid vidaregåande skule. Det huset, og ikkje minst den nye salen, gav høve til å heve nivået på produksjonane ytterlegare, og samarbeidet med den vidaregåande skulen vart endå tettare.

samarbeid med skulaneKvar gong det dreg seg mot ein ny opera, flyttar skulen ut av nokre av lokala og operaen flyttar inn. Men denne dagen er operafoajeen ei skulekantine. Ved eit av borda sit Solveig Mylebust. Ho har ikkje vore med på operaen, men har vore revysjef ved skulen og veit at jobben hennar skil seg frå andre revysjefar.

– Det gav oss høve til å kunne gjennomføre revyen på ein profe-sjonell måte. Me har gode fasilitetar, godt utstyr og god sal. I tillegg fekk me god hjelp av dei som arbeider der, og det har inspirert oss i arbei-det, seier Myklebust.

Operasjef Kari kjem og bryt oss av. Det er ikkje lenge til dei unge håpefulle skal prøvesyngje nede i

Gamlebanken. Ho kan heller ikkje skryte nok av samlokaliseringa med skulen.

– Ove Bjørlo er ein veldig kreativ rektor som har store ambisjonar for skulen, og har tilsett Michael i førti prosent stilling for å setje opp ein musikal kvart år. Det er ein skik-keleg produksjon med berre elevar frå ålmenn- og yrkesfag. Alt går føre seg på fritida. Dei står som arrangør, men me stiller med kostyme, sminke og rekvisit-tar. Det er likevel ein viktig rekrutteringsarena for oss. I fjor var det femten ungdomar i alderen 15–22 år som var med i koret på hovudproduksjonen vår, mange av dei kom frå skulen.

Seks år etter opninga er gleda hennar over å få kunne syne fram huset like stor. På eit tidspunkt tek ho meg med ned i kjellaren for å syne meg garderobane, men døra er låst, og ho innrømmer at det berre er ein gang med garderobar.

Men innanfor nokre dører

merkte med «Green room», er noko som er verdt å syne fram. Skulen har ei vanleg studieførebuande linje, men også design og handverk, elektrofag og teknikk og industriell

produksjon. Dei sistnemnde faga må ha verkstader. Det

må også ei seriøs scene ha.

– Nivået på maskin-parken er fantastisk, seier Pavelich.

– Og elevane veit at arbeidet dei gjer, er vik-

tig. Det skal nyttast, og det finst ein tidsfrist. Ein sce-

nograf som me hadde leigd inn, hadde lenge hatt ein idé

om ein måne som skulle gå roleg over kulissane og bruke like lang tid som arien som vart sungen. Det var ei teknisk utfordring som elevane tok og takla.

Ho fører meg gjennom meka-nisk verkstad, treverkstaden og inst til tekstillageret. Eit par læra-rar freistar å få ein svær skrivar til å fungere. Ho tek meg med vidare og inn på scena. Ein teknikar driv og ryddar etter at Eikanger-

Bjørsvik Musikklag har halde konsert.

– Det er ein fantastisk sal, ikkje sant?

Salen har ein fantastisk akustikk, mykje fordi han skulle nyttast av operaen. Og han er stor. Når ein tek vekk dei fyrste radene for å gjere plass til eit orkester, tek han nesten 490 gjester. Å fylle salen har etter kvart synt seg å vere den største utfordringa.

– Reint kunstnarleg er me der me skal vere. Det einaste skåret i gleda, er at det har vore ein nedgang i bil-lettsalet dei siste tre åra. Me merkar at me har fått konkurranse frå an-dre aktørar, seier Pavelich.

Publikumsnedgang Para-doksalt nok nok er det operahuset som har skaffa den konkurransen. Tidlegare var ikkje Nordfjordeid ein naturleg stoppestad for kom-mersielle aktørar, det var ikkje noka høveleg scene der. No har det endra seg, og i løpet av eit år kan ein gå på konsert med Halvdan Sivertsen eller De Tre Tenorer. Publikum har fått eit heilt anna

Kvardag i operaen

Siv Langøen Rotevatn er stolt over ha vore med som frivillig.

Ein siste gjennomgang

av teksten.

Page 18: Norsk Tidend 3-2015

kulturtilbod enn dei hadde tidle-gare. Pavelich understrekar at ho ikkje har noko i mot artistane som kjem, og tykkjer det berre er bra at huset blir nytta til mange ting. Men det krev sitt.

–Tidlegare var tre lysingar i avisa nok, ved billettsalstart i juni, ved skulestart og så éi veke før premie-ren. I tillegg hadde me plakatar. Det var nok. Sette me opp ein opera, så kom alle. Slik er det ikkje lenger. Det er blitt mykje tyngre å få folk opp av stolen. I fjor gjekk me ned frå ti framsyningar til åtte, og likevel vart ikkje det utselt.

– Kva er grunnen?– Det er ikkje godt å seie, det blir

berre spekulasjonar. Skulle me visst det sikkert, måtte me ha spurt dei tusen som ikkje kom i fjor, kva grun-nen var. Det kan vere tilfeldig og litt latskap. Kan hende ikkje dei kjenner den same lojaliteten som dei hadde tidlegare. Me kan ikkje rekne med at folk går av lojalitet lenger.

– Er folk gått lei?- Eg trur ikkje det er av vond

vilje. Det er litt sånn at dei gjekk i fjor, men gløymde det i år. Det er mange eg snakkar med, som seier at dei hadde tenkt å gå, men at det ikkje passa heilt. Så det er ei nøtt å knekke, men me må jobbe hardare for å få folk til å kome. Eg trur det

viktigaste argumentet vårt er at me kan love høg kvalitet. Det er ein skikkeleg operaproduksjonar, og det bør folk få med seg.

– Kva konsekvensar får dette for dykk?

– Det blir sjølvsagt tøffare, men det går førebels heilt fint. Me har hatt litt eigenkapital å tære på og greier oss. Me har alltid hatt stram økonomistyring og god kontroll. Det einaste me ikkje har kontroll på, er billettinntektene. Me skal kunne lage god opera sjølv med mindre pengar, men det går sjølvsagt utover kva produksjonar me kan setje i hop. Mindre inntekter gjer noko med den kunstnarlege fri-domen, men me skal greie å lage ein opera av høg kvalitet likevel, seier Pavelich.

– blir stolt Ho må attende på kontoret. Eg svingar innom Siv Langøen Rotevatn, kommunesty-rerepresentant for Venstre. Ho veit kor viktig økonomien er. Ei uro for at operaen ikkje skulle få nok stønad frå kommunen, gjorda at ho gjekk inn i politikken.

– Det er slik for mange at det er

enkeltsaker som gjer at ein vil enga-sjere seg, seier Rotevatn.

– For meg var det to ting: Kul-turskulen og Opera Nordfjord. Eg hadde vore med som frivillig i kostymegruppa og visste at kom-mune sin stønad var viktig. Etter at eg hadde vore med i politik-ken ei stund, kom rektor ved den

vidaregåande skulen og den dåverande ordføraren

opp med ideen om å byggje eit kombinert operahus, kulturhus og skule. Då visste eg at det var på fylkesnivå

det ville skje, og tok ein periode i fylkestinget.

Det er klart at den offentlege stønaden er

viktig for institusjonar som denne, sjølv om summane er

relativt låge. Du får veldig mykje kultur for pengane når dei er kopla saman med så mykje dugnads-arbeid. Operaen i Oslo må sjølv-sagt vere heilprofesjonell. Men det morosame at me her, med berre ein brøkdel av dei same midlane, også greier å lage kvalitetsopera, seier Rotevatn.

Finansieringa er delt i tre. Staten går inn med ein viss sum, mot at fylket og kommunen gjer det same. Opera Nordfjord er ein fast post i

alle tre budsjetta, noko som gjer det enklare å styre økonomien og plan-leggje for framtida. No er det likevel tøffe tider i fylket, og det må kuttast. Rotevatn seier at eit slikt kutt vil ha store konsekvensar.

– Nett det at stønadsordningane er knytte saman, gjer at staten kan finne på å kutte tilsvarande og då følgjer kommunen etter.

– Kva trur du er grunnen til at ope-raen har lukkast så godt?

– Nøkkelen til suksess er å få med frivillige, noko eg trur var medvite. Det skapte eit veldig eigartilhøve for mange. Det vart vår opera. Det er ikkje DEI i Opera Nordfjord, det er OSS i Opera Nordfjord. Det blei ein «snakkis» hjå dei som var med, familiane, kollegaene, naboane og slektingane deira. Dette at ein var med på noko nytt og spennande, skapte engasjement. Absolutt alle frivillige var velkomne, frå alle lag av folket, og det gjorde at ein fekk tona ned inntrykket av at opera var finkultur. Det blei noko som alle kunne få vere med på om dei ville. Dei frivillige vart alltid gjorde ære på, fekk alltid ei kjensle av at dei var viktige.

– Er du stolt?– Sjølvsagt. Folk var stolte av å få

til noko som ingen trudde me skulle få til. Dei fleste, også dei som ikkje N

or

sk T

ideN

d 3

–20

15

18

“ Me kunna aldri ha laga opera utan dug-nadshjelp. Du kunne like godt ha bytt om på det, det eine er knytt tett saman med det andre.

(Stort bilete:) Michael Pavelich og Kari Standal

Pavelich gjer dei siste førebuingane før prøve-

synginga.

(Øvst til høgre:) Nervøs stemning i venterom-

met.

(Nedst til høgre:) Kari helsar på lærarar på

tekstilrommet som sku-len og operaen deler.

Page 19: Norsk Tidend 3-2015

har gått på operaførestillingane sjølve og ikkje likar opera, har vore stolte over at dette har vore mogeleg å få til i ei så lita bygd, og at prosjek-tet har fått så mykje positiv omtale i media. Brått var me i Dagsrevyen på laurdagskvelden, og det var tosidersartiklar i Bergens Tidende. Eitt av dei åra eg var med, så prøvde eg heilt systematisk å klyppe ut alle avisoppslaga om operaen, og det vart ein heil vegg med positive oppslag. Det er klårt ein blir stolt av slikt, det seier seg sjølv.

– Lever denne entusiasmen fram-leis?

– Det er råd å diskutere. Er ope-raen blitt noko meir sjølvsagt, noko som går av seg sjølv? Men det går aldri av seg sjølv. Noko av spenninga er nok vekk. Før hadde folk aldri vore i operaen, dette var noko nytt. Men når så neste framsyning kom, så hadde dei vore i operaen. Og det er skilnaden på denne staden og ein by. Det er ein hard kjerne som er genuint opptekne av opera, og den kjernen er mindre her. Så det er in-genting som går av seg sjølv.

– Du er i alle fall entusiastisk.– Eg set meg ikkje ned i stolen

heime og høyrer på opera. Men eg lærde meg å like det då eg var i kostymegjengen, eg forstod meir av det. Det er noko heilt anna å sjå ein

opera enn å høyre ein. Det blir ikkje berre musikk. Du ser flotte kostyme, du ser flotte kulissar, og du ser my-kje fint skodespel. Når du i tillegg ser ein nabo i koret, så er det ikkje berre eit musikkstykke som du kanskje ikkje kjenner så godt. Du blir riven med, seier Rotevatn.

Høg kvalitet På kontoret i an-dre etasje på Gamlebanken, med veggar dekorerte med plakatar frå tidlegare oppsetjingar, førebur Stan-dal Pavelich seg til prøvesynginga. Ho er langt i frå stressa, gler seg meir. Dei har lenge hatt ynske om å lage ei familieframsyning og har berre gjort det ein gong tidlegare. No håpar dei å etablere det som eit fast innslag i operaåret.

– Me enda på Sound of Music. Me må ha noko folk har høyrt om før. Det er greitt å sitje og ha kunstnar-lege ambisjonar om å setje opp nye og meir ukjende verk, men ikkje når talet på besøk går ned. Det ville ikkje ha vore ansvarleg. Men det går an å lage høg kunst som samstundes sel. Og me elskar Sound of Music.

– Akkurat det med kunstnarlege ambisjonar verkar å vere eit stikkord her?

– Det er to ting som gjer at me har lukkast, og eg kan ikkje seie det eine

utan å nemne det andre. Eg vil byrje med kvalitet. Dette er noko av sær-merket vårt, noko me har vore opp-tekne av sidan starten i 1998. Det har vore eit mål å ha profesjonalitet i alle ledd, solistar, dirigentar, scenografar og ikkje minst orkester. Om me hadde starta opp med eit amatørorkester, så hadde det avgrensa arbeidet vårt. Det er ikkje meininga å snakke stygt om amatørorkester, og mange distriktso-peraer er bygde opp rundt nett slike orkester. Det er nesten stygt å seie det, men for oss var det ei lukke at det ik-kje var eit slikt orkester her. Me kunne leggje lista som me ville, og me la ho høgt. Orkesteret låg inne i budsjettet frå dag ein.

– Og den andre tingen?– Me kunna aldri ha laga opera

utan dugnadshjelp. Du kunne like godt ha bytt om på det, det eine er knytt tett saman med det andre. Når dugnaden er kopla til høg kunstnarleg kvalitet, får du stolte dugnadsarbeidarar. Dei er med på noko stort, dei lærer mykje nytt, og dei strekkjer seg. Dei blir berre flinkare og flinkare for kvart år. Du kan kalle dei amatørar, som i ordets rette forstand tyder «å elske det ein gjer». Du får ein eigarskap.

– Blir du aldri lei av dei som tykkjer dette er eksotisk?

– Eigentleg kan ein bli fornærma

av folk som trur at dette ikkje skulle vere mogleg å få til. Kvifor skulle det ikkje det? Men ein skal ikkje bli høg på pæra. Om nokon tykkjer det er fasinerande, så får det vere ein god ting, dei veit jo ikkje betre. Sjølvsagt har me musikarar, snikkarar og sy-damer som er dyktige nok. Alle opp-setjingane våre dei siste åra kunne ha vore ei oppsetjing på dei fleste operascene i Europa. Det står eg inne for. Ja, det er heimesnikra, men det er ikkje dårleg. Så det tener ikkje til noko å bli fornærma. Det blir eg aldri. Eg er glad for at dei blir positivt overraska. Difor er det viktig at det kjem folk frå utsida. Me kan sitje her og vite at det bra, men det er bra når andre kjem og ser det same. Når folk i Oslo høyrer at det me held på med er bra, så mistenkjer eg dei for å lure på kor bra det eigentleg er. Er det bra etter ein lokal standard? Nei, det er ikkje bra etter ein lokal standard. El-ler rettare: den lokale standarden er høg, seier Standal Pavelich.

I etasjen under er dei fyrste ungane komne. Ein ung gut sit og vippar med beina på ein plaststol. I arket har han teksten på songen han skal syngje, han prøver hardt å konsentrere seg.

– Next!

kjarTaN [email protected] N

or

sk T

ideN

d 3

–20

15

19

Alle foto: Kjartan Helleve

Page 20: Norsk Tidend 3-2015

20

No

rsk

Tid

eNd

3–2

015

Sommar i tunetOmvising kvar time

Arkitekturomvising kvar dag kl. 14Lurivaromvising kvar tysdag og fredag kl. 13

Utstilling, kafé og butikkMåndag – fredag 10–17 Laurdag og søndag 12–17

aasentunet.no handlenett.no

Volda og Ørsta 25.–28. juni 2015

Tema: Tillit

festspela.no

#festspela

Foto

: Kib

&M

orits, A

asen-tunet

Gunnhild Øyehaug • D.D.E. Kirsten Bråten Berg og Arild Andersen

Lars Amund Vaage • Brit Bildøen • Lars Bremnes Astrid Runde Saxegaard • Anne Marit Jacobsen

Illus

tras

jon:

Ast

rid R

und

e Sa

xeg

aard

og

Ulf

Vern

er C

arls

son

Kulturdepartementet heidrar kvart år ein journalist som skriv godt på nynorsk. Alle kan kome med framlegg, og ein kvalifisert jury gjer valet på vegner av depar-tementet. Zahl var litt usikker då telefonen kom. Han hadde same dag på trykk ein kritisk kommen-tar om kulturministeren og trudde at dei no skulle fortelje han eit alvorsord. I staden var det ei mel-ding om heider og ære.

– Veldig stas, overraskande og ut av det blå, seier Zahl.

– Ein del medieprisar er det media sjølve som står bak. Det er dei sjølve som er jury, som deler ut, som finansierer, og premien er ofte eit diplom som kan hengjast opp på ein synleg stad i redaksjo-nen. Men denne prisen blir delt ut uavhengig av media sjølve. Nokon eg ikkje veit kven er, har nomi-nert meg, ein uavhengig jury har plukka meg ut. Det gjev ei anna tyngd, og blir det endå meir stas.

– Er du bortskjemt med prisar? – Eg har fått éin tidlegare, ein

målblome frå Stavanger Mållag. Men det var ein potteplante og den vara i om lag to veker. Eg er ikkje så god med plantehald.

Zahl har ein lang karriere bak seg. Han byrja som nyhende-redaktør i Studvest, studentavisa på Universitetet i Bergen. Sidan har

han m.a. vore innom Dagsavisen, Dagbladet, TV2, og han har vore redaktør i Forskarforum. Sidan 2007 har han vore tilsett i kulturavde-linga i Stavanger Aftenblad. I tillegg har han skrive fleire bøker.

Ein av få Då han byrja som journalist i Oslo-redaksjonane, var det bokmål som var arbeidssprå-ket. Men då han arbeidde i Dags-avisen, kom det eit skilje, då avisa opna opp for at han kunne skrive enkelte ting på nynorsk.

– Eg argumenterte med at det var veldig rart å lage eit portrett-intervju med Odd Nordstoga, og så sitere han på bokmål. Det fekk me gjennomslag for, og det kom vel faktisk ein målblome til re-daksjonen. Det var noko dei måtte diskutere, men eg er glad for at dei konkluderte som dei gjorde.

– Korleis er det å vere nynorsk-journalist i Stavanger Aftenblad?

Heidra for tvisyn

– Dei såkalla nasjonale media ligg i Oslo, og dei styrer stort sett den såkalla nasjonale samtalen. Då er det ekstra interessant å ha dette blikket frå utsida, seier Jan Zahl.

LJaN Zahl Journalist i Stavanger Aftenblad

Er tildelt Kulturdepartemen-tets nynorskpris for journalis-tar for 2015

LNyNorsk i media

Page 21: Norsk Tidend 3-2015

No

rsk

Tid

eNd

3–2

015

21

– Det går heilt fint. Eg har nok opplevd at desken kan vere litt blinde for språk, at dei ikkje heilt har fått med seg at saka er skriven på nynorsk. Dei kan endre litt på ein tittel eller leggje til ein bilettekst og dermed snike inn litt bokmål. Men om ein ser vekk i frå nokre få slike tilfelle, så er det heilt uproble-matisk. Det er ei avis der dei aller fleste skriv bokmål, me er vel berre ei handfull som skriv nynorsk. Men det blir sett pris på, og aldri proble-matisert. Eg brukar berre det som er mitt naturlege språk, men det gjer for så vidt dei som skriv bokmål òg. Det vekkjer stort sett berre positive kjensler hjå lesarane, sjølv om en-kelte har sagt opp avisa av di det er så mykje nynorsk i ho.

nyE tidEr i avisEnE Det er tøffe tider i avisredaksjonane. Sviktande inntekter gir stadig mindre redak-sjonar. Då Zahl byrja i Stavanger Af-tenblad sommaren 2007, var det om lag 450 tilsette i avisa. No er dei un-der 200. Kulturavdelinga er redusert til ein tredel. Samstundes er det krav om at journalistane skal lage saker både for papiravis, nett og aller helst også nett-tv.

– Det er blitt mykje travlare. Men uansett kor mange seminar leiinga kallar inn til om å arbeide smartare, meir effektivt og meir moderne, så

er journalistikk det same som det alltid har vore. Du må snakke med nokre folk, du må lese nokre dokument og bøker, og du må skrive artikkelen. Så samstundes som det er store endringar, så er det mykje som er heilt likt.

– Men det må få konsekvensar?– Eg føler framleis at eg får gjort

skikkelege ting. Men det er klart at me ikkje får dekt så mykje som me har ambisjonar om. Dermed må ein senke ambisjonane, og det er ikkje så moro.

– Samstundes er det lettare for kommentarstoffet å kome lenger ut? Folk les mykje på nettet, og ei spalte kan spreie seg fort med den nye medie-kvardagen.

– Det er sant, men samstundes er det eit paradoks. Ja, du får større gjennomslag, men det gjev ikkje auka inntekter. Noko av det mest verdifulle avisene har å kome med, er kommentarstoff og meiningar. Dilemmaet er at ingen betaler for det dei les av meiningar på nett via Facebook og Twitter. Så det er ikkje heilt enkelt.

tvisyn og motkultur Zahl jobbar hovudsakleg som kultur-journalist, men skriv i tillegg kom-mentarar.

– Eg set pris på variasjonen. Eg er glad i å snakke med folk og skrive

saker, og samstundes få lov til å ha eigne meiningar. I tillegg har eg skrive bøker ved sida av journalistik-ken, og det gjev meg høve til å tenkje litt lengre tankar. Det å vere kom-mentator på heiltid verkar nesten litt stressande. Eg veit ikkje om eg hadde klart å ha éi eller gjerne to sterke meiningar om noko kvar einaste dag. Men om du må, så går det vel.

– Juryen for denne prisen trekkjer fram at du skriv i «tvisyn-tradisjonen etter Aasmund Olavsson»?

– Eg er nok ikkje så lett å plas-sere på ein høgre-venstre-akse, men heller langs ein sentrum-periferi-akse. Det er ei sterk og dominerande sentralmakt her i landet. Dei såkalla nasjonale media ligg i Oslo, og dei styrer stort sett den såkalla nasjonale samtalen. Då er det ekstra interessant å ha dette blikket frå utsida, frå den såkalla provinsen. Her gjer Aftenbladet ein jobb, og Bergens Tidende er veldig god på det. Nordlys greidde det også i samband med OL. Så det er ein del aktørar som står utanfor Ring 1 i Oslo som har eit nyttig blikk på sentrum. Eg har budd ti år i Oslo sjølv og veit at det ikkje handlar om vond vilje. Det handlar om at du ser det som er nærast deg. Med sete på Vestlandet, så ser me andre ting enn det som dominerer i dei nasjo-nale media. Når eit museum eller

bibliotek skal byggjast i Oslo, så blir det drege opp som ei nasjonal pro-blemstilling. Men om ein byggjer om ein heil bydel i Stavanger eller i Bergen, så er det knapt nokon som bryr seg om det i Dagsnytt atten.

– Representerer du ein motkultur?– Geografisk, språkleg og i per-

spektiv representerer eg ein mot-kultur til sentrum og den domine-rande posisjonen.

– Men har du framleis ein mono-kultur å vere i mot?

– Det kan du godt spørje om. Men no har eg studert samanliknande politikk og tankane til Stein Rok-kan, og eg har ingen problem med å snakke om motkultur også i dagens samfunn. Det er så mykje makt sen-trert i Oslo, det er ein maktkultur, det er ei skeiv fordeling i økonomiske til-delingar og i fokus og merksemd. Det kan godt vere vanskeleg å definere ein kultur som me kan gjere opprør mot, men maktstrukturane er lette å få auge på. Du skal ikkje vere på Vest-landet i meir enn maks ti minutt før dei som bur der, seier noko stygt om Oslo. «Di derre inne i Oslo!» Dette sit i ryggrada til folk. Det er ei spenning der, og den spenninga blir kanalisert via aviser og folk med meiningar.

– Deg?– Mellom anna.

kJarTaN [email protected]

Heidra for tvisynNaturleg: – Eg brukar berre det som er mitt naturlege språk, men det gjer for så vidt dei som skriv bokmål òg, seier Jan Zahl. Foto: Kristian Jacobsen

Page 22: Norsk Tidend 3-2015

22

No

rsk

Tid

eNd

3–2

015

«Det nordiske sprog elvdalsk, som in-gen har hørt om». I

byrjinga av mai rydda den danske avisa Politiken plass på forsida si for eit nordisk mål snakka av om lag 2500 personar i Älvdalen i Dalarna 10-12 mil aust for Trysil, og ingres-sen i hovudartikkelen fortsette: «Beskyttet af et bjerg og en masse midtsvensk skov, har det lille sprog bevaret sine oldnordiske gloser, mens ordforrådet i de øvrige skan-dinaviske sprog er skiftet ud med plattysk.»

Bakgrunnen for artikkelen var at 3. konferansen om elvdalsk skulle finna stad ved Københavns Uni-versitet, organisert av nederland-ske Guus Kronen, danske Bjarne Sandgaard Hansen og israelske Yair Sapir, alle med stor inter-esse for målet. Dei to føregåande møta hadde begge vorte avvikla i Älvdalen (i 2005 og 2008), men no hadde dei tre københavnsbaserte språkforskarane henta det til Dron-ningens by, i det sjølvsame året som svenskeprinsen skulle gifta seg med ei kulla frå dalen nordvest om innsjøen Siljan.

Artikkelen i Politiken gene-rerte mykje merksemd. I dagane før konferansen

vart arrangørane nedringde av både innanlandske og utanlandske

medium, og toppen vart nådd ved at BBC World Service sende eit innslag om «the ancient language of Elfda-lian» ut til heile verda. Sentralt i me-diemerksemda stod tre forhold: At det faktisk finst eit høvesvis ukjent og ganske annleis nordisk mål i dju-pet av dei svenske skogane, at målet ligg utsett til og står i fare for å døy ut og at språkforskarar er kjempe-interessert i det.

Men at ingen skulle ha høyrt om elvdalsk før, er å ta hardt i. Kanskje har nordiske dialektologar snakka for lågt om det opp igjennom tidene, men allereie i 1909 disputerte Lars Levander over avhandlinga Älvdalsmålet i Dalarna: ordböjning och syntax. Levander var student hjå dåtidas nestor i nordisk språkvits-kap i Uppsala, Adolf Noreen, og det var han som hadde oppmoda Levander til å dra til grenda Åsen i Älvdalen og undersøka språket der.

Knapt 100 år seinare, i 2007, kom eg sjølv til Åsen og an-dre grender i älvdalsbygda:

Blyberg, Brunnsberg, Klitten, Everts-berg, Loka, Vestäng. Og Kyrkbyn (sentrum), sjølvsagt. Saman med ei titals andre nordiske språkforskarar i det fellesnordiske prosjektet Nor-disk dialektsyntaks var eg på eit vekelangt feltarbeid der vi under-søkte utvalde grammatiske emne i målet til elvdalingane.

Og elvdalsk er verkeleg spesielt og interessant. Det tilhøyrer ei gruppe talemål i Övre Dalarna som skil seg nemneverdig frå andre dalmål og andre svenske dialektar. Samla blir desse i svensk diale-ktologi kalla ovansiljanmål, altså «måla ovanfor Siljan». Det spesielle med måla er den særlege blandinga av gamle, og då til dels særs gamle, språkdrag og eigne nyutviklingar. Samtidig finn ein også ein god del språkendringar som er felles med andre talemål både i Sverige og Noreg og som ikkje alltid har nådd standardspråka.

Om vi byrjar med nokre «oldnordiske gloser», heiter ‘måne’ på elvdalsk tunggel

(gno. tungl) og ‘nase’ nev (gno. nef), berre for å nemna noko. Og eit av dei verkeleg gamle språkdraga er dei tydingsskiljande nasalvokalane: Eit ord som kulla kan tyda ‘jenta’ eller ‘(ei) jente’ alt ettersom den utlydande a-en vert uttalt med luft ut gjennom nasen eller ikkje, og når ordet å i tydinga ‘på’ vert uttalt som fransk on, høyrer vi bokstaveleg tala eit avtrykk av den n-en som forsvann i syn-kopetida i dei nordiske språka, altså i overgangen mellom det urnordiske og det norrøne språksteget (jf. tysk an og engelsk on).

Elvdalsk har elles både kasusbøy-ing av substantiv og personbøying

av verb. Restar av dativ finn vi i eit forholdsvis stort område av norske og svenske dialektar, men personbøying av verb er for lengst forsvunne frå andre skandinaviske mål. Rett finn vi personbøyinga berre i fleirtal i elvdalsk: I eintal er det same form i 1., 2. og 3. person, men i fleirtal blir det skilnad, og pre-sens av til dømes verbet åvå ‘ha’ er i fleirtal wįð amm, ið avið og dier åvå, altså ‘vi/de/dei har’. I eintal får ein ar over heile fjøla, ig ar, du ar og ann/å̢/eð ar. Dette systemet blir då ein mel-lomting mellom det islandske som framleis har full personbøying i ein-tal og fleirtal og til dømes halling-mål som kan ha eit skilje mellom eintal og fleirtal, men ikkje mellom person. Og elvdalsk blir ein kontrast til færøysk, som har personbøying i eintal, men ikkje i fleirtal.

Akkurat dette med verbbøy-inga er ein viktig grunn til at elvdalsk også har vore

ganske kjent i internasjonale krin-sar. Utover på 1980-talet utvikla den amerikanske lingvisten Noam Chomsky og hans følgjarar den såkalla Prinsipp- og parameterteori, eller enkelt fortalt at grammatikken i språk er styrt dels av universelle språkreglar (prinsippa) og dels av meir opne reglar som må gis ei nær-mare spesifisering (parametrane). Inspirert av dette lanserte språk-

ei framTid for ELvdaLsk

Lspråk i NordeN

Elvdalsk er spesielt og interessant. Det tilhøyrer ei gruppe talemål i Övre Dalarna som skil seg nemne-verdig frå andre dalmål og andre svenske dialektar. Trass den man-glande støtta frå sentrale styres-makter, bles det for tida ein positiv kulturell og språkleg vind gjennom Älvdalen, skriv professor Øystein A. Vangsnes.

StOcKhOlm

Trondheim

ÄlvdalenVoss

Page 23: Norsk Tidend 3-2015

No

rsk

Tid

eNd

3–2

015

23

forskarane Christer Platzack og Anders Holmberg den såkalla AGR-parameteren for nordiske språk der ei rekkje syntaktiske skilnader mel-lom islandsk og færøysk på den eine sida og dei skandinaviske språka på den andre vart knytte til den svært tydelege skilnaden at islandsk og færøysk har person- og talbøying på verb medan norsk, svensk og dansk ikkje har det.

Gitt at elvdalsk altså har like mykje bøying på verba som i alle fall færøysk, ville det då vera interes-sant å sjå kor haldbar AGR-param-eteren som grammatisk hypotese ville vera i møte med dette nordiske målet. Det internasjonale samfun-net av teoretiske syntaktikarar hungra difor i lengre tid etter meir informasjon om elvdalsk, og i 2010 disputerte polakken Piotr Garbacz ved Lunds universitet over ei avhan-dling som viste at AGR-parame-teren møter ein del utfordringar i elvdalsk. Og det gjer parameteren også i møte med empiri frå ein del andre nordiske dialektar. Og slik går vitskapen vidare med styrkte innsikter!

hoppar vi no tilbake til døma som viser bøyinga av verbet åvå ‘ha’, vil sjølv

dei meir moderat filologisk skul-erte straks ha sett fleire ting. For det første at ein finn stungen d,

altså ð, i elvdalsk, altså som ut-talen av th i engelsk other. Dinest at vi finn dobbelt-v i elvdalsk: Første del av pronomenet wįð blir faktisk uttalt som engelsk we, verbet ‘vera’ heiter wårå og sub-stantivet ‘veke’ heiter wika. Slik «dobbelt-v-uttale» er eit gammalt germansk trekk som er borte i dei fleste nordiske dialektar, jamvel i islandsk, men ein finn det i ein del andre svenske mål også, mellom anna i Västerbotten. Og eit tredje forhold er at der svensk og norsk har ein h i framlyd i verbet ha(va) og pronomenet han, manglar elvdalsk denne, og det er eit gjen-nomgåande trekk ved målet: ‘hus’ heiter til dømes aus og det som i mange norske dialektar heiter hokken og liknande (altså ‘kven’), heiter på elvdalsk ukin.

Dei to første språkdraga går altså tilbake til ei gammal fellesnordisk tid medan det

siste er ei nyutvikling. Bortfallet av h i framlyd, såkalla halvemål, er rett nok ikkje unikt for elvdalsk: Det kjenner ein også frå norske dialektar litt her og der, mellom anna fleire stader på Vestlandet. At elvdalsk slik er ei unik blanding av gamalt og nytt, av arkaismar og innovasjonar, er gjennomgåande i dei ulike nivåa av språket.

Fleire av særdraga i språket

er på veg ut i dei yngre genera-sjonane. Det gjeld mellom anna nasalvokalane og kasusbøyinga. Lingvistisk sett er det like fullt liten tvil om at elvdalsk framleis kan reknast som eit eige språk. Avstan-den mellom elvdalsk og svensk er mykje større enn mellom norsk og svensk, og elvdalsk er ikkje forstå-eleg for svenskar (og nordmenn) flest utan opplæring og trening. Elvdalingane sjølve skil då også skarpt mellom å swenska og å dalska: Det er aldri snakk om berre moderera elvdalsken i retning av svensk for å gjera seg forstått.

I mediebrisen rundt elvdalsk i mai 2015 var eit viktig poeng at det er få talarar att av elvdalsk

og at målet ikkje blir sannkjent og støtta av svenske myndigheiter. Språkforskarar opptekne av språk-daude vil kunna fortelja at eit mål med 2500 talarar er eit stort språk i verdssamanheng: Om lag halvpar-ten av verdas drygt 7000 språk har så få eller færre talarar, og i Sverige finn vi til dømes umesamisk med ca. 10 attverande talarar, pitesamisk med kanskje 30, medan sørsamisk i beste fall har ca. 600 talarar i Sve-rige og Noreg til saman.

men elvdalsk er utsett likevel: Det er slett ikkje alle born i Älvda-len som veks opp med språket, og også elvdalsk har, som samisk, sin

tapte generasjon av «forsvenska talarar». I 1984 vart foreininga Ulum Dalska (‘Lat oss snakka (elv)dalsk’) grunnlagt, og dei har sidan arbeida aktivt for å bevara og løfta fram elvdalsk. Med støtte frå utanforståande språkforskarar har dei bidrege til både ordbøker, ein fyldig grammatikk, utarbeiding av ein standardortografi og jamvel skjønnlitterære arbeid.

Trass den lingvistiske eviden-sen er den offisielle svenske hald-ninga framleis at elvdalsk er ein dialekt av svensk og ikkje eit minoritetsspråk. Dermed følgjer det heller ikkje noko ansvar frå deira side til å leggja til rette for at språket skal leva vidare. Men lo-kale politikarar tenkjer no annleis, og frå at ein for få tiår sidan unn-gjekk bruk av målet i barnehagar og skule, føreligg det no kommu-nale vedtak om å styrka elvdalsk. Og frå hausten 2015 startar den første barnehageavdelinga opp med eit gjennomført pedagogisk opplegg på elvdalsk.

Trass den manglande støtta frå sentrale styresmakter, bles det altså for tida ein positiv kul-turell og språkleg vind gjennom Älvdalen. Det er ei verdifull kraft som gir von for framtida for elvdalsk og for talarane av språket.

ØysTeiN a. VaNgsNesProfessor i nordisk språkvitskap, UiT

ei framTid for ELvdaLsk I 2007 inviterte ei gruppe forskarar frå NORMS

(Nordic Centre of Excellence in Microcomparative Syntax) lokalfolk rundt Evertsberg til å kome og prate elvdalsk med dei. Artikkelforfattaren var med. Foto: Øystein Vangsnes

Page 24: Norsk Tidend 3-2015

24

No

rsk

Tid

eNd

3–2

015

Page 25: Norsk Tidend 3-2015

No

rsk

Tid

eNd

3–2

015

25

I fortalen til Norsk Ordbog kjem Ivar Aasen med eit hjartesukk: Han mei-ner det er dårleg fatt med dei førelig-gjande ordsamlingane for det norske målet. Lett forarga opplyser Aasen at mange ordsamlarar synest å ha vore mest opptekne av rare og morosame ord, og han har særleg hengt seg opp i at desse ordsamlingane inne-held «en paafaldende Mængde af Benævnelser paa en skjødesløs eller klodset og uanseelig Person, medens derimod saa mange vigtigere Ord ere glemte».

Aasen hadde rett i at samlingane gav eit skeivt og lite tilfredsstillande bilete av ordtilfanget i norsk, samti-dig visste han nok at biletet ikkje er fullkome utan slike «Benævnelser»: Presis og saftig personkarakteristikk er noko folk har hatt bruk for og ikkje minst moro av til alle tider. Visst kan det vera leitt å få ei nedset-jande nemning kasta etter seg, men me kjem ikkje bort frå at sjølve nem-ningane ofte vitnar om stor ordglede. I visse tilfelle kan denne ordgleda, kombinert med eit skarpt blikk og innful kreativitet, verta reine ord-kunsten. Me kjem heller ikkje bort frå at nyanserte og kraftfulle person-nemningar er ei av dei sterke sidene til tradisjonelle dialekter. Fylgjeleg er tekstene til Alf Prøysen svært inter-essante studieobjekt.

Utruleg nok vart eg ikkje merk-sam på personnemningane til Prøysen før i jubileumsåret 2014. Arbeidet med ei Prøysen-spalte i Dag og Tid gjorde at eg las tekstene hans tettare og med meir skjerpte augo enn tidlegare, og eg byrja skriva ned særmerkte eller spenstige ord og vendingar. På lista dukka det stun-

dom opp skjellsord og utnemne som kråksmelle, tullfjøl og kjæftspae, og det stakk meg at eg berre hadde sett toppen av isfjellet. Dimed var nyfikna vekt: Eg ville stupa ned i tekstene og undersøkja mengda og mangfaldet av nedsetjande personnemningar – det som på fint heiter pejorativ (av

latin peiorare ‘gjera verre’).Sidan Prøysen lét etter seg uhor-

veleg mykje tekst, laut eg grensa av materialet med hard hand. Eg har samla meg om substantiv, og eg har halde meg til den skjønnlitterære prosaen Prøysen skreiv for vaksne. Meir presist har eg gått gjennom Dørstokken heme (1945), Trost i tak-lampa (1950) og Lørdagsstubber (2014) på leit etter slike ord.

På denne ordjakta fann eg om lag 200 ulike pejorativ. Materialet viser at Prøysen tok heile den svi-vyrdande skalaen i bruk, frå det temmeleg harmlause, som suppehue og surrebokk, til nokså fæle gloser, som kjærringhelveten (frå stubben «Herr gårdsbestyrer!»).

Kva pejorativ bruKa han?Mange av pejorativa hjå Prøysen er velkjende og trygt inne i det «ålmen-norske» ordtilfanget (t.d. skrytepave, gjerrigknark), andre ord er meir lo-kale eller temmeleg sjeldsynte (t.d. skamskål, flanagarp). Eg må likevel streka under at svært få av orda berre finst i mjøsmåla. Som dialekt-brukar er det lett å tenkja at ord me sjeldan møter i skrift eller eter-medium, er «våre» dialektord, men ofte er orda i bruk svært mange an-dre stader òg.

Eg har valt ut nokre pejorativ som me no skal ta i augnesyn. Dei er ordna etter tema i fire ulike bolkar: lauslynde, udugelege mannfolk, sure kvinnfolk, dyreriket. Orda kunne visseleg vore sorterte annleis, men denne inndelinga gav seg mestsom sjølv: Det er påtakeleg mange ord i kvar av desse kategoriane (med eitt unnatak, som me snart skal sjå). Merk elles at eg fylgjer skrivemåten i dei ulike verka, dimed har nokre ord ymsande former, som jente- og jint-.

LausLynde I denne fyrste kate-gorien finn me ord som peikar mot kjønnsleg hopehav og omgang. Attåt nemningar som målber at personen er beint fram «laus», har eg teke med ord som svarar til gutegalen og jentegalen. Slike nemningar har tra-disjonelt vore nytta heteronormativt, altså gutegalen (o.l.) om jenter og jen-

tegalen (o.l.) om gutar. Slik er dei òg nytta i tekstene til Prøysen.

Om jenter og kvinnfolk nyttar Prøysen – eller figurane i tekstene hans – desse orda:

førkje, førkjefille, flygerfilleflokse, guttflokseklenge, guttklengetøs, tyskertøsløyperbikkje, tispe, tøyte, taske, skamskål

Nokre av desse orda treng ikkje ha med lauslivnad å gjera, til dømes førkje, som har grunntydinga ‘svær jente’. Men som Aasen har påpeika: Nokre stader vert førkje bruka som «Betegnelse for letsindige eller ub-lufærdige Kvinder» (sjå Fyrkja i Norsk Ordbog). Det går òg klårt fram av sa-manhengen at tøs og taske vert nytta om ‘flogse’. Ordet skamskål nyttar Prøysen to gonger: om Gunvor i Trost i taklampa og om Sigrid i «Kromma på Dal» (Dørstokken heme). Dette ordet har eg ikkje sett i bruk andre stader, og eg har heller ikkje funne nærmare opplysningar om det. I alle tilfelle er det tale om ei som ter seg skamleg på noko vis. Eg vil òg skyta inn at Prøysen nyttar tyskertøs på utradisjonelt vis, sjå Lørdagsstubber (2014, s. 665 og 819).

Så kan me venda oss til dei jente- og kvinnfolkgalne karane. Her diskar Prøysen opp med desse nemningane:

jenteflåer, jentekleggjintklenge, jintfut

... og det er det! Den ujamne forde-linga av pejorativ for «lause» karfolk og kvinnfolk kjem neppe uventa på årvakne språkbrukarar. Ho er på ingen måte særmerkt for Prøysen, og i alle fall ikkje ein nykel til å forstå synet hans på kvinner og menn. I staden er skeivfordelinga ei presis spegling av den kulturen han – og dei fleste av oss – er oppvaksne i.

Margareta Svahn, som systema-tisk har granska svenske pejorativ frå norrøn tid og fram til 1990-talet, fann fire gonger så mange nemnin-gar for «utuktige» kvinner som for «utuktige» menn. Årsaka er sjølvsagt

og sTuTkælver førkjefillerPejorativ i Prøysens prosaPejorativa i Prøysen-tekstane får språket til å sparka og spraka litt ekstra – i visse tilfelle er det mestsom spyttspruten frå ein fresande figur står ut frå boksidene. Orda er såleis med på å gjeva tekstene det livet og drivet Alf Prøysen er kjend for, skriv Kristin Fridtun.

LAlf prøyseNForfattar og visesongar

Allereie frå debuten med Drengstu’viser i 1948 hadde Alf Prøysen ein særskilt publi-kumsappell. Samlinga selde i 120 000 eksemplar bare i det året. Romanen Trost i taklampa kom i 60 000 eksemplar i utgjevingsåret.

Prøysen nådde også ut til mange med tekstar i Arbeider-bladet og Magasinet for alle.

LkroNikk

Page 26: Norsk Tidend 3-2015

26

No

rsk

Tid

eNd

3–2

015

at den kvinnelege seksualiteten har vore halden i strammare tyglar enn den mannlege: I reproduksjonen fell dei viktigaste oppgåvene på kvinna, dimed får ho eit større ansvar for folkesetnaden enn mannen, dimed har kontrollen i sterkast grad råka henne, og dimed vert ho hardast refsa for lauslivnad.

Den skeive fordelinga av pejorativ er såleis ikkje overraskande. Mest overraskande er det at mønsteret held seg så godt som uendra. Som språkvitar og «skjellsordekspert» Tor Erik Jenstad har streka under: «[H]ore er stadig eit svært sterkt skjells-ord, og dei fleste og verste skjellsorda til kvinnfolk, dei som bit best, som er mest sårande, går stadig på dette» (2012, s. 172–173).

Me treng ikkje lesa meir enn ei handfull Prøysen-tekster før me ser at forteljaren jamnast er på parti med dei lettliva ungjentene og ugifte mødrene. Mindre nådig er han mot «jenteflåarane» og gutane som dreg seg unna når jenta deira vert barn-tung. Med andre ord er skeivforde-linga av pejorativ lite dekkjande for grunnsynet i Prøysen-tekstene, men ho råkar nok gjengs haldningar og ordbruk i miljøet hans godt.

udugeLege mannfoLK Om karane kunne vera nokså laussleppte utan å få vondord etter seg, var det mangt anna dei laut akta seg for. Dersom me atter kastar augo på granskingane til Svahn, ser me at den største pejorativgruppa hennar på herresida – heilt frå norrøn tid og fram til i dag – er nemningar for umannslege karar. Kategorien er vid og rommar mange slags eigenska-par. Blant umannsleg-pejorativa frå «bondesamhällets tid», hovudsakleg samla inn mellom 1850 og 1950, finn me nemningar for menn som på eit eller anna vis er ynkelege (t.d. redd-huga, ettergjevande), erotisk mislukka (t.d. impotente, har ei utru kone), kry-pande (som smeikjer, jattar med), for å nemna noko.

Hjå Prøysen finn eg ikkje særleg mange ord i denne kategorien. Det er ikkje heilt uvanleg at storleiken på slike ordgrupper ymsar frå målom-råde til målområde, slik at mønsteret i eitt språk eller målføre ikkje alltid samsvarar med mønsteret i eit anna. Me skal òg ha i minne at Prøysen gjev oss eit utval pejorativ, som dessutan er styrt av dei emna og figurane han skriv om. Nokre pejorativ fell rett nok inn i kategorien «umannsleg», som reddhara, tusselæidd og stømper (nyno. stympar), men dei er nokså få. Derimot brukar Prøysen mange nemningar for late og dumme menn.

I eit samfunn der ein laut vera drivande og trottig for å greia seg, var latskap lite omtykt – både hjå kvinner og menn. I tilfanget mitt er det einast eitt pejorativ som viser til

kvinneleg latskap (latpurke), medan det for karane finst ein dunge slike ord. Tyder det at kvinnene i Prøysen-universet er arbeidsamare enn men-nene? Me lyt nok ta med i rekninga at kvinnfolk tradisjonelt har hatt daglege gjeremål som dei plent ikkje kan forsøma, til dømes matstellet, for då bryt alt anna saman. Om det fanst fleire slappfiskar blant karane, skal vera usagt, men Prøysen har i alle fall fleire pejorativ for dei:

slask, karslaskslark, slamp, slarv latstokk, latsvolk laka, slabbedask

Til og med dumskap var ein verre eigenskap for karane enn for kvin-nene, om me skal døma ut frå ma-terialet mitt. Nokre av pejorativa for fjollete og vimsete jenter ber vel i seg ein påstand om at jentene ikkje er lynande skarpe, men elles finn eg berre eit par ord som direkte målber kvinneleg dumskap, som domfjolle og fjåme (av fjåm ‘fjols, tosk’). Margareta Svahn fann òg flest nemningar for dumme menn i materialet sitt frå 1850–1950, og ho tolkar det som at intelligens i høgare grad var eit ideal for mannen enn for kvinna.

Somme av desse pejorativa går nok for å vera kjønnsnøytrale i dag. «Tomsinga» er nytta om eit kjærast-par i Dørstokken heme, men elles er orda nytta om gutar og menn:

tufs, tosk, tomsing, tullingtreskæille, kopskæille, domskæilledommenikk, dott, fjåmflanagarp, stølling

Det minst kjende av desse orda er nok flanagarp, av flan(e) ‘nyfiken, tåpeleg person’, jamfør verbet flana ‘glana, måpa o.l.’. Etterfestet garp er ei kjend nemning for hanseat i Bergen, men ordet vert òg nytta om ‘vyrdlaus person; storskrytar; ramp’. Det kan diskuterast om «dumskap» er rette kategorien for dette ordet. Flanagarp er nytta om ein liten rakkarunge i den pejorativrike stubben «Fryde-fullt sinne».

sure KvinnfoLK Den arge og kranglevorne kvinna er ein velkjend figur, både gjennom pejorativ (me har alle vore borti hurpe og hespetre), ordtak (t.d. «ei lei kjerring kan ik-kje trivast, utan ho får kivast») og andre sjangrar. I tillegg til å laga utriveleg stemning, kan ei ilsken og kvasskjefta kone gjeva inntrykk av at det er ho som er herre i heimen, og at mannen er ein godfjott. Som kjent er det mange kvinner som har styrt heimen ned gjennom tidene, til dømes husmannskjerringane langs «Præstvægen»: Karane hadde lange arbeidsdagar og var knapt heime.

Den store mengda pejorativ for

kranglevorne kvinnfolk heng òg saman med den generelle tøyminga og sjølvtøyminga av kvinner. Dei lyt halda seg sjølve i age, og vantande sjølvkontroll er lite omtykt, anten det er kjønnsdrifta eller temperamentet dei slit med å styra. Hjå Svahn er ord for ilskne kvinnfolk den nest største kategorien på kvinnesida, så det er ikkje berre hjå Prøysen me finn mange slike ord.

I denne gruppa har eg dessutan teke med pejorativ som viser til gri-nete snarare enn sinte kvinner. Di-med kan me seia at «misnøye» er det overordna temaet for desse orda.

hespetre, hurpe, snurpegølleie, sippe, survdokkegalleblæredame, mærr, tryte

frå dyreriKetMedan dei fleste har fått med seg at Prøysen var rivande god til å skildra folk, er det mindre kjent at han òg hadde fullgod greie på plante- og dyreliv. Han ansa alt som spirer og spring, i bekkefar og steinrøysar, på lykkja og bak søppelspann. Og med få ord plasserte han dyr i rett miljø, som når Bolla Pinnsvin held til «i grøfta der hvor bregneløvet gror».

Vel å merka var det kulturland-skapet – ikkje den ville naturen – Prøysen gledde seg over og skreiv om, og når det gjeld pejorativ, er det nettopp i kulturlandskapet me finn dei mest populære dyra. Stundom dukkar det opp villdyr i pejorativa våre, som tullmus og brølape, men naturleg nok er det helst husdyra me grip til. Det er dei me kjenner best og er mest i lag med. Eit lite utval av dei «dyriske» pejorativa hjå Prøysen:

papirhana, purketullhøne, asentrebokk, kramburottejugermærr, stutkælv, kubrillgauk, spellfuggeltullgeit, geitspell, geitbein

Nokre av geit-orda kunne òg vore plasserte i lag med pejorativa for mannfolkgalne kvinner, jamfør dette utdraget frå stubben «Barndåpen i Bakka»:

Han var nå så godt som forlova med dotter i Åsen han, da detta geitbeinet begynte å legga seg borti. Åsen-jenta ga seg med en gong, men den andre ga seg itte! Itte før hu hadde fått ’n oppi senga si og tredd klavan over nakken hass (2014, s. 191).

Den største geita finn me i Trost i taklampa. Sidan sambygdingar og tilreisande oppfattar Gunvor Smikk-stugun som jålete, sjølvrådig, tåpeleg og mannfolkgalen attpå, seier det seg sjølv at ho syg til seg pejorativ, og særleg geit-ord. Ho vert jamt omtala som «gjeita oppi Smikkstugun».

KorLeis er pejorativa nytta? Rimeleg nok brukar Prøysen pejora-tiv i ein del replikkar, som me atter kan dela i tre grupper. Fyrst har me omtale av ein person som ikkje er til stades: «Den nye stugujinta på Granrud æ ei orntli sippe …» Dinest har me god, gamaldags utskjelling, gjerne med din, di, ditt eller eit anna presiserande tillegg framfor: «Haull kjæften på deg, ditt spetakkels kvinnfolk!» Eller: «Fordømmede fyllsabben!»

I den tredje og svært frekvente varianten kjem pejorativet som et-tersleng i replikkar til personen det gjeld: «Så du itte dætt da ve, fjåmen!» «Nå får de rænske poteter da, skrav-lekjærringer!» Ein gong imellom kjem pejorativet fyrst: «Tull-førkje, var det itte du som skulle passe ’n?»

Alt dette er ty-pisk pejorativbruk me kjenner godt. Men me veit òg at den vanle-gaste bruken av pejorativ er mental

“ Dersom ein eller annan stutkælv hadde funne det for godt å fjerna desse orda frå tekstene, hadde mykje av lufta og livet gått ut.

Illus

tras

jon:

Aud

un S

kjer

vøy

på g

runn

lag

av fo

to

av R

igm

or D

ahl D

elph

in, A

lle K

vinn

er /

Wik

iped

ia C

omm

ons

Page 27: Norsk Tidend 3-2015

snarare enn munnleg: Orda vert tenkte, men ikkje sagde. Mang ei kraftfull salve kjem aldri gjennom sjølvsensuren, men i litteraturen kan slike løynde utbrot koma fram lell. Til dømes kan det stå i teksta at ordet vert tenkt: «Treskæille, tenkjer a Nansy og flyg forbi ’n.»

Eit særmerkt døme er stubben «Dialog med parenteser», der

Prøysen viser fram gapet mel-lom det blir sagt og det som

blir tenkt. To kvinner støyter på kvarandre og skifter nokre venlege ord, men etter kvar replikk vert idyllen broten: I parentes får me vita kva talaren tenkjer, og eit inter-essant sosialt spel faldar seg ut. Til dømes:

– Har de itte vøri noen stann i julen? Vi var da så sikre på at de skulle reise tel den eldste dotter deres vi, det var

da jamen noen som sa det. (Je veit nok at dotter di låg i barseng i romjulen, men det vil du itte fram med det, hu vart gift i november og fløtte utabygds med en gong. Men det vil du helst itte tala på det, smiska!)

(…)– Nei, du sa noe der. Je får fell

skunne meg hematt je da som itte er sel-ververvende, det var artig å få en prat med deg att. (Du ditt falske skinn!)

– Ja, je får videre je òg, ja ha det bra. (Di fordømmede hurpe!) (2014, s. 1107–1108)

Det hender altså at Prøysen viser eller fortel beint ut at pejorativa vert tenkte, men samla sett er dette grepet lite nytta i tekstene. Langt vanlegare er det at me får direkte til-gjenge til tankane, for hjå Prøysen er det ofte flytande overgangar mellom røysta til forteljaren og den indre røysta til figurane: «Nå blir gutten så sint at han fræser. Har hu itte lært å lystre ennå, den førkjongen?»

Kvifor er pejorativa nytta?Det er liten grunn til å tru at desse nemningane er pynt eller reint humoristiske innslag. Dei får språket til å sparka og spraka litt ekstra – i visse tilfelle er det mestsom spyttspruten frå ein fresande figur står ut frå boksidene. Orda er såleis med på å gjeva tekstene det livet og drivet Prøysen er kjend for. Ikkje minst styrkjer pejorativa denne velkjende utsegna: at Prøysen var ram til å observera språkbruken til folk, ta dei (oss) på kornet, få dei munnlege særdraga ned på papiret.

Me finn òg nokre døme på utradisjonell bruk av pejorativ, som eg ikkje har høve til å gå inn på her, men jamt over nytta Prøysen pejorativ slik me sjølve nyttar dei, og truleg er dei frekvente hjå han fordi dei er fre-kvente hjå språkbrukarar flest. Der-som ein eller annan stutkælv hadde funne det for godt å fjerna desse orda frå tekstene, hadde mykje av lufta og livet gått ut – og me hadde hatt ei klår kjensle av at noko mangla.

Teksta er ein nedkorta versjon av eit føredrag frå konferansen Alf Prøysens språk. Føredraga kjem ut i ein antologi på Oplandske bokforlag til hausten. Der finn de òg eit alfabe-tisk oversyn over alle pejorativa, med verk- og sidetilvisingar.

krisTiN fridTuN

LitteraturJenstad, T. E. (2012). Din hånstaur! Saftige

trønderske skjellsord. Prøysen, A. (1945). Dørstokken heme. Hede-

marks-fortellinger.Prøysen, A. (1950). Trost i taklampa. Prøysen, A. (2014). Lørdagsstubber. Utg. J.E.

Vold. Svahn, M. (1999). Den liderliga kvinnan och

den omanlige mannen.Aasen, I. (2003). Norsk Ordbog. Utg. K. Kru-

ken og T. Aarset.

27

No

rsk

Tid

eNd

3–2

015

“ Prøysen var ram til å observera språkbruken til folk, ta dei (oss) på kornet, få dei munnlege særdraga ned på papiret.

Page 28: Norsk Tidend 3-2015

28

No

rsk

Tid

eNd

3–2

015

LLø

ysiN

g

Kryss NT nr. 3-2015

SVARTELARVE

KLANDRA

TYGGJEDRØV

SNØVERN

TUNG IPUSTEN

OMN

HADDEBRUK

FOR

TIPPE

STRAUM-LEVERAR

FOR-TALDE

INSTRU-MENT

GRAS

PRODU-SERER STØTT

UT-FERDS-TRONG

REDSLEFOR IKKJE

Å KLARETING

DRIVPR

BAKKE

VEREMOROSAM

EMNE

HEILAG

ODDE

DEN SOMKJEM NO

INSTRU-MENT

OPERA-SJON

HØLJE

RENNE

HANN-FUGLAR

SKJEL-VEN

DEL AVGRUVE SNODIG

RAM PÅSMAK

MYNTHEVAR SEG

SKOGS-PRODUKT

2. PERSON

OPPFATTEVITSEN

FOLK

NORD-MANN

BYE

VERTSHUS

HANENSSISTE ORD

NORD-MANN

VEVNAD

FUGL

FARGE

TERGAR

FLATE

STEMNE

GLADLYNT

FUGLE-"SONG"

I ØSTFOLD

MUSIKAR-ANE

FLYPLASS

FESTE IMUNNEN

MJØLKE-DYR

DENFØRRE

LYTEFULLBLADET

ENERGI

MERK !SÅG IBOKA

FJELL

RIKKE

KOSELEG

ANDLETS-DEL

KOMENEDBØR

LUFTPOST

FLYGE

FUGL

NATURIST

SVEIPE

BRITISKSKODESP.

FORSIKRE

HELDSENGA

STØTT

TOPP

KASSERERSTERK

KROPP

DRIKK

ART.

IKKJESAM-KOME

PROFET

TREETSIDE-

BYGNING

OVERIVRIGTYPE

DASSRUND TOPP

SKRIVENED

EKSI-STENSEN

PRYDNAD

SUT

DU OG EG

DEL AVBIBELEN

OPPDRETTHEISANE

ALLE GODETING

BRAGDLINDGREN-

POJKE

UT AV

DETMUNNLEGE

PRON.

HAGE

VINDLAUV-

TREBY MEDKJEND

OSTSEL-

SKAP

DRIVMED

LESEBOK-FOR-

FATTAR

HØGDE-DRAG

NTNR. 32015

Kryss NT nr 2-2015

FØRE T LARVE

EKKO Å RASK

OMTALE S FOR-TUMLA

KLAR TILBRUK F ARVING O

LAND

FOR-RÆDAR

S GAVBRYST A MASSERE

FLYPLASS G HEND-ENE

K R A M S N Ø NESTOR

ADVERB E L D S T E M A N NBYFOLK

TRUDD A T E N A R A RDEN

FØRSTE

OPPDRETTE V A SLÅ

HAUGEN M E I EA N T

BYFOLK

LENGDE-MÅLAR

A R E N D A L I T T A R FRAMPÅ-TYPE V

ILÅT S E K K KAN EINVASSE

TILN HISSIG I L S K KON-

KURS UNORD-MANN

RUGLETEO L A

LITETEIKN

KNAUSP R I K K

PLUSS

UNDER-SKRIVNE

O G TØY

SÅG G A B A R D I NK O L L

MÅNEFASE

RIDEBANEI SIRKUS

N EKV.-NAMN

NOKOSÆRT

L A U R A KRUKKE

LAND U R N ESKEI-MAT R J O M E G R A U T TAL

FJELL N I RØYK

GAUM O S MORO-SAK

TVILANDEAPOSTEL

GNAGART O M A S

MOTVILJE

LANG-RENNAR

A G G PRØVE E K S A M E NL E M E N

TILTAK MOTLAUSELD

KOSENAMNB R A N N V E R N LIVD

GLER L YSTRENGE-

MUSIKK RHYPOTESE

I HED-MARK

T E O R I RUNDTTAL A HOLBERG-

FIGUR E R A S M U SF E L E S L Å T T KIME

VEKSE G R O E RYKE

MOROSAM O S EFØDE FORFIRBEINTE

I ØSTFOLD

SIDE-BYGNING

Ø R J E HAR

SKILD E I GSET ATT

NEKTATILGJENGE

E T L A R FANGE PK A T T E M A T

TEIKN PÅFORFALL

PRYDR U S T KJØTTMAT

SALSLAG R A G UMINKE

FRÅ FULLTIL NY N E E

FRÅKOPLA

PEERSMOR

A V SJUK-DOM S O T T

KYST-BUAR

HOVDYRS T R I L

I N N L A N D E T SER IBOKA V

ARABISKTITTEL

TØNNEA L I

PARTI

OVER-FLATE

S VSTROKET

LANGT FRÅKYSTEN E

KVINNE-NAMN

PLATEJ A N E

OGSÅKALLA

ELVAA L I A S GRØSSE

VEKT G Y S EM.-NAMN

IKKJEOPNA

K L A S HAND-VERKAR L Å S E S M E D SYNER T E R

U S P R E T T A HIND-RING S T E N G S E L NT

NR. 22015

Randulf Elsaas Stürtzel, Oslo

Anne Marie Leth, Skjoldastraumen

Ingunn Eitrheim, Odda

Send løysinga til: Noregs Mållag Lilletorget 1 0184 Oslo

Frist: 21. august 2015

Merk konvolutten «Kryssord». Rett løysing kjem i neste ut-gåve. Tre vinnarar vert trekte ut og får fin premie.

Namn:

Adresse:

Postnummer/-stad:

Kryssordvinnarar i nr. 2 – 2015

ved Laurits KillingbergtrøLkryssord

Page 29: Norsk Tidend 3-2015

IdentItet er ein underleg ting. Det er på ein måte som spyrsmå-let om arv eller miljø, svaret er ja. Men kor mykje det er av kvar komponent, er ulikt. Det er også ulikt kor mykje din eigen identi-tet pregar deg. Nokre menneske har berre éin identitet, Maximi-lien François Marie Isidore de Ro-bespierre var den franske revo-lusjonen. (Eller meir presist, ein sprutande gal diktatorspire, full av blodtyrst.) På den andre sida har dei som sit på Stortinget den identiteten dei trur folk rundt dei ynskjer dei skal ha.

Nokre har fått identiteten sin i voggegåve, foreldri har gjeve dei sine verdiar og livssyn som dei tek med seg vidare på livsvegen. Litt kan nok endrast, men grunnhald-ningane held ein fast ved. Andre har det nærast på same viset som motemedvitne skrotingar, dei gamle verdiane og identiteten må stendig skiftast for å vera ny og moderne. Er det noko nytt som er politisk korrekt, ja så er dei ein del av den flokken. Du skjønar gjerne alt no kva eg meinar om slike rygglause nissar?

I eI verd der det heile tidi vert hevda at møte med ulike kulturar er ei stor gleda, er det jo litt frus-trerande at så mange her i landet har identitet og kultur som ein vekemeny frå Ikea. Nordmenn set pris på framande kulturar og særpreg, men møter våre gjester med pizza, hot dog og vond taco kvar fredag. Me har engelsk reklame og butikknamn, og høy-rer på alt anna enn norsk musikk. Det er meir enn prisane som gjer at Noreg har ulemper som reisemål.

Du må faktisk leita etter det unike og heilstøypte. Det er gøymt og gløymt, mange vel det vekk fordi dei trur at ein sel seg betre som noko ein ikkje er. Eller kanskje det er dét mange er, alt og ingenting?

ta FLåm som eIt døme. Finn du noko meir heilnorsk? Fjordane, fjelli, vestlandsk småskalajord-bruk som klamrar seg fast i stupbratte liar og får turistane til å gispa. Gardar oppå hyller så av-

sides at dei får namnet Stigen. Lokale matprodusentar som lagar den nydelegaste tradisjonskosten. Historiske hotell, buldrande fossar i tronge dalar, turstigar til å akta og frykta. Flåmsbana. Eit bryggjeri som lagar noko av det beste ølet som er å få. Sol sjølv i det styggaste regnvêr.

Spyrsmålet er ikkje om du skal dra dit, men kvar du skal byrja. Så du søkjer opp «Visit Flåm» på datamaskina di, og vel vekk det engelske språket. Men kva skjer då? Er det verkeleg sant? Er du vaken? Er du vorten galen? For dette kan då ikkje vera sant?

Men det er det. Flåm vert selt under faner som seier «spise og sove» og «se og gjøre». Flåms-banemuseet er «åpent hele året», dei spyr om eg vil «dele denne siden»! Ja, du kan ta deg eit grun-dig tak der du veit på at eg vil «dele denne siden»!!!!

IKKje noK med det, under «om oss» står det: «Flåm AS tenker helhetlig reisemålsutvikling og har som filosofi at kulturen, naturen og servicekonseptene må spille sammen for å gi den beste kundeopplevelsen.» Kva i heitaste har bokmål å gjera med den filosofien?!!? Kva er att av identitet når ein er så dum at ein

sel dette produktet på bokmål? Kva er unikt med å gjera seg til som eit «fnask», som Bjelke og Friis seier, for å få gjestar?

Flåm AS, som driv Visit Flåm, er ifylgje dei sjølve «et dattersel-skap av Aurland Ressursutvikling AS og eies av Aurland Kommune, SIVA Eiendom Holding AS og Aurland Sparebank.» Aurland kommune har ein Høgre-ord-førar. Nokre kan tru at det er der problemet ligg. Men eg kjenner han, så gløym den tanken!

aurLand sparebanK er ein av dei beste bankane i landet, som så mange lokale sparebankar. Og språket på heimesida deira er så godt som, om ikkje betre enn, det dei fleste journalistar klarar. Problemet er ikkje der heller. Siva Eiendom høyrest jo ikkje bra ut, men det er eit statsføretak. Så om dei har truga fram sidemål på Visit Flåm, så er det høgst undar-leg, og må vera eit brot på mange reglar for slike føretak. Heilt klårt ei sak for Jens Brekke, det næraste ein kjem nynorsken sin eigen superhelt.

Så kva har gått gale her? Eg anar ikkje. Eg trur enno ikkje at ordførar Noralv Distad kan ha noko med dette å gjera. Og lokale sparebankar plar vera heil-støypte samfunnsaktørar som arbeider godt og med visjonar. Kva ein kan forventa av statlege einingar er eg ikkje lenger så trygg på, men dei har då ret-ningsliner dei òg. Alle tre skulle då ha eit minstemål av gangsyn. Og det er ikkje Ægir sine smak-fulle dropar som gjer folk så tussete! Ein vert tvert om enno smartare, i alle fall i eigne augo, om ein berre nyt dei med måte.

så IdentItet er nokre underlege greier. Dei som skulle ha ein av dei mest heilstøypte og glitrande identitetane av alle, har selt han for… ja, for kva? Den einaste trøysti er at det er ingi skam å snu. Rett nok syng Henning Kvitnes at «evig eies kun et dårlig rykte», men det er trass alt betre med eit dårleg rykte for tidlegare flausar, enn å halda fram med å dumma seg ut. N

or

sk T

ideN

d 3

–20

15

29

L TyLePrAT

kNUT P. BøyUM [email protected]

L NMU

kArL Peder MorkLeiar i norsk målungdom

“ Spyrsmålet er ikkje om du skal dra til Flåm, men kvar du skal byrja.

Foto

: Mor

ten

Rak

ke /

Flå

m u

tvik

ling

AS

Inga skam å snu

Takt og utaktFørre veKe var eg på målferd på ein vidaregåande skole i Oslo. Der snakka eg om språkleg rettferd og aksept og sjølvsagt ogso om sidemål. Denne klassa var delt i to. Somme hadde begynt med sidemål i åttande og niande klasse. Somme hadde gått på ein skole med tidleg start, og begynt i femteklasse. Desse elevane gjekk i første klasse på vidaregåande.

tIL LIKs med at elevane hadde hatt ulik start med sidemålet, var dei delte i kor godt dei følte dei meistra nynorsken – som jo var sidemålet til alle saman.

deI eLevane som begynte i niande-klasse var, ikkje uventa, ikkje heilt stø i nynorsk. Dei som begynte i femte-klasse, sa at nynorsk i grunn ikkje var noka utfordring. Og det var plutseleg løysinga på alle våre problem.

Her om dagen snakka eg med min svenske kamerat Markus om språk. Det heile begynte med «Nei, er du ein av dei?!» då han såg pennen min med Noregs Mållag-logo på. Det er ikkje vits, meinte han, å bry seg med nynorsk. Han hadde aldri sett ny-norsk før, berre høyrt om kor ille det er. Men viss nynorsk viste seg å vera brukandes, vel då skulle vel alle få skrive som dei ville.

tILbaKe I KLasserommet i Oslo sa ein av elevane det same. Hadde berre nynorsken vore til stades, ville ho ha lært meir. Desse møta med bokmåls-brukarar må vi målfolk bruke. Bok-mål er trass alt over alt. Og alle kan jo bokmål på grunn av det.

Kva tema blir diskutert elles i denne utgåva av Norsk Tidend? Kor mange av tiltaka ein legg fram, er konser-verande, og kor mange er framfuse? Dette må vi diskutere i lokallaga.

det HjeLper IKKje nynorsken ein tøddel om elevane i Oslo veit at elevane i Sogndal har nynorsk som hovudmål. Markus er totalt likesæl til rettskrivingsreformene på 1900-talet. Viss vi vil at elevane i Oslo skal byte til og synest godt om nynorsk, viss vi vil at Markus skal få sjå nynorsk i kvardagen og at elevane i Sogndal ikkje skal byte vekk ny-norsken, må vi jobbe for nynorsken på landsbasis.

vI måLFoLK må vera framfuse. Men ikkje invaderande. Vi må ta språket vårt like sjølvsagt som vi vil andre skal ta det. Vi treng nynorskfolk som skriv feil. Vi treng nynorskfolk som skriv om kva som helst i avisa – men på nynorsk. Eg vil at nynorsk skal vera synonymt med seg sjølv. Ikkje noko anna.

Page 30: Norsk Tidend 3-2015

Ja takk, eg tingar: ❏ Soga om Fridtjov den frøkne

Frå gamalnorsk til nynorsk ved Jon Fosse.249,-

❏ Fleecejakke med logoen til Noregs Mållag på brystet.

For damer: Fargar: ❏ grå ❏ kornblå ❏ bringebær

Storleikar: ❏ s ❏ m ❏ l ❏ xl

For menn: Fargar: ❏ grå ❏ azurblå

Storleikar: ❏ s ❏ m ❏ l ❏ xl ❏ xxl

Kr 220,–Hugs å krysse av for farge og storleik!

❏ Mobildeksel iPhone 4

❏ Mobildeksel iPhone 5Mjukt mobildeksel til iPhone 4 og iPhone 5 med trykket «Å snakka: akkedera, garta, kvitra, masa, munnrøda, pjegga, preika, røda, svalla, tjantra»

Kr 50,–

❏ 1 eller ❏ 20 jakkemerke «Gjennom ord blir verda stor»

Kr 10,– (Kr 50,– for 20 stk.)

❏ 1 eller ❏ 20 jakkemerke «Takk, Ivar Aasen!»

Kr 10,– (Kr 50,– for 20 stk.)

❏ MatboksI plast, 16 x 11 cm.

Kr 50,–

❏ Notatbok blå ❏ Notatbok svartLinjert notatbok med slagordet «Gjennom ord blir verda stor!» Hardt omslag med stofftrekk.

Kr 125,–

❏ Notatbok natur Ulinjert notatbok med Ivar Aasen på fram-sida og «Noregs Mållag» på baksida. Hardt omslag med strie.

Kr 75,–

❏ Skistroppar To skistroppar med borrelås, 26 cm lange. Høver til langrennsski, uavhengig av mål-form og målføre. Kr 50,–

❏ Krus Med trykket: Skogen stend, men han skifter sine tre. Olav H. Hauge, 1965

Kr 100,–

❏ Krus Med trykket: Det går mangt eit menneske og ser seg fritt ikring for Ivar Aasens skuld. Tarjei Vesaas, 1950

Kr 100,–

K r a m b u a

Sjå innom heimesida for andre tilbod. Hugs at vi kan gå tom for somme artiklar. Det er såleis ikkje sikkert at du får alt du tingar.

Kryss av, klipp ut eller kopier og send tinginga til: Noregs Mållag, Lilletorget 1, 0184 Oslo

Eller: send e-post til [email protected], ring til 23 00 29 30, eller gå inn på www.nm.no Porto kjem i tillegg.

Namn:

Adresse:

Postnr./poststad:

Telefonnr./e-post:

30

No

rsk

Tid

eNd

3–2

015

25-prosenten i NRKLyTriNg

I Norsk Tidend nr. 1 2015 har dagleg leiar i Kringkastingsringen, Karoline Opsal Marøy, eit godt og nyttig innlegg under tittelen «Kva kan me krevja av TV2?» Ho peikar på at det må vera eit krav at bruken av begge målfor-mer må bli tydelegare enn ei rund formu-lering om at «TV2 skal nytte begge målfor-mene», slik det står i konsesjonsvilkåra i dag.

I denne samanhengen skriv ho òg om nynorsken i NRK, der vedtaket frå 1970 om at minst 25 prosent av ordsendingane skal vera på nynorsk, endeleg fekk gjennomslag det året. Her skriv ho: «Kravet om 25 pro-sent nynorsk er det største gjennomslaget Kringkastingsringen har fått til.»

Kampen den gongen var Karoline av naturlege grunnar ikkje med på. Det var det derimot somme av oss andre som var, og av omsyn til historisk rettferd skal eg fortelja litt om det.

Eg trur me må erkjenna at det var Noregs Mållag som bar tyngda av den kampen, jamvel om Kringkastingsringen sin innsats ikkje skal undervurderast.

Etter innstillinga frå Vogt-komiteen om språksaka kom i 1966, to år før stortingsmeldinga frå 1968, var me i leiinga for Noregs Mållag i nær kontakt med både kyrkje- og undervisningsminister Kjell Bondevik og seinare med saksordføraren i Stortinget, Olaf Kortner frå Venstre. Det var svært spennande om 25 prosent-kravet skulle få gjennomslag i innstillinga, og me jubla då det skjedde.

Det var eit godt samspel mellom Noregs Mållag og Kringkastingsringen gjennom heile prosessen – då som no.

HaNs olav TuNgesvik, leiar i Noregs Mållag 1965-70

Kun nød- utgang!LyTriNg

I mesteparten av levetida til målpolitisk råd har skilt med teksten «Kun nødutgang!» stått over eit par dører på Scene 2 på Det Norske Teatret utan at rådet har reagert målpolitisk på det danske ordet kun i skiltspråket.

Men målpolitikk går då føre seg andre stader òg. I Språknytt nr. 4 for 2014 på side 20 finn vi ein artikkel om dei nye utgåvene av grunnlova som Stortinget vedtok i 2014. Der heiter det om Finn-Eriks Vinje sin kon-servative bokmålsversjon av grunnlova at «kun er sporlaust borte».

På Det Norske Teatret lever kun vidare i skiltspråket utan at det hender noko. Målpolitisk råd tagal tilfreds.

Men det er ikkje nok med at kun er spor-laust borte frå bokmålsgrunnlova, kun må òg bli sporlaust borte frå skiltspråket på Det Norske Teatret. Dette kan teaterstyret gjera noko med om det syner litt målpolitisk tiltaksevne, tek skeia i ei anna hand, tek eit skruvjarn i neven og går ned på Scene 2 og der skrur ned skilta med Kun nødutgang!-teksten, ein gong for alltid.

oddmuNd uTskarpeN

Page 31: Norsk Tidend 3-2015

LNoregs mållag

Landsmøte i Bergen Denne våren var det ikkje landsmøte i Noregs Mållag, men neste år blir det på nytt landsmøte, og då skal Mållaget til Bergen. Det avgjorde styret i Noregs Mållag i vår. Det er heile 15 år sidan førre landsmøte i Bergen, då det var på SAS Bryggen hotell i juli 2000. Det 99. landsmøtet byrjar fredag 15. april og varer til sundag 17. april 2016 på Grand Terminus i Bergen.

1. juLi er fristen for å søkje om momskompensasjon Støtta til den frivillige sektoren er trappa opp dei siste åra. I 2010 vart det vedteke ei ny ordning der frivillige organisasjonar kan søkje om å få kom-pensert kostnader til meirverdiavgift dei har hatt ved kjøp av varer og tenester, basert på årsrekne-skapen eitt år tilbake i tid.

Noregs Mållag leverer inn ein samla søknad på vegner av alle lokale mållag som leverer inn søk-nad. Lotteri- og stiftelsestilsynet vurderer då søk-nadene og betaler ut kompensasjonen til Noregs Mållag. Sentrallekken sender deretter pengane vidare til dei lokallaga som har søkt. Fristen for å sende inn ein søknad er 1. juli.

– Frivillige organisasjonar betaler moms på lik line med alle andre, forklarar økonomikonsulent Per Henning Arntsen.

– Denne ordninga er til for at staten ikkje skal gje med den eine handa og ta med den andre. Ho er til for å styrkje arbeidet i dei frivillige organisa-

sjonane. Potten er på over éin milliard kroner, så det skader ikkje å søkje.

Han fortel at det på det meste har vore tretti lokallag som har søkt, men trur mange fleire kunne ha gjort det same.

– Laga bør nok ha ein viss aktivitet for at det skal vere eit poeng å søkje, men den grensa er nok mindre enn mange trur, seier Arntsen.

– Det er ikkje komplisert. Me treng berre å vite kor store utgifter laget hadde i fjor. Det ligg eit skjema ute på nettsidene våre, og det er berre eitt tal som skal fyllast ut. Me set likevel pris på at laga samstundes sender inn rekneskapen, så kan me dobbeltsjekke før me sender inn den endelege søknaden.

Han seier at lag som lurer på noko, ikkje må kvi seg for å ta kontakt.

– Det er difor me er her, seier Arntsen.

Ver med på kampanjen #nynorskVerksemdNoregs Mållag oppmodar framleis folk om å ta bi-lete av verksemder som nyttar nynorsk.

I fjor starta kampanjen for å heidre alle dykk der ute som gjer nynorsken synleg. For at språket skal styrkje seg, er det heilt avgjerande at han vert sett og lesen.

Ta bilete av verksemder som nyttar nynorsk og merk dei med emneknaggen #nynorskverksemd på Twitter, Facebook og Instagram. Me sender ny-norsk verksemd-klistremerke til verksemda og eit takkebrev i posten. Vil du ha klistremerke i posten? Send melding direkte til [email protected] Alle som nyttar nynorsk i verksemda si, fortener ros for det.

medLemene BetaLer I starten av juni passerte Noregs Mållag 11 000 betalande medlemer. Dette er god betalingsvilje. I august i fjor var det om lag 10 800 som hadde be-talt, så medlemstalet pr. juni ligg framfor fjoråret. I 2014 enda medlemstalet på 11 726 betalande medlemer.

– Me byrjar å drøyme om å nå 12 000 medle-mer i 2015, smiler Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag.

– Me ser at det er fleire lokallag som vervar godt, og at fleire medlemer betalar, så dette blir veldig spennande å følgje med på utetter året. Ingenting hadde vore betre enn om me hadde greidd å slå rekorden frå 2012 på 10256 medlemer.

LLA

GET

INFo

rM

ErEr

framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai

Prent: nr1trykk asOpplag: 13 500Abonnement: kr. 250,– per år

Annonsar: annonseprisar: kr 9,00,–/mmtillegg for tekstside: kr 0,50,–/mmspaltebreidd: 45 mmkvartside: kr 3 000,–Halvside: kr 5 000,–Heilside: kr 9 000,–ilegg til avisa: kr 1,00 pr. stk.

alle prisar er eks. mva. Ved lysing i fleire nummer kan vi diskutere særskilde avtalar.

Stoffrist nr. 4 – 2015: 21. august

NOREGS MÅLLAGwww.nm.no

Tilskrift: Lilletorget 1, 0184 osLoTelefon: 23 00 29 30E-post: [email protected]

Kontoradresse: Lilletorget 1, 0184 osLo

Bankgiro: 3450.19.80058

Leiar: marit aakre tennø Mobil: 454 71 716E-post: [email protected]

Tilsette:

Gro Morken Endresen, dagleg leiar, tlf. 23 00 29 37 • 957 85 560, [email protected]

Erik Grov, organisasjonskonsulent, tlf. 23 00 29 30, [email protected]

Berit Krogh, økonomikonsulent, tlf. 23 00 29 35, [email protected]

Per Henning Arntsen, økonomikonsulent, tlf. 23 00 29 34, [email protected]

Ingar Arnøy, skulemålsskrivar, tlf. 23 00 29 36 • 975 29 700, [email protected]

Hege Lothe, informasjonskonsulent, tlf. 57 86 53 60 • 926 48 348, [email protected]

Kjartan Helleve, redaktør norsk tidend, tlf. 23 00 29 32 • 943 97 998, [email protected]

NORSK MÅLUNGDOMmalungdom.no

Tilskrift: postboks 285 sentrum, 0103 osloTelefon: 23 00 29 40E-post: [email protected]

Bankgiro: 3450.65.48707

Leiar: karl peder mork, Telefon: 901 67 493 • 23 00 29 40, E-post: [email protected]

Skrivar: synnøve marie sætre, Telefon: 926 95 330, E-post: [email protected]

NORSKTIDEND

31

No

rsk

Tid

eNd

3–2

015

foto

: Ber

it k

rogh

Page 32: Norsk Tidend 3-2015

– Språket er det viktigaste verktøyet mitt.Stein Torleif Bjella

nr

. 3 •

jun

i 20

15

LiLL

eto

rget

1 • 0

184

oSL

o

LPå tamPen

Me nordMenn elskar å vere inne. Me elskar dørstokkmila, og, sidan me likevel skal vere heime, elskar me å pusse opp. Høgtida for oppussing er over oss: Om ikkje det er, så skulle det i alle fall vore var-mare i vêret no som det vårast, og her ligg nok mykje av grunnen til at folk går mann av huse for litt spik-ring, sparkling og måling. Faktisk er dette einaste gongen nordmenn dristar seg ut døra, nettopp for å kjøpe oppussingsartiklar på næraste bygg- varehandel. Det finst ikkje eit prosjekt som er for stort. Gje oss lettveggar, våtrom, sliping av etasjar eller nye trapper til den nye kjellarstova, me er klare.

det kjeM eit punkt i alle nordmenn sitt liv der ein skal pusse opp for fyrste gong. Det er ikkje eit spørs-mål om du kan eller har lyst. Uansett kor lite tid, pen-gar eller kunnskap du måtte ha, så skal det pussast opp. Det er berre eit spørsmål om kva tid og korleis. Til dette finst eit utval videoar på Youtube, det finst bloggar, kollegaer og svograr. Det finst dessutan sparebankar som ivrig legg på nokre hundre tusen kroner på bustadlånet ditt, så kom ikkje her.

då eg nyleg opplevde å skulle pusse opp for fyr-ste gong, var reaksjonane overveldande. Sjeldan har eg sett eit slikt engasjement rundt meg og mine per-sonlege prosjekt. Ein kan spørje seg om folk pussar opp berre for seinare å kunne peike på, banke i, vur-dere og setje spørjeteikn ved andre si oppussing. Det skulle ikkje stå på gode råd, det var i alle fall sikkert.

Eg ser i ettertid at det mangla eit meir nøkternt perspektiv. Her følgjer ei stutt liste over vurderingar eg gjorde meg, som du ikkje kjem til å høyre frå no-kon av dei andre kjeldene, men som er like viktige på vegen mot det perfekte oppussingsresultatet.

ta til deg alle dei gode råda frå alle andre før du til slutt gjer det på din eigen måte. Dette greier du godt sjølv.

X Eit skrujern gjer same nytta som ein drill, ein ham-mar det same som eit brekkjern. Verkty skal du på magisk vis ha skaffa deg på eit tidlegare punkt i li-vet, då du ikkje må finne på å bruke pengar på nytt.

X Kva var nokosinne gale med augemål? Då har du i alle fall ei orsaking når ting er skeivt. Og, som me sa på ungdomsskulen, alt går med vald og vaselin.

X Ha nok bananar i hus. Er du gift eller liknande, kan bananmangel få særs uheldige konsekvensar. Særskilt om du ikkje hadde lyst til å pusse opp i utgangspunktet.

X Jo lengre tid oppussinga tek, og jo verre tilstand huset ditt er i medan det står på, jo meir respekt er det å hente.

X Resultatet er viktig, jobben i seg sjølv er viktigare, men hugs at du snart skal pusse opp på nytt!

Kato VåglandFrå bloggen skeiveveggar.wordpress.no

L Lars Mæhle har fått Nynorsk barne-litteraturpris for den andre boka i serien Landet under isen. Prisen er eit diplom og 30 000 kroner. Prisen har blitt delt ut sidan 1968 av Noregs Mållag. Juryen gir forfatta-ren heider for å ta unge lesarar på alvor, står det i grunngjevinga.

«Med vinnarboka viser forfattaren at det er mogleg å skriva kvalitetsbøker for ungdom innanfor fantasysjangeren», skriv juryen. Juryen består av Margit Ims, Anne Skaret og Knut Åge Teigen.

– På nytt trugar mørkret og undergan-gen innbyggarane i det vesle bygdesamfun-net, og den utvalde må nok ein gong freista å ta opp kampen mot dei vonde kreftene, står det i grunngjevinga til juryen. Dei legg ekstra vekt på korleis kampen mellom det gode og det vonde er skildra i boka. Det er ikkje altid like godt å vite kven som er kva.

L Vinnaren sjølv var overraska over at det

var han som fekk Nynorsk barnelitteratur-

pris i år. Han har tidlegare vunne Uprisen, Fabelprisen og Kultur- og kyrkjedeparte-mentet sin pris for barne- og ungdoms-litteratur for den førre boka i serien.

– Nei, er du sprø? Dette kom som lyn frå klar himmel, var svaret på om Lars Mæhle forventa å vinna prisen.

– Det er sjølvsagt stor stas. Prisen samlar to ting eg likar veldig godt – nynorsk og bar-nelitteratur. Det er to gode ting på ein gong, seier prisvinnaren.

– Kvifor er det viktig for deg å ta unge lesa-rar på alvor?

– Eg prøver å skriva på barn sine premis-sar, og eg vil setja meg inn i deira situasjon. Eg prøver å vera på deira nivå og ikkje skriva over hovudet på dei. Det er sagt at menneske består av årringar, og at ein må få kontakt med dei tidlegare årringane for å skriva for unge. Eg prøver på det og har kanskje eit litt barnleg gemytt, seier Mæhle.

anders Veberg/Framtida.no

Barnelitteraturpris til Lars MæhleFoto: Kjartan Helleve